Arkiv for juni 2009

30
Jun
09

discursus: Tankekrigen

Miljøet rundt Manifest, forumet den nye politiske venstresida, har også starta ”tenketank”. Som respons på Civitas, den konservative tenkjetanken. Ein av føregrunnsfigurane i Manifest Senter for samfunnsanalyse, Ali Esbati, hadde nyleg ein interessant presentasjonsartikkel i Klassekampen (23/6). Både artikkelen og laseringspamfletten ber tittelen: Tankekrigen. Her kommenterer han suksséen til den svenske, liberalistiske tenkjetanken Timbros – og viser at det ein tek sikte på, ikkje er fyrst og fremst partipolitisk, men ein direkte påverknad på samfunnet:

Det er karakteristisk for temaene som tas opp at de omhandler begreper og ideer som påvirker våre oppfatninger om hvordan samfunnet grunnleggende henger sammen. Det handler med andre ord ikke i første omgang til å få flere til å stemme til høyre, snarere om at flere tenker som høyresiden. Det handler heller ikke om å få i stad en borgerlig regjering, men om å skape et borgerlig samfunn.

Esbati innser at intellektuelle på hans politiske side, venstresida, må mobilisere det han kallar effektive motkrefter til næringslivets opinionsdanning. Det dreiar seg om det han også kallar ”problemformuleringsmakt”. Han innser også at Timbro har rett når dei hevdar at tankar må repeterast. Ein må gjenta sin kritikk som en full papegøye, helt til den begynner å gjøre inntrykk.

Bortsett fra å at eg ser mange grunnar til å sympatisere med Esbati, reint politisk, er poenget for meg her å tillempe synspunkt på kyrkja og trua sitt domene. Esbati har skjøna at det dreiar seg om ein tankekrig, ein kamp om tanken. Det var også noko av det dominikanarane skjøna då ordnen vart stifta. Difor vigde dei seg til studiar, til undervising og forkynning både på det akademiske og det folkelege planet. Det handlar om misjon, om å formidle overtydingar. At Esbati og alle som jobbar med tenkjetankar så ope talar om medviten påverknad, viser at det er ingen grunn for kyrkja til å vere flau over at ho driv misjon. Alle gjer det. Det er betre, og mindre manipulerande, å seie det tydeleg enn å late som om ein berre ynskjer å informere. Utan ei djup interesse for det andre står for, nyttar det dessutan ikkje å formidle sitt eige syn.

Apostelen Paulus talar om at vi riv ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus (2 Kor 10, 4-6). Andres tankar skal ikkje overdøyvast eller oversjåast, men forståast, tydeleggjerast og kritiserast. Kritikk er ikkje unyansert fordøming, men utøving av skjøn; å skjelne og vurdere. Kyrkja treng teologar og andre kvalifiserte folk som kan utøve denne kritikken i samtida. Det må også myntast ut og anvendast på det offentlege planet i publisering og debattdeltaking.

Påverknad i samfunnet i dag skjer ikkje berre gjennom overtaking av samfunnsinstitusjonar og dominans via lovverket. Det er nok at kyrkja, som andre, får gjere sitt syn gjeldande på ein open og upriviligert måte. Alt for lenge har ein kjempa om dei formelle og juridiske posisjonane og forsømt den direkte påverknaden på opinionen. Krisa i dagens Noreg når det gjeld kristen tru og etikk, er fyrst og fremst tapet av kristen gehalt i folks måte å tenkje og reagere på. Det er dette som må gjenvinnast. Då er kvaliteten på vår eigne standpunkt og vår eigen integritet det viktigaste.

Det er greitt at vi må fungere i eit samfunn der den demokratiske forminga av samfunnet skjer gjennom parlamentarisme og partivesen. Men eg trur at det, også på institusjonsplanet, i dag er like fruktbart å arbeide gjennom ”undersamfunn” som kyrkjene. Fordi dei har eit verkeleg tett og sams verdigrunnlag. Og fordi dei er verkelege fellesskapar. Føresetnaden er at kyrkjene står fritt og uavhengig i høve til storsamfunnet og kan verke i det som salt og surdeig.

Kyrkja må kome over på offensiven; vere med på ”problemformuleringa”, ikkje berre defensivt og unnskyldande takle dei ballane som andre spelar ut til oss. Det innber at vi må våge å argumentere eksplisitt teologisk/religiøst.

Fordi Gud angår alt. Det at også mange truande nesten har gløymt dette og dratt seg tilbake til privatsfæren med trua, viser at vi lenge har vore i ferd med å tape tankekrigen.

Det er fullt mogeleg å snu denne utviklinga, dersom vi vil.

30
Jun
09

officium: Tysdag, 13.vike i det allmenne året, 2 Sam 1, 1-16 (matutin

”Korleis kunne du våga å leggje hand på Herrens salvevigde?” (v 14).

Den unge amalekitten som gav Saul banehogget fordi han bad om det, såra til døden som han var, måtte bøte med livet. Så harde var vilkåra.

Hendinga seier noko om kor realistisk ein såg på den heilage statusen åt den salva kongen, ”Herrens salvevigde”. Salven er Guds kraft og nåde, eit sakramentalt teikn. Etter at Saul var salva, hender det òg ein gong at han kjem i ekstase og talar profetisk. Den heilage kongen er både profet og prest.

Her ser vi konturane av den messianske kongen. Alt peikar fram mot Jesus frå Nasaret. I Messias er Gud sjølv nær som frelsar, lærar og fyrste for sitt folk.

29
Jun
09

homiletica: 13. sundag i året, 28/6-09, St Dominikus krk, Mark 5, 21-24/35b-43

Kjære brør og systre!

Heile bodskapen idag ligg i orda frå evangelieverset: Vår Frelser, Kristus Jesus, har brutt dødens makt og latt liv og udødelighet gry for oss gjennom Evangeliet!
Som ein sommardag som bugnar av liv, sol, overflod og venleik! Som dagen i dag!

Han kom for å forløyse sin skapning: Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkyndt for fattge! Slik samanfattar Jesus sjølv sitt messianske oppdrag, sin misjon. Døde står opp! Ikkje alle blei lækte, ikkje alle døde blei vekte til live – men det skjedde i glimtar, som teikn på det som skal skje når han kjem tilbake i si fulle makt, sin fulle glans! Skydekket over verda har rivna, sola har vist seg, det er sommar i vente!

Døden er den siste fienden, den store fiendeen, for Gud har skapt alt til å leve. Alt lever for Gud! Ja, også det vi kallar den døde materien, lever: De fjell, kvifor hoppar de som verar, de haugar kvifor spring de som lam?, står det i salmane. Vidare: Lovsyng Herren frå jorda, de store sjødyr og alle havdjup, eld og hagl, snø og snø og skodd, du storm som set hans ord i verk!”

Men synda er komen inn i verda – og difor er døden der også, både som ei tukt og som ei kvile, som ei miskunn, som ei lindring. Og når mennesket har fred med Gud og med seg sjølv, kan det til og med seie som den heilage Frans:

Takk, gode Gud for søster Død/den siste hjelper i vår nød. Hun kjører vognen stille frem/når det er kveld og vi skal hjem!

Likevel: Vi skal ikkje resignere for dødens overmakt, vi skal ta vare på vona om livet. Kristus har sigra over døden, difor skal vi kan seie:
Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Det er mange som er meir stoikarar enn kristne. Dei seier som folka vi høyrde om i evangeliet, med tanke på alt som er vanskeleg i livet: -Det er ikke noe å bry Mesteren med! Det gjeld ikkje berre døden, men alt det som er merka av døden: Våre sorger, våre sår, våre behov, våre lengsler: Det er ikke noe å bry Mesteren med. Men Gud seier: –Kall på meg den dag du er i naud, og eg skal fri deg ut! Og den truande ropar: –Gud, kom meg til hjelp, Herre, vere snar til frelse!

Difor seier den truande også, som Jairus synagogeforstandaren, han som var heilt oppfylt av sorga over sitt sjuke og døyande barn, heilt oppfylt av trua på at Jesus Messias kunne hjelpe: Kom du, og legg hendene på henne!

-Kom du! Det er den kristne bøna, den kristne vona. Når alt tårnar seg opp, når alt vil overvelde oss, kunne høyre Guds røyst, om enn svakt ofte, syns vi: Noli timere!, frykt ikkje, ver ikkje redd!

Brør og systre! Den kristne vona er kanskje også dette: At vi kan leve og døy som ei lita jente som midt i døden berre søv og ein dag blir vekt av sin far eller sin ven som seier: Talitha, kumi! – Stå opp, vesle jente, vesle barn, stå opp no! Gud er her, livet er her, alle er her!

…kjenner du det ikkje?
smilen over deg
er større
enn sorga
inni deg

Gråten sovnar til sist
smilen vaker
alltid

når du vaknar
skal du sjå det
og gløyme alt anna

I namnet åt Faderen og Sonen Og Den Heilage Ande. Amen.

29
Jun
09

nota bene: Sekularismar

fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 27.juni -09…

Endeleg ei norsk fagbok om sekularismen, Sindre Bangstads: ’Sekularismens ansikter’. Dette er ikkje ei melding, men ein respons på eit viktig punkt.

Bangstad poengterer at sekularisme ikkje er det same som ateisme. På tide at det blei sagt tydeleg. Slik blir det nemleg ofte oppfatta i det offentlege ordskiftet. Forfattaren minner om at mange statar er sekulære – samtidig som religionen er sterkt tilstades både i folkelivet og i det offentlege rommet. Sekularismen handlar, i ein minimumsdefinisjon, om ein politisk doktrine for tilhøvet mellom religion og statsstyre, ikkje om eit antireligiøst program.

Men er det så enkelt, Bangstad? Terminologien som har utvikla seg rundt spørsmål om samfunn og religion og om statleg verdigrunnlag, høyrer heime i ein religionskritisk setting. Den historiske motstanden mot religiøs samfunnspåverknad brukar sekularismeomgrepet til å sementere fordomar mot religionen.

Religion blir sett på som i særklasse konfliktskapande og ueigna til å gje ein felles, rasjonell basis for samfunnet. Den europeiske krigsepoken etter reformasjonen, blir framstelt einsidig som religiøs vald, som militær krangel mellom konfesjonane. I eit anna persektiv vil ein sjå at det i like stor grad var ein kamp mellom framveksande og rivaliserande statsmakter, med katolikkar og protestantar på båe sider.

Konfliktar og vald med sekulære og ateistiske agentar blir nedtona og oversett. Teologisk diskusjon framsteller ein som flisespikkeri og kjefting, medan det i samfunnet elles heile tida blir diskutert og debattert så busta fyk, om livssyn, politikk, kunst og kultur. Den underliggjande, nesten umedvitne tanken er at teologi og tru ikkje er viktig, knapt nok verkeleg. Denne seige arven er vanskeleg å kvitte seg med. Slik er det sjølvsagt fordi heile tolkingsramma for den moderne debatten om religion og samfunn er dominert og utforma av det religionsskeptiske hegemoniet. Makt over orda er makt over tanken. Det er ikkje fair play når spelereglane blir laga og utlagde av den eine parten.

Noko av det same ser vi når Bangstad viser til at eit sekulært land som Noreg der dei fleste borgarane ikkje er ”særlig religiøse” (sit.) blir rekna for eit av dei beste landa i verda å bu i. Eit sekularisert land er så klart bra å bu i for dei sekulære, men det ser kanskje ikkje like prima ut for dei truande. Sekulariteten har naturlegvis sin eigen målestav for kva som er eit godt samfunn.

Slik har ein lukkast med å teikne eit bilete der religionen er éin, stor boks med irrasjonelle særmeiningar, valdspotensiale og totalitære anlegg – medan sekularismen er alle dei andre på eitt breitt: Nøytrale, fornuftige, moderate, fredlege og godviljuge. Kvifor sit det så langt inne å innsjå at samfunnet i dag har mange frontar og hyser mange ideologiar og livssyn som aktivt fremjar sine saker? Kvifor opprettheld ein retorikken om at religionen står i ein klasse for seg sjølv?

Det blir stadig tydlegare at vi her har å gjere med ein ideologisk krampe i moderniteten. Ein har stivna i gamle tankemodellar som hindrar utsynet. Ein ser ikkje at å vere truande, å argumentere religiøst og hevde si tru på alle plan er normalt for svært mange menneske i denne verda, også i Noreg. Dette nektar ein å ta inn over seg og reagerer med tiltakande aggressivitet og hysteri.

Vi kjem ikkje vidare før ein innrømmer at den vestlege sekularismen ikkje berre er ein politisk doktrine, men ein misjonerande kritikk av religionen i seg sjølv og ei inderleg overtyding om at verda vil bli betre utan relligiøs tru. Det er greitt nok å meine det, men ikkje å flagge det som ein doktrine om sjølvinnlysande nøytralitet og pluralisme. Difor treng vi eit anna ord enn sekularisme. Det høyrer heime i ei historie der ein måtte definere seg i høve til den gamle religiøse einskapskulturen og samfunnsdominansen. I dag fungerer det mest og best som skalkeskjol for religionskritiske posisjonar.

Bangseid har i boka si syn for mange av desse innvendingane, men han landar på at sekularisme framleis er eit brukbart ord.

Eg meiner det er tilslørande.

27
Jun
09

officium: Laurdag, 12. vike i det allmenne året, 1 sam 26 (matutin)

”Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens åsyn!” (v 20)

David måtte leve på flukt og i utlægd fordi kong Saul stod han etter livet. Det verste med å vere jaga frå heimlandet, var å vere forvist frå det landet der Gud særleg hadde openberra seg og var nær.
Mennesket er aldri meir ”heimanfrå” enn når det fjernar seg frå Gud. Det er blitt noko uverkeleg for mange i dag. Gud og det ævelege livet spelar ikkje så stor rolle til og frå. Før ba ein om å sleppe ”ein vond og brå død”, bodsende presten til den døyande og ba klosterfolk og andre om å be for seg.
Mennesket kan verte framandgjort i høve til seg sjølv, til arbeidet sitt og til verda ikring seg. Då blir vi mindre menneske. Mest tragisk er det når vi blir framande for Gud, ”borte frå Herrens åsyn”.

26
Jun
09

Officium: Fredag, 12. vike i det allmenne året, 1 Sam 25, 14-44 (matutin)

”Då var Abigal snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar…” (v 18)

Her er vi langt frå Ibsens ”Dukkehjem”. Abigal er ikkje Nora som må sitje inn og hekle heile tida. Ho er ”vitug og ven kvinne” (25, 3) og tydelegvis svært sjølvstendig og handlekraftig med eit stort hushald som ho rår over. Med ei stor gåve går ho David og mennene hans i møte, og ho maktar til og med å få Davids råe hemnlyst stagga og sparer han frå å spille blod av uskuldige.

Denne rådsnare, handlande og vettuge kvinna seier mykje om det gamaltestamentlege kvinneidealet. Guds jordnære tenarinner.

23
Jun
09

officium: Tysdag, 12. vike i det allmenne året, 1 Sam 18 (matutin)

”Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå” (v 12)

For det gamaltestamentlege mennesket var Gud like ved, heile tida. Dynamikkane i sinnet, kjensler og råd, hendingar og handlingar – alt var forbunde med Guds nærvere i mennesket. Mennesket opnar seg vart og harmonisk for Guds vilje i stort og smått og Gud omsluttar, stør og velsignar det.
Eller vi overgjev oss til det destruktive, til mørke tankar, til uvenskap og fiendskap mot Gud og nesten. Då vik både Gud og hans englar frå oss.

Då er mennesket utsett og verjeleaust. Då går vi i ørska.

22
Jun
09

officium: Måndag, 12. vike i det allmenne året, 1 Sam 17 (matutin)

” ’Eg greier ikkje å gå med dette på meg,’ sa han til Saul; ’eg er ikkje van med det” (v 39)
David ville ikkje ha den brynja Saul gav han då han skulle gå Goliat i møte. David var yngstemann,  som Oskeladden, lett og snarådig, audmjuk og sjølvmedviten på same tid. Dette gav han den sjarmen som ofte finst hjå dei som er viljesterke, men ikkje sjølvhøgtidlege; ”David var berre ungguten, raudleitt og ven å sjå til” (v 42).
Gjetarkroppen, slyngja og steinane frå elvefaret saman med tillit til Gud og iver for trua – dette var det som felte Goliat.

Igjen: Kva om vi satsa litt meir på den lette styrken, den som let Gud sjølv sleppe til?

21
Jun
09

homiletica: 12. sund i det allmenne året, Mark 4,25-31

legg ut denne korte preika frå messe for studentar i kveld, i St Halvard krk, Oslo. «Jesus stiller stormen..».

This is a fantastic story; true both as an historical event and as an image of our actual, human life.

”Master, do you not care? We are going down!”. Such is the feeling and the cry from many people today, even from the faithful.

If God is allmighty – why all the sufferings, why all my own problems?

OK– God could make another world, if he wanted, a world without us, because much of the problem lies with us, is due to human sin. God could make a new f. Arnfinn, a new you and me – but do I want to be wiped out? To be replaced by a better version of myself, a person that would not really be myself?

No. God has created us, has created the world. Given us liberty and responsability. He has to go for it. No way back. Once he tried to change the world by drowing it in the Cataclysm, the deluge. But he promised that he would never do that anymore – and he gave us the rainbow as a sign. No way back, only forward. Forward through the history of salvation, forward to Christ, forward to redemption through him. Forward to us, where we are now.

God doesn’t destroy this world with all its evils and all its injustice. He joins it. He steps into the boat. He is with us, Immanuel, God with us, even though he seems to be sleeping and taking no interest in us.

He doesn’t ask us to be Stoics, to be cynical or to indulge in pious acceptance of everything.. He wants us to have confidence, but to have that, we shall have to be honest with our own fears, our own desperation. He wants us to cry out: -Help us, help me! I’m going down!

God is there. Is here. Many people think that his absence or presence doesn’t make much difference. Well. If God left the world, left my life, left the boat, I’m sure that faith, hope and love would suffer a grave loss.

Some day you will realize it in your own life, in the life of the Church, and one day the entire Creation will realize it: He was there all along, a mighty hand upheld us. And we will burst out in awe, in wonder:

-Who can this be? Even the wind and the sea obey him!

21
Jun
09

officium: Laurdag, 11. vike i det allmenne året, Dom 16 (matutin)

”Herre, kom meg i hug og styrk meg denne eine gongen” (v 28)

Domarboka er eit meistarverk, i sin hogne, lakoniske stil, med sine sterke markerte personlegdomar, med heftige kjensler og sin endeframe tale. Slik var livet i ei hard tid. Men likevel kjenner vi att mennesket slik det alltid er. Dalila som får den sterke Samson til å veikne. Kjempa vart slave hjå framande.
Då vaks det fram ein annan styrke i han: Guds kraft i vår veikskap. Når Guds nåde ikkje berre er noko sjølvsagt, men noko vi treng no: ”Denne eine gongen..”.
Når brua mellom deg og Gud brest eller ber.

19
Jun
09

nota bene: à propos «Låst verdidebatt»…

legg ut dette svaret på ein kommentar på Signert-artikkelen: «Låst verdidebatt,» (sjekk bloggarkivet) frå «trist» nyleg. Fordi det har allmenn interesse. Snart skal eg få ordna med ei betre synleggjering her på blogg-framsida av kommentarane…

Trist,

takk for konstruktiv kommentar! Fylgjer gjerne opp i Tro og fornuft, men har har vore svært oppteken med andre ting den siste tida – og eg tar dessutan gjerne ein runde her på bloggen, også.

For meg er det i dag viktig å markere trusfellesskap med islam, fordi vi har mange felles utfordringar i møte med den totalitære sekularismen. Og som solidaritet med truande midt i den hysteriske antiislamismen og norske verdisjåvinismen. For eit pæs!

Fyrst når eg har markert kor viktig konkrete tradisjonar er, og kor nøye samanheng det er mellom tru og etikk/”verdiar” – kan eg markere vedifellesskap også med ikkje-truande, på ein ny og spennande måte, trur eg. Vi må kome ut av kjeftinga om kven som skal ha hegemoniet, anten det dreiar seg om våte teokratiske draumar eller om nøytralitetsretorikken til dei sekulære.

Lat oss møtast på ein fri og open aréna! Vi er alle menneske. Det er vår adel.

Eg fryktar ikkje eit gudlaust samfunn. Langt heller det enn eit kvasigudeleg samfunn. Eg trur det blir mykje stusselegare enn mange forestiller seg i eit samfunn fritt for kristendom (understatement). Men det går ingen veg tilbak til ei samfunn som er gudleg/religiøst på reint politisk/formell basis. Trua må leve som eit friviljug kall, som ei røyst blant mange i eit ope samfunn.

Eg fryktar derimot eit samfunn som vil prøve å tvinge si gudløyse inn på meg og andre truande. Eg fryktar eit samfunn med Dawkins-ar og Onfray-ar o a milits-ateistar i maktposisjon. D v s: Eg fryktar det ikkje så mykje som det triggar meg og indignerer meg, utan at eg misser humøret! Tvert om :)

Eg vonar på eit samfunn der vi kan ha kunnskap om kvarandre, droppe fordomar og kulturelle klisjéar og utfordre kvarandre på ein skvær måte! See?

18
Jun
09

officium: Torsdag, 11. vike i det allmenne året, Dom 8,22-32; 9, 1-20 (matutin)

”Skulle eg gje avkall på oljen min, som gudar og menneske ærar meg for, og gje meg til å svaga over skogen?” (9,9)…

…spør oliventreet – i eit av dei vakraste og sterkaste dikta i litteraturen. Eit dikt ropa ut som protest, frustrasjon og indignasjon av Jotam, ståande på toppen av Garisim-fjellet. Av dei sytti brørne var det berre han som slapp unna Abimeleks utrydjing av sine eigne brør.
Abimelek reiv til seg makta og ville bli konge. Oljetreet og vintreet ville ikkje gje opp sitt eige verd for å kunne rå over andre. Berre klungeren Abimelek let seg hylle – men til gjengjeld fôr det eld ut frå klungeren og øydde dei som valde han og ikkje brydde seg om valden og uretten han nytta seg av for å bli mektig.
Gud og rettferda heimsøkte Abimelek, og han drog støttespelarane sine med seg i fallet.
Ei velkjend historie? Kvifor gjev vi så ofte avkall på venleiken i vårt eige kall for å kunne ”svage over skogen” og dominere andre?

18
Jun
09

Officium: Onsdag, 11. vike i det allmenne året, Dom 6,3 – 7,22 (matutin)

”Då sa Herren til Gideon: ’Du har for mykje folk med deg” (v 2)

Ein uvant tanke for mange truande. Vi vil bli fleire, vi vil vinne verda, vi vil vere ”opne og inkluderande”.
Men kanskje Gud vil at vi fyrst skal bli færre? At vi skal bli realistiske? At vi skal lite på han?

I dei gamle kristne nasjonane må vi lære oss å oppdage kyrkja som Guds nasjon, Guds folk. Eit folk vi tilhøyrer som svar på eit kall, som Kristi etterfylgjing, som dåpsliv og dåpspakt, styrkte av ferminga og Andens gåver, samla kring Kristus i evkaristien, alltid lyttande til Ordet, vakande i bøna. Ikkje lenger ein masse av kulturelt kristne, men ein disippelflokk.
Tre hundre av Gideons menn drog sigeren i land. Dei hadde berre tid til å drikke hastig av handa, dei visste kva dei skulle. Kven dei tilhøyrde.

15
Jun
09

oficium: Måndag, 11. vika i det allmenne året, Domarane 2,1 – 3,4 (matutin)

”Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?” (2,2)

Guds spørsmål. Han hadde gjort si pakt med folket og lova å aldri bryte henne. Men folket gløymde fort og gjekk sine eigne vegar.

Gud undrar seg over vår utruskap. Undring som dirrar av sorg. Utruskapen i ungdomstida er éin ting, det unge Israels veikskap. I vår kultur har ein vendt seg bort frå Gud med større overlegg. Med større ringeakt, og som noko sjølvsagt. Med hardare hjarte.

Vi høyrer ikkje på Gud. Tvert om: Vi eksaminerer han og forkastar han. Går forbi han.

Som ein tiggar på gata.

13
Jun
09

carpe diem: Lillehammer

Lova vere Jesus Kristus, i all æva! Amen (Laudetur Iesus Christus, in æternum! Amen). Den gamle, katolske helsinga får stå fyrst i dag. Sidan torsdag har eg vore her på Lillehammer, i den katolske kyrkjelyden for å forkynne og undervise, saman med sr Anne Bente Hadland o.p. (frå Sta Katharinahjemmet i Oslo), og eg er innlosjert hos den katolske soknepresten her, pastor Pål Bratbak. Vêret er grått men Mjøslandskapet er fint, likevel – og det er fint møtevêr.

Opplegget er ein del av Oslo Katolske Bispedømes evangeliseringsaksjon «Gå og fortell!» som har pågått eit par år. Ein forkynningsmisjon som vitjar som mange av kyrkjelydane som mogeleg. I fyrste omgang for på styrke den indre opplæringa og utrustinga for vaksne truande.

Kvar dag startar teamet med felles morgonbøn (Laudes) og rådslagning, så er det førbuingar og fritid. Om ettermiddagen er det bibelføredrag, samtale og skriftemål. Så messe med forbøn for sjuke og høve til å motta Sjukesalvings-sakramentet, i ramma av messa. Til sist er det eit enkelt måltid. Sundagen er det fullt hus med ei stor utsendingsmesse; vi er alle kalla, ved dåpen og konfirmasjonen til å vere apostlar. Alle messer sluttar jo med utsendingsorda: -Messa er til ende – frå det latinske Ite, missa est,som like godt kan omsetjast: -De er utsende! Gå i fred!

Fint å vere her. Tilbake i Oslo sundag kveld.

12
Jun
09

officium: Fredag, 10. vike i det allmenne året, Jos 10, 1-4; 11, 15-17 (matutin)

”Stå still, du sol i Gibeon, dryg du måne, i Ajalons dal” (v 12)

Josva trong meir i tid i striden mot Israels fiendar.  Herren forlenga døgnet. Tida utvida seg. Naturunderet var også eit teikn på kva tida er: Ei gåve frå Gud. Tid og æve høyrer saman. Tida er ein dimensjon ved skaparverket, og alt Gud har skapt er godt. Når skaparverket blir utfridd frå forgjenglegdomen, skal det likevel kunne erfarast som levd liv; vi skal sjå, høyre, smake, kjenne, elske, lovprise. I æva er tida forløyst.

Noko av denne fylden kan vi ta i mot her og no. Når tida vert helga til Gud – i bøna, i den liturgiske og sakramentale feiringa, i dei åndelege gåvene, karismane.  Difor jublar den truande på veg til Guds hus og seier: ”Éin dag i dine tempelgardar er betre enn tusen andre” (Sal 84,11)

Spørsmålet er ikkje om du ”har tid”, men om”kva slags tid” du har.

11
Jun
09

officium: Torsdag, 10. vike i det allmenne året, Jos 5,13 – 6,21 (matutin)

Joshua fit the battle of Jericho/ and the walls came tumbling down… syng vi i ein ”negro spiritual”. Men kvifor måtte alt liv utryddast når Israel inntok byen og landet? Tekstane om landnåmet er umogeleg å kome forbi eller bortforklare. For den som fyrst skreiv ned desse tekstane og for dei som høyrde dei, var det slik røyndomen blei oppfatta.

Kampen for land og liv var absolutt. Og er det så langt unna? Kva med sivilisasjonskrigane i vår eiga tid? Titusenvis sivile miste livet i dei to siste verdskrigane. Og kva med Hiroshima og Nagasaki… For fredens skuld?

Kvar er Gud i alt dette? Spørsmåla er fleire enn svara. Eg let dei stå opne.

10
Jun
09

officium: Onsdag, 10. vike i det allmenne året, Jos 3 (matutin)

Dette, sa han, skal de ha til teikn på at den levande Gud er midt i mellom dykk ” (v 10).

Teiknet var at Jordan skulle dele seg, slik Raudehavet gjorde, så Josva kunne føre folket turrskodde inn i det lova landet. Slik gjekk det då prestane bar paktkista mellom seg ut elva.

Gangen over Jordan kunne berre skje i kraft av pakta frå Sinai, stadfest på tavlene som låg i paktskista. Eit pant på at Gud hadde kome til dette folket, tala til det, bunde seg til det.

I katolske kyrkjer vert Sakramentet teke vare på i ”tabernaklet”, sakramenthuset. Den nye pakta i Kristi kropp, i Kristi offer.

Den levande Gud midt imellom oss.

09
Jun
09

officium: Tysdag, 10.vike i det allmenne året, Josva 2 (matutin)

eg held fram med korte meditasjonar over lesinga i natt-/morgon-officiet, matutinen (før laudes)…

”Då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkje som heitte Rahab, og der fekk dei hus” (v 1).

Skjøkje eller ikkje; Rahab gav husrom og gøymsle åt to israelittar. Ho hadde skjøna at Den Allmektige fylgde dette folket, og skjøna at ”Herren dykkar Gud, han er Gud, både oppi himlen og nedpå jorda” (v 11).

Bibelen er ikkje så moralistisk og fin på det som vi seinare er blitt. Mykje av det vi trur er kristen moral, er borgarleg snerp. Gud har ikkje hugnad i utruskap og hor, men midt i livet slik det er, kan godleik og rettferd brått skyte opp. Og noko endrar seg.

Rahab ana Guds spor i det som møtte henne i dei to speidarane og ho hadde mot til å handle. Difor reknar Skrifta henne mellom dei heilage og seier: ”Ved tru vart skjøkja Rahab berga, så ho ikkje miste livet saman med dei vantruande; for ho hadde teke vel mot speidarane” (Hebr 11,31).


07
Jun
09

homiletica: Trinitatis, St Dominikus krk, Matt 28, 16-20

Brør og systre! Kvifor har kyrkja eit dogme, ei trussetning, om at Gud er treeining? Er ikkje det å gjere Gud for komplisert? Svaret er: Fordi Gud er så komplisert, fordi Gud er slik! Fordi Skrifta og den apostoliske trua lar Gud tre fram slik. Dogmet er der ikkje for å forklare og rasjonalisere. Tvertom: Dogmet held fast det som er sagt om Gud, lar det stå, nettopp for ikkje å falle for freistinga til å forenkle og forflate. Dogmet er nettopp ikkje ein trussel, men eit vern om mysteriet! Slik er Bibelens bilde av Gud:

Han er éin. Gud som bur i eitt ljos der ingen kan kome. Han er Faderen, som føder Sonen; han er Sonen som er født av Faderen, Sonen, Ordet som var i opphavet hos Gud, den einborne som er Gud, og som er i Faderens fang, Gud av Gud, ljos av ljos; han er Anden, som er ein levande person, Talsmannen, Sanningsanden, som går ut frå Faderen og Sonen, som er Herre og livgjevar.

Slik er Gud – ein levande Gud! Ja, at han openberrar seg som den Treeininge, viser nettopp til fulle det som alt patriarkane visste: Gud er ein levande Gud. Han er den som mange menneske har møtt som den levande, slik Pascal hadde dei innsydd i frakkeslaget sitt, etter sitt underfulle møte med Herren: -Eld! Han er ikkje guden åt filosofane, han er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud! Pascal hadde møtt  Israels Gud, El Sjaddai, den allmektige Gud, El Elohim, den høgste Gud.

Gud er ikkje eit ”prinsipp”, han er ein Gud som elskar, som vil, som lid, som harmast, som ser og høyrer og bønhøyrer. Han er ein Gud som involverer seg i verda, i mennesket – heilt til det å gjere seg til eitt med oss, ja: bu i oss. Faderen og Sonen skal kome og ta bustad i dei truande, seier Jesus og i den andre lesinga høyrde vi: ”den Ånd dere har fått, gir dere rang som barn, den får oss til å rope: ”Abba, Far! Ånden selv forener seg med vår egen ånd for å bevitne at vi er Guds barn!”

Gud er ein Gud som kjem til oss, som openberrar seg. Ein som talar ut or elden, ein Gud som vél seg ut eit folk og fører det gjennom historia, i den gamle og den nye pakta,  i Israel og i kyrkja.

Brør og systre, Gud er treeining, han er levande. Han kjem til oss, han bryt gjennom alle hinder og kjem tilbake også til denne tida, til dette samfunnet. Eg opplever det, som preikebror, nettopp som eit kall å seie til dette folket der trua på Gud er blitt så frustrert: ”Så skal du vite og og legge deg på sinne at Herren er Gud, både oppe i himmelen og nede på jorden, han og ingen annen”.

Den levande Gud, den treeinge Gud, kan ikkje gripast reint teoretisk. Han opplyser vår tanke, han har ein plass der også, det jo han som han gitt oss evna til å tenkje; men den levande Gud møter oss gjennom livet, trua er ein praksis. Når han openberrar seg på Sinai berg, seier han, som vi høyrde: ”Du skal holde hans forskrifter og bud som jeg gir deg i dag”. Han gir folket sitt ein veg å gå. Og når han openberrar seg på fjellet i Gallilea, himmelfartens berg, seier han i evangeliet: ”Dra  derfor ut og gjør alle folkelag til disipler, ved å døpe dem til Fadrens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn, og ved å lære dem å overholde alt det jeg har befalt dere”.

Kjære brør og systre, det er når vi lever i dette paktslivet med Gud, ein relasjon av truskap og lydnad, at Gud mysterium opnar seg for oss. Også vårt eige mysterium, menneskets mysterium. For kva er eit menneske? Guds avbilde, ei treeining av ånd, sjel og kropp, eit levande, elskande vesen! Vi høyrer saman med vår Skapar. Guds mysterium er menneskets mysterium. Fyrst i Gud ser vi kven mennesket er. Difor speglar vi oss i dag i han, vår skapar, og seier:

Å for eit djup av rikdom og visdom og skjøn hjå Gud! Kor uransakelege hans domar er, kor ufattelege hans vegar!
Av han og ved han og til han er alle ting. Han skal ha all ære i all æve! Amen.




kategoriar