21
Mai
12

officium: måndag, 7. vike i påsketida, frå den hl kyrillos av Jerusalems kateketiske føredrag (matutin)

«Sjølv om Anden har éin skapnad, verkar han, på Guds bod og i Kristi namn, eit mangfald av dygder».

Anden skaper og verkar noko i det truande mennesket. Ikkje berre trua, men i heile livet vårt. Trua er ikkje ein abstrakt tilstand, men levd liv. Det kristne livskallet stiller høge forventingar til mennesket, og vi har lett for å tenkje at det er så umogeleg at vi ikkje ein gong skal prøve. Men Anden og nåden er ei verkeleg kraft, Guds kraft, som gjer noko med oss; i vår forstand, vår vilje og i heile vår personlegdom. I Anden kan vi leve disippelskapets liv. Det ber frukt i alle dygder, og blir krona av dei sk teologale dygdene: Tru, von og kjærleik (1 Kor 13).

Det kristne livet er ikkje eit «prinsipp», men ei røynsle og ein realitet.


0 Svar to “officium: måndag, 7. vike i påsketida, frå den hl kyrillos av Jerusalems kateketiske føredrag (matutin)”



  1. Kommenter innlegget

Kommenter innlegget


kategoriar