08
Mar
08

carpe diem…

IN ATRIIS DEI

”I Herrens føregardar”… eller ”hans tempelgardar”… eller ”hans klostergardar”.. Alt dette kan vere ei bra omsetjing av denne salmestrofa frå dagens Laudes (morgonbøna). Eg bur i alle fall stadig her i ”Herrenes atrium” i Roma. Våren kjem sakte; det har vore surt siste vika. Idag er det klårt med skarp sol; som ein god ’nordaust’-dag på Haramsøya, vil eg seie. Eit friskt og ”tydeleg” ver. Til å bli glad av.

Det er verdt å merke seg at den ortodokse, ekumeniske patriarken i Konstantinopel/Istanbul, Bartolomeos, er i byen! For å treffe pave Benedikt. Det er eit svært god tilhøve mellom dei, noko som i høg grad påverkar det ekumeniske arbeidet. Bartolomeos er svært positiv til tilnærminga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja. Ikkje alle ortodokse er samde med han i dette, men eg trur det går den rette vegen – for den katolske kyrkja, er relasjonen til dei ortodokse høgste ekumeniske prioritet. Sett frå katolsk synsstad, er det ein grunnleggjande einskap mellom desse systerkyrkjene, trass det som er ulikt, og trass at den fulle fellesskapen ikkje er på plass. ”Katolsk” og ”ortodoks” er jo på sett og vis to ord for det same. Kyrkja kan eigentleg ikkje vere anten «katolsk» eller «ortodoks» – ho må vere begge deler.

Hovudutfordringa er korleis ein skal forstå ”Peter-embetet” (betre: ”Peter-tenesta”), altså pavens plass og funskjon. Dessutan er det problem knytt til dei s k ”unerte” kyrkjene; ortodokse/orientalske truande som i si tid ”godtok” paven og gjekk i kommunion med den katolske kyrkja. Desse er i røynda katolikkar, men fylgjer sin eigen ”ritus” (ortodoks/orientalsk liturgi, kyrkjerett, skikk- og bruk o s v. M a har dei ikkje sølibatplikt for sekular-prestar; vanlege kyrkjelydsprestar, knytte til eit bispedøme). Opprettinga av desse kyrkjene, er sjølvsagt noko som skaper splid i den «austlege» kyrkjefamilien. I dag ville den katolske kyrkja ikkje gått i gang med noko slikt. Men dei unerte kyrkjene har etterkvart si eiga historie, med forfylgjing og kamp for sin eksistens, og då er det ikkje mogeleg å berre «avskaffe» dei med eit ekumenikk-politisk pennestrøk.

Det blir spanande å sjå kva som kjem ut av patriarkens vitjing! Eg skal prøve å fylgje litt med i media her. ”Religionspolitisk” har det sjølvsagt svært mykje å seie korleis einskapen mellom ”aust” og ”vest” utviklar seg, både i høve til Islam og til samfunnsutviklinga elles. Fleire og fleire innser at religionen si rolle vil vere avgjerande for framtida, både kulturelt og politisk.


Kommenter innlegget


kategoriar