28
Des
07

nota bene…

RAMASKRIKET

Kyrkja feirar i dag festen for ”dei uskuldige borna”, dei som kong Herodes let avlive for å ta rotta på dette nye kongsemnet som skulle vere født i Betlehem. Slik har det seg at julesongen blandar seg med Rama-skriket

Kristus gjer seg til eitt med mennesket på det aller veikaste og mest utsette: som barn, utan fortenester og nytteverdi, utan å ha kunne prova at det får eit ”bra” nok liv til å rettferdiggjere sin eksistens. Det berre er. Mennesket. Guds bilete.

Kyrkja må alltid lyfte røysta for å verje barnet – som stadig er truga på livet, kroppsleg og sjeleleg, av sjukdom, mishandling, overgrep, krig, barnearbeid og fatigdom.

Men ”Rama-skriket” lyder ikkje minst frå barnet i mors liv. Jesus var òg eit slikt barn. Eg skulle ynskje at det igjen blei mogeleg å føre ein samtale om abortlovgjeving og abortpraksis i Noreg. Gjer det ikkje noko med alle at vi har ei livsform og ei samfunnsform som – berre i Noreg – førutset at 15000 menneneskefoster vert fjerna, år etter år? Er det verkeleg ein del av merkevara ”sivilisasjon”? Kven er det som har hovudansvaret i vårt samfunn for at så mange tek ei så drastisk og uoppretteleg avgjerd?

Kvifor har menneskefosteret blitt ein rival – om ikkje til kongemakta, så til vår måte å leve på?

Reklame

1 Tilbakemelding to “nota bene…”



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: