Religion er, som sagt, tema for tida. Trauste Aftenposten har profilert seg på dette området, stadig meir, ikkje minst med Knut Olav Åmås som debatt- og kronikkredaktør. Han har våga å sleppe fram folk med eksplisitt og positiv tru, både muslimar (som Usman Rana) og kristne (som Espen Ottosen, Eskil Skjeldal, Janne Haaland Matlary o a). Rett nok dukkar Harald Stanghelle opp og fastheld den meir engstelege, religionskritiske lina; religion som ”viktig”, jamvel interessant, men tvetydig, for ikkje å seie potensielt fårleg.
I same modus finn vi Morgenblad-redaktøren, Alf van der Hagen. Som fleire av dei ovannemnde, går eg ut frå: med ein tydeleg, om kanskje noko temperert, kristen bakgrunn. Morgenbladet er, likt Klassekampen, ein ”nisjeavis”, eit medium som vågar å vere litt mindre mainstream og som har opna opp det norske landskapet, intellektuelt og ideologisk.
Likevel dristar Morgeblad-redaktøren seg ikkje til å gå rett på det positive som han ynskjer å formidle om religion i påskenummeret i år (3-4. April). Fyrst må han dekke seg bak eit skjold av korrekt religionskritikk. Passet må vere i orden. Endå er det risikabelt å vere for religiøst positvt i det gode selskapet. Så preludiet startar slik:
“Mennesker har til alle tider brukt religion til å kontrollere andre mennesker. Religion har vært påbud og forbud. Religion egner seg ypperlig til å begrunne og utøve makt….” Og held fram nokre liner i same toneart.
Ei lang og kontinuerleg, institusjonell historie som t.d. kyrkjehistoria gjev naturlegvis mange døme på det han reknar opp. Men: Det er blitt nesten eit rituale at ein må omtale religion som noko spesielt skummelt; tru kan vere bra, men då må ho gjennom dei vestlege sikringsrutinane, som passasjerar på ein moderne flyplass: Suspekt til det motsette er prova. Velkomen, truande – men ingen knivar, spisse gjenstander og fårlege fluidum i kofferten, takk!
Den underliggjande kulturelle klisjéen er at religion står ei særstillng som offentleg fenomen. Utan tvil har dette å gjere med at Vesten i lang tid har framandgjort seg sjølv på det religiøse området (som van der Hagen også prisverdig påpeikar).Det framande skræmer – når ein ikkje har kontroll på det. Eg spør: Kvifor blir ikkje andre samfunnfenomen like nøye saumfarne? Politiske ideologiar, økonomiske krefter, masserørsler som idrotten… Her er det mykje som kunne trenge eit vake blikk og ein etisk sjekk.
Det kan gjentakast: Gjerne religionskritikk. Men skjerp blikket også på andre område.
Dermed kan eg gratulere redaktøren i Morgenbladet med resten av leiarartikkelen – som talar tydeleg om det positive ved religionen i samfunnet – og kva vi miste ved at han blei svekka. Endå betre hadde det vore om han hadde sletta den utgåtte greia om at religiøs erfaring er viktigare enn “dogme”.
—
PS :I det siste har avisa sikra seg den kjende og flinke journalisten Frank Rossavik (frå BT) i stallen. Han er ein dyktig bladmann, men –så langt eg har lese – køyrer han dei tradisjonelle fordomane mot religion. Kjipt.
Siste kommentarar