Archive for the 'homiletica…' Category

29
Mai
12

homiletica: Pinsedag, 27/5-12, St dominikus krk, Joh 15, 26-27; 16, 12-15

Kjære kristne!

Det er pinse, ’pentakosta’, den femtiande dagen etter Påske – og dermed fullbyrding av påska. Pinsa er påska si frukt: Ved sin død og si oppstode opna Kristus veg mellom Gud oss, opna han himlens sluser over verda, opna for Krafta frå det høge, slik han hadde bedt apostlane, saman med Maria, å vente på i det bøn, i Jerusalem. Som profeten Joel hadde førutsagt:

Ein gong skal det henda
at eg auser ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal profetera,…
Eg set varsel
på himmel og jord,
blod og eld og røyksøyler.

Altså: Den allmektige, majesteten, stig ned, som han gjorde på Sinai – men no, på Sion, i all sin fylde, no ikkje berre med tanke på den gamle pakts gudsfolk, men på eit nytt folk av alle ætter og tungemål, av alle nasjonar.

Den nye pakta – også varsla av profeten, når han seier:

Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. Eg stenkar reint vatn på dykk, så de blir reine. Eg vil reinsa dykk for all ureinskapen og for alle avgudane. Eg gjev dykk eit nytt hjarte, og ei ny ånd gjev eg inni dykk. Eg tek steinhjartet ut or kroppen på dykk og gjev dykk eit kjøthjarte i staden. Og min Ande gjev eg inni dykk og gjer at de følgjer forskriftene mine, held lovene mine og lever etter dei.

Også i vår tid er det snakk om ”åndelighet”, men det blir ofte nokså diffust. Den ånd vi feirar i pinsa, er Guds Ande, den tredje person og guddomen. Han som går ut frå Faderen og Sonen og som blir tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane, slik vi vedkjenner det i vårt credo (jfr Nicenum). Guds Ande verkar overalt, i skaparverket og Guds verdsstyre, men i sin fylde blir han gitt oss gjennom Jesus Kristus, i kyrkja sin fellesskap. Anden bles dit han vil – men det er i kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”; der talar han til oss og handlar han med oss. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i karismane, nådegåvene, i den innbyrdes kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men som gjer at vi ropar: -Abba, Far! Fadervår!

Det er dette Jesus minner oss om i evangeliet i dag. Han seier, som vi høyrde:

Når Talsmannen kommer, han spm jeg skal sende dere fra Faderen – Sannhetens Ånd som utgår frå Faderen – da skal han vitne om meg. Og:

Han skal kaste glans over meg, for det er av mitt han skal ta og forkynne dere.

Andens verk i kyrkja er altså knytt til Kristus, til hans ord og verk, til alt det han overgav til apostlane og vidare til kyrkja. Sann «åndelighet» held alltid fast ved det. Nettopp i den kristne fellesskapen, i kyrkja, er det at Andens frukter veks fram, slik vi høyrde i lesinga:

Kjærlighet, glede, fred, høysinn og vennlighet, godhet og trofasthet, mildhet og selvbeherskelse. Til forskjell frå

utukt og utsvevelser, avgudsdyrkelse og magi, hat, fiendskap og nag, uvennskap og intriger, splid, missunnlese og partivesen, drikk, svir og annet av samme slag. Som å lese ei av dei store tabloidavisene…

For at Guds Ande skal kunne skape dei gode fruktene iblant oss, vil han fyrst vise seg for oss som Botsanden. Som Sakarja seier:

Over Davids hus og dei som bur i Jerusalem, auser eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge(Sak 12,10).

Det var det som skjedde då Peter steig fram og forkynte den krossfeste Kristus, Israels Messias, verdas Frelsar, Livsens hovding. Då dei høyrde det, stakk det dei i hjarta, står det, og dei spurde: Kva skal vi gjera, brør? Peter svara: Vend om, og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn… så de får tilgeving for syndene; då skal de få Den heilage Ande i gåve (Apgj 2, 37-38).

Brør og systre! Det er denne nåde- og bøneånda vi treng for at det skal bli pinse, for at pinsens verk skal halde fram i kyrkja og i vårt liv. Den som får oss til å spørje: -Kva skal vi gjere? Pinse er krise, er oppgjer, er ny innsikt, ny uro, ny start, ny forankring. Mange er interesserte i ‘åndelighet’, men kanskje ikkje i å gjere bot. Pinse er å begi seg til skriftestolen og tale ut om livet slik det er. Pinse er å forsone seg med Gud og menneske. Kva om vi alle stilte dette sprøsmålet for alvor, på alle område av livet og aller mest i det som har med vårt tiulhøve til Gud å gjere: -Kva skal eg gjere? No.

Midt i krisa skal vi sjå opp til han som vi har gjennomstunge, til den krossfeste, når vi feirar evkaristien og ser han, “Guds Lam som tek bort verdens synder”. Når dette skjer – når dette blir fokus, når dette slepp til – skjer det alltid noko nytt og fornyande, både individuelt og for fellesskapen.

Pinse, det er at trua trengjer inn under overflata. Og det må ho dersom vi skal kunne leve og stå fast som kristne i eit samfunn der mange av dei tradisjonelle haldepunkta og støttepunkta blir tatt frå oss.

Vi lever i ei tid som er vansklegare, men også opnare. Difor har vi grunn til å be med styrke og forventing:

Veni, Sancte Spiritus! “Kom, Heilage ande, fyll hjarto til dine truande!”

Reklame
20
Mai
12

homiletica: 7. sundag etter Påske, Harstad krk, Joh 3, 16-21

Kjære kristne!

Det er alltid ein risiko å høyre alt for kjende tekster; det verkar varmande og kjært, men så glepp det, fordi vi ikkje legg merke til innhaldet, det blir berre ein lyd. Ofte er det slik fordi vi misser samanhgengen det kjære ordet står i. I dagens evangelium er vi midt inne i ein teologisk læresamtale mellom Nikodemus og Jesus. Men Nikodemus kom ikkje berre for å diskutere teoretiske spørsmål; han ville finne ut av rabbi Jesu lære, han ville finne ut noko om vegen til Gud, til liv i Gud.

Og Jesus lærer han om den nye fødselen, om nyskapinga av mennesket gjennom Den heilage Ande, Skaparanden, Spiritus Creator, gjennom vatnet, gjennom dåpen, den nye fødselens sakrament.  Alt dette – at vi blir Faderens born gjennom Andens verk, det skjer ved trua på Sonen, på Jesus Messias. Ja, på den krossfeste Messias, den lidande Messias, sonaren. For, seier Jesus like før:

Liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv (v 14).

Det er det same han siktar til når han seier at Gud elska verda så høgt at han ”gav” Son sin, den einborne. Gav – det vil seie gav han som offer, som sonoffer for oss.

Det er denne bodskapen, denne frelsa, menneska er kalla til å ta stilling til gjennom forkynninga av evangeliet. Alle stader der dette Ordet lyder, blir menneske stilde på val. Å opne seg for det, å ta i mot det, kallar Jesus ”å kome til ljoset”, ”å fylgje sanninga”.

Menneske i dag har vondt for å tru at det finst noko forpliktande sanning; eg har mi og du har di. Eller at det finst noko ljos som er tydlegare enn andre; eg fylgjer mitt ljos og du fylgjer ditt. Vi har edå meir vondt for å tru at det skal ha så store konsekvensar som frelse og fortaping. Etter døden er det ikkje noko, tenkjer dei fleste, og viss det er noko, går det sikkert bra. Og: Skulle det vere så himla avgjerande kva eg trur om denne jødiske rabbien Jesus, eller kva eg trur i det heile? Religion og tru er ei privatsak; ingen kan stå og falle med det.

Kvifor tenkjer vi slik? For det fyrste fordi vi har redusert meininga av kva det vil seie å vere eit menneske. Vår kultur har vore boren oppe av eit menneskesyn som gjer mennesket til eit uendeleg ansvarleg vesen, eit fritt vesen, eit vesen som ber sin Skapars bilde, nesten som ein liten gud er menneske (Sal 8). Mennesket har ei evig bestemming og eit evig ansvar. Men korleis tenkjer fleire og fleire i dag? Jau, vi er biologiske maskinar, høgt utvikla dyr berre; det gjeld om å ha det bra i dette livet – og det var det. Det er klårt at då blir tru på Guds Son, frelse, fortaping og evig liv meiningslaus tale.

Men det har, for det andre, også å gjere med korleis vi ser på Gud og det å høyre Guds ord. Vi blir jo overkøyrde av alle slags tilbod, også når det gjeld livssyn og tusen gode måtar å leve livet på, åndleg og materielt. Den kristne bodskapen, Guds Ord, evangeliet, forkynninga av Jesus Kristus – det blir eit tilbod blant mange, eit livssynsalternativ blant mange.  Vi vel og vi vrakar, og når det gjeld kristendomen og kyrkja, vrakar vi det meir og meir.

Men: Å høyre Guds Ord, å bli møtt av Evangeliet, det er å bli tiltala av sin Skapar, sitt Opphav. Det er å stå andlet til andlet med Den allmektige. Kjære brør og systre: Ingen ting kan vere meir høgtidleg, meir forpliktande, meir skjebnesvangert enn å høyre sin Skapars ord; ingen ting meir drastisk enn å avvise det. Det burde vi alle ha meir respekt for, ikkje minst vi som talar det og tek vår Guds ord i vår munnn.

Kjære vener! Skaparen, Frelsaren og vår evige bestemming, vår evige framtid som vi ber i våre hender – det er det perspektivet folket vårt er i ferd med å gløyme. Tenk på den gamle klokkarbøna:

Herre, jeg er kommet inn i dette ditt hellige hus, for å høre hva du Gud Fader, min skaper, du Herre Jesus, min frelser, du Hellige Ånd, min trøster i liv og død, vil tale til meg”.

Der er inga fortaping, seier du. Korleis kan du vere så sikker?  Jesus seier altså noko anna. Nettopp i dag, i denne teksten, med den ”lille Bibel”, nettopp her viser han oss at det handlar om store ting. Inga fortaping ? -Igjen: korleis kan du vere så sikker? Så trygg?

Eg trur Jesus er på sporet når han seier at mennesket kvir seg for å kome til ljoset. Det er ikkje alltid dei intellektuelle problema som hindrar oss i å tru. Heller dette at å kome til Gud, er å kome til ljoset, til sanninga. Som vi høyrde:

Den som gjør det onde, hater lyset, og vil ikke komme til lyset for at hans gjerninger ikke skal bli avslørt. Men den som følger sannheten, kommer til lyset for at det skal bli klart at hans gjerninger er gjort i Gud.

Brør og systre: Jesus kallar oss til å kome fram, ut av våre innskrenkingar, ut av vår vantru, ut av våre unskyldningar og tildekningar. Han vil møte oss som han møtte Nikodemus. Nikodemus kom til Rabbien frå Nasaret – og blei ført langt lenger enn han hadde tenkt. Han møtte seg sjølv og sin Gud.

På dørstokken til Pinshelga er det nettopp det vi treng. I det vi bed:

Kom, Heilag Ande, Skaparmakt/reis opp det synd har øydelagt//og glede i kvart hjarta giv/som du har født til evig liv!

17
Mai
12

homiletica: Kristi himmelfartsdag/17. mai, st dominikus krk, mark 16, 15-20

I år fall Kristi himmelfartsdag saman med Grunnlovsdagen. I katolsk liturgi er det den kyrkjelege høgtida som har forrangen og vi feira høgtidsmessa. Men det kan også kaste ljos over nasjonaldagen…

Kjære kristne!

Vi feirar i dag Jesu Kristi herrevelde over verda! Han har fått all makt i himmel og på jord, han sit på trona i den himmelske verda, i sjølve senteret for Guds verdsstyre. Det er ikkje sant at verda, at kosmos, at historia, at livet er eit kjempemessig absurd spel, utan mål, utan meining. Stadig fleire trur det, openlyst eller i sitt stille sinn. Før eller seinare raknar den illusjonen at livet då kan gå vidare, som før, som alltid. Det raknar anten ved openlys fortviling, ved stålhard kynisme eller ved utagerande livsførsel. Så lenge ein tærer på overlevert kristent syn på mennesket og på verda, i tru, i etikk, i lovverk, i sed og skikk, kan det fungere, men den dagen det er slutt, vil vi merke skilnaden og tomromet. Å fornekte Gud og at der er eit høgare mål og ei mening med livet, er så å seie ein luksus som samfunnet kan tillate seg så lenge der er nokon som trur. Som det står i det oldkyrkjelege skriftet, Brevet til Diognet: ”Det sjela er for kroppen, er dei kristne i samfunnet” – ein surdeig, eit ljos, eit salt, slik Herren sjølv seier det i Bergpreika.

Dei kristne lever midt i verda, i alle land og fedreland og arbeider for kvar nasjons beste. Men dei veit at deira rette fedreland er Guds rike, at deira statsborgarskap er i himlen, at dei er borgarar av Guds stad, Guds by, Jerusalem; hans kyrkje i himlen og på jorda. Det er vår basis, vår heim. Difor er Kristus vår konge, vår Cæsar, vår Herre, han som er Pantókrator, Allherskaren. Han utbreier sitt rike, ikkje ved ytre makt, men gjennom si kyrkje, gjennom Evangeliet, gjennom trua og Anden, gjennom at menneske lyder hans kall: -Fylg meg! Det er dette vi høyrer i dagens evangelium. Nettopp på himmelfartens berg, seier han:

Gå ut og forkynn Evangeliet verden over, for hver og en som Gud har skapt. Den som tror og lar seg døpe, skal bli frelst, men den som ikke tror; skal bli fordømt.

Det Jesu Kristi misjon, hans sending til verda, handlar om, er ikkje å fallby eit livssyn blant mange, men å kalle menneske tilbake til sin skapar. Det er nettopp dette universelle: Kristus angår alle, alle angår Kristus, som gjer kyrkja katolsk, universell. Når kyrkja, utsend av Kristus, driv ut demonar, talar ulike tungemål og helbredar sjuke er det nettopp som teikn på Guds endelege vilje med verda: At synda, døden og demoniets makt er broten, at ingen lenger treng å liggje under for det.

Brør og systre! Det kan ikkje vere tvil om at vi lever i eit folk som på mange måtar har falle frå Kristus, falle frå si dåpspakt, gått bort frå Skaparen sin og er i ferd med å bli som sauer utan hyrding, utan Gud og utan von i verda. Det fins ingen kollektiv veg tilbake til eit kristent Noreg, ingen veg tilbake gjennom tvang, reglar og paragrafar. I dag må kvart menneske ta stilling til Kristi kall. Fyrst og fremst er det eit kall til alle truande om å vite kvar dei høyrer heime; vi er ikkje berre norske, vi er kristne, vi er katolske kristne, vi tilhøyrer Guds folk, Kristi nasjon, av alle ætter og folk og tungemål, vi har brør og systre over alt. Snever nasjonalisme er det motsette av katolsk tru. Kristus er vår konge og hans Bergpreike er vår primære grunnlov. Om dette vil vi tale og vitne i det norske samfunnet; dette vil vi leve, privat og offentleg.

”Ville vesten er ikke som før”, syng vi – men det er heller ikkje gamle Noreg. I den gamle kristenretten heitte det: ”Dette er det fyrste i lovene våre; at vi skal venda oss mot aust og tilbe den Kvite Krist”. Det vil seie: Den sigrande, den himmelfarne, den tronande Kristus; Frelsaren og Herren, Kongen over kongane og Herren over herrane. I dag er det vårt kall som truande å minne om han, å peike på han, å halde fast ved han; hans bodskap om frelse, hans lover for livet.

Når nasjonaldagen fell saman med Kristi himmelfarts dag, minner det oss om at vi skal sjå lenger enn til Eidsvoll eller Dovre; vi skal sjå heilt inn i Guds rike, der livet vårt her i tida, her i dette landet, er forankra. Difor seier vi i dag:

Jesus i det høye troner/ham lovsynger millioner//som på jorden, så i himlen/englekor og folkevrimlen/seierherren fredegod.

12
Mai
12

homiletica: 5. sundag i påsketida, st paul krk, bergen, Joh 15,1-8

Sist sundag ver eg der, og legg her ut preika, litt forsinka…

Kjære kristne!

Vi er i påsketid! Vi forkynner og feirar den levande, oppstadne Kristus. I dag feirar vi han som Vintreet, som eit levande tre, med levade greiner som ber frukt, edel frukt; vindrua, eit symbol på glede, kraft og velsigning.

Vintreet og vingarden – det er eit kjent motiv i Bibelen og Guds historie med sitt folk. Profeten Jesaja kallar Israel, Guds folk, for Guds vingard (Jes 5):

7 Vingården til Herren, Allhærs Gud,
det er Israels hus,
og folket i Juda er hagen
som var hans lyst og glede.

Og no seier Jesus at han er vintreet, det fruktberande vintreet i hagen, og vi er greinene. Berre i samfunn med han kan vi bere frukt. Det vil seie: Berre i samfunn og enhet med han kan vi leve eit kristent liv. Kristendom er meir enn eit sett med moralprinsipp, det er einskap med Gud; Fader, Son og Heilagande, gjennom Kristus!

Korleis lever vi det samfunnet?
For det fyrste gjennom dåpen. Der blir vi eitt med hans død og oppstode, der blir vi poda som greiner inn i vintreet. For det andre gjennom evkaristien, gjennom nattverden. Der blir vi på nytt og på nytt eitt med han, med hans lekam og blod, der lever vi i kommunion, i full fellesskap med Kristus.
For det tredje blir dette fornya i Forsoningssakramentet (skriftemålet), der blir vi reinsa; hver gren som bærer frukt, renser han, så den kan bære mer, høyrde vi.

Men alt dette skjer ved at vi blir i hans ord. ”Blir” –det vil seie noko konstant, noko vi stadig høyrer, grunnar på, mediterer på, trur på, tar til oss, stolar på. Når vi høyrer lesingane i liturgien, når vi høyrer Guds ord forkynt, når vi les og brukar Bibelen i vårt eige liv, slik Kyrkja oppmodar oss om det, i vår lectio divina, vår heilage lesing.

Og alt dette – sakramenta og Ordet – det blir eitt med oss gjennom bøna; ved at vi opnar hjartet vårt for Jesus – med alt vi har av sorger, gleder, lengsler og behov. Eller ved at vi berre blir stille og blir i hans nærleik, med forventing og von.

Kjære brør og systre! Å vere kristen, å vere ein katolsk kristen, er å vite at i alt det som møter oss i kyrkja, er det Kristus som møter oss og vil ha samfunn med oss personleg. Berre då kan vi leve eit fruktbart liv.

Jesus gir oss også ei alvorleg påminning i dag. Han seier ikkje berre korleis vi skal bere frukt, men at dersom ei grein blir tørr, fruktlaus og død, bli ho kutta av og kasta på bålet, slik gartnaren, vingardsmannen, plar gjere det med døde og visne greiner.

Kjære vener; er vi blitt så skuggeredde at vi ikkje tør å snakke om det Jesus snakkar om: At vi kan gå fortapt, at vårt liv kan bli evig forspilt? Uansett kor vellukka det elles måtte synest? Som Gud sa det gjennom Jesaja, om Israel, sin vingard og om vingardsmannen, som hadde planta og stelt hagen så fint:

Han ventet rett –
men se, det ble blodig urett!
Han ventet rettferd –
men hør, det ble skrik!
8 Ve dem som legger hus til hus
og føyer åker til åker,
til det ikke mer finnes plass igjen,
så dere får sitte alene i landet!

20 Ve dem som kaller det onde godt
og det gode ondt,
som gjør mørke til lys og lys til mørke,
bittert til søtt og søtt til bittert!
21 Ve dem som er vise i egne øyne
og kloke i egne tanker!

Eg er redd at dette ofte passar på vårt folk, som på mange måtar har snudd ryggen til sin Gud, til hans ord, til sin dåp. Vi, kristne, vi katolske kristne, har eit ansvar for å snu dette, for å kalle folket og menneska tilbake til Gud, sin Skapar! Det er ikkje sånn at kristendomen alltid forblir her automatisk, at det berre går litt opp og ned og så går det uansett bra til slutt! Katolske foreldre har ansvar for neste generasjon , at dei formidlar trua til etterslekta, kyrkja og prestane har ansvar for at Guds hage blir stelt slik at kristent liv kan vekse fram og få næring gjennom forkynning og sjelesorg, unge menneske har ansvar for å gjere val i livet: Kva skal vere innhaldet og meininga i livet mitt?

Det gjeld landt vårt, det gjeld byen vår – Paulus hadde modig tala Herrens namn i Damaskus, høyrde vi i lesinga. Korleis talar vi i Bergen? – Det gjeld dei menneska vi lever blant, det gjeld tida og det gjeld æva, det gjeld vårt liv!

Derfor vil eg i dag be:

“Å fikk jeg kun være den minste kvist/på vintreet ditt, Herre Jesus Krist/ Og måtte så aldri skilles igjen, men elske og elskes/som venn hos venn!”

29
Apr
12

homiletica: 4. sundag i påsketida, st Michael’s chapel, iona, Joh 19, 11-18 (preacher: br Haavar Simon Nilsen OP

Her er br Haavars preike i dag! Han er diakonvigd (blir prestevigd i oktober) og å preike er ein del av diakonens teneste. I skarp, nordleg luft og strålande vårsol,feirar vi Den gode hyrding-sundagen her på St Columbas grøne øy; i same kapellet som sist sundag, i det restaurerte abbediet…

Brothers and sisters!

We hear in the psalm of today a characteristic of God,
not formulated by the Church or even the early Christians,
but by the chosen people of God from the time of the old covenant.
The psalms we just heard says:

«Give thanks to the LORD, for he is good,
for his mercy endures forever.» (psalm 118,1)

The lord is good, and his mercy endures forever. The hebrew word used for «mercy» in this psalm is hesed. It is true that this word implies mercy, but the word contains much more. If we were to chose only one word to describe it, we would probably say that hesed means loving-kindness. It indicates a profound attitude of goodness, and this goodness surpasses an attitude of simply doing each other well; it also implies faithfulness rooted in an inner commitment.
Hesed then, is rooted in fidelity, and through this fidelity, love and grace is given and shared. Hesed expresses faithful love in the Old Testament, and so it naturally connects to the covenant between the Lord and his people. The covenant is rooted in God’s hesed, and it implies faithfulness and care, but it is above all a love that remains constant regardless of the circumstances.

The loving-kindness of the Lord, the hesed, is repeated throughout the whole of the Old Testament. But from where has Israel got this expression?
The answer is: From God himself! When God passes in front of Moses on the mountain Sinai, during the great exodus from Egypt, the Lord himself proclaims:

«The LORD, the LORD, the compassionate and gracious God, slow to anger, abounding in loving-kindness and faithfulness,
keeping steadfast love for thousands, forgiving iniquity and transgression and sin, but who will by no means clear the guilty…» (Exodus 34,6-7)

Our knowledge of God’s faithful loving-kindness is given us through God’s self-revelation. God is loving-kindness because God tells us so. And he proves this again and again, until the final exodus, not the one through the red sea, but through death itself. God’s loving-kindness is ultimately expressed in the revelation in Christ. Christ is the one who cares. He is the one who loves us without measure. He sees each one of us, he watches over us, he remains faithful. He is the good shepherd.

And Christ the shepherd is present in our lives and in the life of the Church. He is present when the word of the Lord is proclaimed. He is present in the celebration of the holy eucharist and in the communion, but his presence goes farther. Christ is present in his Church, in his body, and when we come together to celebrate the very meaning of life given us in Christ, Christ is already here with us. We are surrounded by Christ, and we are filled with him. Cause the good shepherd does not leave us as orphans (John 14,18).

Now, there is one dimension of Christ’s presence that I have not yet mentioned, that is the role of the priest. It is true that the priest re-presents Christ in a special way. The words being said during the consecration is Christ’s own words, and the priest prays on behalf of the community just as Christ prays for the chosen ones, the ones God the father has given the Son (John 6,37). And the priest has become so through the sacrament of the order. He is marked in an irreversible way.

I think of this quite a lot these days, because I am going to be ordained priest in Oslo in October this year, God willingly. Being ordained priest implies a question of identity. Who am I, what will I become, and how will others see me? Am I going to be the good shepherd, like Christ? Will I possess authority, like Christ the King does?

Let me now just share with you an enlightening encounter that I and brother Arnfinn, prior of Oslo, had during this week here on Iona. We were having lunch down at the sea side when a little grey and white sheepdog came towards us. It had these very awake grey-blue eyes, and it was very playful. It disappeared, but suddenly came back with a little stone in his mouth which it dropped before our feet. «Shall we play?» it asked, and got ready to sprint after the improvised toy. We totally fell in love with this dog, and we could easily see in this little fellow an example of a good Dominican; creative, curious, playful, ready to move, with good capacity of communication. Said in all humility of course…

Now, the Dominicans, if our name is written in latin and then split up, becomes Domini canes; God’s dogs. And that is exactly what a priest may be described as, and especially a Dominican priest. Cause we stand under the Lord’s command, and on his word and signs, we do as the master tells us; go left, go right, go forth, around, guide, lead, encourage, and watch out, we might even bite a bit now and then… We are the Lord’s servants, ready to do what we are told, and thereby following the example of him who laid down his life for us. Christ acts through his priest. Let us just pray that the priest always seek to act in Christ.

As it is today also the feast of St Catherine of Siena, let us give her the final words, as she summons up the loving-kindness of our Saviour:

O unfathomable depth! O Deity eternal! O deep ocean!
What more could You give me than to give me Yourself?»
(St. Catherine of Siena on the Blessed Sacrament)

bror Haavar Simon Nilsen O.P.

08
Apr
12

homiletica: påskenatt, st dominikus krk, mark 16, 1-8

Kjære kristne!

Kristus er oppstaden! Ja, han er sanneleg oppstaden!

Den som har vakse opp på ein havkyst, veit korleis det er når gråe skyer og vått vêr har lagt seg over landet og blitt liggjande – og så, plutseleg; eit vindkast, som kjem farande og feiar himlen rein. Kanskje berre ei rift fyrst, men nok til at sola fløymer inn, nok til at du ser alt opplyst, som nyskapt, som for fyrste gong. Du ser himlen, du ser jorda, du ser alt, du ser deg sjølv!

Slik er det med engleorda i evangeliet kvar gong eg høyrer dei:

-Bli ikke forferdet. Dere søker Jesus fra Nasaret, den korsfestede? Han er oppstanden, han er ikke her! Se, der er stedet hvor de la ham!

Å, bror og syster! Ut i denne byen, ut i dette landet, ut blant alle menneska som har innretta seg med tvilen, med vantrua, med døden som herre, som under ei grå, konstant sky, vil eg rope ut, sleppe laus, engelens bodskap som eit stormkast: Han er oppstanden, han er ikke her! Se, der er stedet hvor de la ham!

 Kva er det med oss nordmenn? Etter tusen års kristendom held trua på at døden er det siste, på å breie seg til stadig fleire – som eit skydekke som sig inn over oss, som ein kreftsjukdom  med hissig spreing. Trua på udøyelegdom er jo sjølve krafta og profilen i den kristne trua.  Kristus Jesus, vår Frelsar, kom til jord, og han har  gjort døden til inkjes og ført liv og udøyelegdom fram i ljoset ved evangeliet (2 Tim 1,10), seier apostelen. Og når Paulus står for Rådet, seier han om sin bodskap, som i ein sum: –Eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp! (Apgj 23,6).

Det meste av det vi tek som sjølsagde verdiar i vår kultur, er knytte til trua på menneskets uendelege verd; at vi er skapte i Guds bilete. Og nettopp fordi vi er Guds bilete, er vi skapte til evig liv, til udøyelegdom.  Herren vår sjølv, seier til sine samtidige tvilarar, dei  forfina og skeptiske saduserane, at Gud  nettopp er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for dei døde, men for dei levande!

Når det kjem til stykket, ser vi at midt i vår tids omfamning av døden som det siste, strevar menneska febrilt, ja, desto meir febrilsk,  etter noko som kan overvinne døden, overvinne tapet, nedbrytinga, undergangen. Men når Kristi evangelium blir borte, er det berre subsituttane, berre sminka, tilbake.  Også hos dei meir filosofiske som meiner seg å ha akspetert Dødens majestet, og liksom har gjort opp med alle illusjonar, kan du kjenne angen av kynismen som sivar ut.

Kjære kristne! I denne heilage påskenatta skal vi fornye vår dåpspakt, gje vårt handslag på nytt til Kristus, til Den levande.  Eg vil seie: -Eg er ein kristen. Midt i denne verda,ja, sjølv midt i døden vil eg seie:

Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja Herrens gjerningar!

 

05
Apr
12

homiletica: Skjærtorsdag, St dominikus krk, 1 KOR 11, 23-26

Kjære brør og systre!

Vi feirar i kveld den høgtidlege innstiftinga av Herrenns Nattverdsmåltid, av Evkaristien, av Den heilage messa. Messa og nattverdfeiringa er sjølve senteret og berebjelken i kyrkja; ja, det er kyrkja i fortetta form. I messa syner kyrkja seg som det ho er: Ei lokal og samstundes universell forsamling kring Den oppstadnes levande nærvere. Ho er Guds folk og Guds familie, samla med sine tenester og nådegåver, med sine hyrdar og lærarar.  Der det ikkje er eit folk som samlast, offentleg og på ordna vis, for å feire Guds Ord og Nattverdens liturgi, særleg på Herrens dag, sundagen – der er det inga kyrkja, uansett kor mange andakter, sermoniar eller aktivitetar det elles måtte vere.

Det er dette som er bakgrunnen for at katolske kristne har ”messeplikt”.  Det er ikkje ei plikt, eigentleg, men eit kall, ei påminning om kva det er å vere kristen, å vere ein katolsk kristen: Å tilhøyre Guds lovprisande og vedkjennade folk, å vere lem i Kristi synlege kropp i verda: Til og med Luther har sagt: -Vil du ta deg den fridomen å ikkje gå til alters, kan du like gjerne ta deg den fridomen å ikkje vere ein kristen.

Messa er kyrkja, og kyrkja er messa, rett og slett. Slik det alt var i ”den øvre salen” i Jerusalem, der Jesus heldt sin nattverd for fyrste gong, slik vi feirar det i dag, Skjærtorsdags kveld. Der var han, i sine disiplars midte; kyrkja som eit foster, eit embryon, klart til å fødast på pinsedagen.

Gjennom å feire messa, utøver kyrkja sitt fremste kall, ja, uttrykkjer ho sitt djupaste vesen, som vi høyrde i apostelens ord til kyrkja i Korint:

Hver gang dere spiser dette brød og drikker dette beger, forkynner dere Herrens død, inntil han selv kommer.

Å forkynne – det er i Bibelen og i Israles historie noko meir enn berre å preike, å tale. Det er å feire, det er å lovprise, det er å velsigne; å lovprise og velsigne Gud for hans store gjerningar som skapar og frelsar.  Lovsongen er forkynning og forkynninga er lovsong. Nattverdfeiringa er nettopp evkaristi, takkseiing, velsigning, lovprising – i lesingar, salmar og trusvedkjenningar, men aller mest  i sjølve den høgtidlege, evkaristiske bøna, framsagt in persona Christi, i Kristi stad, av den presiderande biskopen eller presten og alle konselebrantane, saman med heile gudsfolket. Den store evkaristiske bøna, som vi har arva frå jødisk liturgi, bøna som blir innleidd med dei gamle orda: Sursum corda, ”løft deres hjerter”, ”la oss takke Herren, vår Gud”; ”det er verdig og rett” – og som sluttar med den store hyllinga:  ”Ved ham og med ham og i ham tilkommer deg, Gud allmektige Fader, all ære og herlighet, fra evighet til evighet, ” og heile folket svarar: ”Amen!”

Senteret og grunntonen i denne lovsongen er Kristi offer for våre- og heile verda sine synder. For han sa sjøl, som vi høyrde, over brødet og begeret: Dette er mitt legeme, som er for dere/Dette beger er den nye pakt, sluttet i mitt blod.  Hans kropp og hans blod er verkeleg nær, realpresent. Fordi han sa det, fordi hans skapande Ord stadig, på hans befaling, lyder over brødet og begeret! Det er ikkje sinnrike spekulasjonar som får katolske kristne til å tru på realpresensen, at vi verkeleg mottar Jesu lekam og blod; det er Kristi tydlege og direkte tale, hans eigne ord. Som apostelen også seier:

Velsignelsens beger som vi velsigner, gir det oss ikke del i Kristi blod? Brødet som vi bryter, gir det ikke del i Kristi legeme? (1 Kor 10,16).

Gjennom feiringa, gjennom den evkaristiske velsigninga, takka og lovprisnga over  brødet og over kalken, gjennom nærveret av Jesu kropp og blod – forkynner vi hans død – ikkje som eit blott og bart faktum, som ein dødsannonse, ein nekrolog, men at det er ein offerdød, ein sigerdød; for ”med sin død overvann han døden”, seier fedrene. Vi forkynner det gjennom feiringa, vi framsteller det, vi lyfter det opp, vi manifesterer Jesu frelsesverk for oss og for alle.

Vi forkynner det for Gud Faderen: -Sjå, her er han som gav seg for oss, etter din vilje, av kjærleik: Forbarm deg over oss, høyr våre bøner!

Vi forkynner det for englane, i glede og lovsong; vi forkynner det også for demonane: Sjå, her er han som er sterkare enn alle vonde krefter! Her er hans blod som ropar sterkare enn Abels blod, eit rop som overdøyver Satan, anklagaren, og alt og alle som vil anklage oss!

Vi forkynner det for alle menneske, for all verda: Her er han som elskar alle, grenselaust, inntil døden, han som ved å overgje seg, som ein slave, ja, som eit offer, inntok plassen ved Guds høgre hand og som har all makt i himmel og på jord! Her er han, og vi seier: ”Se Guds Lam, se han som tar bort verdens synder: Salige er de som er kalt til Lammets bord!”

Dette forkynner vi, dette proklamerer vi, dette held vi fram. I liturgien, og i all vår tale og i alt vårt liv, trass alle motseiingar og meingar, trass våre synder og våre svik: Herrens død forkynner vi, inntil han selv kommer!

Difor, brør og systre,  er det djupast sett berre éin ting å seie, på Skjærtorsdag, som elles:

Herre, jeg er ikke verdig til at du går inn under mitt tak, men si bare et ord, så blir min sjel helbredet!

21
Mar
12

homiletica: 4. sund i faste, lætare, st dominikus krk, joh 3,14-21

Kjære brør og systre!

Lætare – ”Gled deg,  du Sions dotter”!(Jes)  ; det er introitusverset på denne sundagen midt i fasta. Når vi går bota sin veg, skal vi minnast om målet: Om frelsa i Jesus Kristus. Vi søkjer frelse og nytt liv fordi vi veit at frelse finst, at det er von, at det er mogeleg å fornye sitt liv!  Gleda i Bibelen, i Israel, er ikkje berre gleda over livet, over at Gud har skapt oss og held oss oppe; det er aller mest ei glede over Guds frelse. Med frelsejubel omgjev du meg,  syng Guds folk  i ein av sine salmar.

Jesus Messias er prest, konge og profet, og i alt dette, gjennom alt dette er han Frelsar. Salvator mundi. Verda sin frelsar. Iesus Hominem Salvtor, Jesus, frelsaren for menneskeslekta.

Slik presenterer han seg sjølv i dag:

Som Moses reiste slangen i ørkenen, slik skal Menneskesønnen bli løftet opp – for at hver og en som tror, ved ham skal få det evige liv i eie, høyrde vi, og så kjem dei kjende orda:

Så høyt har Gud elsket verden, at han gav sin egen Sønn til pris – for å frelse fra undergang alle som tror på ham, og gi dem det evige liv i eie.

Men ”frelse”? Kva er det? I Skrifta og tradisjonen, i liturgien og i heile kyrkja sitt skattkammer er det klart: Det er utfriing frå synda, døden og djevelen. Det er bli fri frå Guds vreide og indignasjon over vår urett– og å ta i mot forsoning, nåde, ettergjeving, tilgjeving. Det er å bli tatt ut av dødens famntak og få del i liv og udøyelegdom for kropp og sjel. Det er å få del i evig liv og ikkje fortapast  på den yttarste dagen; ikkje bli mist og forfeila for evig.

Er det ikkje som vi krympar oss, som norske kristne, når vi må ta desse orda til oss? Ord som kyrkja forkynner for oss på vegner av Jesus Kristus.  Dei gjer oss forlegne, dei har mist sitt tak på oss. Glede over frelsa? Det er berre noko for simple prostestantar. Det høyrest så fjernt og uverkeleg ut. For vi gode nordmenn og –kvinner synest så ferdige med alt dette.  Ja, eg kjenner at eg må ta meg kraftig sammen i denne pene forsamlinga for å våge å seie det, eller rett og slett sitere det. Frelse? er ikkje det noko berre for simple protestantar? Eit evig liv? Er der noko etter døden? Og i så fall –  ikkje ein dom, ein evig eksistens som frelse eller undergang.  Ingen grunn til å vere uroleg her til lands..

Jesu ord seier noko heilt anna. Han kom, sa han,  for å frelse fra undergangen alle som tror på ham.   Han kom ikkje for å besegle domen over oss, men for å gi oss ein sjanse, for å forkynne frelse og redning. Gud sendte jo ikke sin sønn til verden for å fordømme den, men for at verden skulle bli frelst ved ham. Og nettopp difor: Den som tror på ham, blir ikke dømt, men den som ikke tror, er allerede dømt.

Det heilt avgjerande er faktisk  korleis mennesket stiller seg til Jesus Messias. Så uforståeleg, så påståeleg. Men han seier at han er Lyset som er kommet til verden, og menneskene valgte mørket fram for lyset.

Jesus fører mennesket til møte med seg sjølv, gjer at vi møter oss sjølve. Han utfordrar og pro-voserer, fram-kallar, vår instinktive trang til å skjule oss, til å leve bak Guds rygg.  Ja, bak ryggen på kvarandre, bak ryggen på sanninga.

Vegen til gleda, brør og systre, den ligg i å handle som sannheten byr… å komme fram i lyset. Ljoset dømer og avslører, men det leger også, for det lar oss også sjå det som er godt, det som gir liv: At alt er oppgjort, at alt er overvunne, at vegane til Gud er opna, at vi kan reisast opp frå vår fornedring, vår løgn, vår fortviling – ved å sjå opp på Slangen i ørkenen, opp på Jesus på krossen, sjå opp på han i hostien og i kalken, sjå på den sigrande Menneskesonen, han som er sterkare enn alt som vil knuse oss, kue oss og forkaste oss.

Brør og systre! Det norske mennesket treng å sjå djupare inn i realitetane, kva som kan true oss og kva som til sjuande og sist kan hjelpe oss. Veldige krefter kjempar om oss, eksistensen vår er eit evig drama, ikkje berre ein jordisk karriere. Frelsa – det er det som grip heilt inn i denne eksistensen, dette dramaet, og lyfter oss ut av destruksjonen.  Glede – det er å skjøne at dette er noko vi verkeleg kan få del i; at det er denne frelsa vi feirar og forkynner nettopp i messa.  Her er livet, her er legdomen, her er Jesus!

Bror og syster! Alt kan synast tapt, forbrote, umogeleg, slik templet, sjølve nærveret av Gud og det gode, var øydelagd og borte for Israel; ja, folket sjølv var fordrive og utan von. Då handlar og talar Gud gjennom kong Kyros, slik han talar til oss i dagens lektie (2  Krøn 36,14-23),  og kallar oss heim frå det vonlause og destruktive og fortapte  og seier:

Nå kan dere dra tilbake!

No byrjar vi på nytt!

 

04
Mar
12

homiletica: 2. sundag i faste (reminiscere), St Dominkus krk, Mark 9,2-10

Kjære kristne!

Evangeliet i dag er også tekst på Kristi forklaringsdag, Transfiguratio-festen. Då er det nettopp Jesu transfigurasjon – at displane får sjå hans guddom – som er i fokus. I dag, i fastetida, er det vegen til forklaringa, til triumfen, til sigeren, som påkallar vår merksemd.  Ja, Jesus let truleg disiplane nettopp få ein glimt av kven han verkeleg var – og er -: ’Gud av Gud, ljos av ljos’ (Nicenum), nettopp fordi dei snart skulle gå inn i det store mørkret, der alt skulle bli tatt frå dei, og Meistaren bli arrestert, dømt, torturert og henretta.

At dei var på veg frå Galilea til Jerusalem, til Getsemane og Golgata, til offerdøden for verda – det var noko disiplane ennå ikkje forstod, noko Jesus berre antyda. Han forbaud dei å røpe det dei hadde sett der på Tabor,  hans persons mysterium, til etter at han var stått opp frå dei døde:  De merket seg dette ordet, men begynte så å drøfte seg i mellom hva dette  med å oppstå fra de døde skulle bety, høyrde vi.

Jesus visste kvar han skulle, han visste kva som var hans misjon, men han kunne ikkje dele det med disiplane endå. Han måtte gå vegen, utan å misse målet av syne, for det var noko menneske ikkje utan vidare kunne forstå:  At Menneskesonen var komen, ikkje for å  tenast, men for å tena, og gje livet som løysepenge for mange (Matt 20,28).Etter oppstoda, då han inkognito, som ein ukjend,  gjekk saman med nokre av dei på vegen til Emmaus, kunne han seie: –Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom? (Luk 24,26).

Brør og systre, eg er redd det er mange av oss truande i dag som står nølande framfor sjølve det djupaste i Kristi mysterium, nettopp hans pasjon og hans offerdød. Vi fattar ikkje kvifor det må eit sonoffer til – fordi vi har harmonisert bort dødens makt, synda si makt og demonens makt, fordi vi har misst all sans for at det skulle vere noko alvorleg konflikt mellom oss og Gud. Vi forstår ikkje at dersom vi held fast ved menneskets uendelege og evige verdi, så held vi også mennesket fast i dets evige ansvar; at vi skal svare for vårt liv, andlet til andlet med han som har skapt oss, med den levande Gud. Det er ein augneblink vi bør ha all muleg respekt for  – eller kven er så dristig at han tenkjer lett om det?

At vi har mist dette av syne, er sikkert også noko av grunnen til at skriftemålspraksisen er svekka, også blant katolikkar.  Berre den som veit seg djupt ansvarleg for Gud og har respekt for si evige framtid, har noko å skrifte.  Men den som ser dette – at mennesket for alvor har med Gud å gjere – han ser også ljoset som strålar frå desse orda i dag:

Brødre, hvis Gud er for oss, hvem kan da være mot oss? Han som ikke sparte sin egen Sønn, men prisgav ham for oss alle, kan han annet enn med ham gi oss del i alle sine gaver?   (Rom 8, epistelen).

Både på Tabor og på Golgata er desse orda sanne: Dette er min egen Sønn, han som jeg har kjær. Ja, Golgata blir det verkelege Tabor – der blir Jesus verkeleg herleggjord, seier evangelisten Johannes; hans nederlag blir hans siger – fordi det ikkje er noko som er herlegare, meir guddomleg, enn den kjærleiken som gir alt, som jamvel går i døden for den han elskar.

Jesus er den nye og eigentlege Isak –  nettopp fordi det var sant som Abraham svara på vegen opp til Moria, då Isak spurde-Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?- og Abraham sa : Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min! (1 Mos 22, lektien).

Brør og systre! Den verkelege Isak er Sonen, er Jesus, er Lammet, er Gud sjølv, som går i bresjen for oss, som tar alt på seg, som tar saka på seg.  Vis meg så noko som kan hindre eit menneske å kome til Gud, å vinne evig frelse! Vis meg kva skummelt kort Gud skulle kunne ha i ermet, kva meir vi skulle ha å frykte, når han sjølv har satsa alt, gitt alt; han som prisgav Sonen, ja, seg sjølv, for oss alle? Vis meg noko som kan trumfe dette: Viss Gud er for oss, kven kan då vere mot oss?

Midt i livet, midt i døden, midt i alt som kan hende oss, er det berre dette å seie:

Pie Iesu, qui tollis peccata mundi / — du som tar bort verdsens synder:

Takk at du kunne! Takk at du ville!

27
Feb
12

homiletica: 1. sund i faste (invocavit), St Svithun krk, Stavanger//Messe, Sandnes, Mark 1, 9-15

 Kjære kristne!

Vi har nettopp gått inn i fastetida. Det er ei tid då vi som kristne og som menneske skal bli realitetsorienterte. Møte røyndomen. Møte oss sjølve. Møte Gud. Ja, møte demonen, djevelen. Og sjekke om vi har gehalt, om vi er ekte eller om livet vårt er juks og illusjonar. Om vi har fått tak i det som verkeleg har verdi.

Israel blei sendt ut i ørkenen i 40 år for å bli testa. Dei måtte forlate kjøtgrytene i Egypt, dei måtte faste, dei måtte leve av det Gud gav dei; manna, eit slags brød. Dei måtte vise om dei stolte på Gud. Dei var heilt avhengige av Gud; han gjekk framfor  dei som ei skystøtte om dagen og som ei ljosssøyle om natta.

Og i dag høyrer vi om Jesus, at han også blei sendt ut i ørkenen, ikkje i 40 år, men i 40 dagar og netter, for å bli testa. I 30 år hadde han vakse opp i Nasaret – no skulle ha  stige fram og byrje sitt virke, som forkynnar, som helbredar, som meistar og rabbi for dei som ville vere hans elevar, hans disiplar, hans vener. Og så skulle han lide, for heile verda, sveitte blod i Getsemane, bli hengd på ein kross på Golgata. Ville han greie det? Ville han bestå prøva?

Israel svikta mange gongar i Sinaiørkenen – men Jesus, som det sanne Israel, bevarte sin lydnad og sin tillit til Gud. Då djevelen pusha han og lokka han med all verdsens rikdom berre Jesus ville falle ned og tilbe han, sa Jesus: -Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena! Då forlet djevelen han, han gav opp, han hadde funne sin overmann. Den sterke hadde møtt Den sterkare. Jesus bestod prøva. No kunne han stige fram og forkynne: -Tiden er inne, og Guds rike er nær. Vend om, og tro på Evangeliet!

Jesus måtta face realitetane. Han måtte møte Guds- og vår fiende, djevelen. Djvelen finst, nemleg. Noreg er eit land der alt går på skinner for dei fleste. Vi er blitt rike og overflatiske. Men så, plutseleg, bryt røyndomen inn, som vi har sett det i  det som skjedde den 22. juli. No byrjar det å demre at det finst vonde krefter utover det som slemme og dumme menneske kan prestere. Her er noko vondt som vi ikkje kan forklare. Heller ikkje psykiatrane og psykologane og alle forståsegpåarane. Vi begynner å forstå at der er ein vondskap som er ”meir enn menneskeleg”, det vil seie ei vond åndsmakt. Vi begynner å forstå det som den kjente norske kunstnaren Håkon Bleken skriv i eit innlegg (Adresseavisa) à propos 22. juli og om der finst ei vond åndsmakt, ja ein plass om fortener å bli kalla ’helvete!. Han seier at vi no er i ferd med å oppdage at der er ”avgrunner vi ikke visste eksisterte” (sit.).

Brødre og systre! Vi er i ferd med å oppdage at det vonde og det gode har ein åndeleg dimensjon. Vi burde vite det; for evangeliet handlar i stor grad om at Jesus nedkjempar dei vonde åndskreftene, demonane. Og apostelen seier:- Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod – altså mot reint menneskelege krefter – men mot makter og herredøme… mot vondskapens åndehær i himmelrommet (Efes 6).

Vi burde vite det – for når vi blir døypte, lyder det: -Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen!

Kjære bror og syster! Kor lenge skal vi leve i det småpene og sjøltrygge verdssbiletet vi nordmenn har tileigna oss? Det er liksom berre oss, pengane våre og fornuften vår. Vi skjønar ikkje at livet og verda har større dimensjonar. At mennesket, at du og eg, er bestemte til å nå Gud, til å leve i han. At når Jesus seier til djevelen: ”Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena” – så seier han det på vegne av oss, om oss. Kva er det det eigentleg handlar om i vårt samfunn, i vår kultur? Jo, djupast sett om kven og kva mennesket skal tilbe, kven vi skal tene, kva som er målet med det heile. Vi innbiller oss – eller rettare sagt: demonen innbiller oss – at vi kan ekspandere inn i himlen, økonomisk, materielt, teknologisk, opplevingsmessig. Men alt dette skaper berre større tomrom, som vi stadig på nytt må fylle opp med erstatningar og surrogat, surrogat for Gud, surrogat for det vi er skapte til å vere; Guds bilete, imago Dei. 

Det store tomrommet – det er demonens, det er djevelens element. Når det blir tomt nok, fyller det mennesket med forvirra tankar, med fortviling, panikk og angst og får det til å gjere kva som helst. Så lenge vi har nok materielle resursar, kan vi halde tomrommet unna, men ingen ting er så usikkert, ingen ting så skjørt som reint menneskelege krefter, som pengar og finansar. Når som helst kan spelebordet velte, og alt trillar utover. Samtidig ser vi at uventa vondskap slår inn midt i den norske ”bestestua”. Den rådløysa og angsten som alt dette  utløyser, kan bli farleg, og eg trur at vi alt merkar det. No kan alt skje.

Brør og systre! Alskens tiltak kan vere vel og bra; men til sjuande og sist er det éi røyst vi bør lytte til no. Hans røyst som seier:- Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper si sjel? Han som seier: –Tiden er inne og Guds rike er nær! Vend om, og tro på Evangeliet!

Og finner du ham, da finner du alt/hva hjertet kan evig begjære/Da reiser seg atter hvert håp som falt/og blekner så aldri mere!

 

 

 

 

 

23
Feb
12

homiletica: Oskeonsdag, St Dominkus krk, Joel 2,12-18/ Matt 6,1-6; 16-18

Kjære kristne!

Fastetida er fyrst og fremst ei tid for bot, for omvending, for konversjon. Det er det som kling frå liturgiens tekstar i dag:

Nå lyder ordet fra Herren: Vend om til meg av et helt hjerte, med faste og gråt og klage! Riv ikke i stykker klærne, men la angeren rive i hjeret!

Og Jesu ord om at når vi fastar og ber, er det det djupe tilhøvet til Gud det gjeld, det er den løn han gjev, ikkje den ære vi får av menneske, som er målet, fokuset!

Det er ikkje tvil om at den omvendinga, den metanoia eller sinnsendring vi treng i dag, i vår kultur, er å innsjå mennesket si begrensing. Vi er skapte i Guds bilde, men vi er også tekne av jorda, er eitt med stoffet, er eitt med våre medskapningar. Difor lyder det når vi snart får osketeiknet i panna: –Menneske, kom i hu at du er støv/og at du skal vende tilbake til støv! Som ei føregriping av vår dødsdag, den endelege oskeonsdagen som ventar oss alle: Av jord/av støv er du komen/til jord skal du bli. Dust to dust/ashes to ashes. I Bibelen er jord, støv og oske ord for det same.

Vi er begrensa, vi er avhengige, vi er sårbare vesen. Å ville oppnå evig liv utan Gud, utan Kristus, eit slags surrogat-evig liv  ved hjelp av vår eigen paniske, for ikkje å seie fortvila innsats, er  patetisk og øydeleggjande. Sunnleik, velvere, teknologi, vitskap, medisinar – vel og bra, men døden innhentar oss, likevel. Babelstårna når aldri inn i himmelen uansett kor strebande og flotte dei ser ut.

Både naturen, kulturen og samfunnet i det heile ville ha godt av eit meir realistisk menneske. Eit menneske som veit seg meir avhengig av andre. Mykje av  våre godar er resultat av hardt, menneskeleg arbeid andre stader i verda, ofte dårleg løna, og av dei resursane jorda gjev.  Det kjem ikkje automatisk ut av minibanken på veggen. Og vi treng å innsjå at vi er  avhengig av Gud, vår Skapar, han som opnar si hand og mettar alt levande med hugnad. Ja, vi sjølve, kropp og sjel, har godt av å innsjå at vi ikkje kan vekse inn i himmelen.

Samfunnet, så vel som einskildmennesket,du og eg, har godt av ei fastetid, ein ny nærkontakt med våre begrensingar – og dermed det som verkeleg kan gje oss glede og meining. ”Less is more”; det stadig maximerande mennesket blir aldri fornøgd, blir blasert, misser evna til å glede seg over det gode.

Å innsjå sin begrensing – det er eit evangelium, Oskeonsdagens evangelium. Det frigjer deg til å setje di lit og alle dine forventingar til Gud. Han kjenner oss, og veit kor sterke og kor veike vi er. Oskeonsdag er påminning også til Gud; som det heiter i ein salme i denne dagens tidebøner:

Som en far er kjærlig mot sine barn, så kjærlig er Herren mot dem som frykter ham.Han vet hva vi er skapt av/ han kommer ihu at vi er jord.

Han veit kven vi er. Vi veit kven vi er. La oss ta det derifrå. Det er Oskeonsdag.

12
Feb
12

homiletica: 6. sundag i året, Vår Frue domkrk, Tromsø, Mark 1, 48-45

Kjære brør og systre!

Jesus kom for å nyskape og gjenopprette mennesket og heile skaparverket. Det gjorde han ved å bli eit menneske, ved sin inkarnasjon,  ved si liding og si oppstode, ved sitt offer der han sigra over synda, over dødens og djvelens makt.

Det var ein forsmak på denne sigeren som kom til syne – som ein glimt, som eit teikn – kvar gong han gjorde eit lækjedomsunder, eit jærteikn. Alle Jesu under er teikn på det som skal kome fullt ut når han kjem igjen i sin herlegdom på den yttarste dag, når det verkeleg blir ein ny himmel og ei ny jord, altså eit heilt nytt univers, ei heilt ny verd.

Midt i Guds verd står mennesket, som Guds eige bilete, med stor vyrde og med stort ansvar. Synda og døden har fått makt i verda fordi mennesket har brutt med sin Skapar og med hans vilje. Vi er alle ramma av det, ikkje fordi nokre er meir syndige enn andre, men fordi vi lever under forgjengelegdomens vilkår – der sjukdom, død og sorg har makt og gjer seg gjeldande.

Når Jesus lækjer den spedalske mannen, slik vi høyrer det i evangeliet i dag, er nettopp for vise at han skal lækje og fornye mennesket og heile livet. Å vere spedalsk var det verste som kunne ramme ein israelitt – fordi det er ein sjukdom som misdannar mennesket, ein sjukdom som er veldig smittsam, og som difor gjorde den spedalske til ein utstøytt, ja, ein urein. Som vi høyrde i den fyrste lesinga: Han skal skjule skjegget og rope: ’Uren, uren!, og: Utenfor leiren skal han sitt tilholdssted.

Den spedalske var forhindra frå det aller viktigaste: Å kunne vere med i kulten, i gudstenesta saman med dei andre i folket. Han miste det viktigaste og største for ein israelitt: Å kunne vere fullt og heilt med i det heilage folket, i gudsfolket. Han miste sin menneskelege verdighet og sjølrespekt.

Jesus vil fornye mennesket, til kropp og sjel, i våre relasjonar, i alt som har med vår fortid, vår notid og vår framtid å gjere.  Han gjer det når vi ber for dei sjuke, i vanleg forbøn, ved  valfarter, ved sjukesalvingssakramentet, gjennom dei karismar og utrustningar Gud har gitt til kyrkja for at vi skal fortsette Jesu fornyande gjerning i verda.

Alle sakramenta er nyskapande: Dåpen sameinar vår kropp, ja, heile vårt liv, med Jesu død og oppstode, med alle hans fornyande krefter. Ferminga gir oss Andens fylde; Gud sender ut sin Ande og fornyar andletet til jorda, står det i salmen. Heile naturen, også vi, også vårt ansikt! Evkaristien forenar oss med Kristi kropp, det nye Mennesket; det er ”udøyelegdomens lækjemiddel”. Ikkje minst i skrftemålet, i forsoningssakramentet, møter vi den Herren og Frelsaren som nyskaper oss. Der, i skriftestolen, kan vi kome med alt, og seie: Herre, dersom du vil, kan du gjøre meg ren! Og der kan vi også høyre Herrens røyst, som vi las: -Så vil jeg det. Bli ren!   «Ego te absolvo!»- Eg tilgir deg alle dine synder!  Vi veit at ingen ting kan bryte ned vår fysiske og psykiske helse som uoppgjorte, uskrifta synder. Så lenge eg tagde, blei mine bein bortærde. Min livskraft svann som i sommerens heter, seier salmisten. Og, slik vi nettopp song i salmen: Salig den hvis overtredelser er forlatt/ hvis synd er tilgitt!

I alt sitt virke skulle vi også som kyrkje oppmuntre det som fornyar mennesket og skaparverket. Vi skal våge å seie at synd og urettferd, både på det personlege og det sosiale og politiske planet, bryt ned mennesket og menneskets verd. Vi skal også våge å ha mot og von for mennesket når mange vil gi opp, når det ser mørkt ut, når det ikkje synest å lønne seg lenger.

Jesus ser alltid lenger, kyrkja ser alltod lenger; ho ser Mennesket, Guds bilde, gjennom alt, all sjukdom, veikskap, synd og  fortviling. Evangeliet er sterkare enn alt; det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur, seier apostelen, dvs for alle som vågar å satse, på trass av alt, slik som den spedalske i dagens tekst.

Brør og systre! Det er røynsla av Guds fornyande kraft i eit liv som skaper lovprisning, som forvandlar liturgien til meir ei sundagsplikt, som gjer oss til apostlar, til prestar, kongar og profetar, slik vi alle er kalla til å vere det i kraft av dåpen og ferminga, som katolske kristne. Det er møtet med Kristus som kan få også oss til å bli vitne slik den spedalske mannen blei det: Han gikk avsted og gav seg til å fortelle vidt og bredt om det som var hendt, slik at Jesus blei kjent og at folk fortsatte å komme til ham alle vegne fra!

Det er dette som trengs også i vår tid –  i vår katolske kyrkje, i vårt land og folk!

15
Jan
12

homiletica: 2. sundag i de allmenne året, st dominikus krk, joh 1,35-42

Kjære kristne!

Den fyrste tida i det allmenne liturgiske året som vi no har byrja, mediterer kyrkja på Jesu persons mysterium: Kven er han som vart fødd julenatt? Han som vismennene tilbad? Han som seinare blei døypt i Jordan? Han som gjorde vatn til vin i Kana i Galilea?

Det får vi, slik som hans fyrste vener, vite ved å bli hans disiplar, hans elevar, hans læresveinar. Johannes døypar opnar døra inn i dette store rommet når han seier: – Se, der er Guds lam! Det var ein messiastittel – og ein jøde visste at det stod om Messias i Jesaja-boka:

-Han let ikkje opp sin munn, som lammet dei fører bort til slakting og sauen som teier når han vert klypt, han lèt ikkje opp sin munn  (Jes 53,7).

Når Johannes sa: -Se der, Guds Lam, då visste dei at her er kanskje Herrens lidande tenar, Herrens lidande messias, han som skal gje sitt liv til løyspenge, til sonoffer for folket og for verda.  Nettopp det same skriftordet var det den etiopiske hoffmannen sat i vogna si og grunna på, like etter den fyrste pinsedagen i Jerusalem. Diakonen Filip steig opp i vogna til han, og utfrå dette skriftordet forkynte han evangeliet om Jesus for han (Acta 8,27ff). Brør og systre; vi ser korleis bodskapen om Jesus, om messias,  som Frelsaren, står ved inngangen til trua, ved inngangen til disippelskapen; vi ser kor viktig dette var for kyrkja heilt frå starten. Han er Lammet, han er Forløysaren. ”Han er Frelser min”, syng vi i julesongen.

Ved at denne bodskapen slår inn i Johannes-disiplane, dei to brørne, Simon og Andreas, startar deira disippelvandring med Jesus. Dei går frå ’forløparen’ til messias sjølv, frå ’brudgommens ven’ til brudgommen, frå ’røysta’ til Ordet. Dei blir Jesu disiplar, Jesu læresveinar. Dei blir ikkje ståande å gruble, å lure; ’kanskje vi skal vente til neste anledning?’  Nei, dei fylgde etter han med éin gong. Så skjer det fyrste møtet: Han snur seg, ser dei, og spør: –Hva søker dere?

Det er faktisk akkurat det spørsmålet kyrkja stiller til katekumenane, ja , også til foreldra som kjem med borna til dåp; likeeins til alle som skal gå inn i klosterlivet: –Hva søker dere? Det viser oss at å gå inn i kyrkja, handlar om disippelskap, om ettterfygjing. Å vere kristen, er å vere ein disippel, ein lærling. Det er å søkje Kristus, Messias! Å lære han å kjenne, skjer ikkje gjennom teori, forelesingar og bøker fyrst og fremst,  men gjennom handling, liv og fellesskap. Ein jødisk disippel levde saman med sin rabbi, sin lærar. Difor spør dei: –Rabbi, hvor bor du? For dei skal bu saman med han, leve med han, dele måltid med han, vere under same tak, lytte til hans ord, etterligne hans praksis, gjere som han. Difor seier han: -Kom og se. Og så står det: De kom da med og så hvor han bodde, og ble hos ham den dagen…

Kjære vener! Vegen til trua går ikkje berer gjennom tanken, men gjennom praksis og handling, gjennom kroppen, gjennom blikket, gjennom fellesskapen, gjennom oppbrotet, gjennom ”beredvilligheten”, gjennom det å halde seg klar og parat når Messias kjem gående forbi, som det stod. Vegen til trua går gjennom å lytte og lære. Ikkje lytte slik ein lyttar til ord som berre passerer sinnet, som surrar rundt oss. Nei, å høyre/å lytte i Bibelen, er å skjerpe seg, å fokusere, å innstille heile sitt liv på å motta bodskapen. Det er også grunnen til at katekumenane i oldkyrkja blei kalla ”høyrarar”. Dei som høyrer. Det er også djupt bibelske at det å lytte og det lyde er same ordet.

Det er nettopp det vi høyrde også i forteljinga om Samuel. Straks han høyrde orda: -Samuel, Samuel!, spratt han opp frå søvnen og svara: –Tal, Herre, din tjener hører! Denne grunnleggjande innstillinga, å vere open, parat og lyttande, var med han heile livet og gjorde han til profet, gav orda hans innhald; Herren var med han og lot ikke noen av hans ord falle maktesløse til jorden, høyrde vi.

Brør og systre!

Å finne trua, å bevare trua, å vekse i trua – det kan vi berre ved å bli og forbli disiplar. Ved at vi ikkje har tyngre bagasje i livet enn at vi er klare til rask omsnuing når Herren går forbi, at vi er klare når det lyder: Go gate! Boarding pågår! Ved at vi går dit der Kristus bur, der han dveler: I kyrkja; med messa, med tabernaklet.  Ved at vi lever i den kyrkjelege felleskapen, i Guds folk og familie. Ved at vi – i alt dette – er lydhøyre, lyttar til Ordet, i skriftlesing, undervising, studium og meditasjon; lyttar med heile oss. Slik at det formar vårt liv.  Denne konsentrasjonen på Gud – berre ved å ha den, vil menneske kunne bli Kristus-truande og kunne vedvare å vere det i dag. Jesu spørsmål utfordrar oss heile tida: –Hva søker dere? Kva vil du, eigentleg? Det krev den forfriskande og fornyande askesen som er ei forutsetning for kontemplasjonen, for den betraktande merksemda på Gud.

Slik Jesus sa til ein annan av sine disiplar, til Maria i Betania, der ho sat lyttande ved hans føter:

Eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne! (Luk 10,42)

Alt anna kan du misse.

08
Jan
12

homiletica: Festen for Herrens dåp, St Dominikus krk, Mark 1, 7-11

Kjære kristne!

Vi feirar i dag ein lekk av det som var den opphavlege feiringa av inkarnasjonen, av at Gud blei menneske. Denne sundagen er ein del av Epifania-festen openberringa, tilsynekomsten, manifesteringa av Gud i Kristus. Her ligg ikkje vekta på idyllen i stallen, men på sjølve det teologiske innhaldet i jula: At barnet i krubba er Gud sjølv! Jul er epifani, jul er openberring, jul er forkynning og feiring av at Jesus er HERRE – slik det lyder i den fyrste kristne trusvedkjenninga; heile Credo i fortetta form.

Epifani – det er som eit flomlys over Jesu person, eit ljos som viser oss kven han er. Difor syng kyrkja i ei av sine tidebøner nettopp ved epifania:

-Idag er Brudgommen forenet med Kirken, for i Jordan har Kristus renset den for synd. Vismennene bringer med seg gaver til det kongelige bryllup. Av vann skapes vin til glede for gjestene. Alleluja. (antifon til Sakarjas lovsong)

Og i dag, altså, spesielt ei feiring av Jesu dåp. For det var nettopp ein ’epifani’, ei openberring, av kven Jesus er. Denne mannen frå Nasaret som hadde levd tretti år som ukjend snikkar i heimbyen, men som no kom til Judea og ned til Jordan der Johannes forkynte omvending for folket og døypte menneske som eit teikn på bot. Der Jesus ein dag også gjekk forbi saman med sine fyrste disiplar, og Johannes peika på han og sa: –Sjå, der Guds lam som ber verdsens synd! (Joh 1,29). Det kunne Johannes seie fordi han hadde sett og høyrt det vi feirar i dag:

I det samme [Jesus] stod opp av vannet, så han himlene åpne seg og Ånden senke seg ned over ham som en due, mens det lød en røst fra himmelen: -Du er min Sønn, som jeg har kjær, du har all min yndest!

Og straks etter, står det, dreiv Anden han ut i ørkenen  og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han.

Brør og systre; det er nettopp dette forteljinga om Jesu dåp viser oss: At Jesus er Guds Son, Faderens yndling, dvs eitt med Faderen, ”av same vesen som Faderen”, som det heiter i Credo. Og at han er vår, ja, verda sin Frelsar. Han skulle ikkje berre konfronterast med dei ville dyra, men med sjølve fordervsmaktene: Synda, døden og djevelen. Han overvann dei, så han kunne seie: -Vik frå meg, Satan! For det står skrive: ’Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena’ (Matt 5,10).

Jesus let seg døype som ein syndar, som ein som trong omvending og bot. Ikkje rart at Johannes sa: -Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg? (Matt 3,14). Og Jesus svara: –Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd (v 15).

Med andre ord: Jesus tok på seg våre synder; han gorde til sitt det som ikkje var hans. Ja, apostelen seier, radikalt og nesten rått: –Han som ikkje visste av synd, har [Gud] gjort til synd for oss, så vi skulle verta rettferdige for Gud i han (2 Kor 5,21).

Det som skjedde då Jesus blei døypt, blei fullbyrda og fullført i hans pasjon, i Getsemane, på Golgata. Ja, alt ved  dåpen begynte hans lidingsveg, hans Via Dolorosa.. Jesu dåp – det er hans inniviing, hans ordinasjon, som prest, konge og profet. For oss. Han blei døypt til oss; vi blir døypte til han.

Kjære vener! Alt dette opnar seg for oss berre dersom ”himlane opnar seg” over oss og over livet vårt, slik dei opna seg over Jesus. Slik at vi ser livet vårt, ja, heile verda, i ljos av den usynlege verda, i  ljos av nåden. Er det ikkje det største bedraget av alle at nådens ljos er blitt avskjerma frå menneskelivet i dag? At himlen er blitt stengd over livet vårt? At det evige perspektivet er blitt borte? Då blir livet berre ein serie hendingar frå vogge til grav. Men menneskelivet har større dimensjonar enn som så. Det er eit drama av evig karakter. Det kan berre forståast som eit samspel med Guds nåde.

Difor feirar vi i dag ikkje berre Jesus, men mennesket. Ikkje berre Jesu epifani, men vår eigen. Ikkje berre Jesu dåp, men vår eigen. Å, måtte mennesket igjen kome til syne i sitt fulle alvor, i alle sine dimesjonar! Det kan vere mange grunnar til å fortvile over mennesket og over den menneskelege verda. Men Gud har teke alt på seg! Og det er det vi feirar i dag:

Han tar alt mitt – eg får alt hans. Slik at eg kan høyre Guds røyst, også til meg, om meg: -Du har all min yndest!

Brør og systre; er det noko menneske lengtar etter å høyre no, er det nettopp det!

25
Des
11

homiletica: Julenatt, missa in nocte, 2011, st dominikus krk, luk 2, 1-14

Fullt hus i natt, i klosterkyrkja her. Her legg eg ut preika – som samtidig er mi julehelsing til dei som les…

Kjære kristne!

Gledeleg jul, gledeleg fødselsfest, gledeleg Krist-messe, for å seie det med utanlandkse termar, frå land der namnet på høgtida har fokus på hovudsaka: Kristi fødsel, inkarnasjonen.

Denne heilage natta, julenatta – ho er så underfull, så underleg. Nettopp fordi ho handlar om eit mysterium. Som diktaren Hjalmar Gullberg seier det, om Josef, som også undra seg, midt i alt det som skjer, som omgir han:

Maria blir jag trogen till min grav/hon är den enda som jag håller av.

 Jag heter Josef, och är timmermann/men gossen som hon gav mig, vem är han?…

Ja, ”vem är han”? Hans persons mysterium – fascinerande og underfullt då han blei født, då han levde opp, då han tala, då han gjorde jærteikn, då han gjekk opp Via Dolorosa, då han blei nagla til krossen og hang der under ein stengd himmel. Kven er han? Til kyrkja, til sine vener, til dei små, har han røpa det: Han er ”eitt med Faderen”, ”Gud av Gud, ljos av ljos… ” Og at han er Frelsaren: Han kom som Menneskesonen, ”for å gi sitt liv til løysepenge for dei mange”. Det vil seie for alle. For oss.

Han er altså Frelsaren. ”Frelsens mysterium” – det er ”trua sitt mysterium”, det er Kristi mysterium.

Difor ropar også engelen ut, så det ber gjennom jubelsongen, så det lyser ut av juleevangeliet:

Se jeg forkynner eder en stor glede, som skal vederfares alt folket: Eder er i dag en Frelser født! Han er Kristus, Herren, i Davids stad!

Der har vi det. Men ein «frelsar», «frelse’….?  Det er nesten blitt berre ord, berre trykksverte i katekisma og messeboka? Skulle vi trenge ein frelsar? Det synes så fjernt for vellukka nordmenn i verdens mest vellukka land. Vi har også fortrengt dei store perspektiva; at mennesket har ei sjel, at vi har eit evig ansvar, eit evig kall. Når vi ikkje lenger trur vi har ein Skapar, kva skal vi då med ein Frelsar? Nei, vi har det bra som vi har det: ”Deilig er jorden/borte er Guds himmel”, som ein har sagt det..

Men julenatta, denne heilage natta, er ei tid ikkje berre for å feire Kristi mysterium,  men også for å tenkje over vårt eige livs mysterium: -Kven er eg, kvar kjem eg frå, kvar skal eg?

-Medmenneske: Er det nokon her som ikkje treng tilgjeving for sine synder? Er det nokon her som ikkje treng nådens kraft til det gode, til å overvinne freistingar, til å lege såra i livet sitt? Er det nokon her som er så stolt at han utan Kristus kan gå døden i møte? Sjøl om mange i dag seier som gamle Epikur: Døden finst ikkje; når du lever, er det ingen død, og når du er død, er det ingen der.  Men Kristus seier noko anna:  –Eg er oppstoda og livet…Kvar den som lever og trur på meg, skal leva om han så døyr.

Bror og syster! Vi feirar i natt at vi har ein frelsar! Jesus er ikkje berre ei kjempeutgåve av Dag Hamarskjöld eller av Gandi, sjølv om begge var inspirerte av han; nei, ”Han er Frelser min”. Og han er Folkefrelsaren, Redemptor gentium!

Dette er difor natta for eit nytt liv, ein ny start. Alt det umulege, alt det bitre, alt det fastlåste; det finst ein veg ut av det, det finst ein veg vidare! I mitt personlege liv, i familien, i ekteskapet, i klosterlivet, i sølibatet, i den verda eg lever i, når eg ein dag skal gå over grensa og møte min Gud…

Difor seier kyrkja, som engelen, til alle, midt i mørkret: -”Forferdes ikke!” Ver ikkje redde!

Kristus er født!

18
Des
11

homiletica: 4. sundag i advent, 2 sam 7,1-11+16; Rom 16,25-27; lukas 1,26-38

Kjære kristne!

I Skrifta går det ofte igjen at når Gud grip inn i historia og fører sin frelsesplan fram, blir det varsla gjennom ein underfull barnefødsel. For å seie at det som er umogeleg for menneske, er mogeleg for Gud; for å seie at no hender det noko uventa, noko uhøyrt, noko som viser at Gud har grepet om verda og historia og veit kva han gjer.

Slik var det då Abraham og Sara fekk vite at Isak skulle fødast, slik var det då Hanna fekk vite at ho skulle få Samuel; slik var det med Eliasbeth og Sakarja som i sin høge alder blei foreldre til Forløparen, Johannes Døypar – og slik er det når Maria får vite av engelen at Jesus skal bli født; han som skulle kallast ”Den Allerhøyestes Sønn”.

Engelen varslar Jesu og seier at han er Messias; han er den som skal arve Davids trone, han er den som skal vere konge over Jakobs ætt. Ja, meir enn det; han skal kallast Guds Son og han skal få namnet Jesus, for han skal frelse sitt folk frå deira synder! Han er meir enn ein politisk fyrste; han er Frelsaren.

Heile denne store planen rullar, så å seie, engelen Gabriel opp for Maria, ei ung kvinne av folket. Kanskje skjøna ho ikkje rekkjevidda av det ho høyrde, der og då. Men ho tilhøyrde ’dei stille i landet’, ho var oppfostra i trua på profetane og på Skrifta, i forventinga om frelse og fornying for Israel, for dei som sette sin lit til Gud, som var fattige i seg sjølve. Ho bar alt dette med seg, inni seg, og nettopp difor svarar ho: –Jeg er Herrens tjenerinne. Det skje meg som du har sagt.

Slik blir ho sjølve den døra som opna mellom Gud og verda, slik at han kunne kome oss nær og gjennomføre sitt frelsesverk.

Gradvis skjøna ho det, og ho bryt ut i sin store lovsong: –Magnificat; Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar!” . Ja, det står at då hyrdingane seinare kom til stallen i Betlehem og fortalde om  kva englane hadde sagt om det vesle barnet, så gøymde Maria alle orda deira i hjarta og grunna på dei.

Bror og syster! Det er denne kontemplative, mottakande, opne haldninga vi må ha dersom vi skal kunne ta  mot evangeliet, dersom vi skal kunne ta i mot det på nytt denne jula. Det er Marias opne sinn, det som seier: – Jeg er Herrens tjenerinne, Det skje meg som du har sagt – det er dette sinnelaget vi må ha dersom vi skal kunne tru og halde fast på at Gud har ein plan med denne verda; frå skapinga av, gjennom Israels historie, gjennom Jesus Kristus, gjennom heile historia og fram til at han skal gjere alle ting nye!

Marias sinn, det kontemplative sinnet, er det unge, det truande, det håpefulle sinnet, det sinnet som lar tillit og von overvinne skepsis, pessimisme og negativitet – alt dette som verda kallar visdom og klokskap, men som oftast berre er frykt og eit forsøk på å sikre seg mot vonbrot. Det er den billege ”kva sa eg”-visdomen. Den som alltid får rett fordi han aldri tar noko sjanse, som aldri vågar å investere sitt pund utan garantiar om gevinst. Men nettopp kyrkja som ærar Maria, Guds mor, den unge kvinna i Israel, vågar å seie som diktaren: –Ung må verden ennu være!

Bror og syster! Både  verda, historia og vårt eige liv, kan til tider sjå ut som eit meiningslaust lappeteppe; det er så lett å gi opp trua på det gode,trua på Gud, trua på Guds rike. Det er så lite vi kan gjere, alt går liksom sin skeive gang. Vi vaklar så ofte mellom urealistiske utopiar og fortvila, kyniske dys-topiar. Adventstida er ei utfordring til alt dette. Det er ei tid for å få det store overblikket, for å fornye det barnlege og det unge sinnet i oss.  Den grunnleggjande skepsisen er lenge blitt hylla som idealet for vår tids menneske, den metodiske tvilen. Maria, advent, evangeliet – alt seier oss at det er den grunnleggjande tilliten som er det viktigaste i verda. Motet til å tru, elske, håpe. Motet til å tru på Guds frelse. Bror og syster: I dag er det langt modigare å tru enn å tvile!

Det verda treng, både med tanke på tida og på det evige perspektivet, er ikkje prognosemakarar og synsarar, men menneske som vil risikere seg sjølve og sin eigen tryggleik og seie – som Maria, med Maria:

Det skje meg som du har sagt

27
Nov
11

homiletica: 1 sund i Advent, mark 13, 33-37

Kjære kristne!

I dag opnar adventstida seg for oss. I svært stor grad er det ei tid som blir sett som ei tid for julekos og småpen hygge i folkeheimen. Det kan sjå ut som om kyrkja i våre dagar i særleg grad må kjempe for å oppretthalde integriteten og innhaldet i sine eigne livsformer. Ho må greie å motså småborgarleggjeringa av sin eigen bodskap, si eiga tru.

Kristen adventstid er ikkje ei kosetid,tvert i mot. Det er ei tid for å skjerpe seg: På den tid sa Jesus til disiplene sine: -Se opp, vær våkne, for dere vet ikke når tiden er inne! Nemleg for hans gjenkomst, for hans Advent. Advent er Adventus Domini, tida for Herrens kome! Og Jesus held fram: –La ham – altså husbonden – ikke komme overraskende og finne dere sovende!

Å feire Advent, er – som Paulus seier i lesinga vi høyrde: Å leve i forventningen om at vår Herre Jesus Kristus skal åpenbare seg. Det handlar om å sjå framover mot vår Herre Jesu Kristi dag. ”Herrens dag” – det er i Skrifta, gjennom heile Det gamle testamentet og inn i det nye,  dagen for Guds inngrep i historia, då Gud skal bryte gjennom, for ikkje å seie ’skjere gjennom’, og halde dom. I Skrifta er dom eit positivt uttrykk; det er retten og rettferda sitt moment. Retten skal få det siste ordet. Tenk om vi skulle seie: -Det skal ikkje vere noko rettsoppgjer eller fellast nokon dom etter ugjerningane den 22. juli… Det ville vere ei krenkjing av alle som er råka, ja, nettopp av retten og rettferda. ”Herrens dag” – det er dagen, eller tidsrommet – for oppgjer, for krise, for sanning, for nyskaping, for ny framtid. ”Herrens dag” – det skal ikkje berre få oss til å tenkje på ein rettssal med ein streng domar; men like mykje på ei oppbrotstid, ein oppbrotsplass, som Tahir-plassen i Kairo. Ein dag for angst for tyranniet og for alle som har skodd seg på urett, ei dag for ny start for folket. ”Herrens dag” – ein voldsom dag, ein vårdag; synda bryt saman, sanninga og retten bryt fram!

Alvoret for oss alle ligg i at vi alle skal gjennom krisa, at vi alle skal svare for vårt liv. Ikkje berre dei andre. Ingen av oss er berre med i ei sosial gruppe, i ein flokk eller eit kollektiv. Vi er uendeleg ansvarlege personar; det er noko evig og absolutt med mennesket. Det er skapt i Guds bilete, det er ein liten gud. Vi er skapte til evig glede hos Gud – å tape sitt mål, å tape si sjel, det er ein lagnad med eit evig alvor over seg. Å vere menneske, er eit høgt spel, nettopp fodi vi har ei udøyeleg sjel.  ”Legemet og sjelen er som to foldede hender”, seier den franske, katolske diktaren Charles Peguy. ”Vi har intet valg” seier han; ”Vi må være to foldede hender eller to sammenlenkede håndledd. To foldede hender som stiger foldet mot saligheten.To lenkede hådledd som faller lenket ned i fangenskapet” (’Portalen til håpets mysterium’).

Brør og systre! Vi har etterkvart utvikla eit samfunn og ein måte å sjå livet på som har stengt ute det evige perspektivet. Utsikta er borte. Det metafysiske er utradert – og vi er kanskje dei fyrste generasjonane som har vent seg til å leve utan Gud, utan tanke på eller førestelling om det evige. Så vane er vi blitt med dette, at vi ikkje legg merke til at vi nordmenn lever i eit av dei mest sekulariserte landa i verda. Det vil seie eit lukka samfunn der korkje mennesket eller kulturen kan strekkje seg ut i si fulle lengde, høgde og djupne. Som min medbror, frater Ellert, sa i messa i går om oss nordmenn: ”Vi lever uten virkelig håp. Fra dag til dag”.

Kanskje er det difor vi misser evna til å forstå vondskapen når han rammar oss, midt i idyllen? Korleis kan vi forklare ufattelege ugjerningar med uheldige innslag i oppvekstmiljøet eller litt psykologi? Eller det gode? Er det noko anna enn omforent nyttemoral eller evolusjonær overlevingsevne, eigenskapar vi har utvikla for ikkje å bukke under i konkurransen med andre dyreartar? Slik tenkjer mange. I dag veks unge menneske opp i denne åndelege glattcella. Konstruert av dei vaksne. Og aller tristast: Mennesket kan ikkje lenger be; ingen plass å lyfte si røyst i takk og klage. Ingen skriftestol der mennesket kan opne sitt liv og få høyre dei orda som ikkje nokon terapeut kan uttale: -Dine synder er deg tilgjevne!

Nokon har stengt himlen for oss.

Eg spår at presset mot glattcelle-veggene  snart vil vise seg. At menneske vil spørje: Fins det dører i dette rommet? Fins det ei høgare meining? Fins det ein Skapar? Finst det ein Gud? Ja, finst det ein Frelsar? Det er som om den fyrste lesinga i dag er ei bøn som ventar på å bli beden av det norske folket, ja, av oss alle:

Kan vi enda bli frelst?…Vi ble alle som vissent løv og ført bort av vinden på grunn av våre misgjerninger. Det er ingen som påkaller ditt navn og ingen som tar seg sammen for å holde fast på deg.

For alle desse og for oss sjølve, treng vi å be det som må vere vår adventsbøn: -Å Gud, om du bare ville kløve himmelen og stige ned så fjellene skalv for deg.

Så vi kunne få eit nytt møte med deg!

21
Nov
11

homiletica: Kristi kongefest, sund 20/11-11, St Paul krk, Bergen, Matt 25,31-46

Kjære brør og systre!

Vi er ved slutten av det liturgiske året – på terskelen til advent. I denne tida feirar vi det som skal skje når verda og historia går mot slutten, dei siste tidene, det som skjer når Kristus kjem igjen i si allmakt og sin sigersglans– som det heiter i Credo: venturus est cum gloria, judicare vivos et mortuos:”han skal komme igjen i herlighet og dømme levende og døde”! Som kristne i Noreg har vi kanskje lett for å skyve dette frå oss; alt går så bra her, alt går på skinner, ingen fare, ingen ting uventa hverken frå Gud eller menneske si side. Dagane går, Noreg består, liksom.

Men Jesus lærer oss tydeleg at han skal kome igjen, at han skal kome synleg igjen! Då skal kvart kne bøye seg, i himlen, på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanne: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære(Fil 2)! Og nettopp evangeliet i dag, om Kongen som skal halde dom, er ein del av den siste store talen som Jesus heldt i Jeruaslem, like før arrestasjonen, lidinga, døden og oppstoda! Han sat på Oljeberget, står det, og disiplane var åleine med han, og dei spurde han kva som skulle skje når Messias, Menneskesonen, skulle kome igjen. Då tok han til orde, står det vidare – og så heldt han denne talen…

…om at det skal vere urolege tider, at mange kristne skal bli forfylgde, at mange skal falle frå trua, at det skal bli ein trengsels tid, at vi skal sjå teikn på himlen og i elementa, og Menneskesonen skal kome på himmelskyene, basunen skal lyde…Alt skal elles gå som i Noahs dagar, seier Jesus, folk skal kjøpe og selje, gi til ekte og ta til ekte, den daglege tralt, ingen Messias, ingen domedag her, nei, vi tar det med ro. Men dei som trur på han, dei skal vere klare, vere vakne, vere som brudejentene som venta på å ta i mot brudgommen slik skikken var,  med olje på lampane sine, vere som ein forvaltar som skal avleggje rekneskap for arbeidsgjevaren sin. Slik skal vi vere budde til å ta i mot Jesus, vere klare til å svare for vårt liv for Gud.

Så kjem dei voldsomme orda om Kongen som skal kalle alle menneske fram for seg og skilje dei i to flokkar, slik ein gjetar i Palestina brukte å skilje sauene frå geitene om kvelden. Sauene står for det gode, geitene eller bukkane for dei sjølopptatte og brutale. Alle menneske møter det evige resultatet av sitt liv: Evig glede eller evig fortaping. Større alvor kan vi ikkje tenke oss. Mange har lyst å viske desse orda ut av evangeliet, men dei står der, det er Jesu ord. Han som har sagt: ”Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå”.

Det oppsiktsvekkjande er at vår tru på Jesus, vårt tilhøve til Messias, til Menneskesonen, skal testast på det vi høyrde: Om vi metta dei svoltne, om vi gav dei tyrste å drikke, om vi tok i mot dei framande, om vi kledde dei nakne, om vi besøkte dei sjuke og dei som er i fengsel… Kort sagt: Om vi har vist miskunn, i praksis, i handling!

Dette betyr ikkje at det ikkje er så farleg med trua, vi høyrde jo nettopp at vi skal vente på Jesus, sanne at han er Messias. Men denne trua er berre ekte dersom ho viser seg i gjerning, dersom vi viser den same mskunn mot mennesket som Gud sjøl har vist. ”Ver miskunnsame, slik dykkar himmelske Far er miskunnsam”, seier Jesus i ein annan stor tale, i Bergpreika.  Og profetene Jesaja seier at når vi fastar, altså utøver vår gudsdyrking, skal vi løyse utrettferdige lekkjer, sprenge banda i åket, setje undertrykte fri, dele vårt brød med dei som svelt, la hjelpelause og heimlause kome i hus, vi skal sjå til den nakne og kle han, og ikkje snu ryggen til våre eigne(Jes 58, 6-7). Slik vi behandlar dei fattige og forkomne, slik behandlar vi Jesus, ja, Gud. ”De har forakta den fattige”, skriv apostelen Jakob. Til den rike og staslege som kjem inn i forsamlinga seier de: -Kom hit og finn deg ein god plass! Men til den fattige seier de:-Du kan står der! (Jak 2).

Det er så lett å tenkje: -Vi kan ikkje hjelpe alle, og dessuten kan staten ta seg av dei. Brør og systre! Som katolske kristne skulle vi verkeleg vise at vi i all menneskeleg naud ser Guds eige andlet. –Eg skulle gjerne trudd på Gud dersom eg hadde sett han, seier mange. I den fattige ser du han, ja, i den fattige ser han på deg. Vi skulle påpeike skeivskapar og urett i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt, for Gud er miskunns Gud, men også rettens Gud. Jakob seier også om dei alt for rike: -De har samla dykk skattar i endetida, og høyr: Ho ropar høgt, den løna de held att for arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre! (Jak 5,3-4).Også vårt sosiale og politiske liv har med Gud å gjere, fordi det har med menneske å gjere. I mennesket ser vi Gud – i det ufødte barnet, i den sjuke, den, gamle, den funkjsonshemma,den problematiske, i alle som vi så lett reknar som overflødige og ubehaglege.

Brør og systre! Dersom vi misser trua og glir bort frå Gud, er det ikkje fyrst og fremst fordi vi har så mange intellektuelle og tankemessige problem, men fordi vi lukkar oss inne i oss sjøle, og blir harde og sløve, både overfor Gud og menneske. La oss opne oss for han og for andre – han som er Kongen, han som vi ein dag skal møte andlet til andlet, han som er miskunnsam mot dei miskunnsame!

”Alt som lever, er underlagt/kjærlighetens gjenskapermakt/Bliver den bare prøvet!

13
Nov
11

homiletica: høgmesse, Fredrikstad domkyrkje, luk 15, 8-10// Apg 9,1-18

Preike ved høgmessa i Fredrikstad domkrk i dag, der det denne helga har vore korfestival med Prots/Per Odvar Hildre som instruktør. Saman med musikarar frå Søramerika, orkesteret Alto Plano. Både messeledd og salmar var henta frå latinamerikansk tradisjon…

«Eller om en kvinne har ti sølvmynter og mister én, tenner hun ikke da en lampe og feier i hele huset og leter nøye til hun finner den?  9 Og når hun har funnet den, kaller hun sammen venninner og nabokoner og sier: ‘Gled dere med meg, for jeg har funnet igjen det pengestykket jeg hadde mistet.’ 10 På samme måte, sier jeg dere, blir det glede blant Guds engler over én synder som vender om».

Kjære brør og systre!

Det finst nesten inga glede som kan måle seg med den ein kjenner når ein har mist noko – og så finn det att! Det kjenner vi, sjøl om det er den minste ting; endå meir viss det er ein viktig ting – og aller mest dersom det ikkje berre er ein ting, men eit menneske, nokon vi elskar, nokon vi har kjær, nokon vi ikkje har råd til å misse! Når  vi finn att det vi elskar etter å ha mist det og sakna det – det er den store gleda, som får hjarta til å banke, som får kropp og sjel til å danse, som får oss til å le og og opne armane mot andre, mot verda, mot alt som er; som får oss til å feire og lage gjestebod, som gir oss livstru og initiativ: No kan alt skje!

Nettopp slik er det i himlen, blant Guds englar, seier Jesus, når ein syndar omvender seg! Då bryt serafane  på nytt ut i sin evige lovsong, i sjølve festsongen i himlen, i sjølve grunntemaet i den himmelske korfestivalen: –Sanctus, sanctus, sanctus/heilag, heilag, heilag er Herren, Sebaot, all jorda er full av hans herlegdom, hosianna i det høgste!

Og dette er jo nettopp songen vi syng her på jorda også, i kvar messe, i kvar nattverdfering, særleg på Herrens dag! For også kyrkja her på jord tek del i den himmelske gleda! Særleg gleda over at ein syndar vender om, gleda over at eit menneske finn tilbake til Skaparen sin, til sin Gud og Far. For det er ei grunnlov i Guds rike: -Som i himlen, så òg på jorda!

Brør og systre! Denne skakande gleda over eit menneske som vender om – det er den vi treng aller mest i kyrkja i vår tid, i vårt land, sikkert her i Fredrikstad, også! Når menneske vender om, då skjer det noko, då blir det fart på sakene, i himlen og på jorda, i prestetenesta, i soknerådet, i gudstenesta, i alt som skal gjerast. Då lyser det langan lei, så søkjande menneske kan finne vegen til Guds hus! Då går ryktet byen rundt: Eit menneske, ja fleire,  som har teke ein ny kurs, som seier: Credo! Eg trur! -Eg har fått eit nytt liv! Eg har funne han som dro mine føter opp av gjørma og sette dei på fast grunn! Eg har funne han som gjorde mi sorg og mi klage til dans, eg har funne han som har tilgjev all mi synd og lækjer all min sjukdom, han som friar mitt liv frå grava og kronar meg med godleik og miskunn, som fyller mitt liv med det som godt er og gjer meg ung att som ørna! Eg har funne han, nei, endå bedre:  Han har funne meg – og er eg glad, så er han endå gladare!

Brør og systre! Guds glede over menneske som vender om – det er den krafta og det trøkket som får ting til å skje.  Vi prøver på så mange erstatningar, vi prøver å finne på så mange lure ting som skal få nytt liv i kyrkja og nye menneske i kyrkje- og bedehusbenkane… Tiltaka veks, byråkratiet ekspanderer, toppetasjen blir tung, men akk, golvet, der menneska er, forblir like tomt. Det vi treng mest, er kallet til omvending; fyrst at det når inn til oss som preikar, til prestar og biskopar.  Skal tru det blir glede  blant Guds englar kvar gong ein pater omvender seg og kjem til Gud på nytt med sitt liv!

Det vi treng, er den livsendringa som kjem når vi møter den levande Gud – slik Paulus møtte Herren på vegen til Damaskus (slik vi høyrde i leseteksten).  Han var på veg i feil retning, på veg som Jesu motstandar – då  stråla plutseleg eit ljos frå himlen kring han, han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: -Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Og han svara: -Kven er du, Herre? Og så høyrde han: -Eg er Jesus! Det var som han skulle høyrt: -No får du ein ny start, ei ny teneste, eit nytt liv; no er du ikkje Saulus, men Paulus! Han hadde funne Herren, Herren hadde funne han.

Kjære  vener! Samfunnet vårt har ført Gud og menneske så langt bort frå kvarandre. Vi trur at mennesket kan vere like lukkeleg og like velfungerande utan sin Skapar, sitt opphav – og vi trur at Gud har nok med sitt. Vi treng å gjenoppdage at Gud og menneske treng kvarandre. – Gud, du har skapt oss til deg, og vårt hjarta er uroleg, til dess det finn kvile hjå deg, sier den hl Augustin. Menneske søkjer alt mogeleg for å finne fred og lukke – utan å vite at det er Gud det søkjer. Og så fyller det livet sitt med stadig meir “silikon”, med støy og erstatningar.  Gud har tiltenkt mennesket ei evig framtid og han har ingen å misse; ikkje for tida og ikkje for æva! Han har satsa alt på å finne oss og vinne oss tilbake til seg. Som det lydde i Kyrie-songen i dag:…-si profond amor, -med så djup ein kjærleik! Eg trur Guds hjartespråk må vere spansk. Si profond amor…

Når motet sviktar, når motivasjonen går ned, når perspektiva blir borte, i livet mitt og kallet mitt, både på vegne av meg sjøl og på vegne av kyrkja, då er det dette som som går opp for meg og dette det einaste som tèl:

Nåde at han fant meg, kjærlighet som vant meg/nåde at han bar meg til sin fold!

 

 

02
Nov
11

homiletica: Helgemesse/allehelgen, 1. nov., st dominikus krk. matt 5, 1-12

Kjære brør og systre!

Fins det ord som lyser sterkare enn Jesu ord i Bergpreika, i Beatitudane, ”sæleprisingane”? Ord som lyser av det guddomlege – og samtidg av det sant menneskelege? Betatitudane/bergpreika handlar om vårt kall som kristne, som disiplar, som helgnar. Ja, for vi er alle kalla til å vere helgnar, vi tilhøyrer ”dei heilage” – slik apostelen Paulus ofte tiltalar adressatane for breva sine, vel vitande om dei var syndarar og skrøpelege. Ved dåpen og ferminga, fornya i kvart skriftemål og ved kvar evkaristi, får vi del i Kristus,  han som er blitt vår visdom fra Gud, vår rettferdighet, helliggjørelse og forløsning (1 Kor 1,3), som den hl Paulus seier det. I Kristus er vi heilage, og vårt kall og vår livsoppgåve er å bli det vi er; bli heilage, i praksis. Bli helgnar.

Å bli helgen, det er ikkje å bli eit slags glinsande superstjerne. Det handlar om å vekse og utvikle seg som menneske – gjennom kriser og nye startar, gjennom å la seg utfordre, gjennom å lære seg sjølv å kjenne, sine krefter, sine resursar, sine veikskapar, ja, sine synder.  Og det let seg ikkje gjere anna enn i møte med andre menneske; støtta og korrigert av alle dei ein har med å gjere, ikkje minst av nære vener. Og av sin skriftefar. Vi pendlar så lett mellom strålande ideal – og desillusjonert tilpassing. Vi vil helst finne eitt nivå å forbli på; kan det ikkje bli helgenens, ja, så får det bli det motsette. Vi blir der vi er.

Og så tenkjer mange: Livet er for kort til å vere i stadig utvikling. Når alderen melder seg, er det mange som parkerer og stagnerer, dei har funne si form, bygt si borg, alt går på skinner. Vi har jo berre dette livet, seier dei. Men Allehelgens-dagens bodskap er jo nettopp at målet er lenger framme. Livet her er startgropa, preludiet, overtyren, novisiatet –kva ord du vil bruke. Du skal dra frå dette livet mest mogeleg disponert for å møte Gud, slik at alt det nåden har utført i deg her, kan utfaldast og bløme der! Difor skal vi ikkje gje opp, difor skal vi aldri tenkje at no er det ingen vits, no glir eg makeleg fram i støa. Nei, Gud gjer deg ung igjen som ørna, dersom du tek eit grep i dag! I dag er ikkje ein av dei siste dagane så langt i livet ditt, men ein av dei fyrste i det evige livet. Og det livet du har lagt bak deg, det vil også få eit anna preg dersom du er ein av dei som ser framover, som ikkje stagnerer.

«De første kristnes Kirke  venter på oss… de hellige lengter etter oss, de rettferdige ser håpefullt etter oss” seier den hl Berhard (av Clairvaux) i si preike på denne dagen. Lat oss difor stå på, med blikket festa på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus (Hebr)!Difor seier eg – ikkje berre om dei heilage som alt er i Guds fulle nærleik, men om alle som held ut, som fell og reiser seg, som står løpet ut:
For alle helgner som til døden tro/sto fast i striden og har nådd sin ro/Vær evig lovet, Kristi, ditt navn og blod! Alleluja!




kategoriar