Kjære kristne!
Jula er borna si høgtid seier vi ofte. Det er sant, men det kan også vere ein måte for dei vaksne å halde avstand til sjølve julebodskapen. Vi overlet trua til borna – tru er jo likvel noko litt naivt, litt truskyldig; fint for dei som treng det. Vi er jo vaksne og fornuftige, men for all del, ein gong for året kan vi jo vere litt mjuke, det kan ikkje skade.
Brør og systre, eg trur faktisk ikkje at de er mange her som tenkjer slik, men det er ein mentalitet som lett snik seg inn på oss. Fordi jula har fått litt feil fokus. Jesusbarbet blir for borna, jula blir norsk julestemning med julenek, dompappar, djupsnø og kanefart.
Men jula er ikkje fyrst og fremst ei barnegreie, og ikkje fyrst og fremst ”a white Christmas”, ei slags nordisk høgtid. Jula er Christ-mass, Kristmesse, sjøl om ho ikkje kvit! Jula er fyrst orientalsk, palestinsk, jødisk – og så er ho universell; afrikansk, indisk, meksikansk, russisk, kinesisk, alt muleg, og også norsk. Den kristne jula, kyrkja si jul er ikkje ein vinterfest, men ein messiasfest! Det handlar om Messias, den salva kongen, slik adventstida har peika han ut for oss, Han som skal kome. Han er komen, han er her! Hodie Christus natus est! Det er alt juledag, vi skal snart syngje nettopp slik: -I dag, er Kristus – altså Messias – født!
Messiasbarnet – det er han vi feirar! Eit barn, ja:
”Et barn er oss født, en sønn er oss gitt”, høyrde vi i lesinga; men det stoppa ikkje der, vi las meir: ”Herreveldet er lagt på hans skulder, og hans navn skal være: Underfull Rådgiver, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste”!
Han er den det gamle Gudsfolket vanta på, det folket som har gjeve oss Frelsaren. Han er den profeten som også dei muslimske truande ærar, skjønt han for oss netttopp er Veldig Gud, ja, Gud av Gud og ljos av ljos.
Han er den som heile verda og alle menneske og alle tidsaldrar djupast sett ventar på og lengtar etter. Han som gjev verda frelse og evig liv, det alle menneske er skapte til og kalla til; han som tar oppgjeret med destruksjonskreftene: døden, demonen og synda. Han som står for rett, rettferd og fred – ja, som skulle forplikte oss til å stå for dette og leve dette ut, midt i vår verd. Jula gjeld vårt heilt personlege liv, men også samfunnet, naturen, verda, ja heile kosmos.
Kjære kristne! Lat oss forstå at det vi kallar juleevangeliet er ei Messiasforteljing; at jula er festen for Messias; at Gudsbarnet er født, han som til og med i krybba og på sitt morsfang er Konge og har sitt spir i handa. Der blir han tilbedt av kongar og vismenn som skjønar at det er han, barnet, som er Kongen over kongane og Herren over herrane!
Han er Messias, Herren! Vi har funne han! Å tru det, det er å vere kristen. Lat oss difor manifestere hans rike på nytt, i livet vårt, i samfunnet vårt. Ikkje med ytre makt og dominans, men med kjærleik, sanning og rettferd. Det er den julefeiringa verda ventar på no.
Kom alle kristne! Kom la oss tilbe han som er Rex angelorum, kongen over englar; venite adoremus in Betlehem. Som i denne høgheilage natta er her og no!
Siste kommentarar