Kjære brør og systre!
Vi er vel kjende med forteljinga om fariseraen og tollaren i templet. Noko av problemet med kjende forteljingar er at vi blir så altfor fortrulege med dei; vi meistrar dei og brukar dei slik det passar oss. Brodden og utfordringa blir borte. Ingen vil vere den slemme farisearaen, alle vil vere den gode tollaren. Å vere audmjuk blir noko vi meistrar, noko vi er gode på, noko i er bedre enn andre på – og vi takkar Gud for at vi ikkje er farisearar, vi flaggar ikkje med vår fromhet, vi fastar ikkje i utide, vi gir slett ikkje tiende, vi gir oss ikkje ut for vere noko, vi er så visst ikkje superkristne, tvert om, vi er audmjuke og beskjedne.
Og visps – er vi ikkje audmjuke lenger, men skikkelege skrytepavar. Det er ikkje lett å vere audmjuk. Kanskje vi kan seie at det ikkje er noko vi ”er”, det er noko vi blir – når vi blir audmjuka, når det svir, når vi kjenner oss forsmådde. Å takle det, det er det vi treng å lære. Å tole å bli audmjuka, vil ikkje seie at vi skal la oss trakke på, heller ikkje at vi skal trakke på oss sjølve. Under sjølvforakten løyner det seg lett eit såra hovmod; vi ynskjer å vere ein annan enn den vi er. Ofte har vi opplevd at andre menneske har trakka på oss og svike oss gjort at vi ikkje har noko respekt for oss sjølve. Å dyrke dette, fører lett til forbitring, forgifting og aggresjon.
Å vere audmjuk, er å tole å bli audmjuka utan å kjenne seg utsletta og verdlaus. Det er å kunne vere trygg nok til å ta i mot korreksjon frå andre. Det er å kunne vere trygg nok til å innrømme: -Eg treng Guds miskunn, Guds nåde, Guds tilgjeving, Guds drastiske hjelp og inngrep i livet mitt! Ja, også å kunne innrømme at eg treng hjelp frå andre; som ein har sagt: Det er vansklegare å ta i mot enn å gi.
Å vere audmjuk, er å våge å vere som eit barn, våge å vere redd, våge å trenge hjelp, våge å vere avhengig. Forteljinga om farisearen er ikkje gitt oss for at vi skal spegle oss så vi kan sjå kor flinke vi er til å vere audmjuke. Eller endå verre: Til å unnskylde at vi lever eit dårleg liv, til å skryte av våre synder, eit lags farieisme med motsett forteikn, akk så vanleg no til dgas. Nei, vi kjem på rett plass når vi dristar oss til å gå inn i Guds hus, inn i Guds nærleik og seie: -Eg er ikkje verdig, men hjelp meg likevel! No legg eg heile livet mitt i di hand! Eg er ikkje verdig, men viss du elskar meg, så elsk meg no! Eg er ikkje verdig, men sei berre eit ord, så blir sjela mi lækt. Så blir livet mitt nytt. Så er det ikkje ute med meg.
Brør og systre; det er slik vi feirar messa: Vi erkjenner at vi er radikalt avhengige av Gud; i syndsvedkjenninga, i vårt kyrie eleison, Herre, forbarm deg; til og med i Gloria: Du som tar bort verdens synder, hør vår bønn: Du som sitter ved Faderens høyre hånd, mskunn deg over oss!. Og i evkaristien, i kanonbøna: Vi syndere, dine tjenere, som håper på fylden av din barmhjertighet… Eller før kommunionen: Du Guds Lam, som tar bort verdens synder; miskunne de over oss, gi oss din fred. Templet, Guds hus, messa – det er den staden vi kan be, audmjukt og dristig, fordi det er den plassen Gud har vist at han vil forsone seg med oss og kome oss i møte; templet var offerplassen, forsoningsplassen; i messa er alt fylt av Kristus, Forsonaren, han som ved sitt offer har gjort opp for alt, slik at ingen ting kan hindre oss i å stå for Gud!
Aller best skjønar vi forteljinga om fariseraren og tollaren når vi går inn i skriftestolen. Der forstummar både skryt og unnskyldningar, i alle fall blir det lett gjennomskoda. Der må vi kalle ein spade for ein spade, der sprekk fasaden, der må vi seie: – Dette er eg. Gud, ver meg nådig! Og vi får høyre: Dine synder er tilgitt. Gå i fred. Gå rettferdigjort heim til huset dit.
Ja, det kostar kanskje aller mest å bli så audmjuke at vi brukar dei nådemidla Gud har gitt oss. Mange vil vere gode kristne, i alle fall like bra som andre, men har ikkje bruk for messa, for skriftemplet, for kyrkja. Det er litt sånn som når seriefiguren Andy Cap og kona passerer kapellet på sundag morgon, og fru Cap spør om ikkje Andy vil ta ein tur innom. Men, -nei, svarar han; -der er det berre hyklarar. -Å, repliserer kona, -det er alltids plass for ein til.
Ho hadde skjønt poenget!
I namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande. Amen.
Siste kommentarar