Arkiv for mars 2012

31
Mar
12

officium: laurdag, 5. vike i faste, frå ein påskehomilie av den hl Gregor av Nazianz (matutin)

«Søte er naglane, om dei enn er svært skarpe»

St Gregor bed oss om å feire påska ved i trua å vere tilstades i hendingane, som ein av personane i dramaet:  «Er du Nikodemus, denne nattlege gudryktige, salv han [Jesus]og legg han i grava. Og er du Maria, den andre Maria, Salome eller Johanna, gråt i morgongryet. Ver den fyrste til å sjå at steinen er teken bort, møt engelen og Jesus sjølv».

Kan det seiast vakrare og sannare? Aller mest: «Lat oss tola alt for Ordet skuld, lat oss etterlikna hans lidingar med våre lidingar..lat oss skunda oss opp på krossen. Søte er naglane….»

Det kan ta lang tid og mykje nåde å kome dit at vi kan seie dette. Men eg trur vi anar det.

Reklame
30
Mar
12

officium: fredag, 5. vike i faste, frå den hl Fulgentius av Ruspes brev til Peter, om trua (matutin)

«Offera i den gamle pakta var teikn og varsel om det vi skulle måtte gje; i den nye pakts offer blir det som alt er oss gjeve, framstelt».

I oldkyrkja var det vanleg å kalle liturgien, messa, eit offer. Fordi messa og liturgien er eit lovprisingsoffer, ei takkseiing, ein evkaristi – som gjenkallar, manifesterer og aktualiserer Jesu Kristi kross-offer.  Dei gamaltestamentlege ofringane peika fram mot Golgata; messa peikar tilbake til Golgata og gjev oss del i det som hende der.

I messa feirar vi sjølve senteret i historia: Kristi kross. Difor er messa også senteret i kyrkja sitt liv.

29
Mar
12

officium, torsdag, 5. vike i faste, frå Det andre Vatikan-konsils dogmatiske konstitusjon «lumen Gentium» (ljoset for folkelslaga) om kyrkja (matutin)

P g a  arbeidsmengde og mange oppdrag har det vore ein «officium»-pause nokre dagar. Men framhald no…

«Dette messianske folk [kyrkja] er difor, sjølv om det faktisk ikkje omfattar alle menneske, og ikkje sjeldan syner seg som den vesle flokken, likevel den tryggaste kimen til einskap, von og frelse for heile menneskja».

Kyrkja er ikkje fyrst og fremst ein mektig institusjon, men eit folk med frelsehistorisk kontinuitet frå den gamle pakts gudsfolk fram til Messias» endelege kome.  Ho vinn ikkje fram gjennom ytre dominans, men gjennom å vere eit teikn. Kyrkja verkar ut over sine eigne, synlege grenser. Ofte blir ho motsagd og kritisert – det kan òg vere ein del av den reinsinga Gud let henne gjennomgå.  Men men mange veit, utan å våge å seie det, at ho representerer og forvaltar det verda og menneska lengtar etter og vonar på.

Fordi henner djupaste løyndom og identitet er han som er lumen gentium (ljoset for folkeslaga): Jesus Messias.


29
Mar
12

Homiletica: Bodskapen til MARIA/ MARIMESSE, LUK 1, 26-38

Marimesse blei feira (i katolske kyrkjer) den 26. mars – fordi sjølve dagen, den 25., i år fall på ein sundag – og sundagen, Herrens dag, går alltid fyrst…

Kjære kristne!

Bodskapen til Maria, om at Herren skal fødast, handlar om Guds veg til verda og til menneska.

For det fyrste handlar det om at Gud, i den andre personen i guddomen, Sonen eller Ordet, tar opp i seg den menneskelege naturen, gjennom Marias liv. Det er Maria som gjev Sonen del i vår natur. Ho opnar seg, ho stiller seg til disposisjon. Ho seier: Jeg er Herrens tjenerinne. Det skje meg som du har sagt.

Når Herren tek på seg vår natur, eller tek den opp i seg, inneber ikkje det at han blir ein syndar. Menneskenaturen i seg sjølv er skapt av Gud, og skapt god. Jesus, Guds Son, blei lik oss i alt, men utan synd. Ja, han skulle nettopp vise oss kve det sant menneskelege er; ja endå meir: Han skulle fornye og nyskape mennesket ved sin person, ved sitt frelsesverk, si død og si oppstode. Han skulle lyfte oss opp til Gud, guddomleggjere oss.  Synda tok han på seg – og bar henne opp på treet og overvann synda, døden og djevelens makt. ”Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg og våre pinsler bar han”, seier profeten Jesaja om Messias (Jes 53).

For det andre handlar bodskapen til Maria om at menneskebarnet som ho bar under sitt morsliv, som ho fødde og oppdrog, verkeleg var Guds Son, av Guds vesen, eitt med Faderen. Det handlar ikkje om eit menneske som blir Gud, men om Gud som blir menneske. Som vi høyrde: Den Hellige Ånd skal komme over deg, og kraft fra Den Allerhøyeste skal senke seg ned over deg. Derfor skal også det hellige barn du føder, kalles Guds Sønn.

Brør og systre! Det vi feirar i dag, har difor med vår frelse å gjere. Berre om Jesus var eit verkeleg menneske, med navlestreng til mor si, så å seie, som oss alle, kunne han frelse oss. Berre det han har påteke seg, kan han frelse, seier den hl Ireneus. Berre som eit menneske, kunne han gå i vår stad og bere våre sydner: Et legeme formet du for meg…Da sa jeg: Her er jeg, for å gjøre din vilje  (2. lesn. )– og Guds vilje var nettopp at han skulle overgje seg for oss.

Alt dette skjer som eit under, eit jarteikn. Ei ungmøy som blir med barn. Ja, for slik handlar han som alltid er ”undrenes Gud”, den underfulle. Han utfordrar til tru gjennom sine teikn, som profeten let Gud seie til den vantru kong Akas: Derfor skal Herren selv gi dere et tegn: Se, en jomfru skal bli med barn, hun skal føde en sønn og gi ham navnet Emmnuel (Gud med oss) (1. lesn).

Å tru er å vere open for Guds teikn, å våge å tru på Den underfulle.

Han handla i  sin frelseplan. Han handla i Marias liv.  Han handlar i vårt liv.

Vågar vi å tru det?  Engelen ventar spent også på vårt svar…

21
Mar
12

discursus: Næringslivet, mennesket og Gud. Næríngsliv og teologi.

Kompakt manus for føredraget på Moster amfi  i dag:…

0. Innleiing:

 

Eg byrjar med ei lita åtvaring: Vonar de veit kva de har gjort når de har invitert ein munk, tom ein tiggarmunk, som har fråsagt seg all privat eigedom, som ikkje har lov å tene pengar til eige bruk, som ikkje mottek offentlege stønader – men tilhøyerer ein kommunitet, ein klosterorden, som lever av gåver, og ikkje alltid frå dei rikaste…

Ei åtvaring også fordi det ei stund har vore populært med ’etikk-seminar’ for leiarar i næringslivet og andre høge instansar. Då kan oppskrifta lett bli, a la mykje som kjem frå Amerika: -Korleis få endå større suksses, med ein dash etikk, det kan ikkje skade. Litt etikk eller ”Gud” som ein kremtopp på kaka. Det er ein leiarkultur og ein type føredragshaldarkultur som ikkje akkurat er mi greie.

Men ei ærleg utfordring begge vegar, kan vere bra. Det vi snakkar om her, må vere noko som tek sikte på å informere våre tankar/vår tenkjing, våre haldningar/vårt samvit – og vår praksis. Kort sagt, ikkje berre eit seminartema, men ei utfordring, ein invitasjon.

Ansvaret for ein dialog mellom nærings- og arbeidsliv og teologi/tru, har sjølsagt med begge partar å gjere. Telogen og forkynnaren må ha noko skikkeleg å seie. Eg skal prøve – og baserer meg på den katolske sosiallæra: Ei samanhengande og konsistent del av den katolske kyrkja sitt syn på arbeid, skaparverk, samfunn osv… NB ikkje katolsk i smal tyding, men nettopp allment-kristent; bibelen, den kyrkjelege overleveringa og undervising gjennom tidene, framsett med vilje og mot til å stå for noko tydeleg og etterrretteleg.

1. Nokre grunnleggjande prinsipp (sosialetiske/politiske i vid forstand)

om økonomi, arbeid og samfunn

Mennesket, den menneskelege personen; målestav på  det økonomiske og samfunnsmessige feltet. Det gjeld både ’arbeidsgjevaren’ og arbeidaren. Uansett kva suksses du og ditt tiltak/ditt firma har profittmessig – om du blir eit dåreleg menneske, er det lite verd.

Suksses og framgang i verksemder skal målast på om det skaper menneskeleg utvikling, overskot, glede – både materielt, etisk, kulturelt og åndeleg.

Kva er eit menneske? Meir enn ein biologisk maskin. Meir enn eit evolusjonært produkt. Ein integrert einskap av kropp og sjel, med vilje, ansvar og fridom. Og Guds bilete, imago Dei. Med ei evig bestemming.  Bryt di verksemd ned menneske, eller byggjer det opp?

Familien.Mennesket er også eit fellesskapsvesen.  Ikkje berre stat/individ. Vi treng nærare fellesskapar, med ein annan base. Kyrkja er også ein grunnleggjande fellesskap. Vi treng fellesskapar som er mindre formale, meir fullstendige, djupe og verdibaserte. Staten/nasjonalstaten er for laus og sprikande; og for kristne/truande stundom direkte negativ/fiendtleg (jfr resrvasjonsrett-saka osv).

Eigedom – som  middel til personleg fridom; råderett over personlege resursar, ikkje negativt avhengig av andre. Men: ingen absolutt eigedomsrett. Gud er ”eigaren” og vi har alt felles! ( I naud har den fattige rett til å ”stele”).

Jfr urkyrkja – og klostervesenet.

Arbeid/kapital.  Arbeid, ein del av den mennskeleg ’verdigheten’. Både slik at eit kvart menneske er kalla til å arbeide (Paulus: ”den som ikkje vil arbeide/skal heller ikkje ete”) – og slik at samfunnet skal sjå til at det er verdig arbeid tilgjengeleg for alle. Kynisk spekulasjon i arbeidsløyse, for å halde løner nede og etterspurnad etter arbeid oppe, er umoralsk.

Moderne industri har skaffa menneske arbeid og utvikling, men har og fungert som ’slaveri’. Mennesket som rein energileverandør. Djupt fornedrande. Den ubetalte løna til arbeidsfolket ”ropar til himlen” ´, seier ap Jakob, og ”du skal ikkje la løna til arbeidaren liggje til  dagen etter. Betal straks” .

Gjennom arbeidet skal mennesket legge grunnlag for sin eksistens – og vere med på å byggje kulturen og samfunnet. Arbeidet må vere slik at denne meiniga kjem fram, at ein kan sjå noko av heilskapen, ikkje berre vere eit tannhjul i maskinen.

Ei overbetoning av arbeidet er også feil. Arbeidet som avgudsdyrking. Mennesket skal ha rom for leik, kvile, helg. Obs på helge- og fritidsarbeidet!

”Arbeidet er til for mennesket, ikkje mennesket for arbeidet”

Subsidaritetsprinsippet. At styring og avgjerder skal skje på lågast mogeleg nivå. Sikrar at avgjerder har nærkontakt med dei det gjeld. Og at administrasjon og byråkrati ikkje veks inn i himmelen, for ikkje å seie inn i helvetet… Ein viktig tradisjon i vestnorsk nærings- og arbeidsliv er den egaltære strukturen; arbeidsgjevar og arbeidstakarar frå same bakkgrunn, på same golv, dekk, kyrkje- og bedehusgolv, så vel som bedriftsgolv.

Det felles gode.  Det viktigaste politiske og sosiale prinsippet. oppgjer med tanken om at”berre eg blir rik, blir det bar for alle”, ”når det regner på presten/kapitalisten, dryp det på klokkaren/folk flest..” Du skal ha eit direkte og aktivt – ikkje indirekte og passivt – sikte på ”det felles gode”!  Personleg profittmaksimering utover det å få næringa til å fungere, er umoralsk.

Her skal det testast om vi fylgjer Guds logikk eller denne verdas.

2.Det personlege ansvaret og Gudstilhøvet.

Forvaltinga av materielle resursar, naturresursar, arbeid og kapital, har med vår personlege frelse å gjere. Alle skapargode kan bli det bestes fiende. Når dei blir eit mål i seg sjølv. Gud er menneskets mål.!

Om dette har vi tydelege Jesus-ord:

”Kva gagnar det eit menneske – ein n æringslivsleiar/ein kapitalist – om han vinn heile verda, men taper si sjel”?

”De kan ikkje tena både Gud og Mammon”; vi vil tena  og elska den eine eller den andre, ikkje begge på ein gong.  ’Mammon’ –det er våre godar, våre energiar, vår utrusting, våre resursar. Når dei blir lausrivne frå Gud, frå det gode, blir dei ein avgud, ja, ”verda sin fyrste”; Satan.  ”Kjøts lyst, augnelyst, og jag etter rikdom ”- alt slikt er ikkje av Faderen, seier apostelen Johannes.

Nokre møter og den direkte utfordringa, som den rike unge mannen: ”Gå og sel det du eig, gje det til dei fattige, kom så og fylg meg, og du skal få ein skatt i himlen!. Då gjekk det ein skugge over andletet hans og han gjekk sorgfull bort, står det. Kanskje son til ein bedriftsleiar med utsikt til arv og karriere?

Men kan vi ikkje vere rike og likevel truande? Jau, men berre så vidt! Pengane har ei makt i seg (mammon): ”Pengehugen er rota  til alt vondt”, seier Paulus; ”av kjærleik til pengar har mange lide skipbrot på trua”. Må seie at eg har sett fleire døme på det.

Kritikk av rikdom i NT: ”Ikkje mange rike…” (1 Kor).  ”Er det ikkje dei rike som utnyttar dykk og plagar dykk..?” (Jakob). Jakob er svært kristisk til rikdom – ei  tru som ikkje grip inn i livet og syner omsut for dei fattige. ”Gode gjerningar” er fyrst og fremst det. Jfr Jesu domstale: ’Eg var svolten, naken, i fengsel… og de gav meg mat, kledde meg, såg til meg” (Matt 25). Det blir ein revisjon av livsreknskapen som vi vil merke.

Vi ser i klostertradisjonen at askese, kallsmedvit og meining gjev gode resultat; kloster blei sukssesbedrifter! Og då var det lett å bli dekadent. Det same ser vi i mange bedrifter: Ein nøysam og ærleg gründar overlet verket til etterslekta – som kuttar ut nøysemda og idealismen og endar med forfall, både økonomisk og moralsk/personleg.

00.Avslutning:

 

Det vi treng, er ikkje berre ei opp-shining av det systemet vi har no  – som er veldig materialistisk og grådig.Næringslivstoppane er av dei verste. Fallskjermar og lureri.  Vi treng ei ny, sosial innstilling. At vi går saman om det som verkeleg trengs: Ein fellesskap, der arbeid og entreprenøskap går saman å byggje den menneskelege fellesskapen, med plass for Gud.

Regula St Benedicti. Har djupt prega europeisk sivilisasjon, også økonomisk. Jfr H N Hauge – klosteretikk for alle. Balansen mellom arbeid og bøn; arbeid, bøn, studium. Også intellektuell og kulturell stimulans og utvikling er viktig folk i næringslivet. Denne balansen er ofte forrykt i det moderne samfunnet (kapitalistisk som kommunistisk); berre arbeid/fritid/underhaldning.

Det som tèl for H N Hauge som for St Benedikt, er byggjing og fornying av samfunnet (klosteret/venesamfunnet), skape ein menneskeverdig sivilisasjon. Det er dette som må vere ambisjonen for næringslivet, det som triggar og ansporar.

Ora et labora!

 

 

21
Mar
12

Carpe diem: på boknafjorden..

… på veg frå Stavanger til Bømlo, med Kystbussen. No sig den store ferja ut frå hamna nørdst på Rennesøy og kursar nordvestover til hi sida. Eg går av bussen på Føyno, mellom Bømlo og Stord, og blir henta der. Skal halde føredrag på eit semniar om teologi og næringsliv.

I går va det Stavanger. Kom med fly i otta og brukte føremiddagen til avtalar, m a ei skulevitjing på Steinerskulen, der ein god ven av meg, Jørg Jørgensen, er lærar. Gløgge elevar!  Så va det rask runde innom NRK Rogaland, saman med dei som gjorde at eg va Stavanger: Alex Rosén og «Hank von Helvete». Studentvika, «Ugå», inviterte til open samtale om trusspørsmål på «Folken» (Folkets Hus, lokala for studentsamfunnet i Stvgr). Samtalen, leia av studentpresten, Stefan Emmerhof, varde i nesten to timar, med høgt trykk, og blei veldig positiv.

Og i dag, altså, til Bømlo. Retur via Stavanger til Oslo i kveld. Om Gud vil.

21
Mar
12

homiletica: 4. sund i faste, lætare, st dominikus krk, joh 3,14-21

Kjære brør og systre!

Lætare – ”Gled deg,  du Sions dotter”!(Jes)  ; det er introitusverset på denne sundagen midt i fasta. Når vi går bota sin veg, skal vi minnast om målet: Om frelsa i Jesus Kristus. Vi søkjer frelse og nytt liv fordi vi veit at frelse finst, at det er von, at det er mogeleg å fornye sitt liv!  Gleda i Bibelen, i Israel, er ikkje berre gleda over livet, over at Gud har skapt oss og held oss oppe; det er aller mest ei glede over Guds frelse. Med frelsejubel omgjev du meg,  syng Guds folk  i ein av sine salmar.

Jesus Messias er prest, konge og profet, og i alt dette, gjennom alt dette er han Frelsar. Salvator mundi. Verda sin frelsar. Iesus Hominem Salvtor, Jesus, frelsaren for menneskeslekta.

Slik presenterer han seg sjølv i dag:

Som Moses reiste slangen i ørkenen, slik skal Menneskesønnen bli løftet opp – for at hver og en som tror, ved ham skal få det evige liv i eie, høyrde vi, og så kjem dei kjende orda:

Så høyt har Gud elsket verden, at han gav sin egen Sønn til pris – for å frelse fra undergang alle som tror på ham, og gi dem det evige liv i eie.

Men ”frelse”? Kva er det? I Skrifta og tradisjonen, i liturgien og i heile kyrkja sitt skattkammer er det klart: Det er utfriing frå synda, døden og djevelen. Det er bli fri frå Guds vreide og indignasjon over vår urett– og å ta i mot forsoning, nåde, ettergjeving, tilgjeving. Det er å bli tatt ut av dødens famntak og få del i liv og udøyelegdom for kropp og sjel. Det er å få del i evig liv og ikkje fortapast  på den yttarste dagen; ikkje bli mist og forfeila for evig.

Er det ikkje som vi krympar oss, som norske kristne, når vi må ta desse orda til oss? Ord som kyrkja forkynner for oss på vegner av Jesus Kristus.  Dei gjer oss forlegne, dei har mist sitt tak på oss. Glede over frelsa? Det er berre noko for simple prostestantar. Det høyrest så fjernt og uverkeleg ut. For vi gode nordmenn og –kvinner synest så ferdige med alt dette.  Ja, eg kjenner at eg må ta meg kraftig sammen i denne pene forsamlinga for å våge å seie det, eller rett og slett sitere det. Frelse? er ikkje det noko berre for simple protestantar? Eit evig liv? Er der noko etter døden? Og i så fall –  ikkje ein dom, ein evig eksistens som frelse eller undergang.  Ingen grunn til å vere uroleg her til lands..

Jesu ord seier noko heilt anna. Han kom, sa han,  for å frelse fra undergangen alle som tror på ham.   Han kom ikkje for å besegle domen over oss, men for å gi oss ein sjanse, for å forkynne frelse og redning. Gud sendte jo ikke sin sønn til verden for å fordømme den, men for at verden skulle bli frelst ved ham. Og nettopp difor: Den som tror på ham, blir ikke dømt, men den som ikke tror, er allerede dømt.

Det heilt avgjerande er faktisk  korleis mennesket stiller seg til Jesus Messias. Så uforståeleg, så påståeleg. Men han seier at han er Lyset som er kommet til verden, og menneskene valgte mørket fram for lyset.

Jesus fører mennesket til møte med seg sjølv, gjer at vi møter oss sjølve. Han utfordrar og pro-voserer, fram-kallar, vår instinktive trang til å skjule oss, til å leve bak Guds rygg.  Ja, bak ryggen på kvarandre, bak ryggen på sanninga.

Vegen til gleda, brør og systre, den ligg i å handle som sannheten byr… å komme fram i lyset. Ljoset dømer og avslører, men det leger også, for det lar oss også sjå det som er godt, det som gir liv: At alt er oppgjort, at alt er overvunne, at vegane til Gud er opna, at vi kan reisast opp frå vår fornedring, vår løgn, vår fortviling – ved å sjå opp på Slangen i ørkenen, opp på Jesus på krossen, sjå opp på han i hostien og i kalken, sjå på den sigrande Menneskesonen, han som er sterkare enn alt som vil knuse oss, kue oss og forkaste oss.

Brør og systre! Det norske mennesket treng å sjå djupare inn i realitetane, kva som kan true oss og kva som til sjuande og sist kan hjelpe oss. Veldige krefter kjempar om oss, eksistensen vår er eit evig drama, ikkje berre ein jordisk karriere. Frelsa – det er det som grip heilt inn i denne eksistensen, dette dramaet, og lyfter oss ut av destruksjonen.  Glede – det er å skjøne at dette er noko vi verkeleg kan få del i; at det er denne frelsa vi feirar og forkynner nettopp i messa.  Her er livet, her er legdomen, her er Jesus!

Bror og syster! Alt kan synast tapt, forbrote, umogeleg, slik templet, sjølve nærveret av Gud og det gode, var øydelagd og borte for Israel; ja, folket sjølv var fordrive og utan von. Då handlar og talar Gud gjennom kong Kyros, slik han talar til oss i dagens lektie (2  Krøn 36,14-23),  og kallar oss heim frå det vonlause og destruktive og fortapte  og seier:

Nå kan dere dra tilbake!

No byrjar vi på nytt!

 

20
Mar
12

nota bene: Ateistkvoten

Fyrst publisert i Signert-spalten, Klassekampen, laurdag 17/3-12…

Det ville undre meg om ikkje ei sosiologisk gransking stadfester mitt allmenne inntrykk: At leiarsjiktet i det norske samfunnet er overvegande ateistisk, eller noko som liknar. I akademia, i media og i forfattarlauget er det sjeldan å sjå nokon presentere seg som truande. På toppen i næringslivet verkar også trua nokså fråverande.  Eg tenkjer ikkje på privatiserte, personlege tankar og haldningar, men på offentleg, vedkjend tru og praksis.

Sannsynlegvis avspeglar dette noko av trua si stilling i samfunnet som heilskap; toppateismen ligg nok likevel i overkant av den folkelege.

Tru eller vantru – det bør sjølsagt vere fritt val. Men det er ikkje bra dersom vi har å gjere med politiske og kulturelle disiplineringsmekanismar. Det hender at universitetsfolk blir truande, til og med katolikkar, og det er forstemmande å høyre om korleis stemninga på lunsjrommet og i kollegagruppa vender seg frå den eine dagen til den neste, når ein elles respektert og verdsett akademikar nesten blir idioterklært fordi han eller ho røpar si tru.

Men har vi ikkje fått ei opnare haldning til religion dei siste åra? Jau. Tydeleg trusutøvig – ikkje minst takka vere islams nærvere og aukande katolsk innvandring – er i dag ein markert del av samfunnsbiletet, og religion er utan tvil tematisert langt hyppigare enn før. Samtidig har dette skapt sterkare brytingar og skjerpa frontane både i debatten og i dagleglivet. Richard Dawkins og hans nyateistiske misjonærar har også vind i segla. Så lenge ikkje den eine av partane prøver å presse den andre heilt ut av banen, er det berre bra at vi har fått ei friare og tøffare offentleg stemning.

Mi røynsle er at vi også har å gjere med ein generasjonsskilnad. Ingen grunn til å undre seg over at mange unge har lite tilhøve til religiøs tru; den generelle sekulariseringa saman med fjerninga av regulær kristendomsundervising i skulen kan sjølsagt merkast. Men det er òg i denne gruppa det er størst og mest fordomsfri interesse for det som har med tru å gjere. Etter mange vitjingar i den vidaregåande skulen og jamn kontakt med elevar og studentar, konstaterer eg dette – og har på same tid ingen vanskar med å førestelle meg at ei vitjing på lærarrommet ville gitt eit anna inntrykk. I det heile synest aldesrsgruppa lat oss seie mellom 40 og 75 år, å vere den som er mest etablert i sin sekularisme og og minst open for gudstru og religiøs livstolking. Dei har funne si form og er stort sett å rekne for ein ”lost” generasjon, sett frå trua sin synsstad. Unntaka lyser opp.

Det er difor eit godt stykke att før aktiv tru er normalisert og likestilt i det norske samfunnet. Dette til trass for den anakronistiske statskyrkjeordninga. Ho gjev ikkje nett det store religiøse kicket, og er etterkvart mest ei innretning som ein medvite opprettheld for å halde trua og religionen i sjakk. Nominell kyrkjemedlemskap er èin ting, men kor lett ville det vere for ein person i leiarsjiktet, til dømes ein redaktør i ei av dei viktige avisene, å stå fram som ein aktiv truande? Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg ramaskriket som ville reise seg og innvendingane om at ein ikkje kan representere ei ”særgruppe”. Å kalle seg ateist har langt mindre kostnader og blir ofte teke som noko sjølsagt og allment. Med dei opne haldningane fylgjer det ofte ein uskriven prislapp: -Interessant at du er truande, men hugs alltid at du eigentleg er urein og bør vere takksam for vår generøsitet.

Religiøs framandgjering er kanskje endå gangbart i Noreg, men det er ikkje representativt for det internasjonale samfunnet, og er eit handikapp når ein skal forstå den verda vi faktisk lever i.

Vi treng ateistar. Men ikkje overalt.

 

 

 

 

 

 

17
Mar
12

officium: laurdag, 3. vike i faste, frå ei preike av den hl Gregor av Nazianz om kjærleiken til dei fattige (matutin)

«Å gjere vel skal vere fest, ikkje sorg».

Den gåva du gjev til den fattige, skal ikkje vere tvungen, nedlatande og sur, meiner den hl Gregor. Som om  du er den sterke som skal etterprøve og godta den fattige. Å tale om  «verdige trengende» er småborgarleg prosedyre.

I den fattige kjem Den fattige til oss og ser om du har Faderens storsinn. Også du har motteke alt av hans hand. Meir enn du fattar.

17
Mar
12

officium: fredag, 3. vike i faste, frå pave Gregor den stores bok «Moralia over Jobs bok» (matutin)

«Jesu blod talar sterkare enn Abels, for Abels blod bad om brodermordarens død, medan Herrens blod skaffar liv til forfylgjaren».

St Gregor tek opp det gamle motivet frå 1 Mosebok (4) og Hebrearbrevet (12,24)om Abels blod som ropa til Gud frå jorda. Ropet om uretten. Den himmelropande uretten. Jesu blod som ropar frå Golgata. Og frå messa, frå altaret, frå kalken, lyft opp for  Guds åsyn.

Ropet om Jesu rettferd. For oss. Himmelropande rettferd!

 

15
Mar
12

officium: torsdag, 3. vike i faste, frå tertullians bok om bøna (matutin)

«Berre bøn kan overmanna Gud…»

Overmanne Gud? Vi er så vane med å snakke i fromme klisjear om Gud og bøna, at ei slik formulering sjokkerer oss. Men Gud vil bli tatt på alvor, Gud vil bli tatt på ordet, Gud vil vere noko for oss, Gud vil at vi skal ha bruk for han, Gud vil bli overtala, slik den kananeiske kvinna overtala Jesus (Matt 15,22ff). Ja, Gud vil bli kjempa med, slik han kjempa med patriarken Jakob, som sa: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg» (1 Mos 32,26). Han overmanna Gud.

Det kosta Jakob ei skada hofteskål og Gud ei velsigning. Men begge tenkte nok: Det var verdt det.

14
Mar
12

officium: onsdag, 3. vike i faste, frå den hl Teofilos av antiokias (169 >) bøker til autolykos (matutin)

«Dersom du seier til meg: «Vis meg din Gud», då svarar eg: «Vis meg fyrst kva slags menneske du er, og deretter skal eg visa deg min Gud'».

Berre det menneske som lever ope og søkjer eit heilagt liv, kan sjå Gud. Som Herren seier i Bergpreika: «Sæle er dei reine av hjarta. Dei skal sjå Gud».  Sjøl her i den forgjengelege verda kan vi erfare Guds nærvere, som ei henvending til oss, i bøna. Denne røynsla skal fullendast i Guds rike.  Men vi må søkje Gud eintydig. Då vil alle motkreftene melde seg og vi må fornye og samle merksemda vår. Synda forvirrar, distraherer og blindar oss.

Det reine hjarta, det reine indre blikket – det er det som eintydig orienterer seg mot Gud.

14
Mar
12

carpe diem: Eg ve te Bergen av og til, og er der no…

Natt i Bergen. Eg traff Eirik S, Eirik F, Ståle og Peder – gamle vener – etter Katolsk Forum (der eg har halde foredrag) og etter at dei har hatt sin vikentlege kvelds-fotballmatch. Ein rask prat på puben – og så rusla eg ut til Nikolaikirke-allmenning saman med Eirik og sa ha det og rusla heim til St Paul i Nygårdsgata.

Korte avstandar i denne tette mellomalderbyen. God til å gå til fots i.

Regn. Mildt. Grønt. Bergen. Ikkje styrtregn eller sipregn,  men eit lett støvaktig regn som får skiferplatene på plassen ved Den blå steinen til å blenkje. Regn og reint.

Grønt i parkane og rundt Lille-Lungeren. Grønt, kjennest det ut, vestover mot Sotra, Askøy og Øygarden, der det grøne går over i brun lyng ut mot dei ytste svaberga.

Kom i går, tala på eit studentmøte på Det akademiske kvarter, ei lita gruppe i eit rom som kallast Stillheten, 4. etasje. Bur i St Paul og konselebrerte messa der i kveld, før Katolsk Forum. Tildlegare på dag var eg i ein skuleklasse på Bergen Handelsgym. Opne, interesserte ungdomar. Lett samtale. Imponerande fordomsfrie.

Nokre avtalar i morgon, etter fromessa, så toget til Oslo kl 1558.  Tog = kvile, tenkje, lese, be.

13
Mar
12

officium: tysdag, 3. vike i faste, frå ei preike av den hl Peter krysologos, biskop av Ravenna (380- ca 450) (matutin)

«Bøn, miskunn og faste er vår einaste talsmannn for Gud, det er det einaste som talar vår sak, dei er vår eine, trefaldige forsvarstale».

Sjølsagt ikkje i staden for Kristus og Den heilage ande, men som den tilstand eller det sinnelag vi kan stige fram for Gud med. Bøn, faste og miskunn høyrer saman, seier den hl Peter Krysologos. Berre den som viser miskunn mot andre, kan forvente miskunn frå Gud, seier Herren. Miskunn rosar seg mot domen, seier apostelen Jakob.

Det miskunnsame menneske er det audmjuke menneske, fordi miskunn spring ut av å ha møtt miskunn, å ha motteke nåde.

13
Mar
12

officium: måndag, 3. vike i faste, frå ein homilie av den hl Basilios om audmykt (matutin)

«Å rosa seg av Gud på fullkomen og fullstendig vis er altså dette: aldri å framheva si eiga rettferd, men å erkjenna at vi sjølve manglar sann rettferd, og at vi er rettferdiggjorde åleine ved trua på Kristus. Også Paulus rosar seg av å forakta si eiga rettferd og i staden søkja den rettferda som kjem gjennom Kristus, den rettferda som kjem frå Gud gjennom Kristus»

Dette er altså ikkje skrive av Luther, men av ein av dei kappadokiske kyrkjefedrene på 3- 400-talet. Noko som skulle få oss til å skjøne at læra om nåden og trua ikkje var noko som dukka opp att 1500 år etter Kristus og apostlane. Det er inga motsetning mellom nåden og det kristne livet. Gud verkar i oss og med oss.

Alt er nåde.

09
Mar
12

officium: fredag, 2. vike i faste, frå den hl Ireneus» «Mot vranglærarane» (matutin)

«Dette var ei herleggjering av mennesket, for det gav han [adam/mennesket] det han mangla, nemleg venskap med Gud».

«Dette»? At Gud lærte mennesket sine bod og si rettferd – heilt fram til kunnskapen om Kristus og møtet med han. Målet for Guds openberring og inngrep i historia for å frelse oss, har venskapen mellom Gud og mennesket som mål. Kor lett tenkjer vi ikkje at Gud eigentleg ikkje bryr seg om oss; han vil berre få oss på plass og «redde oss», som eit anna prosjekt, og helst kue oss og halde oss nede. Vi er skeptiske til Gud, og Gud til oss – det er grodd inn vår religiøse kultur som ein arv frå ytterleggåande protestantisme og nominalistisk filosofi; med Gud som ein fjern og uberekneleg majestet.

Venskap mellom oss og Gud. Smak på det, og kjenn at det varmar og at du veks som menneske.

09
Mar
12

officium: torsdag, 2.vike i faste, frå kommentar til sal 128, av den hl Hilarius, biskop av Poitiers (ca 350) (matutin)

«Det fins vegar i lova, det fins vegar i profetane, vegar i evangeliet, vegar  også hos apostlene, vegar også i å handla etter boda, og sæle er dei som i gudsfrykt ferdast på dei».

St Hilarius vil lære dei truande vegen til sann gudsfrykt – som ikkje er skrekk og redsle, men kjærleik. Redsle for alskens fårer treng vi ikkje å lære, seier han, det er nedlagt i vår natur. Men gudsfrykt må vi «lære», tileigne oss som ei gåve og ei dygd. Ved å fylgje mange vegar og gå gjennom mange fasar i Guds pedagogikk. Heile Skrifta er eit stort landskap å ferdast gjennom for å kome til målet: Den respektfulle kjærleiken og nærleiken til Gud.

08
Mar
12

officium: onsdag, 2. vike i faste, grå den hl Ireneus» «Mot vranglærarane» (matutin)

«For dei han hadde hugnad i, drog han, som ein arkitekt, opp eit omriss av frelsa».

St Ireneus framsteller frelseshistoria som Guds pedagogiske førbuing av Den nye pakta og Jesu Kristi kome. Han er ein stor bibelteolog. Den bibelske historia er ikkje ein kaotisk masse med hendingar og tekster; det er ein plan, ei skisse, eit prosjekt, ei arbeidsteikning – slik at Guds-folket kunne bli oppseda og førebudd til Kristus-hendinga. Og slik at vi kan «sjå teikninga»; dei store linene, meninga og målet med det som Gud har gjort og skal gjere for verda si frelse.

Du og eg er også innteikna der.

08
Mar
12

carpe diem: Gåsa og katten…

… dro, som kjent/i fylgje Jakob Sande, til messa i Lund. Og i dag er eg på veg til same stad samen med Ivar (Bjørnsen), postulant i dominikanarordenen, for at han skal bli kjend med brørne i Skandinavia (Dacia). VI tok ut med bil frå Oslo i dag tidleg, i vintervêr med slapseføre på motorvegane. Men det har gått bra, så langt. Eit par pausar undervegs; no like før innspurt til Lund, ti minutt unna. Så langt sør er det berre litt snø att, men det nokså surt og kjøleg. Skal vere i Lund til sundag og så retur til Oslo. Laurdags kveld skal eg tale til dei katolske utlandsstudentane her; brørne i klosteret vårt i Sandgatan driv studentarbeid. Og har også ansvar for katolske St Thomas församling i Lund. Reknar også med å treffe kjende, som td norske teologistudent Ann Jeanette Søndbø; ho studerer patristikk (kyrkjefedrene) ved Lunds universitet.

Vi har fylt opp tanken, fylt på spylarveske (går mykje av det på slikt føre), tar ein kaffi – og hiv oss på gratis nett/wifi på 7Elleven – butikken her.  Vel: Lund neste!

06
Mar
12

officium: Tysdag, 2. vike i faste, frå «kommentar til salmane» av den hl Augustin (matutin)

«For då han nagla vår veikskap til krossen – for apostelen seier jo at «vårt gamle menneske er nagla til krossen med han» – var det med røysta til vårt gamle menneske han ropte: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?».

For Augustin omfattar den oppstadne Jesus alltid oss, kyrkja; hovudet høyrer saman med kroppen.  Dette syner at Jesu bøn held fram – for kyrkja her i verda, i alle sine prøvingar, har alltid grunn til å rope til Gud i si djupe naud.

Kristus bed i oss. Men hugs òg: Du bed i han. Difor: Ditt rop er hans, hans rop er ditt.




kategoriar