Arkiv for september 2008

30
Sep
08

nota bene: Ja til soknepresten, nei til bygderasismen!

Utruleg, men sant, altså: Norske bygdefolk og kyrkjelydslemer nektar å bruke ein svart prest til gravferder og dessuten mobbar dei han i dagleglivet. I trauste Oppdal. Prost og biskop går god for boikotten – og kollegaer steppar inn for å kome rasistane i møte. Jøje meg.

For dette er norsk folke- og bygdrasisme og kan ikkje bortforklårast. Vi har sett det lenge, i stadig større motstand mot asylantar og innvadrarar; mot alle som vil truge vår sjølvtrygge velstand, ein velstand som i høg grad er basert på røveri av andre folks resursar. Er det nokon som innvaderer verda og skaparverket med sin breiale livsstil, så er det styrtrike Ola og Kari.

For ein katolikk er det sjølvsagt heilt uforståeleg. Eg tilhøyrer ei kyrkje der ein prest av same nasjonalitet som eg sjølv heller er unntaket enn regelen. Ulike hudfargar og språk-aksentar er daglegdags. Verda over ser ein at kyrkja er universell, eit folk av alle folkeslag.

Norsk framandskepsis er i ferd med å bli uapetitteleg nok i seg sjølv. Når også kyrkja blir ei ’nasjonal’ greie og eit statleg serviceorgan for ’etniske’ nordmenn – då bør alarmen gå!

Reklame
30
Sep
08

officium: Tysdag, vike 2, Fil 1, 26-2,11 (matutin)

”Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære” (v.3)

Her råkar Paulus noko som sit djupt i oss alle. Kynismen i denne verda går ut frå at ei viss sjølvhevding er nyttig for å få fart og framdrift i samfunnet.

Sant nok; mennesket gjer mykje godt også når motiva og drivkrafta er mindre gode. Alt godt kjem frå Gud og ber hans velsigning og kraft i seg. Det gode er utsett og truga heile tida – men det er ikkje lett å utslette; det skyt opp som løvetann gjennom asfalten.

Likevel er det fårleg å ikkje stagge den dårlege drivkrafta for menneskelege handlingar. Utemma sjølvhevding er destruktivt. Den kristne etikken verdset sjølvkontroll og audmjuk framferd. Vi veit at fokuset skal vere på Den andre. Denne grunnhaldninga har djupt prega vår kultur.

Kva hender med oss og med samfunnet når dette blir borte? Når den rå egoismen slepp ut av buret?

29
Sep
08

carpe diem: Mikkjels-messe

Før dagen dalar, minner eg om at det er festen for erkeenglane, Mikael, Gabriel og Rafael, i dag! Mikkjels-messe. Ja- der er ei usynleg verd, den himmelske verda; Gud har skapt «alle synlege og usynlege ting» (Nicenum); «himmel og jord»! Det er det kanskje lenge sidan du tenkte over?
Det finst visst «supermakter» i verda, men Guds verdsstyre reknar med mektigare instansar. Dei vert kalla troner, herrdøme, fyrstar, makter, erkeenglar, englar og tenande ånder.

Presidentar kjem og går. Men verda ligg i høgre hender. Hugs det.

29
Sep
08

officium: Måndag, vike 2, Filipparane 1, 12-26 (matutin)

”For meg er livet Kristus og døden ei vinning” (v.23)

Paulus er fange i Roma. Der endar han sine dagar. Halshogd. Vel vitande om kva som ventar, seier han: ”For meg er livet Kristus og døden ei vinning”. Dette er den kristne trua, den apostoliske trua i all sin opphavlege spenst. Den fullstendige identifikasjonen med Kristus – i røynsla av sjukdom, død og liding; i den sakramentale, kroppslege samansmeltinga i dåpen og i evkaristien; i bøna og mystikkens løyndomsfulle møte; i den apostoliske lydnaden over ”sjø og land” i Kristi ærend. Når det er slik, blir døden ein overgang.

Paulus; svimeslått av Herren på vegen til Damaskus. Blinda av ljoset for å kunne sjå alle ting på ein ny måte i Kristi ljos. I denne apostoliske ”ørska” lever han vidare, ”ravar” han gjennom verda med berre eit siktemål: Å gjere Jesus Kristus kjend for folkeslaga.

Fordi han er Alfa og Omega. Den alt avgjerande for alle.

28
Sep
08

carpe diem: Ny blogg-look!

Hi folks! Som alle ser, prøver eg meg fram med litt anna style for bloggen; nokre har ynskt seg noko meir lesevenleg enn kvitt mot svart, så her er ein ny vri. NB: Biltetet bak overskrifta er utsnitt frå eit av måleria til far min (Kåre Haram). Det var dette eg hadde tigjengeleg på harddisken i dag, men seinare vil det skifte; nokre abstrakte (passar best her) og andre meir figurative…

Eg må då presentere min god ven, Dag Tofteng, www.tofteng.no, proff gitarist og også god på data; han har hjelpt meg med noko av det tekniske her. Så no sit eg på kjøkkenet til han og kona, Siri, etter messa i St Dominikus, der dei begge går trufast og også syng i ein liten schola (kor) under messene. Etter nettopp å ha feira rund fødselsdag , må eg berre seie: Nest etter Gud er vener den største av gåvene i livet! Deo gratias!

28
Sep
08

homiletica: Preike, St. Dominikus krk, 27.09.08.

26. SUNDAG. I ÅRET- 08; MATT 21,28-32

Brør og systre!
I evangeliet i dag talar Jesus inn i ein samanheng der han vil kalle det gamaltestamentlege gudsfolket, Israel, til ettertanke; han vil vekkje dei opp til å ta mot sin Messias. Leirarane i hans eige folk tok ikkje i mot han; medan mange av ”dei stille i landet”, mange av dei fattige, mange syndarar og mange sjuke trudde på han. Og etterkvart: Dei framande folkeslaga, heidningane, skulle kome til å opne seg for hans evangelium i store skarar..

Men det ligg også ein meir universell bodskap i Jesu ord i dag:

Han går i rette med alle dei som tar sitt forhold til Gud for gitt og tenkjer at det er nok dersom formalitetane er i orden. Det det gjeld om, er aktivt å vende seg til Gud og svare på hans kall!

Tida for reint ’nominell’ kristendom er over. Frå keisar Konstantins tid på 400-talet, då kristendomen vart statsreligion, blei det om å gjere alt alle var med i den ytre folden – for ein kvar pris.

Men trua er ikkje eit flokk-fenomen; ’trua er ikkje kvar manns sak’, seier apostelen (2. Tess 3,2). Det vil seie at trua ikkje berre kan vere eit munnhell, ein formalitet, men noko du må ville, noko du må stå for, saman med heile kyrkja, saman med dine medtruande. Trua er noko du må ta ansvar for og ta stilling til som eit vakse menneske.

Paradoksalt nok, må du nettopp bli som eit barn for å gjere dette; du må oppgi mykje av din ’stolthet’ både for Gud og menneske. Du må vedkjenne trua saman med alle dei andre, innrette deg i kyrkja sin fellesskap og ta mot hennar rettliing, bli ein vanleg, katolsk, kristen.

Kyrkja er eit folk som ikkje er basert på automatikk; ho er ikkje basert på rase eller nasjonalitet. Ho sprengjer dei rammene som ofte synest å fange oss i eit mønster vi aldri kan kome ut av; som i eit gamalt, inngrodd bygdesamfunn eller eit nabolag i byen for den del – alle er låst fast i sine rammer, er du slik eller slik, så er du ’håplaus’, du blir ein fange i ditt eige liv, i den rolla som er pålagt deg.

Kyrkja består av dei som vågar å bryte ut av alle falske forventingar, og idag ikkje minst: vågar å bryte ut av det sekulære konformitetspresset!

Kyrkja består av dei som vågar å angre, å skrifte, å begynne på nytt! ”Senere angret han og gikk!”, stod det.

Din sosiale status, din velstand, din posisjon, di kyrkjelege stilling, dine merittar – ingen ting av dette er avgjerande. I framtida vil kristne menneske ha svært ulik bakgrunn og ha eit svært brokete livsmønster. Det dei har felles, er: Dei har innsett at dei har ingen ting å tape i denne verda, men alt å vinne i Guds rike; dei er kanskje blitt merka av livet, dei har vakna opp og innsett kva som er viktig, at:

”Å leva, det er i livet/å vinna det største verd// Å leva, det er å vinna/til sanning i all si ferd:”
-sanninga om tida og om æva,
-sanninga om seg sjølv,
-sanninga om andre; at vi alle er syndarar som kan bli Guds born.

Dei har sett at fortida ikkje er så viktig; om ein har vore lenge borte frå trua, borte frå Gud: No kan det forandrast! ”Glem min ungdoms synder”, høyrde vi i Salmen. ”Eg gløymer det som ligg bak og strekkjer meg ut etter det som er framanfor”, seier Paulus (Fil 3).

Bror og syster! Spørsmålet er kva du svarar på Guds kall i dag. Har du noko å angre; ei alvorleg synd, ei dødssynd? Eller ei ussel vanesynd, småting som har låst seg fast og som hindrar krafta og gleda i livet ditt? Også ein liten stein i skoen kan gjere det umuleg å gå til slutt.

Mange idag har vanskar med å tru. Men skal tru om ikkje den største vansken er å angre, å innrømme at eg treng ein ny start? Kanskje det aller vansklegaste er å seie som det står i den gamle åndelege skillingsvisa:

”Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn/det får koste hva det vil/men jeg må hjem til himmelen!»

27
Sep
08

officium…

Lurdag, vike 1, Esekiel 47 (matutin)

””Han sa til meg: ’Har du sett det, menneske?’ ” (v. 6)

Profetar er sjåarar, og på Esekiels tid i profethistoria fekk synene stadig meir preg av å vere visjonar inn i framtida, ja, inn i dei siste tidene, inn i den ævelege og usynlege verda.

Utan syner visnar mennesket. Nettopp dei profetiske religionane har gjeve oss eit medvit om å sjå framover, om å sjå ei annleis og fornya framtid. Der dette blir borte, endrar heile kulturen seg. Dei menneskelege og naturlege visjonane er djupast sett avhengige av dei guddomlege synene. Tida heng over kanten på det ævelege og hentar ljoset sitt derfrå. Kva er mennesket? Kva er målet med samfunnet og kulturen? Kva er meininga med universet? Med meg?

Dersom innsikta i Guds tankar turkar ut, blir livet blinda.

Alle menneske skulle vere sjåarar. Der er ein stor plan for alt som er.

–Har du sett det, menneske?

27
Sep
08

takk!….

til alle som både her på bloggen (i kommentarane) og elles har kome med helsing og gratulasjonar i høve fødselsdagen den 25.september! Takk for gode ord og tankar! Takk, ikkje minst, til dei som skipa til seminaret laurdag den 20., med føredrag av Asbjørn Aarnes, sr Anne Bente Hadland OP og Liv Bliksrud! Takk også for skriftet dei redigerte og takk til alle som har skrive der! Det var heilt uventa.. Som alt det beste i livet… Takk til alle!

Dykkar fr Arnfinn Andreas

25
Sep
08

officium…

Torsdag, vike 1, Esekiel 37, 15-28 (matutin)

”Og alle skal dei ha ein og same hyrdingen” (v. 24)

Israel var kløyvt i to og dessutan spreidd ut i folkeslaga i eksil. Men for Gud er det eitt folk og hans frelse omfatta samlinga og sameininga. Under ein konge, ein hyrding – den messianske fyrsten, Davids etterfylgar.

Gud vil einskap, fordi han er èin Gud. Mangfald vert harmoni og ikkje ufred når einskapen vert ivareteken. Den universelle einskapstanken som sit så djupt i vår kultur, er nøye knytt til dei monoteistiske religionane. Alt i dei peikar fram mot Den gode hyrdingen, frelsarkongen Jesus Messias. Han er den verkelege vegen til sann einskap i verda. Også den katolske kyrkja er eit teikn på einskapen; på Guds einskap og på einskapen mellom menneske.

Og det einskilde mennesket er ein einskap, ein integritet; kropp, sjel og ånd, samla og retta mot Gud i Kristus.

”Einskap” – det er å seie ”kjærleik” på ein annan måte. Målet med alt som er.

24
Sep
08

officium…

Onsdag, vike , Esekiel 37 (matutin)

”… de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren” (v. 6)

Profeten ser dei daude beina i dalen få sener og kjøt; han talar profetisk og livsanden kjem frå dei fire verdshjørna – og mennesket reiser seg, nyskapt.

Dette er sjølve teiknet på at mennesket er levande: At det sannar at Gud er Herren. Det levande mennesket er ikkje berre rørsle, tankar, vilje, kjensler. Det levande mennesket sannar – det vil seie: innser og utseier – at det har ein Skapar. Det du opnar munnen din for å seie, det formar livet ditt, fordi det uttrykkjer det du er. Menneske som ikkje seier: credo (eg trur)!, stengjer seg ute frå sjølve kjelda til liv for kropp og for sjel; blir turre bein. Og kulturen blir ein dal med turre bein.

Det er typisk for korleis mange tenkjer at sjølve trusvedkjenninga er uviktig. Trua blir berre moral.

Men mennesket kjem til seg sjølv når det vågar å seie : ”Min Herre og min Gud!”

23
Sep
08

discursus…

…og her er føredraget frå seminaret sist laurdag (lansering av eit skrift i høve fødselsdagen); prega av at det skullel vere ei muntleg form. Innhaldet vil nok verke kjent – for «bestillinga» var ei oppsummering av det eg lenge har meint er viktig for tida – og framtida…

LANSERINGSSEMINARET, 20/9 -08. ST DOM.:”NOVA DICERE NOVO MODO”

1. Nyformulering av posisjonane:

Kjære vener! For å skræme litt liv i leiren på slutten av ein lang føredragsdag og for å antyde kva slags mental profil eg passerer denne milepelen med, vil eg velje som moto for det eg no seier, eit motto frå ein med-dominikanar, ein med-frater, mottoet til frater Girolamo Savonarola: ”Nova dicere novo modo”; Å seie nye ting på ein ny måte-.

Dert dreiar seg sjølsagt ikkje om å forkynne nye sanningar; openberringa er avslutta, depositum fidei (trusskatten) er definert. Det dreiar seg om den ”trua som éin gong for alle er overgjeven til dei truande” (Judas brev). ’Novo dicere novo modo’ vil heller seie at dei gitte sanningane må bli som nye, som om dei blir giitt på ny!. Det dreiar seg om underkommuniserte sanningar, om ein annan måte å tillempe/å anvende trussanningane på.

Det handlar om (for det fyrste): Novo MODO: Vi må gjere trua gjeldande, tale (dicere), med større frimod! På offensiven, i forkjøpet. For lenge har sekulær/sekularistisk tennkjing sett dagsordennen, sett agendaen, gitt tonen. Teologiske ytringar, teologalt språk har fått lov å pipe frå skammekroken. No vil vi vere med å sette premissane. Ingen er tent med kujoneringa, med teologiens servilitet. Tonen må bli ”frekkare” og lystigare. For å seie det med Torbjørn Egners Lofitvise og Lofot-torsk: ”Nå er jeg selv blitt stor og slem/nå er det meg som spiser dem”. Berre tenk på Jesus; han kunne seie om Herodes: ”Den reven…” Og Paulus –som rett nok angra pliktskuldigst, men neppe eigentleg, då han snakka til øvstepresten: ”Gud skal slå deg, din kalka vegg”: (ikkje at vi skal eksellere i skjellsord og rølp; berre ha litt bedre trøkk og humør på teologien og trua sine vegner. See?)

Eg er heller ikkje ute etter maktspråk og truslar av reint verdsleg karakter. Ingen veg tilbake til kristen/katolsk dominans av samfunnet, for all del! Men vi treng å finne tilbake til ei indre makt i orda; at vi talar md ”exousia” og ikkje som dei vanlege skriftlærde av alle fag og disiplinar. Tenk på at han som stod på ein fjellskrent i Gallilea med tolv unge , men forhutla menn, sa: ”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda”(Matt 28, 18-20)! Motet til å vere liten og å vere myndig på same tid – det er det eg etterlyser. See?

Så langt om måten /om modus; men det handlar altså og mest om innhaldet; NOVA dicere. Eg vil, teolgisk, nyformulere fylgjande:

2. Nyformulering av civitas/polis:

Teologien, talen om Gud, Guds ting, føregår i eit offentleg rom, i polis, i civitas; både i kyrkja og i storsamfunnet. Difor må vi tenkje nytt, snakke nytt, nova dicere, også om det politiske, om polis/civitas. ’Politikk’ er jo læra om livet i ’polis’, i byen..
Då plederer eg for eit farvel til einskapskulturen – i alle variantar. Det er ikkje lenger muleg å rekne med eit tett samanfall mellom ein verdifellesskap og eit geografisk område, som ein nasjon. Verda er i demografisk endring, folk flyttar, folkeslaga vandrar, grenser er ikkje grenser lenger. Nasjonen er ikkje den viktigaste verdi-fellesskapen, vil eg seie. Alt har si tid – også nasjonalstaten og einskapskulturen. Nasjonen vil sjølsagt framleis spele ei rolle, også verdimessig, men ikkje med den same, nesten religiøse devosjonen som før.

Innan landegrensene bør ein i midre grad strebe etter å konstruere, for ikkje å seie re-konstruere ein einskapskultur, som å utvikle og berike det sivile samfunnet. Meir og meir vil vi våge å erkjenne og utvikle det vi alt ser og lever: At vi referer oss, verdimessig, til underkulturar, til sub-kulturar, i storsamfunnet. Vi er kanskje norske på 17.mai – på ein diffus måte – men elles er vi kristne, katlolikkar, pinsevener, muslimar, jødar, humanetikarar, nynorskfolk, samar, sunnmøringar o s v..Vi treng å erkjenne at vi har og må ha mange ’samfunn i samfunnet’. Eg plederer ein meir kommunitaristisk polis, ein kommunitaristisk samfunnsmodell.

Ingen kan definere seg sjølv berre individualistisk, vi treng referanse til eit kollektiv; då blir det nasjonae for spinket for meg.

Dette inneber også at vi ikkje lnger må drøyme om at t d kristne verdiar, kristen etikk, skal kunne an-nammast av alle eller påtvingast alle. Kristen etikk for kristne menneske! Eit kristent liv som dåpsliv, utfrå Jesu bod, frå den apostoliske parenesen. (”NB: Også: Alt som er ære verdt..)- Kristen etikk er dåpsetikk, ein kyrkjeleg etikk. Sjølsagt skal ein ikkje nekte nokon å anta og etterleve kristen etikk; ”den som ikkje er mot oss, er med oss”, er logikken her. Ei slik haldning vil verke avslappande både på truande og ikkje-truande, i tydinga mindre på tuppa, midre tens, mindre pompøs..

Dette fører oss over til ei:

3. Nyformulering av ’det allmene’.

Teologien og trua må ta tilbake sin plass i ’det allmenne’. Lenge har ein tenkt at det er det sekulære som er det allmenne, det vanlege, det universelle, det alle har felles, det alle kan forså. Det er ei tilsniking og ei anmassing, syns eg. Det handlar om overtrua på at ein abstrakt, rasjonalistisk terminologi skal kunne erstatte dei spesifikke tradisjonane, særleg dei religiøse tradisjonane, og deira ”språk”. Det resulterer i eit språk for etikk og verdiar, for livstolking og ritual som blitr eit verkeleg ”Kanaans språk”, eit språk for eliten, eit akademisk språk eller eit departementalt/politisk språk, kort sagt eit meir keisamt språk, utan kraft til å formulere dei sterke tinga i menneskelivet. (jfr ”Syningsromet”).

Som eg var inne på i innleiinga: Både historisk og aktuelt/globalt er religiøs terminologi eit meir kjent og brukt kommunikasjons-språk enn dei nylaga, nøytrale ekspert-orda! (jfr ’etter vanleg tidsrekning’). Ord frå den religiøse tradisjonen har ein breiare og ’feitare’ apell enn rent filosofiske og ’nøytrale’ ord. Anten dei vekkjer motstand eller tilsutning. I samanlikning er den reint ”rasjonelle diskursen ”tørr og gørr”.

Sjølv ein intellektuell som Jürgen Habermas, sjølve vernehelgenen for den ’allemenne diskursen”, ”den offentlege samtalen”, har revcurdert sine posisjonar. Kanskje p g a dialogen med sin intellektuelle landsmann, Josef Ratzinger, alias pave Benedikt den XVI? Fyrst innrømer han det religiøse fenomenet si deltaking på den offentlege arenaen og i den offentlege samtalen – men då på vilkår av at det religiøse språket blir omsett til eit rasjonelt og NB ’allment’ språk. Senare har han gjort eit ’move’ og sagt at dei religiøse tradisjonane må sleppe til med sitt eige språk.

Det er nettopp mitt synspunkt: kvifor skal eg som truande, som beherskar eit stort språk som det kristne, bli nødt til å opptre med tolk eller omsetjar for å få lov å debattere på den felles arenaen, som om den høyrde til dei andre berre? Det er på tide å revurdere – å reformulere, re-dicere – den oppfatninga at ulike instansar skal kome ut av sine eigne språk-hus og opptre med eit slags kulturelt esperanto, administert av dei sekulære, for å kunne delta i samtalen. Heretter må vi alle lære oss ’dei andre’ sitt språk; prøve å setje oss inn, prøve å forstå… Det blir både utfordrande og lærerikt.

Meir og meir forstår eg, også utfrå mine studiar så langt av romantikken, at det som formar våre val –etisk, eksistensielt, humant – er meir enn teori og logikk og rasjonell argumentasjon. Det dreiar seg om eit totalt møte, eit totalt inntrykk, av ein omfattande konfrontasjon; estetisk, intellektuelt, moralsk. Det dreiar seg om å møte menneskelege eigenskapar, om autensitet og integritet.

(4. Nyformulering av ekumenikken:

Full einskap med dei ortodokse kyrkjene!
Støtte det som har ’Catholic bearing’ i andre konfesjonar.
Gjenoppdage tapte element i den katolske arven som gar vore meir aksentuerte i andre tradisjonar.: Hymnologi, Bibel, akademisk trening av presteskapet, forkynninga. )

5. Nyformulering av det kristne livet:

Eg meiner det kristne livet er blitt fortått altfor moralistisk, ja, moralsk. NB Det moralske/etske er med, og vil måtte formulerast tydlegare og fyndigare enn på lenge – men det må plantast ned att i sitt jordsmonn, må hentast tilbake til sitt miljø, sin ekologi: til fylden av det kristne, kyrkjelege livsmysteriet, tilbake til trua, tilbake til sin ’guddomelege natur’, som det heiter hos apostelen Peter (2 Pet). Det vil seie:

-Det må formulerast som eit politisk/sosialt liv. Som eit liv i polis; fyrst og fremst i kyrkja, som ein fellesskap som er grunna i eucharistien og som manifestere seg liturgisk og diakonalt. Vi må identifisere oss med den kristne felllesskapen, lokalt og universelt.

-Det må formulerast liturgisk; nøye knytt til det sosiale fordi offer og urett ikkje går saman. Jfr profetane sin kult-krititikk i GT. Ein reint ’åndeleg’ liturgi er ein falsk liturgi vil eg hevde. Jfr også Paulus’ evkaristiske undervisning til Korintarane om realspresens og agape, om den rette manifisteringa av Kristi kropp – og jfr Jakobs brev, om den fattige som vert sett på nederste plass i kultforsamlinga! ”Du kan stå der!”

-Det må formulerast mystisk. Alllereide Karl Rahner sa at dei kristne i den etterkristne tida vil vere mystikarar. Religion, kristendom, er fellesskap med Gud, er deltaking (koinonia) i Gud. Å vere kristen, å vere truande, vil vere meir enn ei overtyding, eit program, eit livssyn – det vil innbere erfaring/røynslen av Gud. Vi vil måtte strekkje oss mot han som kjem oss i møte. Ei slik erfaring er også det som kan gi vår tale om Gud, vår ord om Gud, ein ”smak”, ei tiltrekkjing, ein apell. Her trur eg erfaringane vil tilsvare lengten, ’suget’ etter Gud, som ei undersøkande, nysgjerriig haldning: -Kven er du? Lat meg få sjå deg, om så berre bakfrå. Og dette: Kristus er mitt liv. Identifikasjonen med han. Solidariteten med Kristus. ”For meg er livet Kristus..”. ”Jesus er mitt liv, min lagnad”. Elles om min medbror Per Bjørn Halvorsen sa, då han skjøna at det gjekk mot slutten og mange tankar melde seg: ’Det heile er jo umuleg. Men eg har avlagt mine lovnader, eg har lova truskap mot Kristus. Eg kan ikkje svikte han no.” Mystikk er, etter mitt syn, er også dette: Gud i vald! Eg trur ikkje han kjem og rører ved oss før vågar å seie det.

-Det må formulerast asketisk. Vi må gjenoppdage, reformulere, askesen – prioriteringa, øvinga, sjølvdisiplinen – som noko positivt, som noko ’instrumentalt’, ikkje som kropps- eller materiefornekting. Ein kristen er også ein som veit å begrense seg, som ikkje tek opp meir plass enn han er tiltenkt i forhold tll sine medskapningar. Askesen er eit oppgjer med det grenselause mennesket.
Det kristne menneske vil måtte gjere fundamentale val; dei som skjønar ”prisen”, vil finne skatten. Jfr mannen som investerte all sin eigdom for å kjøpe åkeren og finne perla!

Dette må levast, organiserast osv, men no må det ikkje minst SEIAST, ’dicere’!

Vi skal høyre på alt som kan høyrast; ikkje pastoral ”lytting”, forståingsfull og terapeutisk – den har si tid, men her dreiar det seg om ”grådig” lytting, interessert lytting, nysgjerrig lytting; våge å trigge og bli trigga.

Då treng vi det som vi song om i Laudes i dag tidleg; at Gud ”gjev meg kraft som ein villokse og salvar meg med den friskaste olje”.

Og når eg ser framover meir enn bakover på ein slik dag, når eg tenkjer på mitt eige liv, må eg også seie med den same salmen:

’Herren er mi klippe, han sviktar ikkje!

23
Sep
08

officium…

Tysdag, vike 1, Esekiel 36, 16-38 (matutin)

” Så seier Herren Gud: ’Den dagen eg reinsar dykk for alle syndenen dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og det som ligg i røys skal byggjast opp att’ ” (v. 33)

Vi er vane med å setje det sosiale og politiske opp mot det personlege og menneskelege. I Bibelen høyrer det nøye saman. Fornyinga av mennesket verkar inn på fornyinga av samfunnet, ja, av heile røyndomen. Når mennesket vender om, fører det òg til at ”jord som har lege brakk, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei audn for alle som fær framom” (v.34).

Mennesket skada av synda er ei påkjenning for heile skaparverket. Skuld, forbitring, fiendskap og hat mot Gud og menneske, overmot og utøyla lidenskapar – det forgiftar livet rundt oss. Blir ein sjukdom som spreier seg til våre medskapningar.

Mennneskehjartet er også hjartet i ”økologien”. Og byen, ”polis” (gresk) vert broten ned dersom mennesket vert brote ned. Den som gjenreiser mennesket, gjenreiser samfunnet.

23
Sep
08

carpe diem…

MARIAHOLM

Er Oslo katolske bispedømes (OKB) konferanse- og leirstad, i Spydeberg, på vestsida av Øyern, som eigentleg er ei stor utviding av Glomma på veg mot sin os i Fredrikstad. Her på Mariaholm er eg no, på det årlege prestemøtet for bispedømet. Her er det både ’vanlege’ kyrkjelydsprestar (’sekular-prestar’, så kalla fordi dei ikkje er i kloster- eller ordenslivet, men ’i verda’, ’sæculum’ ) og prestar som tilhøyrer kloster- og ordenslivet. Sjølsagt er biskopen, biskop Bernt (Eidsvig) med. Eg skal fortelje litt meir etterkvart.

I alle fall kom eg hit i går kveld – etter retur frå Stavanger fredag kveld, I helga var det ein del stasj i samband med ein fødselsdag for meg sjølv denne vika. Vener av meg hadde lagt opp til feiring med semibar på klosteret og ein liten fest laurdagskvelden. Til seminaret var det påmeldt 50-60 personar og dei fekk høyre føredrag av professor Asbjørn Aarnes (om diktaren Olav Nygards poesi), av sr. Anne Bente Hadland OP (Om katolsk sosial-lære), av professor Liv Bliksrud (om Sigrid Undsets polemikk mot ”rasehygiene”). Som siste føredragshaldar var eg sjølv beordra. Eg legg ut teksten her på bloggen snart.

Det heile var ”fole kjekt” som det heiter på sunnmørsk! Takk til initiativtakarar og vener. I love you!

No har vi nettopp sunge vesper i kapellet her på Mariaholm. Ein solfylt septemberdag går inn inn skuggane. Eg sit på rommet mitt med utsyn over innsjøen; den stille vassflata rett nedanfor; skog og opne jorder, endå opplyste av kveldsola på den andre sida. Trøgstad. Trygt og austfoldsk. Eit sabbats-landskap.

Så alt dette er forklåringa på kvifor bloggen blir meir sporadisk – heilt til torsdag ettermiddag. Då er eg tilbake i byen. Om Gud vil.

19
Sep
08

carpe diem…

STAVANGER

Opp i otta, regnet i dag gjer at gjødsel-eimen over innmarka her på Valheim ikkje er fullt så sterk som i går og dagen før… Gjennom morgonmørkret køyrer vi langs Tysdalsvatnet og eg kjem meg på ferja frå Tau. Heldigvis ikkje den raske superferja som går med gass, men ei stor, skikkeleg ferje med høg svelefaktor (som vi sunnmøringar ser det). God tid til å lese sine tidlege tidebøner (matutin/laudes) og ta seg ein ekstra kopp kaffi. Regnet plaskar i Stavangergatene. Eg finn ein kafé på Sølvberget som er tidleg open; sit her no, bybiblioteket rett over plassen her opnar klokka ti. Eg har ting å skrive og førebu mens eg ventar på å kunne ta bussen ut til universitetet på Ullandhaug.

No ljosnar det. Og regnet lettar. Det blir ein bra dag. Kanskje får eg til og med rusla meg ein tur langs Vågen og snusa inn litt Nordsjø-lukt. Det er nok det næraste eg kjem skikkeleg sjø denne gongen.

À propos: eg har ei lita, tynn bok med i sekken til lesing på tog og buss innimellom; ei dansk omsetjing av Heinrich Böll: «Irsk Dagbog» (fann henne i ein bokstabel på klosteret). Inneverande kapittel handlar om fødslar av sterke mødre på den irske vestkysten, og ettersom eg er eit septemberbarn og vestkystbarn som snart fyller år, siterer eg nokre liner:

«På den måde kommer Aedan McNamaras børn altid i september, omkring den 23.: ni månder efter jul, når de store stormer kommer, og havet milevidt er snehvidt av rasende skum.»

18
Sep
08

carpe diem…

JØRPELAND

er ein plass eg har visst om, men aldri tenkt så mykje meir på. Her er verten min i Årdal rektor og hit køyrde vi avgarde tidleg i otta i dag, til ungdomsskulen i Jørpeland. Etter prat og morgonkaffi med tidleg utskræmde lærarar, vert eg send rundt i ulike niande-klassar og dessutan til ei større fellessamling for tiande-klassene. Artig! Nokre er søvnige og litt tilbakehaldne, andre er opne og ivrige; det er individuelle skilnader og det er skilnad på miljøet i dei ulike klassane. Og det er skilnad på tidspunktet på dagen. Akkurat som då eg sjølv var fjortis.

Spørsmåla er av alle slag; om tru, om kva eg lever av, om klesdrakt, om seksualitet og seksualliv og bøneliv – alt i ein lang kanonade. Og då er det berre éin tommelfinger-regel som nyttar: Å vere ærleg.
Unge menneske er skvære; dersom nokre er litt «frekke», er det for å teste ut seg sjøl og den dei spør. Dei fortener skvere svar. Berre sunt å bli testa litt.

Så her sit eg på eit lite samtalerom innanfor lærarbiblioteket; med trådlaust nett for offentlege institujonar i Strand kommune. Mi celle for nokre timar. Skuledagen er snart slutt. Ute er det mild haustdag og lettslørd sol.

18
Sep
08

officium…

Torsdag, vike 4, Esekiel 11 (matutin)

”Då lyfte kjerubane vengene sine og hjula fylgde med..” (v.22)

Esekiel; profeten som òg var prest, ein som elska templet, som skjøna at trua er meir enn moral og jus, at Gud omgjev seg med lovprising, med livsånder som gjenspeglar noko av hans mysterium, hans ufattelege og bisarre vesen. Gud – som eit bilete av den vakraste harmoni; Gud som ei eit brot med all harmoni, som eit bilete av Picasso elller Salvador Dali. For å syne at hans harmoni ligg djupare, er meir overveldande, er som ei nyoppdaging av ein heilskap, eit mønster som berre kan gå opp for oss når vår sentimentalitet og alle forenkla assosiasjonar er tekne frå oss.

Kjerubane er slike ”hinsidige” vesen. Gud omgjev seg med det som sprengjer rammene; med kjerubar med livshjul – liv i alle retningar – med serafar, englar, martyrar, vedkjennarar, kyrkjelærarar, tollmenn, skjøkjer og syndarar og andre som utan reservasjonar har overgjeve seg til han.

Over alle desse tronar hans herlegdom.

17
Sep
08

Carpe diem…

I VESTERVEG

har eg vor i dag. Dagtoget til Stavanger med sol og skyer og vakre haustlandskap langs det sørlege Noreg. Nydeleg når det opna seg mot havet nordover langs Jæren! Ærendet er foredrag/forelesing i Forum for Religion og Samfunn på Universitetet i Stavanger (fredag) og møte med 110 ungdomsskuleelevar på Jørpeland (torsdag).

No losjerer eg hos ein familie eg kjenner i Årdal; ferje til Tau og ein halvtimes køyretur innover Ryfylke. Garden heiter Valheim, eit stykke oppe i bygda. Her har det vore busetnad frå tidlege tider, med gravminne og andre spor heilt frå bronsealder og folkevandringstida. Ryfylke-naturen har ein eigen poesi; frodig og mjuk mot skallete berg og nesten trolske fjellformasjonar, med heiar og høgfjell innanfor og fjordidyllar utanfor. Eg er tilbake i Oslo, om Gud vil, fredag kveld. Prøver å fylgje med på mail og blogg så godt eg kan. Innimellom arbeider eg med ting som skal skrivast, lesast – og tenkjast. Preikebror på farten…

14
Sep
08

homiletica…

KROSS-MESSE («IN EXALTATIONE CRUCIS»), 14/9-08, ST DOMINIKUS KRK. JOH 3, 13-17

Brør og systre!

Det vi feirar i dag, er sjølve sentrum i evangeliet, i Kristi bodskap, i kyrkja sitt liv, sentrum i liturgien: Jesu Kristi frelsesverk på krossen! Heile Jesu liv og verksemd peika fram mot dette topp-punktet – som ein lang ”Ordets liturgi” som kulminerer i den store elevasjonen, opphøginga på kross-treet: ”Som Moses reiste slangen i ørkenen, slik skal Menneskesønnnen løftes opp”, høyrde vi i den fyrste lesinga.

Liksom Israel fekk slangegifta i seg då dei knurra mot Gud i ørkenen, slik er heile menneskeslekta råka av ”hoggormen”, av demonen, heilt frå paradisets hage, der han overlista menneska. Vi har slangebittet med oss – og vi merkar det kvar gong revolten mot Skaparen vår skyt opp i oss, som vi las i den fyrste lesinga: ”De talte mot Gud og Moses …”, altså mot Gud og hans ord. Den eksplisitte, medvitne og tydelege motstanden mot Gud, agget mot Gud – det er vår sjukdom.

For menneskets kall er å ”sjå Guds rike”, høyrde vi i evangeliet; ”å bli født på ny”, å få ”evig liv”, å ”bli frelst fra undergangen”, å leve i venskap med Gud.

Alt dette, seier Jesus, får vi del i ved å ”sjå opp” på den eigentlege koparslangen, på den opplyfte Menneskesonen, ved å tru på han!

Den opplyfte Menneskesonen, det er han som Gud har gitt som eit offer for oss, ja det er Gud som i Kristus gir seg sjølv for oss. ”Så høyt elsket Gud verden, at han gav sin enbårne Sønn”, gav han ”til pris”… Å ”gi”, å ”gi til pris” – det er i Bibelen det ame som å utgi, å hengi, å ofre. Det er dette offeret som er sentrum i heile kosmos, i heile universum; her ville Gud ”forsona alt med seg, alt i himmelen og på jorda” (Koloss. 1,20). Difor lyfter vi hostien, Menneskesonens offer, opp over alteret og seier: ”Se Guds lam, se han som tar bort verdens synder. Salige er de som kalt til Lammets bord”!

Brør og systre! Det er den opplyfte Menneskesonen som er den store utfordraren for alle menneske, for kvart menneske. Det som gjer oss til menneske, er nettopp desse store, evige perspektiva: Eg er skapt i Guds bilete, eg er ikkje berre biomasse, ein biologisk maskin; livet mitt varer utover døden, eg skal møte Gud, korleis står eg meg då? I møtet med Menneskesonen får alle dei store orda meining: ansvar, skuld, fridom, død og liv.. I møtet med Menneskesonen møter du deg sjølv. Han har skapt deg, ein dag skal du kallast fram for hans tronstol!

Nikodemus kom til Jesus om natta. I sjelesorgens indre rom blei han initiert i-, innført i Menneskesonens mysterium; andlet til andlet blei han utfordra til tru eller avvising. Slik møter han oss alle i dag, blikk mot blikk..

Men ein dag skal alle sjå den opplyfte Menneskesonen; det blir den store festen in Exaltatione Crucis, (festen for Opphøginga av krossen), den store Kross-messa!: Då skal han som vart lydig til døden, ja til døden på krossen , lyftast opp for augo på alle, då skal han få det namnet som står over alle namn, då skal alle kne bøye seg- i himlen, på jorda og i djupet – og kvar tunge skal sanne: «Jesus Kristus er Herre – til Gud, Faderens ære’! (jfr Fil 2, 1-11).

13
Sep
08

nota bene…

BRUNT, KVITT OG BLÅTT

Av bror Arnfinn Haram

”Så er den faste som eg vil ha: at du løyser dei som med urett er bundne…at du deler ditt brød med dei som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus”. Desse orda frå profeten Jesajas bok stod eg ein kveld og las høgt i Loddefjord kyrkje i Bergen der eg då var sokneprest; det var Oskeonsdag og innleiingsudsteneste til fastetida før påske. Teksten som vart lesen, var ikkje sjølvvald, men ein del av den liturgske ordninga på denne dagen. Vel heime i prestegarden fem minutt etter, ringde telefonen med spørsmål om eg kunne ta i mot asylantar i kyrkja. Det var på åttitalet og i den fyrste fasen av kyrkjeasyl-praksisen i nyare tid.

Orda song i øyret mitt. Eg sa ja, tok ein telefon til biskop Lønning som gav full ryggdekning, sikkert med nokre kloke formaningar på kjøpet. Kort tid etter tok vi i mot ein barnefamilie frå Kosovo som blei innlosjert i kyrkjelydshuset like ved. Seinare kom andre til.

Det var då eg for fyrste gong fekk skikkeleg auge på brunfargen i den norske folkesjela. Ikkje i kyrkjelyden, men frå mange andre hald. Telefonar, trugslar og mishagsytringar. Det ytra seg på to måtar: Skepsis og aggresjon i høve til menneske som vil ta frå oss dei godane som tilhøyrer oss og våre; frykt og fordomar mot menneske som ein rekna for slue, kriminelle og valdelege. I tillegg kom det som seinare er blitt sjølve hovudtrugselen og summen av alle dei andre fårlege fenomena: den ukjende og markerte religiøsiteten som innvandrarane vil prakke på oss. Særleg gjeld dette islam. For nokre kristne miljø er dette trugande fordi det er ein annan religion, for dei sekulære framandfiendtlege er det trugande rett og slett fordi det er ein religion som vert teken på alvor og praktisert på alle plan i livet. Høgreorienterte kristne og ein del venstreorienterte sekularistar har gått i allianse mot denne felles fienden.

Det er tankevekkjande at den djuptsitjande og allmenne angsten og aggresjonen er blitt ein så dominerande politisk realitet, noko den raudgrøne regjeringa sin nye innstrammingspolitikk er ein klår indikator på. Interessant er det då at noko av dei mest positive haldningane til ein opnare politikk i dag finst ikkje minst i kristne og kyrkjelege miljø trass i motsette signal frå ein del kristne FrP-sympatisørar. Både dei kyrkjelege leiarane og grunnfjellet i Kristeleg Folkeparti er mellom dei sterkaste og tydlegaste utfordrarane av asylant- og innvandrarskepsisen. I desse leirane står ein endå for verdiar som elles er på sterk retur i folkelege haldningar. Den kristne universalismen og den kristne bror- og nestekjærleikstanken er ikkje ein så sjølvsagt klangbotn som dei har vore. Det same gjeld opplevinga av at livet og livsgodane er ei gåve som vi skuldar å dele med andre. Bordverset er blitt borte, for å seie det slik. Det er ei gåte for meg at ein tek vår enorme og nesten perverse rikdom for noko heilt opplagt og naturleg. At folk frå den normale, fattige verda skulle ha rett på ”våre” godar, er blitt noko framandt og opprørande for den norske livskjensla. Jeppe på Bjerget er, som kjent, ikkje nådig når han vert baron.

Sjølve mageregionen i framandfiendskapen er likevel hatet mot religionen, in casu islam. Men islam verkar ikkje som ein trugsel berre fordi han kan ta over for kristendomen; like forstemmande er det for mange at truande av alle slag kan ’samle seg på valen’ og velte den sekulære utopien. For den jamne, avkristna nordmannen, såvel som for den religionskritiske eliten, er Trua den aller fårlegaste asylsøkjaren.

Både materielt og etisk er tillfellet Noreg etterkvart ei så oppblåst boble at ho før eller seinare må sprekke. Før eller seinare vil verda innhente oss med alt det der ute som vi er redde for: Fattigdomen, urettferda – og Gud.

(Publisert fyrst i spalten «Signert» i «Klassekampen», 13.sept.-08)

11
Sep
08

officium…

Torsdag, vike 3, Klagesongane 1 (matutin)

” Eg ropa på mine elskarar, men dei sveik meg” (v. 19)

Det heilage folket og den heilage byen er i naud. I nauda må ein klage; det er ein del av ”sorgarbeidet” og naudsynt for å kunne finne veg vidare.  Klagesongar er ein slik ”sorg-sjanger”, anten det gjeld sorg over personlege tap eller det gjeld folket som heilskap.

Jersualem har tapt sin herlegdom, gudstenesta og templet er vanhelga, hungersnaud, trældom og eksil rår grunnen. Heile gudsfolket er fornedra. Ja, Herren sjølv synest å ha vraka det og forlate det. Det er den yttarste nauda og vanæra.

Rota til det vonde er fråfallet og avgudsdyrkinga. I den bibelske forståinga av lukke og ulukke ligg alltid tilhøvet til Gud i botn. I ein kultur som vår, der tru og gudsdyrking er noko perifert, er dette vanskeleg å skjøne. For Israel og profetane er Gud ein altomfattande røyndom.

Det bitraste er at den du svik Gud med, ”elskarane”, svik deg når det kjem til stykket. Den trulause blir sjølv bytte for truløyse. Ingen kan vere meir einsam og forleten enn den som har snudd ryggen til Skaparen sin for å oppnå gunst og godar. Som den bortkomne sonen som sit på dynga i det framande landet.

Då er det eitt å gjere: Å kome til seg sjølv. Klageropet er fyrste fase av sjølverkjenninga. Vegen vidare demrar når du har gråte ut.




kategoriar