19
Jun
08

carpe diem..

FIRENZE HER!

Tru det eller ei, men dette blir tasta og posta på ein liten Trattoria («Za Za») på Piazza dei Mercato Centrale, i Firenze. Litt turisme no på tampen av Roma-tida; faktisk er eg send hit i dag av ein norsk vikeavis for å skrive noko herfrå. Det kjem, samlar inntrykka i dag.. Det blir om Savonarola og Michelangelo og om Donatellos profetskulptur: Habakkuk.

Altså gjekk eg i dag rett frå toget til det andre store dominikanarklosteret her, Santa Maria Novella– masse kjend kunst med dominikanske motiv-og så rett i muset for katedralen, il Duomo. Museet er rett og slett basert på dei gamle verkstadane for konstruksjon og utsmykking av domen. Utanfor her laga Michelangelo sin David-skulptur, og her arbeidde også Donatello. Eg fann snart Michelangelos Pietà, som eg syns er vakrare enn den i Peterskyrkja; kunstaren har lagt sine eigne drag inn i ein av figurane i skulptur gruppa. Dei syrgjande si liding, den døde Kristus i overgjeven fred. Ein fred Michelangelo lengta etter, kjempa for, kjempa med.

Eg skimta Donatellos Habakkuk i eit av romma då eg passerte ei dør; våga ikkje å gå rett inn, rett på. Men eg nærma meg, sky, som gjennom ein labyrint av rom og forbi andre skulpturar; gamaltestamentlege kongar og Gudsmenn, syngjande born og englar – og så ser eg opp; opp på denne skulpturen som Donatello visst nok skal ha brukt ein sjuk mann i Firenze som modell til.

Den plaga kroppen, så sterk, likvel, den opne munnen, så vant med å rope: -«Kor lenge skal eg ropa, Herre, utan at du gjev meg svar?» (Hab 1). Berre ein kropp og ei røyst. Heilt i Gud.

Firenze har hatt rikkdom, både kulturelt og materielt, men også dette alvoret, denne sansen for at det vakre forpliktar…. Ja, kanskje er det det det handlar om her. At det vakre forpliktar. No må eg betale og rusle vidare. Har kjøpt eit par bra bøker om byen. Tog-lesnad. Om ein by i Toscana, ein by for heile verda.

På gjenblogg!


28 Responses to “carpe diem..”


  1. 1 Herman
    juni 20, 2008 ved 11:07 am

    Er ikke Firenze bra! Når jeg står i katedralen tenker jeg bestandig at det måtte være flott med tusen brødre oppunder taket langs gjerde-innretningen -i gregoriansk allsang! Anbefaler også Siena, hvis du ikke har vært der før. Er om mulig enda mer urørt middelaldersk enn Firenze. Ligger noen kilometer (buss eller tog) syd for Firenze, i Toscanas beste vindistrikt (Gallo Nero). 2. juli feirer de Il Palio, som hele byen lever for. Middelalderparade med flaggkunst og hesteveddeløp der en av bydelene vinner. En over tusen år gammel tradisjon som Katarina av Siena helt sikkert må ha visst om! Dessuten var det her hun så Kristus over Dominikanerkirken! Stedet finnes markert, har vært der selv flere ganger, òg i Dominikanerkirken. Spør deg frem hvis du får tid!

  2. juni 20, 2008 ved 11:45 am

    Ja, Firenze gjer inntrykk. Ei anna kulturell «høgde» enn i Roma. Tettare. Men: alt har si tid; etter Michelangelo har det ikkje kome tilsvarande personlegdomar.

    Skulle gjerne vore i Siena, men tida blir for kort denne gongen; det må bli neste runde i Italia, Deo volente!

  3. 4 K
    juni 20, 2008 ved 8:00 pm

    Takk for den vidunderlige beskrivelsen – hvilken overraskelse – åpne bloggen og så finner man en vakker beretning fra Firenze i din innspurtstid !!!!!

  4. 5 wen
    juni 21, 2008 ved 12:22 am

    Me skal eit par dagar til Milano i sommar. Kanskje nokon har eit godt råd, maks to…
    Ikkje det at dette vel er nokon traveller’s guide, men….

  5. juni 21, 2008 ved 10:19 am

    Då vil eg absolutt tilrå/pålegge vitjing i Firenze (men ikkje prøve å sjå/få med alt) – samt Pistoia og Siena, ikkje langt unna! Det toskanske landskapet er eit must å oppleve.

  6. 7 Eio
    juni 23, 2008 ved 11:30 am

    Å Firenze er bare kjempeherlig by! All kunsten er kjempefin. Er det ikke vakkert? Var du i Vatikanet? Der synes jeg det er så stille pg fint, virkelig et sted man kan søke Gud.

  7. juni 23, 2008 ved 12:04 pm

    Så ening, så enig! Tenk at vi nordbuarar (hutre, hutre!) kan oppleve noko så Europeisk, den moderne kulturens vugge! Tillat meg å anbefale mi gruppereise: «Firenze i soloppgang og solnedgang». Hyggelige måltid med toscanske spesialitetar, ved Arnos bredd. Først ser vi på Donatellos Habakkuk» – og så kosar vi oss. It» s a must! Siste: Slå til på vår «Polarsirkel-rabatt», men ver tidleg ute, køen er lang.

    PS Tromsø blir jo kalla «Nordens Paris», så eg syns det ville vere festleg om f ex Svolvær kunne bli «Nordens Firenze»! Det er jo bare så opplagt!

  8. 9 Eio
    juni 23, 2008 ved 12:23 pm

    Deilig. Som jeg sier det: Alt som er deilig er deilig. Italia er deilig. Jeg føler meg deilig kulturell av å være der. Til stede. Litt sånn. «Jeg har sett verden begynne»-aktig

  9. 10 Eio
    juni 23, 2008 ved 12:31 pm

    Og Peterskirken da, midt i Firenze….! Mulig jeg blander litt her nå. Er Vatikanet i Roma? I hvertfall: Det var en kjempefin kirke midt i byen, som var kjempefin. Så litt ut som en legokloss, men bortsett fra det: Kjempefin. Den vugget meg inn i modernitetens trygge favn

  10. juni 23, 2008 ved 12:33 pm

    Ja, alt dette har vi faktisk tatt høgde for i vårt kultur-opplevings-opplegg. Vi jobbar med å få lagt inn litt antikk massasje; den fysisk-psykiske bearbeidinga er såå viktig..

  11. 12 Eio
    juni 23, 2008 ved 12:37 pm

    Bra. Får vi sove i klostersenger? De er kanskje litt for harde….? Er det tidebønner? Å det er fint. Vet om en fin tidebønn. Har platen og spiller den mye. Hos benediktinerne i Roma på en høyde, tror det er Capitol. Men sjekk klokkeslettet. Plutselig ber de den et annet klokkeslett enn dagen før. Helt gale døm bennediktinera

  12. juni 23, 2008 ved 12:37 pm

    Det gjer da ingen ting om du blandar litt; som sagt, det sjølve opplevinga som er viktig. Du, det har slått meg gang på gang med norske turistar, at vi har mista heilt sansen for det sakrale. Det sakrale og det hyggelege kan gå hand i hand; det kan Sydens folk lære oss, trur eg!

  13. juni 23, 2008 ved 12:40 pm

    Joda, det stemmer det med bendiktinarane, haha, med det er jo ein del av sjarmen! Og husk at du i ventetida kan shoppe «Trappist-sjokolade» i klosterbutikken. Vi har lagt inn eit pass for det også (det er jo ikkje alle som orkar ei heil tidebøn)…

  14. 15 Eio
    juni 23, 2008 ved 12:40 pm

    Hva er sakralt igjen? Tror jeg er enig, men må bare vite det når det er du som bruker ordet!

  15. juni 23, 2008 ved 12:43 pm

    Ja, altså; dette har vi forklart i katalogen, men meininga er ikkje så farleg, bare «smak» på ordet.. Det gjer noko med deg, ikkje sant?

  16. 17 Eio
    juni 23, 2008 ved 12:44 pm

    Smatt smatt. Ja du har rett! Kan ikke du skrive om «sakralt» i et blogg-innlegg. Det hadde vært kjempefint.

  17. juni 23, 2008 ved 12:47 pm

    Jo, det er faktisk noko eg har tenkt på lenge, er så glad for at du nemner det, at du tar det opp, at du vågar å sette ord på akkurat det der…

    Men, du, nå ringer det frå «Morgenbladet» her – så eg må bare løpe. Ciao, ciao!

  18. 19 Eio
    juni 23, 2008 ved 12:49 pm

    Lykke til! Koz og klemz

  19. 20 finnale
    juni 23, 2008 ved 8:26 pm

    Helt enig jeg også, Firenze er bare kjempeherlig by!
    Ellers mener jeg å finne en viss logisk inkosekvens når diskursen om Kirke sammenholdes med den om politiske partier i sin alminnelighet og Høyre i særdeleshet. Donatus mente at det hadde de ikke, og startet egne fellesskap for de “rene”, og var altså et elitistisk skisma. Augustin kjempet kraftig mot donatistene. Som tidligere nyplatoniker hadde han nettopp omvent seg fra en elitisktisk ideologi.
    Kyrkja tok eit standpunkt mot donatismen, for å fasthalde sakramenta sin objektive karakter. Men, som sagt, vi må ta oss akt for å bruke dogmatiske avgjerder til ideologiske føremål.
    Augustin skjøna at kyrkja ikkje er ein manikeisk elite, som gjev livssyns- og trussamfunn rett til offentleg nærvere og agering.
    Rundt Paris-hermetikken med dei vakre arondissementa ligg det ein stor ringveg. Samtidig kan vi ikkje bli så ‘protestantiske’ (=puristisk/abstrakte) at vi støyter oss på det konkrete, på historia. Handlingsromet må liggje i ei forståing og ei praktisering av det statlege og sivile samfunnet.
    Kyrkja er ein eskatologisk fellesskap, eit samfunn på dørstokken til den komande verda, ikkje ein reint dennesidig “kulturinstitusjon”. At dette vokser frem av det indre livet på individnivå er en naturlig følge av hva som er kirkens byggestener, nemlig dens lemmer. Augustins folkeyrkje-idear gjekk for langt. Hugs å skrive litt om “sakralt” i et blogg-innlegg.

  20. juni 23, 2008 ved 8:33 pm

    Gode samandrag er tingen! Ein krevande sjanger.

  21. 22 finnale
    juni 23, 2008 ved 9:11 pm

    Nei, dette var bare et forsøk på
    å få andre perspektiv fram, også til eit norsk publikum. 🙂

  22. 23 Eio
    juni 23, 2008 ved 9:30 pm

    Skriv om sakralt da, eiegode pater! Nå er vi to som vil høre deg si noen velvalgte ord om det!

  23. juni 24, 2008 ved 6:15 am

    Det er veldig fort gjort:

    -Det heilage for dei heilage.
    Basta.

  24. juni 24, 2008 ved 6:29 am

    Men vi kjem jo tilbake til temaet på ein av våre nydelege sakral-lunsjar på Firenzetur-opplegget. …Ver rask med påmeldinga!

  25. 26 finnale
    juni 24, 2008 ved 7:29 pm

    Då er det tid for å senke skuldrene og la blikket klarne.

  26. juni 24, 2008 ved 7:32 pm

    Eg set nok pris på litt mindre kryptiske kommentarar, men bona notte, i alle fall…

  27. mars 7, 2019 ved 1:17 am

    Hi there friends, how is the whole thing, and what you would
    like to say concerning this piece of writing, in my view its truly remarkable in favor of me.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: