Arkiv for mars 2011

31
Mar
11

officium: torsdag, 3. vike i faste, frå Tertullians (160-225) bok om bøna (matutin)

«Åleine bøn kan overmanna Gud…»

Tertullian talar – som Augustin – eit språk moderne, vestelege, menneske skjønar. Romersk, presist, konkret, personleg, utan indirekte og snirklete flosklar.

Overmanne Gud? Det er ein tanke som høyrest alt for ufrom ut. Fordi vi er blitt så framandgjorde for bibelsk tankegang og truskjensle. Les Salmane, les Job, les korleis Moses og Jakob kjempar med Gud, korleis Jesus også strir med sin Far før han overgjev seg. I Jesus kjempar Gud med Gud, seier Luther.

Bøna må vere kraftig og tydeleg, også når ho er svak; ein veikskap som overvinn seg sjølv og bed likevel, på trass av alt. I trass. Veikskap som slapp manér er noko anna. Slik bøn når knapt over lippene.

Det gjeld om bøna som med alt i Guds rike:  «Frå Johannes døyparens dagar og til no vert himmelriket storma, og dei som stormar det, riv det til seg» (Matt 11,12).

Reklame
31
Mar
11

carpe diem: mot vestland og mildvêr

Vinteren held si kalde klo over landet. Bergensbanen tek meg over Langfjella endå ein gong, og berre nedst i Hallingdal og her ned mot Dale er det snøfritt. Endå det er april i morgon.  Eg må innrømme at eg har hatt nok vinter i år; berr mark, regn og mildvêr ville vere ei gudegåve no. Gjerne med litt vårsol i tillegg.

I Bergen skal eg delta på to arrangement: Ei større felleskristen ungdomssamling, Calling Europe, om re-evangeliseringa av denne verdsdelen. Og «Lørdag i Domkirken», eit seminar om liturgi. Saman med andre talarar (Vigdis Berland Øystese, Halvor Nordhaug, Peter Halldorf). Sundag er det høgmesse/preike i St Paul (den katolske kyrkja).  Der skal eg også bu. Retur måndag.

Reknar med å treffe kjende – og skal elles nyte vestlandsregnet! 🙂

No glir toget langs Sørfjorden (Ikkje den i Hardanger) med Osterøya på den andre sida.  Mjukt brunt og grått langs isfri fjord. Om ein halv time kjem vi til Hansa-byen.

30
Mar
11

officium: onsdag, 3. vike i faste: frå den hl Teofils av Antiokias bøker til Autolykos (Matutin)

Den hl  Teofil var biskop av Antiokia frå 169. Apologet…

«Dersom du seier til meg: «Vis meg din Gud», då svarar eg: «Vis meg fyrst kva slags menneske du er, og deretter skal eg vise deg min Gud» «.

Vi tenkjer ofte at folk var meir lett-truande i gamle dagar. Men også på den hl Teofils tid spurde folk etter prov, eller hevda at trua til dei kristne var tull.

Gud er den som er «heilt annleis». Ein dag skal alle sjå han, alle kne skal bøye seg og alle tunger prise Gud (Fil 2). Men å lære Gud å kjenne som ein ven og som ein du søkjer samfunn med, må ta til med eit møte djupare nede, lenger inne. Berre det  oppriktige mennesket vil kunne merke hans nærvere.

Også i tilhøvet til Gud gjeld den sæle JH Newmans motto: Cor ad cor loquitur (hjarte talar til hjarte).


30
Mar
11

officium: tysdag, 3. vike i faste, frå ei preike av den hl Peter Krysologos, (380-ca 450) biskop av Ravenna (matutin)

«Den som fastar, kan aldri så mykje pløgje sitt hjarte, harve sitt kjøt, luke bort laster, plante dygder, men vatnar han ikkje rikeleg med miskunn, fer han inga avling».

Miskunn – det er testen på livet vårt, testen på vår gudsteneste. Ingen kan gjere bot, opne seg i bøn og tilbeding dersom han er stengd for andre menneske.

Å søkje Gud, er å søkje alle hans skapningar.

30
Mar
11

officium: måndag, 3. vike i faste, frå ein homilie av den hl Basilios (matutin)

«Å rose seg av Gud på fullkomen og fullstendig vis er altså dette: aldri å framheve si eiga rettferd, men å innsjå at vi sjølve manglar sann rettferd, og at vi er rettferdiggjorde åleine ved trua på Kristus».

Sitatet er henta frå ein homilie om audmykt. Basilios var ein av dei tre kappadokiarane (Gregor av Nazians, Gregor av Nyzza – og Baslios, også kalla «den store»); biskop, munk, ein av lærefedrene i oldkyrkja.

Sitatet viser at læra om nåden, trua og Kristus som grunnlag for frelse ikkje var noko som «forsvann» etter Paulus og nytestamentleg tid, slik mange trur. Nåden står ikkje i motsetnad til at vi skal leve eit liv i helging og tilbeding.

Trua og livet høyrer alltid saman.

24
Mar
11

officium: torsdag, 2.vike i faste, frå den hl Hilarius av Poitiers» kommentar til sal 128 (matutin)

«Gudsfrykt må altså lærast… Den kjem ikkje av  redsle, men av lærdom» .

Age for Gud er noko anna enn vanleg, spontan redsle for å oppleve noko vondt, seier Hilarius.  Å ottast Gud er ei dygd. Ein innsikt om kven Gud er. Som ein vi respekterer, tilbed og elskar. Også i menneskelivet høyrer respekt, overgjeving og kjærleik saman.  Ikkje som tvang, men som ein fri, personleg relasjon.

Du kan merke om menneske har gudsfrykt; om dei har ein fortruleg vyrdnad for noko som er større enn dei sjølve eller om trua er blitt deira personlege «programvare».

23
Mar
11

homiletica: 2. sundag i faste, Mariakrk, Stabekk, Matt 17,1-9

Kjære brør og systre!

Evangeliet i dag er det same som på Kristi forklaring, Transfiguratio Christi. Men då handlar det om Jesu herlegdom, om det guddomlege ljoset som gjennomstråla han. Då er det den sigerrike og himmelske Kristus som står i sentrum.

I dag handlar det om hans veg til herlegdom, til siger over dødens makt. Disiplane fekk nettopp sjå ein glimt, ein Tabor-glimt, av Jesu guddomsglans, for å kunne halde fast kven han eigentleg er midt i kampen, striden og mørkret som skulle kome. For det var dit dei var på veg no, på veg til Jerusalem. Dei hadde byrja på den vegen som skulle munne ut i Via Dolorosa, Smertevegen, vegen til Golgata. Der skulle han fullbyrde Messias-mysteriet, Messias-løyndomen, Messias-gåta: At Messias skulle lide for for folkets og for verdas  synder – og så stå opp den tredje dagen.  Også forklareinga på Tabor var inneslutta i denne løyndomen; difor seier Jesus: Fortell ingen om hva dere har sett, før Menneskesønnen er stått opp fra de døde.

For eit kort moment fekk dei sjå Jesus som Den Allmektige, som Gud av Gud og ljos av ljos (Nicenum), saman med gjester frå himlen, Moses og Elia. Og så, skrekkslagne som dei var – dei hadde kasta seg med  med andletet mot jorda – høyrde dei den kjende røysta: Reis dere, og frykt ikke! Og då dei lyfte blikket så de ingen, bare Jesus alene. Det var han dei skulle fokusere på no.  Han som skulle gå krossvegen. Han som blei lyft opp på treet; for, seier evangelisten Lukas: Laut ikkje Messias lide dette og så gå inn til sin herlegdom?(Luk 24).  Det er denne Messias, den lidande Messias, vi må feste blikket på dersom vi skal sjå han i hans glans, ja, få del i hans glans og hans herlegdom!

Det er han, Jesus, vi ser gjennom alt det Gud har gjeve oss i kyrkja:

Det er han vi ser i Evangeliet, i evangelieboka, så å seie. I sitt Ord er han nær. I ordet om krossen!Det er han vi ser etter i skriftestolen, han som eigentleg seier: Ego te absolvo! Eg tilgir deg alle dine synder!

Det er han vi ser når vi mottar dåpen og blir døypte til hans død og til hans oppstode.

Det er  han som rører ved oss når vi blir konfirmerte.

Det er han vi ser i presten ved altaret, presten som står der in persona Christi som Jesus stod der ved den siste nattverden – eller den fyrste messa – på Skjærtorsdag.

Framfor alt er det Jesus vi ser i sjølve evkaristien, i hostien og kalken som blir lyfte opp: Ecce, Agnus Dei, ”Sjå Guds Lam, sjå han som tek bort verdsens synder! Sæle er dei som er kalla til Lammets bord!” Når vi ser han der, som offerlammet, med såra i si side, så å seie, det er då vi bryt ut med Thomas, midt i all vår tvil: ”Min Herre, og Min Gud”!

Bror og syster! Kven er det vi ser etter i alt det som møter oss i kyrkja? Ser vi berre feila og syndene? Eller ser berre vi etter det eksotiske og spennande? Ok, vi kan ta alt det med – men det hjelper ikkje viss vi ikkje ser han, ”Jesus åleine”, det vil seie:  Har hovudfokus på han.

Kva er det store med å vere ein katolsk kristen? Det er fyrst og fremst dette at det er der vi kan møte Kristus, i hans fullnad, i hans velde, i hans nåde.  Det er så lett å misse fokus: Vi kan bli så manisk suksessrike og vellukka at vi ikkje treng nokon Frelsar. Vi kan bli så fortvila, desillusjonerte eller kyniske at vi ikkje maktar å tru at han kan vere ein Frelsar for meg.  La oss sjå han gjennom- og i vårt eige liv, ja gjennom- og i dei andre sitt liv, særleg dei ulukkelege og lidande.

Saman vil vi seie i dag:

Du er den eneste/helligste, reneste/gi meg ditt rene og hellige sinn// Frels meg av snarene/ fri meg fra farene/ ta meg til sist i din herlighet inn!

23
Mar
11

nota bene: Faste

fyrst publisert i  Signert-spalta i Klassekamnpen, laurdag 19.mars…

Svært mange nordmenn veit at Ramadan er den muslimske fastemånaden. At kyrkja også har ei fastetid som blei innleidd onsdag for ei vike sidan, på Oskeonsdag, er nok langt mindre kjent. Faste, som bøn, er ein tradisjonell religiøs praksis som det er verdt å sjå nærare på.

Aller fyrst nettopp fordi det er ein kollektiv, institusjonell og samtidig personleg praksis. Livssyn, tru og etiske overtydingar er noko som går ut over det rent intellektuelle og emosjonelle. Det er noko du gjer, eit pedagogisk mønster som over tid formar heile livet ditt.  Vår oppfatning av religion har vore einsidig inderleggjort. Tru og trusliv må vere noko reint personleg, originalt og spontant for å reknast som ekte og autentisk. Dei sosiale, rituelle  og samfunsnmessige aspekta ved trua går då i oppløysing – og i neste omgang stryk også det indre meriningsinhaldet med. Mange menneske i dag kjenner på frustasjon fordi dei ideala dei ynskjer å stå for, ikkje toler presset frå dei tunge mekanismane  i forbrukarsamfunnet. Ei gjennoppdaging av felles praksisar vil vere ei hjelp til å verkeleggjere det du meiner er rett.

Faste er ein praksis som stør einskildmennesket når det gjeld å ta grep på det materielle forbruket og  bli medviten om si eiga materielle rolle i verda.

Fasten gjev såleis også  ei røynsle av at mennesket er ein sjeleleg-kroppsleg heilskap. Faste er anvend antropologi. Korleis du forvaltar dine kroppslege behov, verkar inn på både tankar og kjensler. Apetittane våre er samkøyrde; den umettelege, ov-etaren, får lett eit erobrande tilhøve til alt rundt seg. Han meistrar ikkje lenger å vente på dei andre, på sin tur, på sin rasjon. Personlegdomen tek til å tendere mot det monstruøse og omsynslause. Du gløymer kor avhengig du er av andre, av verda rundt deg, og kor sårbar du er. Når du fastar, kjenner du at du har kropp, at du har hunger, at  livet ikkje er noko sjølvsagt. Ein kultur og ein livsstil som systematisk overdøyver dette med uavgrensa stimulering, får eit heilt urealistisk bilete både av seg sjølv og av korleis andre menneske i verda har det. Sjølv om vi les i bøker og blad og kikar på  PC- og TV-skjermane, trengjer det ikkje inn i medvitet vårt. Vi må kjenne det på kroppen. Å faste, er ei form for rituell piercing – du blir påmint om at du er kroppsleg.

Men er ikkje nettopp den moderne verdsetjinga av driftene og livsgodane ei oppvurdering av det kroppslege? Jau, men ikkje av at det kroppslege også set grenser. Det finst sjukdom og smerte og du må respektere andres kroppslege integritet. Ukritisk hedonisme yter ikkje kroppen motstand, men prøver nettopp å oppheve kroppen ved å la driftene og apetittane alltid få det dei krev. Noko som går bra så lenge ein har økonomi og resursar til det.   Menneskeleg opplevingsevne treng også variasjon og kontrastar. Karnevalet –farvel, kjøt – leier over i fasten og fasten munnar ut i festen. Fest og utagering heile tida sløvar oss, stadig ”meir av det same” kverkar sensualiteten

Mest uventa er det at fasten også er ei politisk handling. Ikkje berre som sveltestreik, som ein slags kroppsleg retorikk. Politikk handlar om å påverke livet i ’polis’, i byen, det menneskelege samfunnet. Difor må den politiske agenten, mennesket, vere fritt og ha reell innflyting på samfunnsmekanismane i staden for å vere eit bytte for dei. Ein slik fridom førutset behovsmeistring. Særleg i eit ekstremt velstandssamfunn som vårt blir vi nedrende alt som apellerer til våre behov: Mat, underhalding, sex, reiser, kulturtilbod, ja, til og med religion blir ei vare som ein kan skaffe seg. Å faste, innber at du er sjefen og kan seie nei til det du ikkje vil sleppe inn i livet ditt. Denne meistringa er ei dygd som nettopp blir oppøvd gjennom felles praksis, tilstrekkeleg ritualisert og tydeleggjort for å kunne utøvast regelmessig, over lang tid og stødd av ein større fellesskap.

Hos dei bibelske profetane, som Jesaja, er fasten eksplisitt sosialetisk: ”…at du løyser dei som med urett er bundne, sprengjer banda i åket og friar ut den som er trælka, at du deler ditt brød med dei som svelt og lét heimlause stakkarar koma i hus, at du kler den nakne som du ser og ikkje sviktar dine eigne”.

Seinast i dagens VG lyste eit bilete og ein punchline-tekst mot meg; ”Norske barn er mette, late og feite”.  Det seier noko om at vi kan utvikle oss til å bli ein Mumle Gåsegg-nasjon som et opp alt vi kjem over.

Kva med litt fastetid?

 

23
Mar
11

officium: onsdag, 2. vike i faste, frå den hl Ireneus», «Mot vranglærearane» (matutin)

«Han rusta ut profetane og gjorde mennesket vant med å bere hans Ande i seg og ha samfunn med Gud».

Den hl Ireneus har eit «økonomisk» syn på Guds frelseshistorie. Gud fylgjer ein plan, ei hushaldning, ein økonomi (av oiko-nomos: reglane for hushaldet). Han går stegvis fram og Israels-folket er hans demonstrasjonsfolk, fyrste fase i «prosjektet»: Sameining mellom Gud og menneske.  Gud i oss, vi i Gud.

Dette makroperspektivet kan vi òg tillempe på det personlege planet. Gud tilpassar seg din kapasitet for å kunne få plass i livet ditt, fullt og heilt. Alt tek si tid.

22
Mar
11

officium: tysdag, 2. vike i faste, frå «kommentar til salmane» av den hl augustin, biskop av hippo (matutin)

«Det han var då han hang på krossen, har han frå oss».

Seier Augustin om den lidande Kristus. Når han ropar ut si bøn og si klage til Faderen, er det gjennom den menneskelege naturen han gjer det. Den har han fått frå oss. Underlege sanning: Gud vil bli menneske – og vi har fått dele vår natur med han.  Han har teke mot alt vår, som ei gåve, som noko han elska og som han ville sameine seg med. For å forløyse det.

Guds kjærleik får ein ny dimensjon når han elskar og lid som menneske. Det menneskelege ved Gud kjem fram.  Vi kjenner kvarandre.

21
Mar
11

officium: måndag, 2. vike i faste, frå ein dåpskatekese av den hl Johannes Krysostomos (matutin)

«Vår Moses rører ved bordet, han slår i det åndelege bordet og får Andens vasskjelder til å bryte fram».

Moses slo på berget – vatn vella fram. Krysotomos ser berget som ein typos, eit symbol, på altaret i kyrkja. Der blir evkaristien (messa/liturgien) feira, der er Kristus nærverande.

Vi  merkjer oss at nattverden også er nøye knytt til Anden, den levande kjelda. I den patristiske og oldkyrkjelege teologien er Andens gåve ikkje isolert frå det sakramentale, frå feiringa av Krsiti offer. Det er ved påkallinga av Anden (epiklesen) at nattverdgåvene blir Kristi kropp og blod.

Frå det evkaristiske altaret mottek vi både forløysing og syndeforlating – og fullnaden av Guds åndelege gåver.  Liturgien er også ein karismatisk liturgi.

 

18
Mar
11

officium: fredag, 1. vike i faste, frå «kjærleikens spegel» av den sæle Aelred, abbed av Rievaulx (matutin)

«Vel er deira synd stor, men deira dømekraft er lita. Difor seier han: «Far, tilgje dei!» » 

Kristus bed på krossen for sine fiendar. Ja, han  til og med orsakar dei, seier Aelred. Vi er vane med at Gud dømer, men ikkje at han orsakar.

Den verda som avviser sin Gud,  treng å utfordrast. Men det er ei tid for alt – også for å orsake og forstå. Kompliserte  livsrøynsler, manglande kunnskap, kortsiktige interesser –  alt verkar inn på våre tankar og handlingar. Eg ser tilbake på epokar i livet mitt, og skjønar at eg ikkje alltid var klar over samanhengar og konsekvensar i det eg gjorde. 

Unner vi andre den forståinga og orsakinga vi sjølve treng?

17
Mar
11

carpe diem: grimstad

Måtte tidleg opp og avgarde i dag. Sørlandsekspressen sørover hit til Grimstad. På Normisjons bibelskule, ein heil dag saman med ei elevgruppe på tretti unge. Og saman med læraren – også ung – Karl Johan Kjøde. Innlegg, spørsmål, samtale, måltid, kveldssamling, friviljug nattbøn, morgonbøn – begge deler som forenkla tidebøner.  Fint å vere her. 

Skulen ligg på ei fabelaktig tomt, med utsyn rett til havs utgjennom den smale skjergarden, så typisk for sørlandskysten. I ettermiddag gjekk eg på skaresnøen ut til ein odde, nokså høgt over sjøflata. Grått hav som bryt lenger ute. Eit svanepar glir langs landet. Store, kvite fuglar i den råe kystnaturen. Som frå ei anna verd. Stille her. Lett snø prikkar mot huda, raslar i restar av turt lauv på trea. Mars ved Skagerak.

17
Mar
11

officium: den hl Patrick (400-talet), irlands vernehelgen, frå hans vedkjenning (matutin)

«Eg står i stor gjeld til Gud, han som har gjeve meg denne store nåde at mage folkeslag er blitt fødde på nytt til Gud gjennom meg og seinare vigsla, slik at klerkar over alt er blitt innsette til beste for det folket som nyleg er kome til trua».

Den hl Patrick var ein typisk misjonær og apostel: Han omvende ikkje berre einskildmenneske, men grunnla ordna kyrkjer. Utfrå kyrkjene og kyrkja sitt liv spreidde evangeliet og trua seg i dagleglivet. Der ligg vår misjon og vårt apostolat som vi er vigde til ved dåpen og salvinga. Det er vårt liv, med basis i kyrkja, som  skal dra  menneske til Gud. 

Der kyrkja alt er planta éin gong -som i dei gamle kristne landa-  må ho fornyast og gjenreisast. Kanskje som mindre og tydlegare. Då fyrst får misjonen veggrep. Ikkje minst i Irland i dag. Og i Noreg.

17
Mar
11

officium: onsdag, 1. vike i faste, frå ein tekst av biskop Afraat, om omskjeringa (syrisk, 300-talet) (matutin)

«Kvar pakt står trygt i si eiga tid»

Afraat vil vise at Gud handlar etter ein plan, eit hushald, ein «økonomi». Fyrst gjer han ei pakt med Adam, så med Noa, så med Abraham, så med Moses. Så kjem «den nye pakta, som profetane, særleg Jeremia og Esekiel talar om. 

Vi lever i den nye og endelege pakta, i Jesus Kristus. Han er Guds siste og endelege Ord. Den nye pakta er universell og omsluttar alle tider, stader  og kulturar. Sjølv om tider og seder og tankeformer endrar seg og er ulike, ligg den grunnleggjande ordninga fast: Skrifta, lesen i ljos av Kristus, dei apostoliske skriftene, credo, sakramenta, liturgien, embetsordninga, den etiske undervisinga. Drakta kan skifte, men «kroppen» er den same.

15
Mar
11

carpe diem II: I kveld: St dominikus katolsk forum: Tom Egil Hverven, om «avmaktsopplevelser» hos Solstad og Knausgård …

Her er linken til sjå meir om dette. Kom på foredraget! I  klosteret i Neuberggata 15, kl 1930.:  http://StDominikus.katolsk.no/

15
Mar
11

carpe diem: på toget…

…frå Stavanger, der eg i går kveld var med på eit arrangement i studentfestivalen «Ugå».  DNKs studentprest, saman med kollegaer frå organisasjonar og frikyrkjer, hadde fått ein heil kveld til disposisjon. Med band-konsertar og eit samtaleprogram om tru, i studentsamfunn-huset «Folken».  Så eg var med i panelet saman med Per Inge Torkildsen og Ole Paus. Sikkert hundre frammøtte og stor stemning – og mange samtalar i etterkant

Eg dro bort med toget i går morgon, og retur til Oslo i dag. Vestpå – frå Sira og opp kysten – er det vår og snøfritt. På austsida er det endå seig snø. Men marshimlen er freidig blå og lovande…

15
Mar
11

officium: måndag, 1. vike i faste, frå ei preike av gregor av nazianz (matutin)

«Til alle gav han rikelig til livets opphold, og dette livsgrunnlaget er ikke storfolks eiendom».

Gregor talar om at vi skal vise menneskeleg generøsitet, slik Gud gjev sine gåver til alle, utan skilnad. Det er typisk for den diakonale radikalismen hos dei bysantinske kyrkjefedrene at dei har eit demokratisk syn på dei materielle godane. Alt høyrer alle til, for alt høyrer Herren til og tiltrudd oss av han.

Dette synet var både eit vern mot klasseskilnader i kyrkja – og ein kritikk av klassedelinga i  samfunnet elles. Vi treng å bli minna om at kyrkjefedrene ikkje berre skriv  om bøn og mystikk, men også om sosialetikk. Det kristne livet er ein einskap.

 

15
Mar
11

homiletica: 1. sundag i faste, st dominikus krk, matt 4,1-11

Kjære brør og systre!

Fastetida har sin bakgrunn i det oldkyrkjelege katekumenatet; sjølve innspurten, ei åndeleg kamptid fram mot mottakinga initiasjonssakramenta; dåpen, konfirmasjonen og den fyrste evkaristien. I denne innspurten blei alt intensivert; det som var påbegynt, måtte fullførast; ikkje snuble på målstreken, no gjeld det! Og difor var det full mobilisering også frå fiendens, demonens, side. Og difor var katukumentida prega av bøn, faste og av motstand mot Den vonde, med gjentekne eksorsismar og stadig overgjeving til Guds vern og Guds nåde i Jesus Kristus.

For Jesus måtte også gjennom si førebuingstid, innspurten av sitt katekumenat; han måtte gjennom ei fastetid før han steig fram i si offentlege gjerning. Han blei ”ført av Ånden ut i ødemarken for å bli fristet av djevelen” stod det. Vi kunne seie: -for å bli testa av djevlen, for å bli sett på prøve; ein ”kvalitetstest” for å sjekke om han verkeleg var Den lydige, Sonen som gjer sin fars vilje, slik Israel blei testa dei førti åra i ørkenen. Ville han bli trufast i pakta med Faderen? Ville han stå eller falle? Heilt avgjerande – for alt står og fell med Jesus Kristus.

Brør og systre! Også vi må gjennom denne testen; også vi må konfronterast med vår Motstandar, med demonen, med Den sterke. Ja, for han finst! Ver vakne og edrue! Dykkar motstandar, djevelen, gåt omkrng som ei brølande løve for å finna nokon å sluka, seier apostelen Peter. Den vonde vinn alltid sin fyrste og største siger når han får lurt folk til å tru at han ikkje finst, at åndsmakter berre dreiar seg om psykiske tilstandar og psykosar. Vi ser ikkje at verda og livet er eit drama, at å vere ein kristen og eit menneske, er ein kamp. Vi ser ikkje at den synlege verda er omslutta av den usynlege. Der er Gud, der er hans englar, der er dei falne englane, demonane, og deire Fyrste. ’Denne verdas gud’ eller ’hovdingen over denne verda’ blir han kalla, fordi han har stor makt og innflyting; han vil skade Guds skaparverk, og aller mest føre mennesket bort frå sin Gud og Skapar både for tida og for æva. Han er ingen dumming, han var ein av dei fremste englane., ein av Guds tenarar, Lucifer, lysengelen – men han braut med sin skapar, han blei Guds og vår motstandar. Hans lyskraft iog hans intelligens blei destruktiv, prangande, tvetydig, forførerisk, blendande.

Å bli eit kristent menneske, er å bli eit kjempande menneske, ja, det er å bli gjenstand for ein kamp mellom Gud – som vil frelse deg og vinne deg, og Demonen, som vil rane deg over på si side. Når vi blir døypte, særleg tydeleg i dåpen av vaksne, den eigentleg normale dåpen, forsakar og avvisser vi djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen, heile hans menasjeri og gjøgleri – og vi vedkkjenner og proklamerer vår tru på Den Treeinige Gud; det er osm vi seier: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som går ut av Guds munn; det er som vi seier: Bort fra meg Satan… Det er Herren, din  Gud, du skal hylde, og ham alene skal du tjene”!  

Ja, det er menneskets kall: Å avvise sjelefienden og hylle sin Skapar. Det er dette vi skal forkynne, hevde, proklamere, kunngjere og leve no i fastetida! Vi lærer og erfarer kva som kan styrke oss i kampen. Vi går til messa, for Kristi blod overvinn den vonde: Skuldbrevet mot oss nagla han til krossen. Han avvepna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen (Koloss 2,14-15). Vi går til skriftemålet; der blir vi omslutta av Guds tilgjeving, vi blir absolverte, avløyste, frikjende, lat Motstandaren berre anklage oss; når Gud gjennom skriftfaren har sagt: Eg tilgir deg alle die synder –då må demonen, anklagaren, snu i døra. Vi slår krossteiknet framfor oss når vi står opp og når vi legg oss og elles når vi treng det, for å seie: Gud hjelp meg, Gud vern meg, min motstandar er sterk, men du er sterkare, ja, du er Den sterkare, Den sterkaste. In hoc signo vinces,ved dette merket,krossmerket, skal du sigre!  Og vi ber til Gud og seier: – Led oss ikke inn i fristelse, men frels oss fra det onde! Vi må gjennom testen, slik Jesus måtte, men la han ikkje bli vanskelgare enn vi kan greie!

Brør og systre! Mange seier at dette perspektivet på livet er ein fantasi. Men i dag sier vi: Det å ikkje rekne med Guds og vår arvefiende, det er fantasi, det er å gå gjennom verda ”med ein søvngjengars sikkerhet”, som ein har uttrykt det.

Fastetida er ei tid for å kome til sans og samling, for å sjå sitt eige liv og verda rundt seg på ein realistisk måte.

Difor seier vi:

 ”Jeg går i fare hvor jeg går’,  men også:

Jeg går med engle hvor jeg går/de skal meg vel bevare/Slett intet Satans makt formår /mot sådan himmelskare. Bort verdens sukk og sorg/jeg går i engleborg/Ei nogen rører meg et hår/jeg går med engle hvor jeg går.

11
Mar
11

officium: fredag etter oskeonsdag, frå ei preike av Johannes Krysostomos, om bøn

«Bøna er ljoset i sjela, ho gjev  sann kunnskap om Gud, ho bind Gud og menneske saman» .

Den som bed, lever i eit rom, i ein atmosfære, i ein dimensjon som han elles ikkje ville ha vore i. Bøn blir noko som er heilt integrert i livet. Eit nærvere som fylgjer deg. Det er så innarbeidd at ein ikkje alltid tenkjer over det. Ikkje at bøna alltid er lett, eller kjennes like sterkt. Men likevel: «Tett ved sida mi går Jesus», og då er også Faderen og Den heilage Ande der.  Den Treeinge omsluttar meg.

Det gjer alt annleis.




kategoriar