05
Jun
12

nota bene: job

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, 7/6-12…

Livet i klosteret er eit liv med mange og lange tekstar. Mange av dei fleire tusen år gamle. I nattoffciet, tidebøna om natta eller i otta, les eg dei lange stykka frå Skrifta og frå kyrkjefedrene. På sett og vis kunne dei vore skrivne i dag fordi dei treff mennesket slik det er og røpar kva vi ber i oss og kjempar med: Gud, kjærleiken, hatet, tapa, lengslene, sorga, døden, meininga. Var det nokon gong menneske ikkje spurde etter dette, anten openljost eller i dulgsmål, ordlaust eller med skrik, i bøn eller i dikt?

Som i Jobs bok. Ei bok om ein mann i orienten, i landet Us, fyrst rik og trygg, så ribba for alt. Eit menneske frå ei anna tid og frå alle tider og alle stader. Kona bed han å spotte Gud og gløyme sin Skapar. Kva hjelp det å tru? Venene – som trass alt sit hjå han i sju dagar utan eit ord og kastar mold over seg og gret høgt – meiner at han må ha fortent si ulukke, for ein rettferdig mann skal ikkje oppleve noko slikt. Men Job korkje spottar eller bøyer seg. Han kranglar med Gud og tviheld på livet og på sin sjølvrespekt, etter å ha tømt hjartet sitt for botnlaus fortviling:

”Bort med den dagen då eg vart fødd, den natta då det vart sagt: ’Ein gut er avla’…Gjev den natta vart utan frukt og aldri vart helsa med jubel..Lat hennar morgonstjerner mørkjast, lat henne venta på ljos som ikkje kjem, lat henne aldri sjå morgonrodens strålar!.. Kvi gjev Gud ljos til den som lid, kvi lèt han den ulukkelege få leva?”

Krisene og trauma i livet kan utrykkjast med meir umiddelbare ord, men vi har også behov for ord som tolkar og loddar djupnene i det vi opplever, ord som set oss i samband med røynslene til andre menneske. Poesien og skjønnlitteraturen formulerer dette, men dei heilage tekstane kan ofte vere allmengyldige og personlege på ein gjennomgripande måte. For den truande er Gud sjølve spegelen for eksistensen, den yttarsete instansen som du både vonar på og slåss med, slik Job gjorde det.

Det er ei vanleg førestelling i vår kultur at religiøse tekstar bør vere glade og gjere livet lettare – og fordi dei ofte er skuffande alvorlege og krevjande, blir dei avviste. Men det som tèl, er at både tekstane og livet er ekte. Eg trur at menneske også treng andre språk enn det psykologiske og terapeutiske. Klinisk presisjon kan vere nyttig – men også dehumaniserande. Ofte har dessutan mystikarane og den åndelege rettleiingstradisjonen, både i kristendomen og i andre religionar, tileigna seg mange innsikter som seinare vitskap har funne fram til. Lytting og samtale gjennom generasjonar og i møte med breidda av menneskelivet gjev slitesterk røynsle og velprøvd visdom. Denne tradisjonen har også ein tydeleg etisk basis som menneske kan identifisere seg med og prøve seg på.

Spørsmålet om meining kan ikkje undertrykkjast utan at mennesket blir skada. Job skrik etter meining, og ser berre meiningsløyse. Smaken av det meiningslause kan berre den fornemme som verkeleg trur på ei meining, på rettferd, kjærleik, sanning og godleik. Frontkollisjonen mellom det vi trur og det vi stundom erfarer, gjer menneskelivet eksistensielt og ikkje berre til ein serie med hendingar og eit jag etter tilfredsstelling. Det finst ein truverdig resignasjon – for den som kjempar for å finne meininga; som ikkje maktar å sjå henne, som heller ikkje vil kjøpe billeg trøyst, som eigentleg ikkje gjev opp, men vågar å falle om i Guds fang.

Det er å utstå kampen og fortvilinga som gjer oss til menneske. Å nøye seg med det absurde er ikkje heroisk, det er tvertom ei fluktrute. I dag er det ikkje trua, men nihilismen som er opium for folket. Mennesket skal ikkje resignere på meininga med tilveret, men på sin eigen styrke; vite at det er sårbart, forgjengeleg, avhengig. ”Kom i hug at mitt liv er som ein pust”, seier Job. Dyrking av det meingslause fører ikkje til at vi konfronterer lidinga i livet, men heller til fortrengjing. Vi dopar oss med vår eigen vitalitet: ”Et, drikk og ver glad”, i morgon er vi borte. Kombinasjonen av overtru på eigen styrke og kynisk skeptisisme brutaliserer oss.

Jobs ulukke var meir enn sjølve tapet av alt som er godt i livet. Han kjende seg krenkt, som ein kasteball i Den allmektiges hand. Han heldt fast på sin integritet og hevda sin rett. Kvar dag må mennesket reise seg og kjempe mot si eiga fornedring. Når det er som mørkast, ser vi det best.

I natta blir dagen til.

04
Jun
12

officium: den hl peter av verona o.p., frå pater Campanas skrift om martyren (matutin)

“Etter å ha avslutta [det han fortalde], gav han seg til å syngja, stikk i strid med det han hadde for vane. Han stemte i påskesekvensen Victime pascali laudes , fordi dei endå var i påskeoktaven (vika etter påskedag). Bror Dominikus, ein av dei som gjekk saman med han […], stemte straks i songen saman med helgenen,og begge song saman den vakre lovsongen til ære for det mest dyrverdige av alle offer”.

BrPeter og hans kompanjongar var på veg frå sitt kloster i Como til Milano. Br Peter var kjend og mislika som ein hard motstandar av samtidig vranglære, ofte retningar som likna på det katarane stod for (ordet kjettar kjem nettopp av katar, ‘dei reine’). Retningar som fornekta materien, det kroppslege og den synlege skapningen som god og skapte av Gud. Så den nidkjære preikebroren hadde fiendar – som overfall han og drap han på vegen.

Typisk for forteljinga er at dominikanarbrørne syng medan dei er på vandring; nettopp merknaden om at brPeter ikkje gjorde det, vanlegvis, tydlegjer normalen endå meir. Hymner og songar frå liturgien (messa og tidebønene) kunne ein utanatt. På vegen, oftast to og, men stundom fleire, blei det som et vandrande kloster; stundom stille, stundom syngjande, stundom isamtale. Slik det dominikanske idealet er uttrykt etter den hl Dominikus, vår fars føredøme: Vi bør tale anten “til Gud eller om Gud”. Det er noko å leve opp til.

04
Jun
12

nota bene: verdiparagrafar

Den norske staten er ikkje lenger ein konfesjonell stat, ein evangelisk-luthersk stat – slik han har formelt har vore det fram til den siste grunnlovsendringa. No har vi fått ein såkalla verdiparagraf i staden. Staten skal heretter vere forplikta på “vår kristne og humanistske arv” (fritt sitert).

Men kva er det? Det veit sjølsagt ingen heilt presist – og det var nok meininga, for då kan den som til ei kvar tid har makta, definere og operere han som ein vil. Kristen og humanistisk politikk vil vere den politikken styremakta til ei kvar tid fører. Ein har teke eit gamalt bilete ned frå veggen og på det tome feltet har ein måla nokre dekorasjonar som ser rimeleg pene og beroligande ut.

Skal storting, regjering og departement avgjere kva som er innhaldet i den kristne arven? Skal ein spørje representantar for den nye “folkekyrkja”? Og kva svar skal ein velje – frå ei kyrkje som er truga av teologisk dekonstruksjon og utan ein samlande læreautoritet? Nettopp at dette flyt, gjer det endå lettare for staten å køyre fram sin eigen definisjon.

Også omgrepet “humanistisk” er alt for utydeleg til å vere særleg operativt. Er det Humanetisk Forbunds forståing ein skal legge til grunn? Der prøver ein jo nettopp å innarbeide ordet “humanisme” som namn på det humanetiske livssynet. Er det humanisme i den kristne tradisjonen verdiparagrafen siktar til, eller er det humanisme som noko anna enn kristendom, for ikkje å seie noko heilt motsett av kristendomen?

Som kristne bør vi nedtone våre forventingar til at den sekulære staten skal ivareta dei kristne verdiane. Både teoretisk og praktisk er det kyrkjene sjølve som må ta dette ansvaret. Her ligg det ei stor utfording til positivt, ekumenisk samarbeid, t d for Norges Kristne Råd. Ikkje minst den katolske kyrkja må kjenne sitt ansvar som talsmann for kristne verdiar og kristen praksis i samfunnet.

I det heile er det vanskeleg å sjå at ein pluralistisk stat skal kunne formulere eit positivt og tydeleg verdigrunnlag. Det blir lett eit minste felles multiplum, lett manipulerbart og lite utslagsgjevande i praksis (jfr Verdikommisjonen på 90-talet). Gode rettsordningar, religions- og livssynsfridom og vilje til respektfull sameksistens held lenge.

01
Jun
12

officium: justin martyr (+165), frå forteljinga om dei heilage martyrane Justin et co, som vitna om Kristus i Roma (matutin)

Forteljinnga er bygd på ein samtidig avhøyrsprotokoll, rekna som særs påliteleg…

“Prefekten Rusticus sa: ‘Og kva går så denne trua ut på? Justin svara: ‘Det er å leva i ærefrykt for dei kristnes Gud, han som vi meiner er den éine Skaparen og tilverkaren av heile skaparverket, både det synlege og det synlege, heilt frå opphavet av. Og dernest å leva i ærefrykt for Herren Jesus Kristus, Guds Son, han som profetane hadde varsla vile koma til menneskja og forkynna frelsa og gje dei ei god lære”.

Justin og dei som stod for retten saman med han, vedkjende, tydeleg og klårt, den kristne trua. Å tru er ikkje berre ei vag kjensle eller å halde visse formuleringar for sanne. Det er å leve i ærefrykt. Trusvedkjenning og tilbeding er eitt. Å framseie trusvedkjenninga, credo, må vere ei akt av djup vyrdnad. Vi vedstår oss den inste og høgste lojaliteten i vårt liv. Som eg har sagt før: Det vi ikkje kan svike utan å svike oss sjølve.

Å framseie trusvedkjenninga er ikkje å lese opp eit dogme, men å setje sitt liv på spel. Kven veit når det ikkje berre er noko som er føreskrive i liturgien, men noko som blir kravd av deg, offentleg, av dine motstandarar? Det er då det spørst.

31
Mai
12

officium: marias gjesting hjå elisabeth (luk 1,39-56) frå ein homilie av den hl Beda den ærverdige (673-735)(matutin)

Datoen for denne festen er flytt frå den 2. juli. I gamal tid blei han kalla “Marias fjellgang”; fordi ho gjekk opp i fjellbygdene der Elisabath og Sakarja budde. I norsk mellomalder fekk dette ein særskild klang i samband med stemna på Filefjell, ved St Thomas-kyrkja, nettopp på denne dagen…

“Det er rett [å syngja Marias lovsong] til vesper, slik at sinnet vårt, trøytt etter dagen og fortumla av mange slags plager, samlar si merksemd når det er på tide å gå til ro, og skjønar at det må kasta frå seg alt det uvesentlege eller skadelege det har teke opp i seg i løpet av dagen, og straks reinsar seg for alt dette ved bøn og tårer”.

I den offisielle bøna til kyrkja, tidebønene, syng ein nettopp Marias lovsong (Magnificat) under vesperen (aftansongen), frå Lukas 1, 46-51. Vesper-bøna tek opp den store tonen av takk for alt Gud har gjort – i verda, i kyrkja, i livet mitt. Maria, Guds mor og mor til kyrkja, syng denne lovsoongen på vegner av oss alle, og vi får ta del i han. I Magnificat lyfter vi blikket og ser dei store linene, meininga; ser Guds hand i alt. Det vanskelege, det komplekse, det nærsynte og motviljuge fell på plass i Guds plan.

I Guds nåde.

30
Mai
12

officium: onsdag, 8. vike i det allmenne året, frå den hl Augustins ‘Vedkjenningar’ (matutin)

“Gje det du krev, og krev så kva du vil!”

Augustin streva med å overgje sine lidenskapar, kanskje fordi han hadde teke dei så sterkt ut i illegitimt samliv. Alt set spor. Han ville no leve åleine – og difor avhaldande. Det er noko med den kroppslege lidenskapen som spreier oss og sprengjer oss, meiner Augustin. “Ved å vere avhaldande bli vi samla og førde tilbake til den einskapen vi forlet då vi blei oppløyste i mangfald”, legg han til. Sterke krefter må styrast, ikkje berre med tvang, men utfrå ein indre fridom. Å elske Gud og nesten krev fokus – og gjev fokus. Sentrifuga som slyngjer oss ut når vi lar våre apetittar drive oss, må staggast så vi ikkje går i oppløysing, både kroppsleg og sjeleleg.

Å makte dette, fordrar eit overskot som berre Gud kan gje oss. Vi må fyrst ta i mot, så kan vi gje. Alt.

29
Mai
12

carpe diem: vandring

Pinsehelga var varm og vakker. Etter høgmessa pinsedag, tok eg toget til Tangen, ved Mjøsa – og gjekk den gamle pilgrimsvegen fram til Stange kyrkje. Tidlegare har eg gått ei lei i same retning, langs sjølve Mjøs-kysten. No tok eg den merka leia over åsane austanfor. Forbi eitt og anna småbruk; tidlegare husmannsplassar inni skogen, attanfor dei opne bygdene og storgardane.

Eg fekk gå for meg sjølv, ein lang landeveg, litt i skuggen av granskogen. Berre gå, tenkje, be. Ein dag åleine.

Så opnar den breie Stange-bygda seg. Vakre gardar med korte, gamle namn: Rå nordre, Rå søndre,Store Re… Namn som viser at her har det vore folk og drift frå arilds tid. Namn frå Snorres soger. Og bylgjande enger og åkrar, med svart jord, pløgd opp og harva, kraftige felt mot dei ljosgrøne, vide slettene med bryddande korn. Ned mot Mjøsa som glitra sørover og nordover. Av og til eit kast av sval bris. Lurer meg til ein rast under eit stort tre i eit tun ut mot vegen.

På lang avstand ser eg det slanke spiret på Stange kyrkje. Eit heilagt merkje i landskapet. Eg gjeng heilt fram – og møter Kjell Nyhus, ein studiekamerat frå MF-tida, no fengselsprest i Hamar. Eg bur hos han og Anne, kona, til dagen etter og er med på gudstenesta i fengslet, 2. pinsedag. Kjell har teke til med å arrangere turar for nokre av dei innsette, til Fokstugu på Dovrefjell der vertskapet har opna garden som eit pilgrimssenter, med gjesterom og kapell. Dugnadsarbeid, fjellturar, samtalar og samlingar i kapellet. Det gjer noko med dei som er med.

Vi er alle menneske – som treng Guds nåde, i skaparverket, i stilla, i Ordet, i fellesskapen. På vegen.




kategoriar