Kjære brør og systre!
Vi er ved slutten av det liturgiske året – på terskelen til advent. I denne tida feirar vi det som skal skje når verda og historia går mot slutten, dei siste tidene, det som skjer når Kristus kjem igjen i si allmakt og sin sigersglans– som det heiter i Credo: venturus est cum gloria, judicare vivos et mortuos:”han skal komme igjen i herlighet og dømme levende og døde”! Som kristne i Noreg har vi kanskje lett for å skyve dette frå oss; alt går så bra her, alt går på skinner, ingen fare, ingen ting uventa hverken frå Gud eller menneske si side. Dagane går, Noreg består, liksom.
Men Jesus lærer oss tydeleg at han skal kome igjen, at han skal kome synleg igjen! Då skal kvart kne bøye seg, i himlen, på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanne: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære(Fil 2)! Og nettopp evangeliet i dag, om Kongen som skal halde dom, er ein del av den siste store talen som Jesus heldt i Jeruaslem, like før arrestasjonen, lidinga, døden og oppstoda! Han sat på Oljeberget, står det, og disiplane var åleine med han, og dei spurde han kva som skulle skje når Messias, Menneskesonen, skulle kome igjen. Då tok han til orde, står det vidare – og så heldt han denne talen…
…om at det skal vere urolege tider, at mange kristne skal bli forfylgde, at mange skal falle frå trua, at det skal bli ein trengsels tid, at vi skal sjå teikn på himlen og i elementa, og Menneskesonen skal kome på himmelskyene, basunen skal lyde…Alt skal elles gå som i Noahs dagar, seier Jesus, folk skal kjøpe og selje, gi til ekte og ta til ekte, den daglege tralt, ingen Messias, ingen domedag her, nei, vi tar det med ro. Men dei som trur på han, dei skal vere klare, vere vakne, vere som brudejentene som venta på å ta i mot brudgommen slik skikken var, med olje på lampane sine, vere som ein forvaltar som skal avleggje rekneskap for arbeidsgjevaren sin. Slik skal vi vere budde til å ta i mot Jesus, vere klare til å svare for vårt liv for Gud.
Så kjem dei voldsomme orda om Kongen som skal kalle alle menneske fram for seg og skilje dei i to flokkar, slik ein gjetar i Palestina brukte å skilje sauene frå geitene om kvelden. Sauene står for det gode, geitene eller bukkane for dei sjølopptatte og brutale. Alle menneske møter det evige resultatet av sitt liv: Evig glede eller evig fortaping. Større alvor kan vi ikkje tenke oss. Mange har lyst å viske desse orda ut av evangeliet, men dei står der, det er Jesu ord. Han som har sagt: ”Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå”.
Det oppsiktsvekkjande er at vår tru på Jesus, vårt tilhøve til Messias, til Menneskesonen, skal testast på det vi høyrde: Om vi metta dei svoltne, om vi gav dei tyrste å drikke, om vi tok i mot dei framande, om vi kledde dei nakne, om vi besøkte dei sjuke og dei som er i fengsel… Kort sagt: Om vi har vist miskunn, i praksis, i handling!
Dette betyr ikkje at det ikkje er så farleg med trua, vi høyrde jo nettopp at vi skal vente på Jesus, sanne at han er Messias. Men denne trua er berre ekte dersom ho viser seg i gjerning, dersom vi viser den same mskunn mot mennesket som Gud sjøl har vist. ”Ver miskunnsame, slik dykkar himmelske Far er miskunnsam”, seier Jesus i ein annan stor tale, i Bergpreika. Og profetene Jesaja seier at når vi fastar, altså utøver vår gudsdyrking, skal vi løyse utrettferdige lekkjer, sprenge banda i åket, setje undertrykte fri, dele vårt brød med dei som svelt, la hjelpelause og heimlause kome i hus, vi skal sjå til den nakne og kle han, og ikkje snu ryggen til våre eigne(Jes 58, 6-7). Slik vi behandlar dei fattige og forkomne, slik behandlar vi Jesus, ja, Gud. ”De har forakta den fattige”, skriv apostelen Jakob. Til den rike og staslege som kjem inn i forsamlinga seier de: -Kom hit og finn deg ein god plass! Men til den fattige seier de:-Du kan står der! (Jak 2).
Det er så lett å tenkje: -Vi kan ikkje hjelpe alle, og dessuten kan staten ta seg av dei. Brør og systre! Som katolske kristne skulle vi verkeleg vise at vi i all menneskeleg naud ser Guds eige andlet. –Eg skulle gjerne trudd på Gud dersom eg hadde sett han, seier mange. I den fattige ser du han, ja, i den fattige ser han på deg. Vi skulle påpeike skeivskapar og urett i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt, for Gud er miskunns Gud, men også rettens Gud. Jakob seier også om dei alt for rike: -De har samla dykk skattar i endetida, og høyr: Ho ropar høgt, den løna de held att for arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre! (Jak 5,3-4).Også vårt sosiale og politiske liv har med Gud å gjere, fordi det har med menneske å gjere. I mennesket ser vi Gud – i det ufødte barnet, i den sjuke, den, gamle, den funkjsonshemma,den problematiske, i alle som vi så lett reknar som overflødige og ubehaglege.
Brør og systre! Dersom vi misser trua og glir bort frå Gud, er det ikkje fyrst og fremst fordi vi har så mange intellektuelle og tankemessige problem, men fordi vi lukkar oss inne i oss sjøle, og blir harde og sløve, både overfor Gud og menneske. La oss opne oss for han og for andre – han som er Kongen, han som vi ein dag skal møte andlet til andlet, han som er miskunnsam mot dei miskunnsame!
”Alt som lever, er underlagt/kjærlighetens gjenskapermakt/Bliver den bare prøvet!
Siste kommentarar