03
Mai
12

carpe diem: oxford

To og ein halv dag i Oxford i denne runden – og tida har eg mest nytta til skriving og litt litteratur-research, så bloggen har kvilt. Fint å bu med brørne her i Blackfriars» (= Svartebrørne, som brørne ofte vart kalla i mellomalderen pga den svarte hettekappa vi stundom brukar utanpå den kvite kutta). På 20-30-talet vart det bygd eit kloster her, som ein studiestad for både dominikananarar og andre, og ein fekk godkjend status i Universitetet, som eit mindre college (grunneininga i universitetssystemet her), ein «hall». Her kjem du inn frå gata – og inn eit veritabelt Oxford-miljø; klosteret bygd kring to små, indre hagar; kyrkja på den eine sida og resten av bygningsmassen parallelt og på kortsidene. Alt i vakker gulgrå naturstein, nygotisk og gjennomført, men samstundes enkelt og monastisk. Vakker, strengt enkel kyrkje, i tradisjonell, dominikansk modus.

Liturgien er verdig og fin, både tidebønene og messene. Biblioteket eit skikkeleg romantisk anlegg med galleri og trapper, men alt moderne lagt ut på digital database. Sjølsagt har eg sosialisert eín del med br Haavar som er i ferd med å fullføre sine studiar her før retur til Noreg (etter sju lange år utanlands, fyrst i Frankrike og så her), og blitt kjend med nokre av dei andre. Stundentbrør og lærarar dei fleste. I kveld var vi ein tur på Oxfords eldste pub, The Turf (Torva!), kloss inn til den gamle bymuren, inn i nokre tronge smau.

Har elles teke turen til Newman-plassar som universitetskyrkja (anglikansk),St Mary the Virgin, der Newman, ved sidan av å vere lærar ved universitetet, også var soknperest, t o m med landsoknet Littlemore i tillegg, eit par kilometer utanfor byen. Det var der han dro seg tilbake saman med vener, til ein kvasimonastisk fellesskap i åra før konversjonen (1846) då han skyna kva veg det bar.. Landsoknet tok han seg også samvitsfullt av; gjekk fram og tilbake til fots, heldt gudstenester, underviste born og unge, fekk bygd ny kyrkje, oppretta skule mm – samstundes som han altså var akademisk lærar og prest for universitetskyrkja. Og skreiv traktar og bøker og artiklar i ein stri straum og leia den anglokatolske rørsla (The Oxford Movement/The Tractarians). Utan datamaskin! Intens bøn og hardt arbeid, det var oppskrifta den gongen. I St Mary såg igjen den enkle preikestolen opp ved ei av søylene der han held sine vidgjetne, intense preiker; preiker som samala skarer av folk og snudde Oxford på hovudet. På den same plassen (skjønt på ein eldre preikestol) preika i si tid også John Wesley så det susa. Historisk plass.

I den store (understatement) bokhandelen, Blackwell’s, med diger teologisk avdeling (utenkjeleg i Noreg) greidde eg å halde meg, og kjøpte berre éi bok (og noterte fleire Newman-titlar): av bror til den krakilske nyateisten Christopher Hitchens («God is not great»), nyleg avdød, Peter Hitchens («Rage against God»). Peter bei også ihuga ateist, men kom seinare tilbake til trua. I boka fortel han om livet sitt og analyserer den britiske, antikristne kulturen frå etterkrigstida og framover; med engelsk, imperial nasjonalisme som psevdoreligion og Winston Churchill som nasjonens Jesus. Boka er svært velskriven og er blitt ein bestseljar. Ta og les! Sjølsagt heilt underkommunisert i Noreg.

Vel, det er snart natt. Matutin og laudes i morgon, pakke sekken og ta bussen 90 min til Heathrow. Så heimover.


1 Response to “carpe diem: oxford”


  1. 1 Øivind
    mai 4, 2012 ved 6:26 am

    Godt å lese, frater.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: