«Kyrkja kjenner til to liv etter det som er henne openberra og tiltrudd av Gud. Det eine er å leva i tru, det andre i åskoding[…]Det fyrste livet blir symbolisert ved apostelen Peter, det andre ved Johannes».
Peter, leiaren for apostlane og for heile kyrkja, har fått seg tiltrudd utøvinga av nyklemakta og dermed ansvaret for å styre kyrkja i hennar misjon og teneste – saman med dei andre biskopane og i einskap med alle truande. Det krev stadig innsats og merksemd.
Johannes, teologen, er han som ser djupt inn i Kristi verk og Den treeinige Guds mysterium. Han er den som legg seg inntil Herrens barm og kviler der. Her er det kjærleiken og einskapen som er i fokus. Det kristne livet og kyrkja treng begge deler. Utan kontemplasjonen blir apostolatet, forkynninga og det kristne livet berre strev og press. Utan viljen til å seie: -Herre, sjå her er eg, send meg!, blir vi sjølvopptekne og stagnerte.
Verda ventar på oss, men vi må ha noko å gå med.
0 Svar to “officium: laurdag, 6. vike i påsketida, frå den hl Augustins kommentar til johannesevangeliet (matutin)”