Lang oppstiging på Vårstigen i går – og inn på fagre fjell i SørTrøndelag; dei vide utsyna, dei lav-grøne, slakke fjellsidene; langt i vest Trollheimen, langt i aust Østerdalane. Langsamt svingar vegen ned i Vinsterdalen og vi kjem til pilgrimsrefugiet på Ryphusan, innreia i setrelåven, og i tillegg får vi låne det gamle selet.
Her er det godt å vere. Ein støl på andre sida av elva er i drift, og vi får ei skål ekte rjome som venskapsteikn! Sveitte og litt støle kjem vi fram, og sjølsagt legg eg meg avkledd og langflat i den iskalde setreelva som renn gjennom dalen. Herleg. 🙂
Fin distanse i dag, 25 km, ned Vinsterdalen – og så inn til Oppdal langs E6en (den gamle vegen er ein omveg); stress med biltrafikken, men kulturlandskapet er vakkert. Å kome ned til bygda etter dagar i fjellet, er ei eiga oppleving. Strålande julivêr, den store, fulle sommaren med djupgrøne marker og åkrar og ein gyllen glans over skogen og i den varmblå himmelen.
Til Rennebu i morgon.
Thanks for some other wonderful article.
Where else may just anyone get that type of information in such an ideal means of writing?
I have a presentation next week, and I’m at the look for
such info.