her er kompaktmanus for føredraget på Avaldsnes under Olavsdagane der. Og med bloggens markering av Olsok. Avaldsnes kyrkje ei Olavskyrkje frå mellomalderen. Ein viktig historisk plass…
Det handlar om mentalitet; dette er ein liten pilgimsteologisk mentalitetsanlyse…
Pilgrimsferder, ja sjølve pilgrimstanken, er blitt vanleg igjen i dagens Noreg. Eg hugsar fyrste gongen eg gjekk med ei gruppe over Dovre mot Nidaros, på åttitalet. Aftenposten kom og laga reportasje. Det var noko nytt; kombinasjonen av historie, fellesskap, natur, fysisk anstrenging, undervising, og bøn. Sidan har det teke heilt av.
Vi må sjå det som ein del av den religiøse oppvakninga. Samtidig som det er mangetydig. Det ventar ei verkeleg lang pilgrimsferd for å finne fram til det som er grunntanken i det tradisjonelle pilgrimsmotivet. Fordi det norske landskapet, religiøst og ideologisk, har mange hindringar som vi oppdagar når vi legg i veg…
Lat oss sjå nærare på nokre av desse hindringane; dimensjonar ved den tradisjonelle pilgrimstanken som buttar mot den norske tenkjemåten:
-At det i det heile er tale om eit religiøst mål. At Gud i det heile finst. Det finst nosk gudstru, men ofte svært vag. Ja, ein del av ideologien er at trua helst skal vere vag. Trua som privatsak.
-At målet er vktig, ikkje berre vegen. Vi vil vere søkjande. Men: kan ein søkje noko ein ikkje ynskjer å finne. Den som leiter etter ein bortkomen…? Den som lengtar etter den han/ho elskar…? Å søkje, er å søkje noko…
Jfr Hebrearbrevet, som talar om trua som ei pilgrimsferd, og om dei heilage gjennom tidene som pilgrimar: Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser... (Hebr 11,1). Ikkje uviktig at det vi trur, verkeleg finst, at det vi søkjer å finne, verkeleg kan finnast! Tru er å tru noko bestemt, tru er å ville noko, å ha eit mål. Vi les vidare, om dei heilage trusvitna:
I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende seg at dei var framande og heimlause på jorda. Dei som talar slik, viser at dei lengtar etter eit fedreland. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å venda tilbake. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud av dei, men vil kallast deira Gud, for han har gjort i stand ein by til dei. (Hebr 11,13ff)
Sjølsagt er vegen viktig, sjølsagt opplever ein noko godt og viktig undervegs; gleder og strabasar, strabasiøse gleder og gledelege strabasar. Vandringa er ein skule – som for Israel i øydemarka. Dei skulle til Kanaan, målet var tydeleg, men det var på vegen dei mottok Lova, blei innvigde i Sinai-pakta, lærte Guds veg og vilje å kjenne.
-At det finst heilage stader og heilage menneske. Vi har eit nivellerande og egaliteriserande syn på røyndomen. Bra, men einsidig. Alle stader er heilage, som skapte av Gud. Men stader der Gud særleg møter oss, er heilage på ein særleg måte. Då Moses møtte engelen, møtte Herren, i den brennande busken: Då sa Gud: Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord’ (Ex 2,5). Kor uvante er ikkje dette fos oss norske verdsmeistrar: Kom ikkje nærare! At noko er heilagt. At noko ikkje er direkte tilgjengeleg! At noko ikkje er laga av menneske!
Og: Gud brukar menneske ulikt. Trua har sine førebilete, sine heltar: Martyrane, vedkjennarane, dei som Gud fekk forandre, omskape, bruke, ofte på trass av seg sjølve; som David – krigar, mordar (Urias), horkar (Batseba); som Peter (fornektaren); som Paulus – medskuldig i drapet på Stefanus, ein forfylgjar, ein som sa: -Kristus kom for å frelse syndarar og mellom dei er eg den største.
Oscar Wilde, som omvende seg på slutten av eit ikkje altfor fromt liv, sa at det var den katolske kyrkja han heldt for sann – fordi han han hadde fått stole paraplyen sin i ei kyrkje og skjøna at denne kyrkja er for syndarar. -Den katolske kyrkja er for syndarar, dei respektable kan greie seg med den the Church of England, sa han.
Helgenen – eit menneske som Gud har fått bruke, om så på tvers av han sjølv; som Olav! Vi har eit borgarleggjort syn på det heilage, ja, på trua og kyrkja i det heile. Alt skal vere på det jamne. Men kristen tru ferdast i djupet og i høgda! ”Frå det djupe…” (sal 130)! ”Sursum corda/Lyft dykkar hjarto…”(innleiingsdialogen/prefasjonen til nattverdbøna, slik det har lydd heilt frå tida i katakombane; ja, nettopp der)
Vi er så uvane med det å kunne ta de heilt ut; difor uvane med det heilage, med helgnane, med klosterlivet; med sølibatet, fattigdomen, lydnaden –ikkje som noko betre enn andre livsformer, men som radikale teikn på det som er annleis, på det umogelege, det ”hinsidige”, på det Guds rike som skal kome og snu alt opp ned, og som samtidig er kome, er nær…!
Det er dette gjennomtrengjande og verkelege ved det heilage som også ligg i i trua på at at jordiske leivningar av ein heilag kan ha kraft i seg:
Som Elisjas bein i grava;
som Jesu kappedusk (han snudde seg fordi han kjende det gjekk ei kraft utfrå han…), ei sjuk kvinne hadde rørt ved han;
som skuggen av apostlane som fall på dei sjuke dei hadde bore ut på gata der apostlane passerte
Frelsa, helginga omfattar ikkje berre sjela og moralen, men også kroppen! Slik at mennesket verkeleg vert endra, fornya, heilaggjort, guddomleggjort!
-At Gud verkeleg kan høyre bøner! At han lever og handlar! Gud er ein levande Gud! Han elskar, lid, endrar seg, bryr seg, kjempar med oss, ”gjer så godt han kan”, så å seie, fordi han er bunden av truskapen mot sitt eige skaparverk, slik det no ein gong er også som fallen skapning, bunden av den fridomen han har skapt menneska med.
NB: Dei tankane eg har lista opp, er det uråd å oversjå dersom vi skal vere pilgrimar i kristen tyding. Ingen kan vere kristen pilgrim utan å tru på dette. Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han. (Hebr 11,6).
Nokre andre moment i den kristne pilgrimstanken:
-Bota. Ein strabas, ein omveg, som Israel i øydemarka igjen; ein skule, ein skuleveg… Syndstilgjevinga tek ikkje bort Guds pedagogikk, ’den timlege syndestraffa’ som vi katolikkar kallar det. Alle Guds heilage får kjenne det: Peter: -Ein annan skal binda opp om deg og føra deg dit du ikkje ville. Paulus:- Herren har sendt meg ein Satans engel, ein tagg i kjøtet, for at eg skal skjøne: -Min nåde er nok åt deg.. mi kraft vert fullenda i di vanmakt..
Vi treng å kjenne det på kroppen: Eit glas vatn, ein mynt eller setel i korga, kjenne forsakinga (faste), dele smerten åt dei andre.
Ein verkeleg pilgrim, gjer alltid ei indre reise. Han endrar seg, kjem lenger. Skriftemål og livsoppgjer høyrer med i den kristne valfarten.
Kva så med dei som legg ut på pilgrimsferd i ein heilt annan modus? Velkomen til alle, seier eg! Kven veit kva som kan skje undervegs? -Den som ikkje er mot oss, er med oss, seier Herren om dei som gjer det gode.
Men: Lat kyrkja halde fast på si forståing og sin praksis! Så ho kan vise veg for dei som vil vere kristne pilgrimar.
Kvifor er mange framande for den kristne forståinga? Å tru på noko betsemt, å søkje mot eit verkeleg mål, å vente noko konkret av Gud? Kanskje fordi det forpliktar oss? Vi må ta ein sjanse. Ta eit val. Satse på noko. Stå eller falle med det. Ikkje kunne ”levere tilbake” når det ikkje passar oss lenger.
Å våge oppbrotet. Å ta steget.Det er kallet til det norske mennesket, den norske pilgrimen i dag! Kven du enn er; du må gjere eit val, vite kven du er, kven du vil identifisere deg med, no man is an island, anten du er rik eller fattig, uansett kva livshistorie du har, med sigrar eller nederlag, du må velje kvar du vil, kven du vil gå saman med – Eg vil tilrå at du seier, som det står i pilgrimssongen:
Jeg har valgt å gjøre selskap med Guds enkle vandringsmenn/det må koste hva det vil/men jeg vil hjem til himmelen!
Din åpne, men likevel krevende holdning til sekulære og individualistiske ( og lutherske) pilegrimer er et eksempel til etterfølgelse. Jeg innrømmer at jeg enten blir oppgitt, irritert eller ikke klarer å ta alvorlig moderne pilegrimer som egentlig ikke gjør annet enn å gå på vanlig fjelltur med litt ekstra fakter. Hvorfor man skal ha pilrgrimsprest i Nidaros der Olavs skrin ikke har stått på 500 år kan jeg for eksempel ikke begripe. Sammenblanding av DnK og DnT, liksom. Og hele den trønderske olsok- feiringen forekommer meg også pussig. Våkenatt og greier i en kirke som ikke anerkjenner helgenenes forbønn. Svermerisk middelalderromantikk og form uten innhold, ser det ut som for meg. Men jeg skal være litt mer storsinnet og ta innover meg din økumeniske holdning om at hvem vet hva som kan skje underveis.
Arnfinn spør: Kvifor er mange framande for den kristne forståinga? Det er nok mange ulike svar på det. Sjøl vaks eg opp med NLM, senare i livet var det Adventistane. Og sjøl om begge gjorde sitt beste for å skremme den kristne trua ut av meg, så trur eg framleis. Typisk for norsk kristenliv er dei mange «bibeltru» som menar å ha monopol på sjølve sanninga. Det er og ei luthersk og protestantisk tru at Bibelen er Guds ord, ja nærmast skreve av Gud sjøl. Difor har me alle dei «bibeltru» som diverre gjer at mange veljar å ha tru for seg sjøl, ja som ei privatsak som Arnfinn skriv.
Einsidige kriste miljø og tradisjonar har sikkert vore skadelege, både individuelt og meir allment. Men eg trur at privatiseringa av tru og religion mest har å gjere med generelle kulturelle trendar. Heilt frå opplysningstida av. Veldg seigliva greier.
Desse idéane er gått over til å vere det eg kallar «kulturelle klisjéar».
Eg skulle gjerne sett nokon av dei sentrale bak pilegrimsplanen frå kulturdep. kommentera her. Kan du ikkje senda teksten til Vårt Land?
Planen ligg her: http://www.regjeringen.no/upload/KKD/Kirke/Pilegrim/Pilegrimsrapport_Uddu_11feb2009.pdf
Hi, I want to subscribe for this webpage to obtain latest updates, thus where can i do
it please assist.