Arkiv for juli 2008

31
Jul
08

carpe diem…

AD ORIENTEM

Det går austover – sjølv om det ikkje er meir orientalsk enn til norsk austland. Som eg også er glad i. Så mykje vakkert er knytt til Austlandet, til Opplanda.Så mykje av eventyra, med kongsgardar, Heidalskogar med einøygde troll og lure Oskeladdar frå ein eller annan husmannsplass; prestar og futar, klokkarar og kolbrennarar, solsvidde stavkyrkjer, prinsesser på kvitebjørnar og små gutar på veg til Soria Moria slott. Det må liggje på Austlandet, bak blåe skogåsar og Jotunheimar og Rondar endå lenger bak ein stad.

No sit eg på Grotli; fylgjer mor mi på ein liten ferietur – som samtidig gir meg skyss mot Otta der eg skal gå på Oslo-toget i morgon ettermiddag. Rett i sør tronar Skriulaupen, med store, kvite brear og svarte fjellsider. Opplands-fjella strekkjer seg seigt og roleg vestover før dei må gje etter for det vestnorske og bli bratte og villstyrige. – Det skin frå ei snøfonn langt oppi gråberga med ei eller anna bergteken kongsdotter inni, innbiller eg meg.

Så no har eg fare langt og lenger enn langt og er snart på plass i «St Dominikus». Bergteken på min måte :). Snipp, snapp snute for sunnmørssommaren min. Men nye eventyr ventar for den som vil vere med og heng på. Dagar skal opne seg….

29
Jul
08

carpe diem…

NED FRÅ TABOR,

som denne gongen var Tafjord-fjella på indre Sunnmøre. Vi fekk ein flott tur, med ei endring i ruta. Frå Vakkerstøylen turisthytte gjekk vi ikkje via Pyttbua, men tok den lange løypa, Storløypet, over Storløyp-fjellet, ned Øvste Reindalen til Reindalsetra. Fyrst hadde vi gått ein ettermiddag frå Grønningseter gard øvst i Valldalen, opp til Tjønnebu på 1000 meters høgde; ei lita, men perfekt innretta turisthytte sett rett på svaberget mellom fjellvatna og oppragande toppar. Stor fred å sitje i hytteveggen når kveldsola hang lenge igjen på dei høgste tindane – eller tidleg om morgonen, sval etter fjellnatta.

Derfrå gjekk vi over Illstigen, ned Børrebotn til Vakkerstøylen i Ulvådalen, der landet mjuknar mot dei øvste bygdene i Gudbrandsdalen. På ruta over Storløypet er det mykje ur og gråstein under foten; du må vasse elvar og ta den lange, bratte oppstiginga til 1750 m o h. Der var det pause og kvile med stor utsikt og nesten 30 varmegrader. Bortover og så nedover brear og fonner som er store etter ein snørik vinter; etterkvart med Pyttegga ruvande opp som eit riseslott. Øvste Reindalen er paradisisk vakker; eit grønt teppe av dvergbjørk og elva brusande og stor i dalbotnen.

Sjølve Reindalen har sin eigen mystikk med den eldgamle, opne fureskogen; ”Gamlefura” som er freda, er nesten 1000 år og endå frisk i toppen, full av kvae og visdom. Fullt hus og folkeliv med fjellfolk i alle aldrar på Reindalseter turisthytte. Så siste natta sov eg på flatseng i peisestova. Sundag ved middagstid kom vi ned til sjølve Tafjord, forbi dei store vassmagasina til Tafjord-Kraft. Rart å tenkje på at eg for mange år sidan, før reguleringa, overnatta på den fremste garden i Tafjord, Jakobsgarden, no neddemd og drukna på minst hundre meters djup i Sakrisvatnet.

Frå Tafjord med bil forbi Fjøra, Valldal, Linge og Labygda og ferja over til Stranda. Heime. Nokså solsvidd på kroppen, men elles i god form og utan gnagsår.

I kveld er det Olsok-feiring i Sunnylven. Fredag er det retur til Oslo. Deltaking ved ei gudsteneste i Rollag stavkyrkje, Numedal, no på sundag (3. August) , blir både avsluttinga på ein opplevingsrik sommar og starten på arbeid og teneste i hausthalvåret. Tilbake ved bloggbasen. Dersom tid og krefter strekk til, kjem det meir på skjermen etterkvart.

24
Jul
08

carpe diem…

SOL OG FJELL – OG BLOGGPAUSE TIL SUNDAG

Strålande sol også over indre Sunnmøre i dag – og min planlagde tredagars tur i Tafjordfjella (fjellområdet mellom Sunnmøre og austlandsbygdene Lesja og Skjåk) går av stabelen snart. Eg skal frå Grønningseter gard, øvst i Valldalen, over til Vakkerstøylen i Ulvådalen, så til Pyttbua og tilslutt over til Reindalseter. Derfrå ned til Tafjord og tilbake til sivilisasjonen. Om alt går bra, er eg på Stranda igjen sundag ettermiddag.

Sekken er lett, kondisen god og himlen blå i dag, altså! I Tafjordfjella tek eg ikkje sikte på å finne trådlaust nett, anna enn den åndelege, så all blogging må vente til nedstiginga frå fjellheimen. Fantasien og gode tankar er ei god erstatting! Pax et bonum!

22
Jul
08

carpe diem…

FJORDLANDET IGJEN

Tilbake i fjordlandet på indre Sunnmøre; der bur mor mi og der har eg truffe sysken som elles bur spreidde i landet, men gjerne møtest om sommaren. I ettermiddag (tysdag) skal eg ruskle rett ut av stovedøra, opp i skogen, opp over eit res (sunnmørsk for eit lite eid, pass) over til den vesle grenda Fausadal i Stranda. Skal vitje nokre vener som har hytte der (Ellinor og Dag Brune/Hareide). Det blir ein fin mini-fjelltur! Godveret er på veg tilbake… Torsdag, Deo volente, drar eg i Tafjord-fjella nokre dagar. Meir om det, kanskje. Og meir om den boka som er sommar-lektyren i år.

Helsing meg i kaffibaren på den lokale Esso-stasjonen – med trådlaust nett!

19
Jul
08

nota bene…

SJØLVSAGT FLEIRKULTUR

Få fenomen skaper så mykje hysteri og sinne som integrasjonen av ulike kulturar i dei vestlege samfunna. Dei sekulære domedagsprofetiane får dei fleste religiøse til å bleikne. Eit helvete av konfliktar, nedbryting av sivilasjonen, retur til fortida – spådomane er mange, høglydde og svovelluktande.

At endringar er vanskelege og spenningsfylte, er sjølvsagt ikkje noko nytt. At det fleirkulturelle samfunnet skulle vere sjølve heksesabbaten for alle vonde krefter og det endelege Ragnarokk for det gode samfunnet, har eg vanskeleg for å skjøne.

For min del har eg levd det siste halvåret i Roma, i eit gamalt urbant kloster-universitet. Både i kommuniteten og i studentmassen er mangfaldet stort – og sjølvsagt. Av dei seksti dominikanarbrørne, stort sett professorar og stipendiatar på universitetet, er det italienarar, nordmenn, polakkar, fillipinarar, vietnamesarar, ein frå Kviterussland, sveitsarar, tyskarar, franskmenn, maltesarar, ein frå Australia, spanjolar, columbianarar, indarar, slovakar, britar, irlendarar og folk som til vanleg lever i Egypt og i Jerusalem. Alle desse og fleire til bur under same tak – rett nok er det fem fulle meter under taket i dette 1500-talsklosteret – deler sine måltid rundt det same bordet, syng sine tidbøner i dei same korstolane og feirar messa rundt det same altaret. Kvar dag. Året rundt. Dei styrer også kommuniteten på samsen i ”allmannamøtet”, eller ”kapitlet”, som det heiter hos oss, og vel sin prior, sin subprior, økonom, kantor og lektor og ombodsmenn til alle dei andre verva som trengs i ein slik fellesskap. Her er folk fyrst og fremst dominkanarbrør og katolikkar og dernest alt mogeleg og umogeleg anna.

Like typisk er mangfaldet og einskapen når det gjeld studentane. Seminaristar og ordensystre og lekfolk i alle slags kulørar såvel på huda som i klesdrakta; svært mange afrikanarar, slår det meg. I eit seminar eg fylgde, var eg saman med ein prest frå Serbia, ein frå Texas, ein frå Vest-Afrika, to indiske systre og ein som hadde jobba store deler av livet sitt ein- eller annan plass i Brasil. Folk tek sine eksamenar, deltek i studentdemokratiet og står i same køen i studentkantina.

Er det så eit spesialopplegg eller særskilde rammer som er lagde for at alt dette skal funksjonere, såvel i alle dei daglege banalitetane som i den djupare fellesskapen? Absolutt ikkje. Faktisk trur eg dei fleste har det som eg; ein tenkjer ikkje over det. Slik er det berre. Ikkje spesielt fantastisk, ikkje spesielt problematisk. What’s the big deal?

Her heime er også den katolske kyrkja eit veritabelt laboratorium for kulturell integrasjon. Kyrkjelydar er meir komplekse enn eit kloster eller eit universitet; det er heile tida ei avveging kor mykje dei ulike språkruppene skal ha av eigne messer og møteplassar og oppretthalde banda til kulturen i det opphavlege heimlandet. Men det går seg til. Utlendingane endrar seg i møtet med det norske; det norske endrar seg i møte med det som kjem utanfrå.

Ligg noko av forklaringa i at ein har ei felles tru og tilhøyrer ei felles, universell kyrkje? Utan tvil. Og det bør, sant å seie, vere eit interessant poeng i seg sjølv. Einskap i tru, etikk, symbolikk og ritual, lovgjeving og styringsstruktur utfordrar det som er ulikt, men gjer også samliv mellom ulike språk og nasjonalitetar mogeleg. Problemfritt? Nei. Men dei velprøvde livsformene i kyrkja gjev reidskapar og ein modus vivendi som gjer at vanskane ikkje naudsynlegvis eskalerer og endar i kaos.

Kan dette tillempast på multikulturelle samfunn der religionane er ulike? For det fyrste er det ikkje alltid dei andre truande som skaper spenningar, men trykket frå den fiendtlege, og til dels altså hysteriske, sekulærkulturen. For det andre er kulturell sameksistens eit spørsmål om mentalitet; positive røynsler bryt ned angst og fiendebilete og påverkar haldningar langt utover eins eige interne miljø.

Mange ting tyder på at norsk folkeleg mentalitet nærmar seg den danske ny-sjåvinismen. Difor tillet eg meg å seie: Det finst alternativ.

(Spalten «Signert», «Klassekampen», laurdag 5. juli-08 )

18
Jul
08

carpe diem…

MØTE MED VENER

Farvel til Harams-øyane for denne gongen. Eg losjerte hos vener som er blitt katolikkar for eit par år sidan. Så no kunne vi feire hus-messe om morgonen. Kanskje har det ikkje vore katolsk messe her på denne øya (Longva ligg på Flemsøy/Skuløy) sidan reformasjonen? Rart å tenkje på at dei gamle orda i kanonbøna (nattverdbøna), med dei romerske martyrane og helgnane, som Linus, Kletus, Sixtus, Agnes…Lucia… Kosmas og Damian igjen lyder her slik dei lydde i den gamle stavkyrkja på Haram, og knyter oss både til den lange katolske historia her ute og til den romerske kyrkja, til den katolske kyrkja.

I Ålesund møtte eg to gamle vener på ein kafé, for å pratast. Den eine er framleis prest i Den norske kyrkja, den andre har gått ut for nokre år sidan og tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn – er prest der på deltid samstundes som han er lærar på ein folkehøgskule. Vi snakka om situasjonen i Den norske kyrkja og om den kyrkjelege utviklinga i Noreg, i England og andre plassar der dei store folkekyrkjene opplever krise og splitting. Eg må prøve å forstå dei som ikkje kan bli katolikkar på ein, to, tre – samstundes som eg er svært glad for at eg sjølv får tilhøyre den katolske kyrkja. Ekumenikk er ikkje det same som kyrkjeleg «diplomati»; som katolikk meiner eg det er heilt naudsynt å støtte dei som står for felleskristen tru, etikk og kyrkjeordning, trass alle manglar, i andre trussamfunn.

Seinare på fredagen var eg ein tur ut til sørsida av den store øya Sula, ved Ålesund. Utover i vest opnar storhavet seg, innover mot sør og aust skjer den vide Storfjorden seg inn i landet, med eit panorama av stolte fjellmassiv og tindar, lyftande seg opp over djupt juli-grøne skoglier, med brear og render av snø mot svart berg. Magisk.

17
Jul
08

carpe diem…

«ØYAR OG STRENDER

veg ikkje meir enn dust», stod det i Laudes-salmen i dag tidleg (Jes 40,15). Det kan sjå ut som om øyane her ute er overletne til kraftselsskapa sin ekspansjonstrong; for styremaktene har vedteke vindkraftutbyggjing med seksten kjempestore vindmøller (opp til 150 m!) over heile fjellet her på Haramsøya!

Folket er kraftig (!) i mot det, både folk flest og dei kommunalpolitiske organa. No er det berre ein anke som kan redde naturen her frå ei drastisk valdtekt. «Miljø» er ikkje berre lufta vi pustar eller jorda vi går på – det er også det estetiske rommet vi lever i! Øyane her er tettbygde med det meste av kulturarealet som dyrka mark. Fjellet og strendene er sjølvsagt avgrensa på ei øy, og desse områda er det einaste ein har å omrømme seg på utanom sine eigne fjøsgolv og stovegolv. I tillegg er digre vindmøller på eit nake kystfjell på ei øy utanfor fastlandet svært synleg. Og heilt drepande for den naturlege estetikken, for det sterke, vakre kystlandskapet vi har her. Mennesket lever ikkje berre av energi, men også av å ha visuell og estetisk trivsel i livsmiljøet sitt.

Etter alt å døme, er det kraftselskapa (Tafjord Kraft) som er hovudinteressentar; gode pengar å tene på sal av elektrisitet, og «mykje vil ha meir». Ille, når ein veit at vindkraftproduksjon ikkje er økonomisk lønsamt, men er avhengig av store subsidiar. Vindkraft er «rein» energi, men også prisen for det kan bli for høg når produksjonen skjender naturen og det menneskelege miljøet på andre måtar.

Vi treng energi, men framfor alt må vi lære oss å trenge mindre energi. Og vi treng naturlege omgjevnader som det er verdt å leve i. Blir det utbyggjing på Haramsfjellet, stiller eg i lenkegjengen!

16
Jul
08

carpe diem…

POST FRÅ ARKIPELET

Nordøyane, for det meste omfatta av Haram kommune, er ei øygruppe som ligg på rekkje og rad, utanfor skipsleia mellom Ålesund og Hustadvika/innseglinga til Molde. Haram ligg på Haramsøya – og er gamal kyrkjestad og «gard». «Garden» var opphavleg ein vestlandsk landsby der husa- våningshus og uthus – lågg i samla i eitt med åkrar og enger rundt om kring, delt opp i eit lappeteppe av teigar. På midten av 1800-talet og utetter kom den såkalla «utskiftinga»; husa vart flytte ut av det store «tunet» (jfr. engelsk «town») og jorda ny-fordelt og samla rundt kvart bruk. Meir praktisk – men mindre sosialt, sjølvsagt. Midt i «garden», eller rett utanfor gjerdet, låg stavkyrkja, og bortanfor ligg det enno ei lang rekkje med svære naust der dei store ro- og siglebåtane («åttringane», åtte årar) hadde sin plass, og der fisken vart teken i mot når båtane kom inn. Gjerne frå den rike fiskebanken Storeggja som vart oppdaga nok så seint i soga. Naturlege hamner er det dårleg med på desse kantar, havet rett inn på strendene; fyrst i nyare tid vart det bygd molo her.

Ute på eggja kunne fiskarane opphalde seg dagevis i strekk i dei opne båtane; det var ikkje akkurat firestjernes cruiseskip. Og ikkje alltid i sommarvêr. Bankane låg så langt ute at det ikkje var land i sikte. Ikkje utan grunn at Ivar Aasen skrivom sunnmørsfiskaren frå før i tida: «Av hav kom sjømann sigande/og lengta etter land. /Då såg han fjelli stigande/og kjendest ved si strand! /Då kom det mod i gutarne/som såg sin fødestad!/Ja, dei gode, gamle nutarne/dei gjera hugen glad!» (frå «Dei gamle fjell i syningom»). Når det rauk opp til uvêr – og seinast i går, midtsommars, bles det opp frå svartestille til storm på ein time her ute – var det ikkje alltid alle kom velberga frå det. Det var ein del av livsvilkåra at nokon «bleiv» (omkom) på havet. Som ein av onklane mine, skjønt då han havarerte, hadde dei teke til med motor- og dekks-båtar.

Kom dei vel i land, var det å få stelt fisken; det var det kvinnene som gjorde, ned ved nausta: sløying, salting, tørking (formelen for «klippfisk») og seinare levert til oppkjøparar. I Haram var det godt utstyrte båtar og relativt bra gardar på dei store, vide strandflatene, så bygdene var stort sett velståande. Når det var gode år på sjø og land. Les om dette i den fyrste sosiologiboka her til lands, av presten Eilert Sundt: «Harham, et exempel fra Fiskeridistrikterne».

Sidan har mykje endra seg. Stavkyrkja på Haram vart riven og ny kyrkje bygd opp lenger inne på øya (1838). Fiskeria har gått gjennom alle endringane til større kyst- og havfiskflåte for oversjøiske farvatn (Nordsjøen, New Found Land, Barentshavet, Island, Grønland) – til det no nesten ikkje er fiskebåtar att på øyane her. På seksti-syttitalet la ein om til einsdig jordbruk (husdyrhald). Men svært mange arbeider i verfts- og skipsindustrien, ikkje minst tilknytt oljeverksemda. Her blir produsert , supplyskip, styremaskiner, hydrauliske vinsjar og stort sett går det så det susar. Sjølv om eigarane av verksemdene i dag er Røkke og Rolls Royce (!).

Og her sit eg, på Longva, på granneøya til Haramsøya; no er «Coop»-en open og eg kan sitje innadørs ved kaffiautomaten og sleppe unna regndropar i Macen. Tidlegare i dag – i sol og vind – kom eg meg ut til Kvernholmen (det går bru ut dit!) ved garden Ulla; med fyrstasjon og vakkert utsyn utover og innover. Sat på svaberget i ei lun skorte og las ei bok om «The Phenomenological turn of Theology» (eller noko slikt). Høyrest ille ut, men er faktisk svært interessant og tankevekkjande. 🙂 Ein god og klok/lærd ven har råda meg til å lese henne, så det vart sommarlektyren i år. Meir om det, kanskje..

15
Jul
08

carpe diem…

UTE PÅ ØYANE

Rask post frå meg her… Er på Longva i Haram, hos gode vener! I den opne naustdøra har eg mitt daglege scriptorium og lectorium, for skriving og lesing. Tid til lange vandringar i svært opne landskap. Godvêr og ruskevêr om kvarandre; akkurat det eg trong no! Har – igjen – snusa opp eit trådlaust nett; på samvirkelaget på Longva – så no sit eg utanfor butikkveggen her på «Coop» og sjekkar og skriv! Må gjere det raskt, for det er litt regndropar på gang og eg skal gå eit par kilometer tilbake til der eg stasjonerer. Med Macen i ryggsekken…

Eg blir her til frammot helga og har det veldig bra. Om alt går vel og «Coop» består, kjem eg gjerne tilbake med ein tekst eller to. No som før: Samvirkelaget har alt! 🙂

13
Jul
08

carpe diem…

På veg til kysten og øyane. I dag, sundag, her eg messa her i Vår Frue katolske kyrkje i Ålesund (har lagt ut preika/homilien nedanfor). Soknepresten, p Johannes,  er på ferie i Vietnam, som er fødelandet hans. Soknet her i Ålesund omfattar heile Sunnmøre og er nok det mest folkerike soknet i Trondheim stift.  Dei siste åra har det vore stor vekst, som t d i Ulstein, Herøy og Sykkylven. Anten i Ulsteinvik eller i Volda hadde det vore fint med eit katolsk kapell/kapelldistrikt – og kanskje eit eige sokn etterkvart. Soknepresten har faste messer på begge desse plassane.  Truleg er den katolske kyrkja blitt meir synleg og nærverande i det offentlege romet her på Sunnmøre dei siste åra.  Pass på; når sunnmøringane blir katolikkar, kan det bli stor fart i svingane   🙂

 

Etter høgmessa drar eg til øyane i Haram og blir der nokre dagar. Dagleg nett-tilgang er nok ikkje sjølsagt der eg skal bu, men eg slår til når det byr seg eit høve. Vêret har vore briljant sidan eg kom heimover for ei vike sidan; no er det meldt litt «sørvest og regn», og det høyrer med! Friskt. Havet er havet  – og øyane er grøne!  Vi bloggast!

13
Jul
08

homilia…

15. SUND. I ÅRET, 13/7-08, VÅR FRUE KRK, ÅLESUND, MATT 13,1-9

 

 

 

Det handlar om kunsten å høyre, å lytte, i dag. Mange tenkjer at det må vere vanskeleg å tale, å preike, men faktisk er det mi røynsle at det er vansklegare å lytte; vansklegare å sitje i skriftestolen enn å stå på preikestolen!

 

Å lytte krev stor konstentrasjon, om tankar som tilhøyrer ein annan, andres tankar som du skal ta inni ditt sinn, inn i deg sjølv. Det krev at du opnar deg, at du legg merke til noko utanfor deg sjøv, noko som forandrar deg sjølv. Som kanskje snur opp ned på dine tankar og forestillingar…  Du kan høyre – utan å høyre. Du kan sjå utan å sjå .

 

Du kan gå til messe, lytte til lesningane, delta i bønene,  resitere din rosenkrans – utan å vere tilstades, utan å verkeleg lytte på orda. Vi kan ikkje alltid få med oss alle orda, det er klart, vi er ikkje alltid like opplagte, like freshe; då skal vi sjølsagt be våre bøner, likevel, delta i messa, likevel.  Då er det sjølve viljen og intensjonen som tel. Og ofte forstår vi det vi har høyrt, det vi har bedt, det vi har lært seinare, i ettertid.

 

Men sjølve den lyttande, opne grunn-innstillinga kan vi ikkje gi opp! Å vere kristen, er å vere disippel, ein som lyttar og lærer. Ein læresvein.  I dåpen og i ferminga blir vi opna for Gud. Presten krossar munn og øyrer og seier: Effata! Opne deg opp! Bli eit ope menneske, ope mot andre, ope mot verda, ope mot deg sjølv, ope mot Gud!

 

I Bibelen er også det å høyre, å lytte, det same som å lyde – å lytte/å lyde, det er same ordet. Å lytte er å ville la sitt liv råde av det du høyrer. Å lytte er å handle! Den gode lyttar, den gode tilhøyrar, den gode høyrar, er den som handlar etter det han høyrer!  Det mennesket som er viljug til å la sitt liv og sine handlingar råde av Gud, er den som høyrer på den rette måten. Å berre høyre, la orda passere,  eller berre smake på dei og så¨spytte dei ut, eller gløymd dei etter ei stund, når du får andre ting å tenkje på – det er den overflatiske lyttinga. Det er ”ordet som falt ved veikanten”, som fuglane åt opp; det er ordet som ”falt på steingrunn hvor det knapt fantes jord”… som visna ”fordi det ikke hadde slått rot”; det er ordet som fall blant tistlar ”som skjøt opp og kvalte det”. Det er den ”dårlege jorda” for Guds såkorn, for Guds ord, for Guds tale!

 

 

”Den gode jorda” – det er det sinnet, det hjarta, som er ope, som mediterer, som tenkjer over, som lar ordet påverke livet. Ikkje at du alltid fortår det, ikkje at du alltid greier å gjennomføre det, men at du vil det, ynskjer det, er opne for det. At du ikkje gir opp. Den gode jorda er den tålmodige jorda som tar vare på såkornet i godevêr og i uvêr.

 

Den gode jorda – det lyttande, lydige, opne menneske – det er er ikkje minst Guds mor, Maria! Ho som gøymde engelens ord i hjarta sitt og ”grunnna på dei”. Ho som var lydig, som sa: ”Ecce, ancillia Domini”(”Sjå, eg er Herrens tenarinne”), ho som let heile livet sitt bli prega av det kallet ho fekk, av det ordet ho høyrde! Ho fylggde han som er Ordet, Jesus Kristus, heilt til vegs ende, heilt til ho stod under krossen.

 

Å vere open for Guds ord, er å vere forberedt på noko uventa og nytt; ordet kjem som engelen kom til Maria: plutseleg stod han i døra og sa: ”Ave, Maria, Dominus tecum!” (”Ver helsa, Maria, Herren er med deg!”). Gud vil tale noko til deg i dag – gjennom Ordet i Bibelen, i lesingane, i kyrkja  si  lære og undervisng. Gud talar også gjennom andre, gjennom ting som skjer. Kva vil han med livet mitt no? Kva vil han med den katolske kyrkja i Noreg no? Det er ein ny og spennande tid på mange måtar. Kva vil han med kyrkjelyden her i ”Vår Frue”  no?

 

Å høyre, det er å vende seg til Gud med heile livet sitt og med kyrkja sitt liv, og seie:

 

”Lær meg å kjenne dine veier/og gå dem trøstig, skritt for skritt./ Vis meg at hva jeg fikk i eie/er borget gods og alt er ditt./Men vil din sterke hånd meg lede/jeg aldri feil på målet ser/og for hvert håp som falt her nede/får jeg et håp i himlen mer”

 

 

10
Jul
08

carpe diem..

FRATER MONTANUS
kan eg nok kalle meg, ettersom eg stadig er på farten i fjella. Ny topp i dag – og stadig strålande ver på Sunnmøre! Solbrend blir eg nok etterkvart – med nokre kvite render over akslane der ryggsekkreimane går. Seigt opp, raskt ned. Her gjeld det å fote seg og ikkje trø feil når det går i full fart unna bakke! Godt å kome ned på sætra, finne den faste plassen og dukke seg i den isgrøne og iskalde fjellelva. Det kjøler huda, får vekk sveitten og gir eit skikkeleg støyt gjennom kroppen; eg kjenner kor hjartemuskelen trør til! Det er eit kick! Etterpå er du varm og tørr på ein blunk, skikkeleg pigg.

I helga skal eg fyrst ha messa i Vår Frue, den katolske kyrkja i Ålesund, og så ut på øyane i Haram.
Alt vel her, altså!

09
Jul
08

Carpe diem…

MED FJELLSKORNE PÅ

Bloggen i sommarmodus vert mest små glimt av frater Arnfinns Sunnmørs-opphald, for å halde skjermane varme. Veret er svært bra; og kvar dag lokkar meg opp i høgdene. På Stranda bur ein jo midt i det alpine Sunnmøre, mist i smørauga. Som han sa, bonden, då son hans – etter mange somrars blodslit på garden utan å ta fri og kome seg vekk – spurde om dei ikkje no endeleg kunne reise på ferie, for ein gongs skuld. -«Ferie?», svare faren, -«Vi er jo her!»

Så eg er her. I går gjekk eg, i lag med syster mi, opp på ein 1487 meters topp like fram i dalen her. Opp gjennom seterråsa («rås» = sunnmørsk for «sti») på heimestølen ved skoggrensa. Vidare opp bratte brekker – alt er bratt her – mot himmelsjå, oppover ein smal nakke med stup rett i fjorden 1300 meter lenger nede. På toppen er det 360 grader rundsynd – til Jotunheimen og Breheimen i sør og aust, til Romsdalsfjella i nord og havet langt i vest. Etter rasten og nista er det firsprang nedover nakkane, mot ein brekant eg vanlegvis forserer lett for å kome ned i ein annan sætredal. Men i år har det vore mykje snø i fjella så brekanten var større enn elles og dessutan roten etter varmen dei siste dagane.

Vi tok til vettet og valde ei anna rute. Bortover ei drabeleg ur og gjennom eit skar mellom to toppar. Vel gjennom, kjem vi ned, i full sklifart på ein annan, liten og ufårleg bre, inn i ein vakker u-dal med ei blått vatn og myrar rundt. Og med utsyn, der dalen opnar seg, over til nordaustsida av Storfjorden og tilhøyrande fjellheim. Ned lia med lauvskog og fjell-furer til sætra. Kveldsol bak oss over toppane vi hadde vore på. Resten av termoskaffien i le av ein eldgamal sel-vegg. Nedover den bratte grusvegen til gards og til bygds. Der vart vi henta. Ute på brinken, i eit vakkert gardstun, ligg den fyrste kyrkjetufta her i bygda. Her stod det ei høgendes-kyrkje (privatkyrkje) alt på 900-talet og seinare den fyrste soknekyrkja i Stranda.

Ei Peters-kyrkje.

PS I år har det kome trådlaust nett og kaffiautomat på den lokale Esso-kiosken her, ideelt for bloggarar 🙂

06
Jul
08

homilia…

SUNDAG 6/7-08; GUDSTENESTE, HERØY GML KYRKJESTAD (HERØYSPELET), MATT 10, 28-31

Herøyspelet, det historiske spelet som vert framført her på den gamle kykjestaden, minner oss om den fyrste brytingstida mellom norrøn tru og kristendom, mellom heidendom og kristendom, mellom Thor og Kvitekrist; den strålande, sigrande Kristus, han som hadde atterløyst veda og vunne over fordervsmaktene- synda, døden og demoniet – med sin død og si oppstode; han som sette seg på høgre sida åt Faderen og fekk all makt i himlen og på jorda. Hans velde kom til å strekkje seg heilt ut hit i dette havgapet.

Sjølv om det var tida sin skikk at hovdingen rådde og folket fylgde med, kunne ikkje trua ha festa seg og kyrkje blitt reist – og blitt ståande gjennom tusenåra! – utan at folket ville det og var med i det! Her vart folket døypte til forsaking og tru. Her vart Kristi levande nærvere feira i den heilage messa – slik det vart gjort i heile den kristne verda. Også Herøy kom inn i den store samanhengen.

Det spørsmålet som møter oss på denne gudstenesta er: Skal menneska som bur og arbeider her ute, framleis vere med i den samanhengen? Framleis lære trua på Kristus å kjenne? Framleis vedkjenne den trua? Dettte spørsmålet, denne brytinga, denne utfordringa, dette kallet er det som møter oss her i gudstenesta. Difor er gudstenesta det verkelege Herøyspelet; der spelar Kristus sjølv hovudrolla, Han som ”Kongen over kongane og Herren over herrane!”

Kva val er det vi står på, kva er det store spelet vi alle er med i? Det er spørsmålet om kven vi ottast og kva som gjer oss trygge; kva som er grunnen for livet vårt.

Kanskje den største kulturelle endringa dei seinare åra, særleg etter krigen, har vore dette: At det sjølvsagte livsperspektivet for alle, anten dei var aktivt truande eller ei, var at vi er skapte av Gud, at vi har eit evig verd, at vi alle skal fram for Kristi domstol – som skrive står: ”For meg skal kvart kne bøya seg og kvar tunge skal prisa Gud” (Rom 14,12/Jes 45, 23)! At det finst ei frelse og ei fortaping, ein himmel og eit helvete. Dette gav mennesket eit evig ansvar, eit høgt medvit om ansvar, som prega livet både i helg og yrkje, både på dekk og på kyrkjegolv, for å seie det slik!

Livsperspektivet var altså: Verda og vi er skapte av Gud, mennesket har ei udøyeleg sjel, livet har eit evig mål. Og difor: ”Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men taper sjela si?”

Brør og systre: Kvar vart det av dette livsperspektivet? Eg er redd at svært mange vaksne menneske i dag, også på det tradisjonelt kristne Sunnmøre, har forlete det, ikkje står ved det, eller ikkje held det ved like, ikkje tek vare på det. Og det vi ikkje tek aktivt vare på, det misser vi til slutt. Kanskje Herren, den levande Gud, ser utover dei velståande Sunnmørsbygdene i dag og seier: – ”Dei har alt fått si løn”!

Brør og systre: Vi skal ta i mot Guds velsigningar, men vi skal fyrst og fremst ta i mot Gud sjølv! Alt det vi så lett set vår lit til – det er så sårbart, det kan ikkje bere livet vårt når de røyner på, vi får det ikkje med oss om vi bygde kistene like store som husa vi bur i! Jesus seier, i dag, i Evangeliet: ”Ver ikkje redde, de er meir enn mange sporvar”! Sporvane er i Guds omsorg, dei er frie og lette; vi er meir enn mange sporvar, vi er kalla til å vere Guds born! Den store rikdomen og den store fridomen er å vere Guds barn! ”Guds barn eg er – med undring eg enno det seier!”

Den store rikdomen, både personleg og kulturelt, er å tru det eg las i den bibelske salmen i morgonbøna i dag tidleg:

”Lov Herren, mi sjel! Stor er du, Herre, min Gud! I høgd og herlegdom har du kledt deg, ljoset er kappa du sveiper deg i. Du har spent himlen ut som ein teltduk… du gjer skyer til di vogn, og fær fram på vengene åt vinden… Du grunnla jorda…Havdjupet gøymde henne som ei kappe, vatnet stod over fjella. Men dei.. laut røma for ditt toremål: Det steig over fjell og seig ned i dalar.. Du let kjelder strøyma fram i dalane, bekker renn mellom fjella.., Der har fuglane under himlen reir, dei syng mellom greinene”! (Sal 104)

Det er denne livskjensla og livsgleda Jesus lærer oss i Evangeliet i dag. Det er denne Guds skaparomsorg eg vil leve i som mennske, alt anna er oske og støv. Og eg vil ikkje misse det, ikkje evig tape det. Det er livsalvoret, det er det eg er redd for. Alt anna er ”peanuts”, for å seie det slik. ”Dersom Gud er for oss, kven kan då vera mot oss?” (Rom)

Kjære vener! Kanskje skulle vi skrive endå eit Herøyspel; det som handlar om den brytingstida det norske folket og Herøyfolket er inn i no? Skal kristen tru og etikk halde fram, eller skal det bli borte? Dette er ikkje lenger hovdingane si sak, eller politikarane si sak: Det er mi og di si sak!

Difor: måtte det tone utover øyane og bygdene her frå denne spelestaden, frå denne kyrkjestaden; slik vi vi song i inngongssogen:

Kom kvar og ein, søk saman der/ Guds ånd og ord er framme// Den som i Herrens hender er/skal aldri bli til skamme!

06
Jul
08

carpe diem…

HELG I HERØY

I går var det ein heil fridag på Runde, øya med det sørlegaste, norske fuglefjellet. Havskodda låg og truga lenge og dreiv i nokre dottar innover øyane og det næraste fastlandet. Då er det alltid frisk nordavind med kvite båretoppar, og lufta litt disig av den råe lufta. Når det er varmt, sig den oppvarma lufta frå fastlandet ut i havet og der kondenserer ho og vert skodde som så driv innover mot lnd igjen for å hemne seg. Men er sola og vinden sterk nok, fordampar ho og bles bort. Ho fekk altså ikkje overtaket, men nordavinden som fylgde med saug over toppen Rundebramden, det høgste fjellet på øya.

Framme på kanten såg vi rett ned i fuglefjellet med store koloniar av krykkje, lundefugl og ikkje minst den store havsula som no hekkar her i stpre memgder. Havørna har ig teke seg opp og no ser du ofte den svære, gråvengja fulglen sigle kongeleg over måseflokkane.

Vi gjekk også ein tur ned den bratte fjellryggen yttarst ute på Runde, ned til fyret. Som no er automatisert med den fylgje at fyrvaktarhusa, nokre av dei frå heilt attende til kong Karl Johans tid, er forletne av fyrvesenet og overtekne av Ålesund og Sunnmøre Turiftforening. Hit kan kven som helst kome; her er køyplass og nærkongtakt med den store havnaturen. Eg gjekk heilt ut på neset der nordavindsdønningen dansa kvitt mot svaberga – berre ein spøk mot vinterstormane, sjølvsagt – og mediterte. Fuglane strauk tett forbi meg; skarv, havhest, storjo, måsar og havsule. Få av dei var på fisketur; alt tydde på at dei berre var ute på rein halsbrekkande sportsflyging, mot vinden og unna vinden, det siste i ei sanselaus fart. Det er sus over fulglelivet!

På veg tilbake til det eg bur, fann eg ein nokolunde lun plass og tok ein salt dukkert. Ikkje let å kome uti på fjøre sjø med stor, glinsande havtare i strandlina. Vatnet var skuffande varmt, men til gjengjeld var vinden ganske hutrande. God frottering med handduken fekk varmen opp igjen.

I dag, sundag: Frisk nordavind, men skodda veik meir og meir. Når gudstenesta på den gamle kyrkjestasden

05
Jul
08

carpe diem…

LITT OM I GÅR – OG I DAG

I dag fyrst. Eg er innlosjert hos gamle vener frå SKRUK medan eg er på denne «misjonen» yttarst på Sunnmøre. Utsyn frå tunet utover øyane og havet. I dag morgon sat eg lenge vestom huset og tok inn stilla, blanda med den lette lukta frå sjøen og frå småskogen rundt husa. Og kanskje eit lite drag frå ein skoddebank som alltid samlar seg opp ute i havhorisonnten når det er varmt lenge. Varmt er det også i dag, så eg vonar sola tyner skodda før ho kjem inn og får lagt hetta si nedover fjella. Vi skal ein tur ut til Runde eller på ei av dei andre øyane litt seinare i dag; gå opp på ein fjellrygg, ta inn ljoset, brisen, luktene. Vi får sjå kva skodda seier, planen er Runde og fuglefjellet, men… Akkurat her eg sit no, på terassen, er det steikande sol og heitt.

I går kveld var det eit seminar i kyrkja, om åndeleg liv i ei sekularisert tid. 45 personar stilde på; uventa mange i den fine sommarkvelden, i ferietida. Det er krevjande og interessant for ein dominikanarpater som eg, som både kjenner miljøa i Den norske kyrkja og som har tatt steget til Den katolske kyrkja. Mi røynsle er at eg kan tale om «det katolske» i si mest eigentlege tyding. Ikkje det eksotiske, men det allmen-kristne, sjølve dei store lienene i trua: Gud, den Treeinige; Kristus, Gud og menneske, frelsar, forløysar og Herre; om Andens gjerning i skaparverket, i Ordet og Sakramenta, i dei ulike karismane/ nådegåvene; om den kristne etikken, om livet i bøna og i det indre samfunnet med Gud, om det ævelege livet – som alvor og som von. Alt dette som kanskje mange utanom den katolske kyrkja opplever som truga i sine kyrkjesamfunn i dag. Som eg, litt tabloid, seier stundom: For å tru på det beste av det eg lærte i den lutherske kyrkja, måtte eg bli katolikk.

Så lenge den synlege einskapen mellom dei truande endå ikkje er ein realitet, ser eg det som ei oppgåve å styrkje det som er «katolsk og apostolisk» i det samanhengen eg blir beden om å stille opp. Det er både de som kan vere til best hjelp for kristne brør og systre i desse trussamfunna – og som kan hjelpe fram den ekumeniske tilnærminga. Dette ser eg som ei den norske, katolske kyrkja sine særlege oppgåver. Ikkje eksotisme og diplomati, men eit oppmuntrande vitnemål om katolsk og apostolisk tru.

I denne tilnærminga skjer eit verkeleg møte, blir det ein verkeleg samtale. Då får du også ta imot mykje av det gode i desse miljøa: Trusengasjementet, handlekrafta – og ikkje minst songen! Vi song kompletorium (kveldsbøn) i kyrkja til slutt. Dei gregorianske tonane blanda seg med kveldshymnene frå den norsk-lutherske salmeskatten. Det song i veggene. Det song i hjarta.

04
Jul
08

mini-carpe diem…

UTOVER

Ferjene på Møre har ikkje berre svele og kaffi, men også trådlaust nett! På veg frå Stranda til Herøy, via Ålesund og Hareid. Eit fantastisk ver, gjennom noko av det vakraste på Sunnmøre, ruta frå Stranda til Sykkylven! Vonar veret held seg til neste vike, då blir det topp-turar!

I kveld er det seminar i Ytre Herøy kyrkje, i smb med Herøyspela. Foredrag. Ciao!

03
Jul
08

mini-officium…

THOMAS APOSTEL

Hans fest er det i dag. Tvilaren blir han kalla. Men eg vil kalle han Den truande. Det er ei tid for å tvile, men også ei for å tru. Ei tid for å virre rundt åleine og tru at det er løysinga, men også ei tid for å samle seg med dei andre på den fyrste dagen i vika, når Den Oppstande er der med opne hender, med merke av naglar og spyd, av ofrande kjærleik!

Ei tid for å nøle, men og ei tid for å vedkjenne, om Jesus frå Nazaret: –«Min Herre og min Gud.

Den er kristen som bryt seg gjennom sin eigen tvil og seier dette!

03
Jul
08

carpe diem…

SIGNINGSFERD!

For ein dag og for ei reise! Starta togturen frå Oslo S kl 0807. Ut-rulla løpar av godver, mørkegrøne barskogar og ljosegrøne lauvskogar, irrgrøne enger og åkrar, tindrande ljos over Mjøsa, Gudbrandsdalen, kongedal i kongeprakt; Romsdalen, gotisk svimlande, så fjordlandet ved Åndalsnes og ved Storfjorden etter eit lyft over Trollstigen og ned Valldalen! Ferja, opp på dekk – meir snø i fjella rundt fjorden enn vanleg for årstida, ser eg. Sjølukta her eg har plassert meg på kaikanten på Stranda for å melde dette… Vakrare kunne det aldri ha vore!

Etter å ha fylgt landjorda på skinner og vegar frå Roma, via Milano, til Lyon, opp til Strasbourg og Tyskland opp på langs, over Øresund og opp opp opp i Vika! Gled meg til i morgon, då skal eg utover til Ytre Søre Sunnmøre. Når eg kjem tilbake derfrå, er det rett opp i fjellet! God willing. Konge i mitt rike! Eller rett og slett berre ei barnsleg glede over endeleg å vere HER!

02
Jul
08

carpe diem…

HEIME!

Bussturen oppover Sverige var komfortabel – no også med trådlaust nett på Säfflebussen! Rask runde innom klosteret frå i går ettermiddag til i morgon tidleg. Treffe brørne og nokre andre, feire messa og tidebønene – på norsk!, ordne praktiske saker, rydde på cella, pakke sekken. Han står klar borte ved køya no. Gamal speidar, kan det der. Mac-en skal med, soveposen (eg har av den solide typen som ein kan liggje ute i ) skal eg ta i handa, fjellskoene skal få dingle på utsida. Alt klart. Toget opp Gudbrandsdalen, ned Romsdalen, i Åndalsnes blir eg henta; Trollstigen opp og Valldalen ned, ut langs Storfjorden, over med ferja («ferja» – det er eit ord som må uttalast langsamt og drøymande av ein utflytta vestlending) og så er eg på Stranda. Base 1.

Reknar med å måtte slacke ned bloggen litt i juli-modus. Vanskeleg å taste i Sunnmørsalpane. Men ein veit aldri. Go» natt (til dei som les i kveld; Go» dag til dei andre..)!




kategoriar