Arkiv for mars 2008

30
Mar
08

Carpe diem…Paris!! :)

Oui, je suis à Paris! Sit her på ein hjørnekafè like ved Notre Dame og pratar med ein ven som eg blei kjend med då eg budde i Frankrike. Han heiter Arnaud, 29 år, gift med Pauline. Vi møttest i dag, etter kveldsmessa i katedralebn. Eg hadde alt feira messa i føremiddag hjå brørne i klosteret vårt (L’Annonciation) like ved Triumfbogen. No stod eg utanfor og venta på Arnaud som kom ut hovudporten, samen med alle dei andre som kom strøymande ut. Inn gjennom kyrkjedørene kunne eg sjå den store prosesjonen med ljosberarane, ministrantane, songaranem, prestane og erkebiskopen av Paris heilt bak. Kvar sundagskveld forrettar og preikar han i katedralen sin. Kyrkja var heilt sprengfull – som alltid, seier Arnaud. No har vi site og prata om det vi har opplevd sidan sist. Eit verkeleg kjekt gjensyn. Har invitert han og kona til Noreg; til tur i fjella og ved havet!

Får ein dag i Paris i morgon, før eg går på nat-toget til Roma. Skal fortelje litt meir om dagane i Lille… Og no kjem ei helsing frå Arnaud:

-Merci Arnfinn d’avoir pris l’initiative de nos retrouvailles parisiennes! C’est une grand joie pour moi de te retrouver apres quelques annees! Je prends note de l’invitation en Norvege et espere pouvoir l’honorer rapidement! Lors de ton prochain passage, je te presente Pauline

(Takk, Arnfinn, for å ha teke initiativ til å treffast igjen i Paris! Det er ei stor glede for meg at eg kan møte deg igjen, etter ein del år no! Eg merkar meg invitasjonen til Noreg og vonar snarast å kunne gjere ære på han! Neste gong vi møtes, vil eg også presentere deg for Pauline).

Takk, Arnaud! Au revoir!

Reklame
28
Mar
08

carpe diem…re-tur utan nedtur

så langt, i alle fall. No: Brüssel Midi (sentralstasjonen), men på utsida. Her er det opne nett. På ein steinbenk i Europa-hovudstaden. Kom med toget frå Køln for ein time sidan, reiser snart vidare til Lille, rett over grensa til Frankrike. Til Køln kom eg med natt-toget frå Køpenhamn, som sagt. Sov litt i den tyske, propre kupéen, sjølv om opne «stor-rom»-vogner er betre for dei som ikkje har soveplass. Sigla inn gjennom Ruhrgebiet i grålysinga. Trist. Men Køln er imponerande. Rihnen flyt mektig gjennom staden. Domen reiser seg som eit fjell rett utanfor houvudinngangen på Köln Hbf. Og rett ved sidan av ligg Andreaskyrkja og dominikanarklosteret. Som stadig er i hevd og i drift; var der for nokre år sidan.

I Køln ragar det opp mange svært vakre, gamle kyrkjer, oftast i tung, romansk stil. Ein kombinasjon av det mirakulöse og av tysk innsatsvilje gjorde at mange av praktbygga kom noksà uskadde frà bombardementa under krigen – medan byen elles – som nesten alle tyske byar – vart knust til grus og oske av dei allierte bombeflya. Eit svart kapittel i Vestens historie, spôr du meg. Etter krigen vart byane gjenreiste, ogsà Köln, men liknar mest pà ei kjempeutgàve av Aandalsnes eller Narvik!

Kôln var ein svaert viktig by i mellomalderen, eit Nordens Roma. Her verka m a laerefar for Thomas Aquinas, Albert den store; teolog, filosof, naturvitskaps-pionér, biskop – og dominikanarbror!

Pà veg til Brüssel passerte vi Achen, byen àt Karl den store, Karlamagnus – han som pà mange màtar organiserte det Europa vi no lever i restane av; «Kristenheten», eller Kristendomen; som det heiter pà mitt màl. Alt har si tid, seier Forkynnaren…

Kontinentet er merkeleg lite; to timar med toget frà Köln til Brüssel; ein halvtime derfrà til Lille, og sà ein time til Paris. Rett nok med TGV; Train de Grande Vitesse. No gàr eg pà…

(dà eg posta denne bloggteksten kl 1100 , vart halvparten borte, sà eg màtte hekte det pà no, i ettermiddag i Lille – og med ein fransk PC; difor desse rare bokstavane innimellom. Vonar eg fàr hekta meg pà med min eigen Macbook etterkvart. I alle fall er eg no komen hit og er pà plass. Meir om det.)

27
Mar
08

Carpe diem…stadig på retur :)

ROMA RETUR..

og akkurat no på ein benk ved kanalen i Køpenhamn – igjen. Dette er blitt min faste bloggeplass i Kongens gamle by, ser det ut for. Sol, men kaldt (som vanleg..). Toget frå Oslo, med skifte i Gøteborg, rulla presis inn på Hovedbanegaarden. Sette den store bagen på oppbevaringa, rusla ned Strøget og hit. Sender mailar eg har skrive på toget. Verda går vidare. Som det heiter i den svenske visa: «Snurra, min jord/låt mig följa med dig/Jag är lika värnlös som du/Snurra, min jord/du får inte ge dig/ det fins ingen stjärna som du..

Klokka 1835 går natt-toget til Køln. Det blir å sove sitjande, men det går fint. Ser fram til å treffe brørne i Lille, i det store klosteret der. Var der sjølv i tre år (Strasbourg før det)- og no er dei norske studentbrørne, ff Haavar og Per Erik der. Blir fint å få eit par dagar med dei!

I matutinen (morgonsongen) i dag møtte eg igjen vereset i Salmen: «Difor lovar eg deg mellom folka, Herre, og prisar ditt namn med song!» (Sal 18,50). Ja, i grunn passar det bra her eg fartar og skal vere utanlands både her og der. Som preikebror er det eigentleg greia: Å love Gud mellom folka, uansett kvar. Du møter alltid noko av Guds skapargjerning, særleg om du «fylgjer bakken», for å seie det slik… :). Å forkynne er ikkje minst å minne dei du møter i det du møter – og deg sjølv – om den store rikdomen i Guds verk! Å minne om Gud, å sjå hans spor der du fær fram…

Nei, no blei det hustre. Eg returnerer til stasjonen. På gjenblogg! Køpenhamn helsar!

26
Mar
08

carpe diem…Påske og Roma-retur..

Stille vike, Påske – eit par intensive viker heime i Noreg, i kloster og klosterkyrkje, med brør og systre, med vener og kjende… For ein nokså ADHD-aktig type som eg, går det greitt. Kraftig vart avsluttinga med sjølve Påska: Påskevigilien med lange skriftlesingar frå skapinga og fram gjennom frelsseshistoria, innleidd med Påskeljos-ritusen. Det store ljoset med inngravert årstal med Alfa og Omega, med ein røykjelsekorn for kvart av Kristi fem sår, kveikt med den nye elden ved inngangen til kyrkja; diakonen eller presten som går i tre etappar framover i den myrke kyrkja, stoggar og syng – i stigande tonehøgd kvar gong: Lumen Christi! (Kristi Ljos!) og folket som svarar: Deo gratias! (Gud vere lova!), medan alle får sine ljos kveikte frå det store ljoset. Kyrkja vert eit lite ljoshav og diakonen set ljoset på den store staken i koret, vigslar det med røykjelse – og syng så den store påskelovsongen, det oldkyrkjelege Exultet; ei forkynning i song av Guds veldige gjerningar frå opphavet til fullendinga, med sentrum i Jesus Kristus.

Etter lesingane fylgjer Allehelgenslitaniet der ein sameinar seg med alle dei heilage sine bøner i himlen, så kjem dåp (i fjor døypte eg to vaksne) eller fornyinga av dåpspakta for dei truande – og så nattverdmessa…. Det vert seine nott, eller rettare sagt årle morgon før det er slutt og vi går ut i påskenatta… Påskeljoset står og brenn heilt til morgonen, for det står i Exultet: – ”Måtte morgonstjerna finna det brennande..”!

Eg går på klosterkjøkenet; litt mat smakar no, festen har teke til og svevn skal det ikkje vere mykje av denne heilage natta.

Etter ein påskeblund: opp, skrive ferdig preika, pusse tenner, stryke den reine kutta (!) – og så er det høgmessa, med mange ministrantar, røykjelse, ljos, alle brørene som er heime, med forsongarar, Åse organist trufast på galleriet. Og: kyrkja er breiddfull av folk..

Ein gjeng av kantorane og ministrantane med familiar bad også denne påskedagen, som i fjor, inn til påskefest med middag, song og spel og mangt anna på Gamle Aker Menighetshus, så langt plassen rakk. Skal fortelje meir om det her i bloggen ved høve.. No seier eg berre: Halleluja!

I morgon tidleg, torsdag, set eg meg på toget til Gøteborg og Køpenhamn, så natt-tog til Køln, og fredag føremiddag tog til Brüssel og Lille der eg vitjar våre dominikanske studentbrør, fr Haavar og fr Per Erik. Blir der i to dagar (meir derfrå òg) og så til Paris på eit møte sundag. Natt-tog Paris –Roma måndagskveld. Om Gud vil..

Var det noko meir? Fylg med!

24
Mar
08

homilia

PÅSKEDAG, 23/3-08, ST DOMINIKUS KRK, JOH 20, 1-9

Brør og systre! Det er strålande sol denne påskedagen. Men påske er meir enn å forkynne litt vårsol og livslyst. Påske er å forkynne og feire Kristus! Det at han er oppstaden, viser at han er den avgjerande personen i Guds plan med verda, med livet vårt.

Som vi høyrde i den fyrste lesinga, frå den tidlege, apostoliske påskeforkynninga, frå Peters tale i Caesarea:

”Han bød oss å forkynne for folket og vitne at han er den dommer som Guds har satt over levende og døde. Og det er om ham alle profetene vitner at enhver som tror på ham, skal får sine synder tilgitt.” (sit. lektionariet, Apgj 10,42)

Eller i Peters tale i Jerusalem å Pinsedag: ”Så skal heile Israel vite for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias!” (Apgj 2,36)

Eller Paulus på Areopagos: ”Gud har fastett ein dag då vil døma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle ved å reisa han opp frå dei døde!” (Apgj 17,31)

Kristus er historia og universet sitt sentrum! I natt høyrde om vi om Guds store plan: Å gjenopprette heile skaparverket. Påskedagen er ein skapingsdag, eit nytt Genesis, ein ny opphavsdag for livet! Livet som såre godt!

Vi høyrde om plassen der Abraham skulle ofre Isak, der han fekk vite at Gud hadde sett seg ut eit anna offerlam, den plassen som fekk namnet: ”Herren ser”! No veit vi at det er Kristi offerplass på det verkelege Moriaberget, Golgata,dit han vandra den tunge vegen, Via Dolorosa, med krossen, offerveden, på sine skuldre – at det er denne plassen som er ”staden der Herren ser”, ”Pniel”. I Kristus ser Gud oss på ein ny måte. Han ser oss i ly av Kristi offer, der alt er oppgjort, så vi kan seie når vi mottek det i messa: ”Herre, se ikke på våre synder, men på din kirkes tro!”

I natt høyrde vi også om den nye pakta som skulle kome, når Gud stenkar reint vatn på oss så vi vert reine. Dette vatnet er det som saman med blodet flyt fram frå Kristi opne side! Det er vatnet som flyt fram frå templet og fornyar verda; og templet er Jesu Kristi kropp –overgjeven for oss!

Brør og systre, Kristi oppstode, som vi feirar i dag, er difor fullbyrdinga av hans offerliv og hans offerdød: Det han levde, det han sa, det han gjorde, var ikkje fånyttes, det hadde og har evig verd, evig kraft, det går ikkje ut på dato! På Påskedag forkynner vi ikkje berre Jesu oppstode, som ei isolert hending, men nettopp hans død som ein sigersdød, som kjærleiken og forsoninga sin triumf: Difor seier vi også, i messa:

-Troens mysterium: Din død forkynner vi Herre, og din oppstandelse lovpriser vi inntil du kommer! ”

Det er kanskje vanskeleg å fatte dette for menneske i vår tid. Vi ser ikkje livet i dette store, evige perspektivet, sub specie æternitatis. Vi har eit dennesidig perspektiv på liv og død. Vi ser ikkje at det som verkeleg truar livet, helsa, livsgleda, botnar i moralske og åndelege realitetar. Døden er ikkje berre ein naturleg biologisk prosess –den er ei aktiv kraft, ein metafysisk realitet, den siste fienden, den store skuggen over livet og over verda.

Men Jesus Kristus har gått inn i dette, han har teke oppgjeret med dødskreftene, han kan gi oss eit nytt liv, ein ny start – ved det vi og alle omkring oss treng aller mest: Forlatinga for syndene. Forsoninga med Gud, med oss sjølve , med andre!

”Han er oppstanden, store bud!/Min Gud er en forsonet Gud/min himmel er nu åpen”! Min Jesu seiererike død/fordømmelsenes piler brøt /og knuste mørkets våpen!

22
Mar
08

nota bene…

SJÅ FRAMOVER!

Kyrkja er samfunnet av dei som trur på Den oppstadne. At han lever, at han er Gud og menneske, at han er nær oss, særleg i feiringa av Evkaristien (messa/nattverden), at han kallar oss til eit liv i etterfylgjing av han, at han skal kome att i herlegdom.

Når vi ser dette, skjønar vi igjen at vi stadig må våge å vere realistiske og vite at vi er inne i ei overgangstid for kyrkja i dei tradisjonelt kristne samfunna. Denne påska er det tid for å minne om dette igjen.

Noverande pave Benedikt sa alt i 1970, som klårtsjåande teolog: ”Av krisa i dag vil det også denne gongen vekse fram ei kyrkje for i morgon – ei kyrkje som har mist mykje. Ho vil ikkje lenger fylle alle dei store bygningane, mange privilegium i samfunnet vil ho ha mist… ho vil sikkert finne nye former for prestetenesta og ordinere prestar som har eit vanleg yrke i tillegg..”

Ein annan stor teolog, Karl Rahner SJ, sa, i 1977: ”For kyrkja si framtid er det viktigare å vinne eitt menneske for trua for morgondagen enn det er å ta vare på to truande frå i går”. Sjølvsag skal kyrkja prøve å ta vare på sine truande, særleg nydøypte og konfirmerte; men energien skal ikkje gå med til å tvihalde på folk som berre heng med så vidt, nesten mot sin vilje, som restar frå ei tid då ein automatisk var ”kristen”.

Eg les om dette i eit tysk katolsk tidsskrift som landar i klosterets posthyller her. Denne gongen med fleire artiklar om trua i det moderne samfunnet. Mi røynsle er at denne erkjenninga av at kyrkja igjen må våge å vere minoritet, sig langsamt inn. Å ikkje innsjå det, skaper pessimisme, baklengsblikk og utmatting.

Sjå heller framover! Lat oss slutte å krangle med dei som absolutt ikkje vil vere kristne; lat oss heller ha ein veg å vise til for dei som ynskjer å finne Kristi veg! Som ein austtysk katolsk biskop seier: ”Det som manglar (den katolske) kyrkja i Forbundsrepublikken er medvitet om at ho skal vinne nye mennneske for Kristus”!

Det er substansen og kvailiteten i den einskilde kristne sitt trusliv som no vert avgjerande, saman med det felles livet kyrkja, både lokalt og universelt. Vitnemålet, den gode undervisinga og forkynninga, den levande bøna og tilbedinga, eit moralsk integrert liv med Skriftemålet (Forsoninga sitt sakrament) som viktigaste hjelp, kyrkjelydane som sosiale/diakonale fellesskapar, ei frimodig og velinformert ”røyst” i samfunnet og kulturen.

Det er dette vi bør samle oss om. Vi skal ikkje forakte historia; ho skal vitne om at vi alle lever i ei overlevering, ein tradisjon. Men vi skal ikkje hegne om ruinar og kulissar frå ”gode gamle dagar” som ikkje er lenger.

Som Den oppstadne seier: ”Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du avstad og forkynn Guds rike” (Luk 9,57).

(Sitata ovanfor er henta frå ”Academia”, 1/2008)

21
Mar
08

carpe diem…Langfredag

DEN LANGE DAGEN

No ligg han der. Det store krusifikset framfor altaret i den tome, myrke kyrkja. På ein fiolett kledning. To store altarljos brenn; eitt på kvar side. Slik skal dei brenne og vake over han heile natta. Kanskje går eg ned i kyrkja og blir der ei stund. Seinare.

Det var alt skymt i kyrkja under langfredagsgudstenesta; om ettermiddagen. Det var då han anda ut. Ved den niande timen. –Eli, Eli, lemá sabaktáni? Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

Etter dei store forbønene (for kyrkja, for det jødiske folket, for dei som ikkje trur på Kristus, for dei som ikkje trur på Gud, for dei sjuke at dei må verte lækte, at fengsla må opnast, at dei lekkjebundne må løysast, alle ulukkelege få hjelp – dei gamle bønene heilt frå oldkyrkja. Diakonen introduserer kvart bøneemne og seier: Lat oss bøye kne! Det knakar i benkene når alle dei tre hundre i kyrkja kneler. Det er stille, folk bed – til diakonen seier: -Reis dykk! Alle reiser seg, presten syng bøna; alle: Amen! Slik held det fram. Lenge.

Så er det krosshyllinga, innleidd med ”Improperiane” , Guds song for oss om ”det urimelege”: -Høyr mitt folk, kva har eg gjort mot deg? Korleis har eg krenkt deg? Svar meg! -Eg opna havet framfor deg, og du opna mi side med eit spyd… Eg lyfte deg opp til tinden av makt, du hengde meg opp på krosstreet…

Krossen blir boren ned for kortrappa. Medan to av prestane står og held han, kjem folket strøymande fram, bøyer kne og kysser Jesu fot, med naglane i; alle aldrar, alle slags liv, alle slags historiar, alle slags voner og vonbrot, friske og sjuke. Så nært. Røre han med lippene. Ei rørsle som seier: -Eg treng deg, Herre! Du veit alt, du veit at eg har deg kjær!” (Joh 21,17). Som i sakramentet. Alle syng – mellom anna desse versa frå den gamle hymnen: Crux fidelis (600-talet):

Guten gret då han til jordi/føddest i ei krubbe trong; /men i frygd den unge mori/linda han med’ englar song;/ikkje visste ho: ved krossen/laut han lindast siste gong.

Sæle kross, me no vår Frelsar/hyller i din høge stamn;/dine bjelkar og me helsar,/båten som ber Jesu namn./Blod av Lammet hev du drukke,/ det er hav og himmelhamn” .

Det vert heilt stille når salmen er sungen. Det stille toget fram til han som bind oss alle saman, som er vårt liv.
Etter krosshyllinga kjem alle fram att til kommunionen; innvigde ved den store Skirtorsdagsmessa i går kveld. Like mange her då. Messa er eukaristi, lovprising, fest. I dag er det Langfredag. Inga messe, berre sjølve utdelinga av nattverden. Kantoren syng føre, alle deretter: Mine klær delte de mellom seg/om kjortelen kastet de lodd –og salme 22.

Det er blitt nesten heilt mørkt. Påska er tidleg i år. Ute har det lagt seg eit tynt, reint lag med snø, som eit ”velum”, eit dekke, over jorda. ”Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø—” (Jes 1, 18).

21
Mar
08

officium…

LANGFREDAG, Klagesongane 1-3 (Tenebræ)

«Jerusalem, Jerusalem vend tilbake til Herren, din Gud!»

Som dei fyrste lesingane i Tenebræ-officiet (matutin/laudes på Skirtorsdag, Langfredag og Påskeaftan) syng kantoren lange avsnitt frå profeten Jeremias klagesongar. Kvar bolk vert avslutta med dette omkvedet: ”-Jerusalem, Jerusalem, ved tilbake til Herren, din Gud!”

Det er som eit ekko av Jesu gråt over byen då han kom dit frå Gallilea og visste at han skulle bli forkasta: ”-Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samle borna dine som ei høne samlar kylllingane under vengene sine. Men de ville ikkje” (Luk 13, 34).

Jerusalem, Jerusalem… Det er som eit ekko av heile Guds frelsesplan. Han greier ikkje å gje opp folket sitt, byen sin. Det er som eit ekko av bodskapen åt alle profetane: Dei ville kalle folket tilbake til Israels Gud, til pakta frå Sinai, ja, heilt tilbake til lovnadene åt Abraham.

Jerusalem, Jerusalem… Det er eit ekko av Guds kall til alle folk som har motteke Kristi evangelium. Kvifor skulle Gud bli som ein framand, som ein forkasta, der han før var kjend? Det er som eit ekko av Guds kall til kyrkja: – ”Dette har eg i mot deg: Du har gjeve opp din fyrste kjærleik..!” (Joh Op 2, 4).

Difor er det eit klagerop over meg, ein lengt etter meg: -Gli ikkje sakte og umerkeleg bort. Skift ikkje ut den fyrste kjærleiken med svevngjengar-aktige rutinar. Ver ikkje klosterbror og prest fordi du må ha eit levebrød og ein dagleg dont. Hugs at du låg utstrekt på golvet i klosterkyrkja og svara på spørsmålet: -Kva søkjer du? Med panna og munnen mot golvet, mot røyndomen, sa du til dine medbrør: -Guds og dykkar miskunn!. Så reiste du deg, knelte ned og avla dine lovnader: -Like til døden! Har du gløymt det?

Gud har spurt etter meg heile vegen. Heilt inn i sin eigen død spør han, ventar han…På mennesket. På meg.

Kva er Langfredag anna enn dette; Guds klage, Guds ’lange rop’:

-Jerusalem, Jerusalem, vend tilbake….

20
Mar
08

poetica…

Skirtorsdag, Getsemane, den natta han vart sviken…

DEN NATTA

Natt
mørk nok
for Judas
mørk nok
for kyss
som endar i galgen
for nyttige sølvpengar

sjå blodåkeren lyser alt
men raudt

mørkre
for køller og soldatar
mørkre
som let Kedron spegle
ei skjelvande stjerne
mørkre
som tetnar
kring skuldrene
dei bleike skuldrene
som ber oss

berre eit bleikt ljos
i denne natta

20
Mar
08

officium…

Onsdag, vike 2/Den stille vika, sal 55 (vesper)

”Hadde eg venger som dua, då flaug eg bort og fann meg ein bustad..” (v 7)

Det er tider då vi har lov å røme, lov å lengte bort. Maria og Josef rømde til Egypt med barnet sitt, – derfrå hadde Israel rømt i si tid. På ein underleg måte passar salmane i vike 2 i Tidebønene med Den stille vika. Det mørknar rundt Jesus, nettet snører seg saman. ”Timen” kjem.

Då har vi lov å røme –til Gud. Ikkje sterkare enn vi er, ikkje modigare enn vi er. Vi veit at det som ventar, er for svært for oss: ”Otte og age fyller meg, heile kroppen skjelv” (v 6). Inn i hagen, under trea, opp mot steinen. Gøyme seg. Getsemane. Lunden som løyner meg. Endå ei stund. Er det mogeleg, så lat meg sleppe!

Det modige menneske vågar å vere redd. Vågar å vite at det har motstandarar. At nokon vil det til livs. At det kan oppleve det store sviket: ”Det er du, min likemann, min gode ven og kjenning, -vi som hadde det godt i lag og gjekk i festtog til Guds hus” (v 14).

Det finst tider då vi må dra oss unna, bokstaveleg. Det er ikkje alltid tid for konfrontasjonen, for styrkeprøva. Nokre gonger må vi røme den korte vegen til Gud. Gøyme oss i han. Som vestlending hugsar eg songar av Mattias Orheim; som denne:

”So lat då koma, kva koma vil!/Eg veit den stad eg skal springa til….”

19
Mar
08

officium…

Tysdag, vike 2/Den stille vika, sal 49 (vesper)

”..liksom dyra må det døy” (v 13 og 21)

Dette er ein av dei mange salmane med ’visdomen’ som tema. Mennesket viser seg som ’uvist’, som dåraktig, fyrst og fremst ved at det ikkje skjønar at det er forgjengeleg. Eller rettare: Vår forgjengelegdom skulle få oss til å lite på Gud heller på vår eigen styrke. Det gjer ein stor skilnad. Mange menneske i dag, som kallar seg ateistar eller agnostikarar, hevdar nettopp at vi må godta at vi er forgjengelege, at vi skal døy. Men det det meiner er: At det ikkje er noko etter døden. At det ikkje er noko oppstode frå dei døde. At det ikkje er nokon domedag. At det ikkje er nokon Gud. Ikkje noko æveleg liv. Difor kan og skal mennesket gjere mest mogeleg ut av det jordiske livet.

I salmen og i Skrifta elles er det nettopp dette som er ’det gudlause’ mennesket si haldning. Typen på ’den ugudelege’. Mennesket som sjølvsikkert. Som sin eigen domar. Sin eigen skapar. Slik vert mennesket når det ikkje lenger har ei ”metafysisk” forståing av seg sjølv og av livet. Den viktigaste ”visdomen” er borte – forsømt i oppsedinga, fortrengt i kulturen, ofte avvist av individet. Vi vil høyre berre dettte livet til.

Vår tids ateistar vil hevde at det er lett å døy når ein har levd eit rikt og fullbyrda liv. Men kor mange unngår den menneskelege røynsla av det uoppnådde, i denne skadde verda? Kanskje dei som har hatt hell og resursar meir enn andre, nok til å døyve det dei sakna, eller det dei held på avstand. Også dei lukkelege og vellukka skal møte Gud. Døden bryt ned alle borgene mennesket har reist for å verje seg mot sin Skapar.

Døden ler åt det sjølvsterke mennesket og velter alle våre borger.

18
Mar
08

officium…

Måndag, vike 2/Den stille vika, sal 45 (vesper)

”Av myrra,aloë og kassia angar heile ditt skrud” (v 9)

Ein salme om Messias, brudgomen, og om brura. Gud har salva sin fyrste, sin prins, sin eigen Son; fager er han, ”den fagraste av menneske” (v 3). Vakkert kledd og angande av oljar som framhevar hans venleik.

Underleg då å tenkje på det som profeten seier om den lidande Messias; slik det er henta inn i antifonen før og etter denne salmen nettopp på denne måndagen i Den stille vika, som for å få fram kontrasten: ”Noko herleg skapnad hadde han ikkje, det var ingen hugnad å sjå han” (Jes 53, 2). Kvifor? Fordi han vann sin største venleik ved å elske, heilt inn i sjukdomen, heilt inn i døden.

Den menneskelege venleiken får eit større djup når den indre haldninga er vakker. Det foredlar all menneskeleg utsjånad. Den ofrande kjærleiken – der du ser at du er elska.

Alle salvane – myrra, aloë og kassia – som skulle vere ein ange av prakt og venleik, vert ei salving til det messianske offeret, til hans liding og død for folket sitt, for brura si. Som Jesus sa til kvinna i evangeliet: ”Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min” (Joh 12,7).

Han er Guds Messias – og min Messias. Han er salva og elska av Faderen. Og av meg. Han gav meg alt sitt. Eg gjev han alt mitt.

16
Mar
08

poetica…

ein ven ba meg i går om å omsetje dette diktet av Yeats (irsk diktar);
og kanskje handlar også Palmesundag og Den stille vika om å utlevere seg? tenkte eg etterpå…

HE WISHES FOR THE CLOTHS OF HEAVEN

Had I the heaven’s embroidered cloths,
Enwrought with golden and silver light,
The blue and the dim and the dark cloths
Of night and light and the half-light,
I would spread the cloths under your feet:
But I, being poor, have only my dreams;
I have spread my dreams under your feet;
Tread softly because you tread on my dreams.

HAN YNSKJER SEG EI HIMMELSKE DRAKT

Å, hadde eg himmelens prydsauma drakt,
Med belte av gull og av sylv så ljost,
Den blåe, den bleike og myrke drakt
Av natt, av ljos og av halvljos,
Då breidde eg drakti ut under din fot:
Men eg, som er fatig, eig berre min draum;
Og draumane breidde eg under din fot;
Trø varleg, min ven, for du trør på min draum.

(W B Yeats; omsetj: Arnfinn Haram, 16/3-08)

16
Mar
08

carpe diem…Palmesundag

Palmesundag. Carpe diem! Grip dagen! Jesus greip dagen. No var dagen der. Eselet, det messianske ridedyret, ein guddomleg parodi på all menneskeleg kongemakt, stod klar og venta: ”Herren har bruk for det!” Dramaet er i gang. 1. Akt: Kristus tek i mot vår hylling. Han veit at ho må gjennom ei krise. Forbi krossen. Dei som toler å sjå han på Golgata, dei skal også få hylle han som den Oppstadne: når han kjem gjennom stengde dører, når han møter oss i det ljose Gallilea, når han held måltid på strandkanten i otta, når han kjem til oss i eukaristien, når han kjem att i skyene: Då skal vi rope: Hosanna! Benedictus qui venit in nomine Domini! Hosanna in excelsis!

Denne vika skal eg få vere med å feire dette her i klosterkyrkja i Oslo. Eg kom vel heim frå Roma. I dag skin sola, det grøne ute er endå bleikt, høgtida kom tidleg i år. Snart skal vi stille opp ute i klosteromgangen, få vigsla våre palmegreiner, evangeliet om Inntoget i Jerusalem vert sunge – og så går toget ned i gata og inn i kyrkja, med krusifikset fyrst, for vi syng:

”No skrid vår drottins merke fram/ me ljoset ser från krossen skina/ den kross der skaparen i naud og skam/ hev løyst sin skapning ut or myrkheims pine

Heil deg, du kross frå Golgata,/vår von i jordheims skuggedalar!/
Du syner leid og gjer oss fri og glad/på vegen upp til Himmerikes salar.”

(Lov Herren nr 466; Vexilla Regis, 568 e Kr, omsetj: Ragnhild Foss)

Grip dagen! Hyll Kristus! Eg hugsar songen frå sundagsskulen: ”Jesus er kongen min/ si: er han din?”

14
Mar
08

carpe, carpe diem..

Ja, eg er stadig på veg, kort stopp i Køpenhamn, ventar på neste tog. Det regnar lett,- men eg har funne att plassen ved kanalen, vis a vis Folketinget (hehe), der eg kan koble meg på… det regnar lett, så eg står under eit lite tak. Ekstreme bloggetilhøve, altså; så orsak tastefeil mm.. Men eg har fått lagt ut det eg skreiv på toget i gåt kveld/natt. Danmark er deijligt uansett. No må eg til bake til Hovedbanegården.. Kanskje vi bloggast undervegs.. Til Oslo i kveld..

The black pa(n)ter

14
Mar
08

officium…

Torsdag, vike 1, sal 30 (vesper)

”Då ropa eg til deg, Herre” (v 9)

Då. Dette ordet er det viktige her. Bøna er ein veg, ein puls, ein atmosfære, noko varande – men ho må også verte ei hending. Eit ”då”. Bøna må sprengje seg fram frå alle ”bønene”, frå ”bønelivet”, kor bra og trygt det enn er, og bli ei hending. Eit avgjerande momentum. Med eit før og eit etter.

For bøn er også endring. Noko går ikkje lenger, eit mål er fullt. Greier det ikkje meir. Bøna – det holet i demninga som gjer at ho brest så vatnet får fløyme. Lat det fløyme over Gud, tøm livet ditt over han. Til sjuande og sist står dei drastiske hendingane i eksistensen i samband med dei avgjerande hendingane: Livet, som vert til. Døden, som innfinn seg. I det som fortvilar, er det smak av død. I det som jublar, er det livet som har sigra. Difor er dette grunnbøna, bøna i alle bønene: ”Kva gangnar det at eg må døy? .. Kan vel støvet prisa deg, kan det forkynna din truskap?”

Å overgje seg til fortvilinga, er å ”godta” døden. Den kristne ”ars moriendi” (kunsten å døy) er å kunne sjå døden i møte, verte fortruleg med døden – fordi du veit at han er ein overvunnen fiende.

Når noko møter deg som vil ta frå deg sjølv trua på at du er skapt for å leve, ikkje til å bukke under, til å bli malen ned av ulukka som møtte deg – då bed du. Ropet om liv. Ropet mot døden. Ropet til Gud.

Då hender det noko. Ei endring. Det er eg sikker på: ”Du vende mi klage til dans, du løyste min syrgjebunad” (v 12)!

Kom deg ut av skodda, lat det ikkje bli med dei små grå bønene; riv skyene til side, riv til deg ei rift av blå himmel, av Gud! Den gongen du gjorde det – då bad du.

14
Mar
08

officium…

Onsdag, vike 1, sal 27 (vesper)

”..så eg kan sjå hans velvilje og grunda i hans tempel” (v 4).

Fokus. Mennesket som festar blikket. ”Eitt bed eg Herren om og det stundar eg etter..”. For Israel var det templet som var fokus, det faste punktet; staden ein opna vindauga mot i eksilet, templet på Sion-berget, med paktkista inst inne i det høgheilage. Sjølve ”definisjonen” av Israls liv og kall låg der, løynt under kerub-vengene.

Å grunde er å meditere. Å tenkje etter, å vente på at gåter opnar seg, å bli var noko nytt som tyder livet ditt. Det er ikkje naudsynleg å flakke rundt i alle ”tekstane” som kulturen tilbyd oss. Av alt kan vi lære noko, men det førutsett at sinnet ditt har ei retning. Det får det ved å vere vendt grundande mot Gud. Mot det han har openberra. Det du les i dei heilage Skriftene, det du les av dei beste skrifttolkarane, det du høyrer og feirar i kyrkja. Pakta som du er teken inn i. Det er der du vil oppdage meninga – med dei små detaljane, med dei lange linene.

Å grunde, å meditere, i Guds heilagdomar – det er ein langsam modus. Guds tempeldører er store. Dei opnar seg sakte. For det mediterande mennesket. Som stundar. Som ventar. Som ser. Og ser.

14
Mar
08

carpe diem…på reise..

NORDVEGEN OG JARNVEGEN

Nordmenn er etter stammemyten germanarar på veg nordover. I dag har eg i alle fall vore det. Lang reise gjennom Italia til München, i vakkert ver. Det vart meir og meir hustre når vi nerma oss Brixen og Brenner – og i München var det gråkaldt. Like greitt at eg berre hadde ein halvtime på å sluke ein Bratwurst med brød før eg kom meg på nattoget til Køpenhamn – der eg no sit. Ein torsdagskveld er det godt med plass; eg har ikkje soveplass, men til gjengjeld ein heil kupé for meg sjølv. Til skilnad frå Tren-Italia (dei italienske toga) er dei tyske toga velhaldne og strigla og sant å seie litt trivlegare for langdistansereisande som eg. I skrivande stund har eg toga i 14 timar og har nokre att før Køpenhamn…

På toget frå Roma hamna eg i kupe med ein person som viste seg å vere frå grannelaget mitt i Roma; ein professor på det velrenommerte katolske bibelinistituttet, drive av jesuittane. Så han var altså jesuitt med eit så spesielt fagfelt som – assyriologi! Alt om Assyria. Ad majorem gloriam Dei! Det har vore hans professorliv, sa han. Sjølsagt fordi ”assyriologien” har relevans for bibelgranskinga.

Han sat ved sidan av meg og slumra. Klokka var trass alt ikkje meir enn vel 0730 då vi starta frå Roma Termini. Av og til tok han fram ein liten papirlapp med kråktær på; passeringspunkta på dei ulike stasjonane nordover, gjetta eg meg til. Ein eldre, asketisk kar, med ein aura av diskret lærdom. Då han endleg sa at han var jesuittpater, hadde eg skjøna det for ei god stund sidan.. Faktisk er det alltid ein jesuittpater med i kupéen når eg tek toget frå Roma til München; som sist, for vel 20 år sidan. Professor Meyer (han sa seg lei for at han hadde eit så ordinært namn; herr Hansen på tysk) er opphavleg frå Bayern og utdanna mellom anna i Innsbruck (som vi forresten passerte i 17-tida). No skulle han til ein stad nord om München og halde foredrag. Og så skulle han snart gå av med pensjon. Som professor. Jesuittar går ikkje av med pensjon. Vi prata litt engelsk og så meir tysk når han skjøna at det var mogeleg.

Eg lærde mykje om Syd-Tyrol, om fasistane som nekta dei italienske tyrolarane å bruke/lære tysk då området vart ”gjeve” til Italia etter 1. Verdskrigen. Målmannen i meg vakna, sjølsagt.. Om den latinske ur-folkegruppa i Dolomittane, trengde opp i dei fatigslege, men vakre sidedalane då germanarane pressa seg nedover i Alpane; dolomitt-folka vart så gode misjonærar, sa pater Meyer – fordi dei ikkje representerte noko stor og stolt nasjon som dei kom drassande med. Minner om Irland og Noreg, tenkte eg.

Italia ”fekk” altså Syd-Tyrol – ikkje minst av den grunnen at 1. Verdskrigen tappa Italia for 600 000 mann! Ein slaktemaskin av ein krig. Måtte tenkje på dei kolossale krigskyrkjegardane eg såg då eg budde i Frankrike; frå begge dei s k ”verdskrigane”; utover Flandern og ved Verdun….

Det er heilt stille på toget. Akkurat no stoggar vi på ein stasjon eit stykke nord for Nürnberg….

Her kjem det på ein medreisande. Og snart er det på tide å slumre litt. Er eg heldig, får eg ”posta” dette på bloggen i morgon (som i så fall er ”i dag” når du les det.

12
Mar
08

Carpe diem…Påskereise for fr Arnfinn 13/3 – 1/4.

BLOGG OG PATER I REISEMODUS EI STUND!

I morgon tidleg set eg meg på toget (!) til München, så natt-toget derfrå til Køpenhamn og fredag dagtog til Oslo. Der skal eg feire Den stille vika og Påske (som ikkje er det same!) i mitt eigentlege kloster; St Dominikus! Det blir fint – men arbeidsamt, særleg ettersom eg er kantor og skal syngje mykje i heile høgtida :)! Det er hovudgrunnen til at eg må reise heim eit par viker. Men det blir òg fint å sjå att mine medbrør og-systre, og vener!

Både reisa og høgtida kan gjere bloggen litt meir uregelmessig, men eg prøvar å henge på. Det går alltid eit tog, og det finst alltid eit nett – men dessverre er dei ikkje alltid på same plass! Fylg med, likvel! Eg forlet eit Roma som har vore kjøleg, regnfullt og til og med vindfullt dei siste dagane (heilt OK for meg), men i morgon skin han av så eg reiser nok fram «gjennom strålefryd» – som Bjørnson syng. Igår veld var eg på Det svenske Kollegiet; bustad og heim for både svenske og norske seminaristar (katolske prestestudentar) i Roma. Dei to norske er diakonvigde alt og skal prestevigjast i Oslo i sommar – og ta til å arbeide i Oslo Katolske Bispedøme. Det blir bra! Dei ville gjerne lære litt meir om liturgisk song – som diakonar og prestar skal dei t d kunne å syngje Evangeliet i messa – så vi hadde ein øvingsrunde med det.

Elles les og skriv eg. Vegleiaren min, p Richard Taylor, er ein svært klok og dugande teolog og tenkjar; det faglege er heilt integrert i hans liv som menneske og prest. Eg fylgjer eit kurs om Teologi og Poesi, ved den irske teologen, dominikanaren og diktaren p Paul Murray. For tida arbeider han/vi med katolske diktarar som G M Hopkins og T S Eliot (høyrt om dei?). Svært aktuelt for meg som arbeider med Newman og Romantikken. Meir om alt dette. God willing.

På gjenblogg!

10
Mar
08

officium…

Sundag, vike 1, sal 141 (1. vesper)

”Alltid set eg mi bøn opp mot deira vondskap” (v5)

Kva har vi å stille opp med når destruktive og fiendtlege krefter vil oss til livs? Det nyttar ikkje å glatte over og fortrengje aggresjonar, korkje eigne eller andres. Då blir det liggjande som gul gift nedst nede i sjela og kroppen sine depot. Før eller seinare tyt det fram og forgiftar oss tvers gjennom og alt ikring oss. Skal vi så svare med same mynt? Intrigere? Opprette alliansar, stramme opp fan-klubben? Spele blide og glade; smile medan vi eigentleg flekkjer tenner? Fortvile? Gå inn i mørkret? Oppheve oss sjølve?

Bøna – det er vår eigentlege styrke. Bøna – ikkje berre som idyllisk tale, men som livskamp. Som noko du ”set opp mot” det som vil tyne deg. Ikkje som list og bakhaldsangrep, men som eit vern. Som ein molo mot bylgjene. Som ein fullstendig apell til Gud: ”Ja, Herre, mine augo er vende mot deg, eg flyr til deg. Lat ikkje livet mitt spillast!” (v 8).

Set namn på det fiendtlege. På fiendane, om det må til. Gi alt til Gud. Berre til han. Så kan du sleppe det. Så kan du be også for dine fiendar.




kategoriar