Arkiv for desember 2009

31
Des
09

carpe diem: Nytt år…

..her er eg, og går inn i det nye året i Sverige, ved Mälaren. Historiske trakter; her er Birka like ved, der St Ansgar forkynte kristendom og grunna kyrkja for det svenske folket.  Vi har fine dagar med gode foredrag her (skal nok kome tilbake til det). Sjøen er ikkje frosen, anna enn i nokre vikar og bukter; kulden er stram og rå, om ikkje  veldig hard, det er snødekt skog, åkrar og enger, nokre hestar er uttadørs på garden like ved; dei prustar og bles og trakkar rundt for å halde varmen. I dag kom det nysnø over skaren… Vi har feira fyrste vesper for høgtida for Guds Mor (1. jan).

No legg eg ut eit nyttårsdikt, som har stått her før, skrive på Sunnmøre for nokre år sidan, men det passar like godt her. Godt år!

NYTTÅR

Eit nytt år
la seg over det gamle

eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud

det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta

la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord


31
Des
09

officium: 31. desember, Koloss 2,4-15 (matutin)

«Han avvepna maktene og herredøma» (v 15)

Det var mykje  «new age»-aktig religiøsitet i det antikke samfunnet og i den kulturen Kolossar-kyrkja levde i.  Det galdt å innordne seg under energiar og englemakter, gjennom overdriven askese og  kultiske praksisar.

Dette bind menneska til demoniske krefter.   Den verkelege visdomen finn vi ikkje i det okkulte, men i Kristus; «for i han bur heile guddomens fullnad lekamleg» (v 9). Han overvann alt som trugar vårt liv og Guds skaparverk; synda, døden og demonen, då han «viste seg som sigerherre over dei på krossen» (v 15b).

Bryt med framande krefter som har fått tak på deg. Vedkjenn Jesus Kristus!

30
Des
09

officium: 30. desember, Koloss 1,15-2,3 (matutin)

«Eg lid for hans lekam som er kyrkja» (2,24)

For apostelen er kyrkja Kristi lekam på ein konkret og røynleg måte. Med kropp og sjel er Paulus sameina med Kristus – og samstundes med kyrkja. Det han opplever som apostel – av motstand, plager, svolt, sjukdom og kva det kan vere; det er alt saman noko som verkeleg aktiviserer heile sanseapparatet. Vi treng ein kropp for å bli døypte, for å opne munnen og vedkjenne trua, for å ta mot nattverden, for å bøye kne, for å lyfte hender, for å vaske føter.  For å vere kristne.

Kyrkja er ikkje berre eit åndeleg samfunn. Ho er ein kropp.  Ho angår meg også fysisk.

29
Des
09

carpe diem: Romjul og OP-dagar på Ekerø i Mälaren

..hej, no eg framme, og det er skikkeleg nett her, så her kjem det eg skreiv på toget nyleg. Meir seinare…

Kaldt og kvitt sig det svenske landskapet forbi ettersom intercitytoget Oslo- Stockholm  jobbar seg fram. Kulden laga bremseproblem på ein av vognene, så vi ligg 40 min etter ruta. Frå Stockholm Central drar vi ut til Ekerø i Mälaren, til Marielund, konferansegarden til det svenske katolske bispedømet. Vi? Ja det er nokre norske dominikanarbrør; frå i ikveld til sundag middag er vi på det årvisse møtet for brørne i Norden (vikariatet Dacia). Vi dro frå Oslo S i otta, opp Glåmdals-bygdene, via Kongsvinger, Magnor og Charlottenberg, vidare ned Värmland til Karlstad og så austover. Stadig knallblå himmel, knallkaldt vêr og kvite flater mellom skogpartia. Taigaen tek til i Sverige. Dette er Aust-Europa, tenkjer den norske vestlendingen.

Romjula er ei tett tid. Det er tankevekkjande at så mange av festdagene denne vika krasjar mot den opplesne og vedtekne juletrivselen. Andre juledag feira vi den hl. Stefanus, kyrkja sin fyrste martyr, fest med blodraud farge. Så var det festen for Dei uskuldige borna; dei som Herodes tok av dage av redsel for å missse si makt; barnemartyrane. Endå meir blodraudt. Dagen for å be for borna – fødde og ufødde – for alt svakt og forakta menneskeliv, ein fest for menneskeverdet, det største av alle martyrium.  I dag er det den hl Thomas Becket vi minnest, han som vart hoggen ned medan han feira messa ved altaret i katedralen sin i Canterbury. Kongens og hans menn likte ikkje at Thomas verja fridomen til kyrkja i høve til stats- og kongsmakta. Blodraudt igjen.  Ein passeleg motgift mot nusseleggjeringa av jula.

Men kva med barnet? Barnet er ikkje bere idyll, det veit vi så alt for godt. Det vakre ved barnet har vi all grunn til å feire. Men i det vakre ligg også det sårbare, det opne, det utleverte. Vågar vi å feire det? Messias-barnet, Immanuel-teiknet – er samtidig barnet som er Fyrste, Underfull Rådgjevar, evig Far, veldig Gud. (Jes 9). Vågar vi å feire det?

Dersom det er nett-tilgang på Marielund, får eg sendt dette i kveld og lagt ut litt stoff undervegs vidare. Om tre kvarter er vi i Stockholm.

25
Des
09

homiletica: Julenatt, St Dominikus krk, Luk 2,1-14

Kjære kristne, kjære vener!

Vi feirar julenatt, missa in nocte, nattmessa, til ære for Jesu Kristi fødsel. Vi er komne fulltalige til Guds hus, ved midnattstd – og alt det er eit teikn i eit samfunn og ei julefeiring som den norske. Eit teikn på kva vi trur!

Ja, han sjølv, Barnet, er eit teikn, han er teiknet som Gud har gjeve oss og all verda så vi kan finne Gud tilbake. Å feire jul er å feire Teiknet: ”Og dette skal dere ha til tegn”, sa engelen: ”Dere skal finne et lite barn, svøpt og liggende i en krybbe”!

Jesus er Messiasteiknet: -Sjå, ei møy skal bli med barn og føda ein son og ho skal kalla han  Immanuel (det er :”Gud med oss”) (Jes 7,14). Davids hus og kongeætt var i ferd med å gå til grunne, det heilage folket var trengt av fiendar. Hadde Gud gløymt sin lovnad, sitt folk? Nei; kongsætta, den messianske ætta, skal halde fram, Guds plan står ved lag; kongsbarnet, Messias-barnet skal fødast.  Og han er frelsarkongen for heile verda, han er verda sitt ljos, verda si framtid.

Eit lite barn i eit lite folk i ei fjern historie: Korleis kan det ha noko med oss å gjere? Korleis kan det ha verdsvid betydning? Brør og systre; vi veit at dette folkets historie på ein eller annan måte er heile verda si historie. Den store forteljinga, den vi les i Bibelen, er den store forteljinga om alle menneske, om det å vere menneske, om Guds plan med oss alle! Jesus Messias, Jesus Kristus angår alle!

I han har vi fått teiknet på at verda har ei framtid, teiknet på at at livet har ei meining, teiknet på at Guds Rike skal kome, ja, at det er her alt!

Men Messiasteiknet utfordrar og stiller oss på val, også. ”Sjå han er sett til  fall og oppreising for mange”, sa gamle Simeon då Jesusbarnet blei bore fram templet (Luk 2,34). Og Jesus sa sjølv, til alle som ville ha sterke ”bevis” for at han var Guds Son, Guds utsending, at dei ikkje skulle få noko anna teikn enn Jonas-teiknet (Matt 12,39, teiknet som sa at han, som profeten Jonas, skulle vere tre dagar i kvalfisken, i dødens buk. Jonas-teiknet, Messias-teiknet – det er krossteiknet. Krubba var ein forsmak på krossen, tresmak frå fyrste stund; fødselen i ein stall var fyrste etappe på hans Via Dolorosa. Og Maria skjøna det; og ho kjende brodden av sverdet som skulle gå henne gjennom hjarta.

Brør og systre! Jesus utfordrar oss. Messiasteiknet set oss på prøve. Nasjonen er delt i to i natt: Dei som feirar jul utan Kristus –  og dei som feirar jul i tru på at han er Frelsaren. Difor seier eg i denne heilage natta:

Kom over på trua si side! Gå like til Betlehem! Kom heilt fram, heilt inn! Stå ikkje utanfor mysteriet. Mange nølar; det er så mange omsyn å ta, så mange grep som må sleppast, så mange nye grep å finne. Slepp, likevel. Å tru, er å ta ein sjanse. Adeste, fideles! Kom, alle truande! Kom alle som gjerne vil tru, men ikkje maktar det heilt! Når du bøyer kne, opnar du hjarta ditt, tanken din, sinnet ditt. Kanskje er det kroppen din som må hjelpe deg ut av tvilen?

Kom, alle som lenge har motsett seg kallet, som avviser det! Det heilage barnet har med alle å gjere. Han er så liten at vi kan ta han i fanget, men han er også så stor at han har kongsspir i si hand. Hans morsfang er også hans trone, han er herrars Herre og kongars Konge, han er Løva av Juda – og alle sine fiendar skal han ein gong leggje som fotskammel under sin føter!

Uansett, kven du er: I natt gjeld berre dette:

Venite, adoremus! Kom, tilbe han, Guds under, vår Herre Krist!

21
Des
09

nota bene: dåp uansett?

Ein kort kommentar om dette, fordi eg har blitt utfordra til det. Einskildsituasjonar vil alltid kunne innebere unntak og skjøn, så dette er eit riss av det eg ser som den reint prinsipielle sida av saka...

Saka om barnedåp for eit lesbisk par i Ålesund har sett sinna i kok. Bylgjer av indignasjon og raseri har velta inn over den presten som ikkje ville forette dåpen. Biskopen i Møre gav han rett til å vegre seg, men innskjerpa samtidig at ”ingen skal nektast dåp” (fritt attgjeve).

Heile komplekset syner kor skeivt heile den folkekyrkjelege dåpsforståinga og dåpspraksisen har utvikla seg. Dåp blir sett på som ein borgarleg ”rettighet”, som ein slags allmenn aksept av dei vanlege normene og livsmønstra i samfunnet.

Dette er ei radikal misstyding av dåpen. Å bli døypt eller å bere born til dåpen, er ikkje noko du gjer som samfunnsborgar, men noko du gjer i høve til den kristne kyrkja. Kyrkja formidlar eit kall til Kristi etterfylgjing, til disippelskap og nytt liv. Dåpen er innviinga og initiasjonen til eit liv i kyrkja. Den som tek  mot dåpen eller som bed om dåp for barnet sitt, seier Ja til kyrkja si trusvedkjenning (jfr dåpsliturgien) og til bruk av alle dei andre sakramenta. Slik er det fordi å bli døypt, å bli kyrkjelem og læresvein (disippel), er noko du fritt kan velje – på dei vilkåra som Kristus sjølv har sett for dette. Sjølv om dette valet gjennom lang tid har vore rekna som noko nesten automatisk i den kristne einskapskulturen, er det for lengst på tide å innsjå at den epoken er forbi. Ein er ikkje eit mindreverdig menneske om ein ikkje er døypt eller er kristen. Kyrkja respekterer den menneskelege valfridomen.

Dåp av born har alltid vore knytt til foreldra siitt ansvar og til deira eigen kristne og kyrkjelege praksis. Barnedåpen er, historisk sett, ein husstandsdåp. Borna kan ikkje døypast uavhengig av foreldra. Ingen ville t. d. kome på å seie at born av foreldre frå andre religionar skulle døypast uansett– av omsyn til barnet.  Dette ligg heilt opp  dagen i det katolske- og tradisjonelt også i det lutherske dåpsritualet. Foreldra har vorte tiltala som kristne (”Kjære kristne!”(…)”Lat oss saman vedkjennast trua og forsakinga som vi døyper borna våre til” – eg siterer liturgien i DNK, sidan det aktulle tilfellet høyrer dit) – og då ikkje med tanke på deira indre liv, men på trusvedkjenning og truspraksis.

Etter katolsk forståing – og tradisjonelt også etter luthersk – er ekteskapleg samliv reservert for relasjonen mellom mann og kvinne. Eit klårt og medvite brot med dette bryt med føresetnadene for dåpsopplæringa. Å skaffe seg born ved hjelp av anonyme seddonorar er også i strid med katolsk etikk.

Kva då med barnet? Her må vi som ein hovudregel tenkje som vi gjer om det skulle  gjelde dåp av born til foreldre av ulike andre  religionar og livssyn; dåp berre av borna ville vere uaktuelt. Gud har alle i si hand – og det er fullt mogeleg å motta dåpen når du veks til og får eige ansvar for dine livssval. Det vil i framtida bli fleire og fleire slike tilfelle– ikkje som noko rart og unormalt, men som noko heilt ordinært og naturleg. Dåpen er ikkje primært eit ”barnesakrament”, men eit trus- og botssakrament. Slik det kom tydleg fram i ur- og oldkyrkja. Og slik det stadig er på alle misjonsmarker.

Dåpen er ikkje for ”alle”, uansett, men for alle som vil leve i tru og lydnad mot Den treeinge Gud i kyrkja sin fulle fellesskap. Rart at det som er så sjølsagt, er blitt så oppsiktsvekkjande.

21
Des
09

officium: 21. desember, Jes 48,12-21;49,9-13

«Å, ville du lyda på mine bod! Då vart din fred som elva og di rettferd som havsens bylgjer» (48,18)

Dette verset skreiv grandtanta mi, med vakker handskrift, inn i den fyrste Bibelen eg fekk, til den lutherske konfirmasjonen.  Etterkvart har Gud skrive det djupt inn i heile meg. Guds inntrengjande, inderlege «Å!». Det store, stille alvoret. Grepet. Guds faste blikk inn i mitt.

Den breie, strøymande elva – som Nilen, som Eufrat. Finn sin lange veg mot havet. Den uskipla freden.

Havsens bylgjer – uendelege, drivne fram  av sterke vindar. Rettferda som omsluttar og omfamnar alt.

Alt vi lengtar etter og strekkjer oss etter. Kallet som alltid fylgjer oss.  Røysta som seier: «Å, ville du lyda….!»

19
Des
09

officium: 19. desember, jes 47, 1-15 (matutin)

«Du har streva med mange planar» (v 13)

Babylon får passet sitt påskrive av profeten. Ein stor, utvikla, sjølvsikker og ambisiøs sivilisasjon – brått skal alt falle. «Eg skal for alltid vera dronning!», var omkvedet; så å seie nasjonalsongen.

Profetar som spår krise, har alltid blitt latterleggjorde av dei vise i denne verda. Men profetar forsvarar seg ikkje i utide. Dei seier det dei ser, det dei har fått som bodskap. Berre tida viser om dei er sannspådde. Profetane har sett gjennom dei ytre fasadane. Dei har sett kor fort og uventa alt storslått kan styrte saman  dersom det ikkje er bygd på audmjuk innsikt om at det er Gud som skaper og opprettheld verda.

Gud vil at samfunna og kulturane skal bløme og utvikle seg. Mennesket er skapande, mangfaldig, komplisert; det er ei kraft og ein rikdom som skal vere der. Utan tru på Skaparen, på Israels Heilage, blir det likevel ein koloss på leirføter.

Til slike samfunn seier Gud: «Stig ned og set deg i molda (…) Set deg stilt, og gå inn i mørkret» (v 1, v 5). Der kan noko nytt bli til.

18
Des
09

officium: 18. desember, jes 46,1-13 (matutin)

«Til de grånar i håret skal eg bera dykk» (v 4)

Gud ber Israel – gjennom alle år, gjennom jubel og gråt, gjennom fråfall og omvending, gjennom tjukt og tynt, over stokk og stein. Alltid. Kvifor innser ikkje folket dette i staden for å la seg drage til avgudane; gudar som sjølve blir borne lik døde ting? Gud treng ikkje å bli boren av oss, det er han som ber oss.

Den fundamentale tryggleiken er å vite seg boren av Gud. Då er du samstundes utlevert. Den tryggleiken trua gjev, er ikkje ei forsikring, noko du har i reserve, ei billeg trøyst. Tru er å satse alt på Den ukjende.

Gud er ikkje «handgripeleg». Det er det berre avgudane som er. Du må våge alt. Du får ingen ytre garantiar; du har berre det indre ljoset i Guds lovnader.

17
Des
09

officium: 17. des, jes 45,1-13 (matutin)

Frå den 17. desember, vika før jul, har liturgien kvar dag eit eige preg både i tidebønene og messa; den nære forventinga: «No er Herren nær Kom la oss tibe han!  (invitatoriet/oppmodinga til lovsong ved innleinga til matutinen/ottesongen). Ved vesper syng vi dei store O-antifonane (O Adonai, O radix Jesse, O Clavis David, O Oriens, O Rex gentium, O Emmanuel, O Sapientia)  før og etter Magnificat/Marias lovsong…

«Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret, og rikdomar gøymde på løynlege stader» (v 3)

Den profetiske bodskapen handlar om Guds veg med folket sitt; korleis det lever, korleis det trur og tilbed, kva som skal hende på det ytre planet; om tukt for synder og urett, om trøyst og von dersom det vender om.

Men dette dramaet har eit djup under seg; sjølve tilhøvet til Gud, ein levande relasjon.  Ved fornya tru og lydnad skal Israel lære Herren sjølv å kjenne som den inste løyndomen i sitt liv og sin lagnad.  I Israels  historie med Gud er der ein mystisk renning, ei innside som berre kan oppdagast om ein vil gå inn i einsemda, i  den vedhaldande bøna, ved å grunne på dei heilage orda.

Gud fører folket sitt fram gjennom dei historiske hendingane, men han er òg ein Gud som møter deg andlet til andlet og «som har kalla deg på namn».

16
Des
09

officium: tysdag, 3. vike i advent, Jes 31,1-3; 32,1-8 (matutin)

«Gjev mann legg gjeve planar» (32,8)

Midt i dei profetiske synene om oppgjer og frelse for Israel, finn vi ein visdomstekst; ei hustavle for rett livsførsle og god politisk styring. I eit land der «kongen rår med rettferd og stormenn styrer med rett» (v 1-2), vil det som er gjævt, bli rosa og det som er dåraktig og vondsinna, bli refst.

Eit godt styre og eit rettferdig samfunn gjer ikkje moralsk integritet og menneskeleg kvalitet overflødig. Der einskildmennesket ikkje lenger har ambisjonar om å vilje det gode, vert heile samfunnet før eller seinare uthola. Utan dygder og ideal vil kynismen og den råe sjølvhevdinga sigre.

Kva planar har du?

09
Des
09

carpe diem: Lund

…ikkje Lund i Rogaland eller elles i Noreg. Men i Sverige. Tidlegare Danmark. Her er eg no, saman med fr Jon Atle, subprioren i St Dominikus kloster. Kontakt og drøftingar med han som er den ansvarlege for dominikanarbrørne i Norden, fr Pascal Rene (Lung). Vi er her for å oppretthalde kontakt og for å drøfte vanlege ordenssaker.

Tysdag køyrde vi med klosterbilen sørover så det susa; motorveg heile strekninga no (så godt som). I går kveld feira eg vesper og messe saman med fr Samuel, hos dominikanarinnene i Rögle kloster rett utanfor Lund. Lang samtale med fr Samuel utover kvelden; han studerer ved eit kunstakdemi i Stockholm. Dominikansk etterutdanning kan vere variert.

Klosteret i Lund ligg berre nokre hundre gatemeter frå den store, mellomalderske domkyrkja. Lund var ein viktig by i det gamle Danmark og her var setet for den fyrste katolske erkebiskopen i Skandinavia. Også dei norske bispedøma høyrde under han heilt til 1153 då Nidaros vart norsk erkesete og Noreg ein eigen kyrkjeprovins (med fastlands-Noreg, Island, Grønland, Shetland, Orknøyane, Hebridane og Man).

I morgon legg vi på hjul igjen, heimover. Så er det base Oslo fram til den komande høgtida.

09
Des
09

officium: onsdag, 2. vike i advent, jes 25,6-26,6

«Den som er fast i hugen, han lèt du alltid ha fred» (v 3)

Skiftingar, utvikling, dilemma, ufred – det høyrer livet til. Elles ville vi stagnere. Men det skal vere hald i oss og i livet vårt. Inst inne skal det vere samling og einskap. Vi skal vere integrerte menneske; dvs menneske der alle komponentane i livet – kroppsleg, kjenslemessig, intellektuelt, åndeleg og sosialt – rører ved kvarandre, heng i hop. Å ha integritet, er å ha ein heil hug, vere «fast i hugen».

Det er Gud, hans ord og hans vilje, som er det samlande punktet i mennesket. Truskapen mot Gud gjer  deg truverdig, eintydig og pålitande. Midt i alle skiftingar.

06
Des
09

carpe diem: Trondheim i adventsoppdrag

Sidan onsdag har eg vore i den katolske kyrkjelyden, St Olav, i Trondheim. Saman med sr Anne Bente Hadland OP, har eg vore talar  under det som har vorte kalla «Nyevangeliseringa» og som i løpet av dei siste par, tre åra har vore avvikla i 13-14 katolske kyrkjer i Sør-Noreg. Dagar med undervising, forkynning, skriftemål, messe med sjukesalving og forbøn – og med eit enkelt måltid til slutt. Den siste dagen, sundagen, er det høgmesse, som ei felles utsending av alle dei truande i deira kall som lekfolk i dagens samfunn, i lekfolkets apostolat, slik dei er døypte og konfirmerte til det.

Det har vore fine dagar. Ljost, lett vêr, vidt utsyn over Trondheimsfjorden, tid til å vandre langs kaiene, tid til å bli kjend med folk. Måndag tek Dovrebanen meg sunnanfjells igjen. Til Oslo. Mission accomplished, endå ein gong.

06
Des
09

homiletica: 2. sund. i Advent, St Olav krk, Trondheim, Luk 3,1-6

Denne preika vart halden i dag, under høgmessa,  ved avsluttinga av fire dagars evangeliseringsakasjon i den katolske kyrkjelyden i Trondheim…

Kjære brør og systre!

Johannes Døypar er forgrunnsfiguren i adventstida. Vegrydjaren for Messias, Brudgommens ven; han som varslar at brudgomen er på veg til bryllupsfesten. Døyparens bodskap er fullt av glede og av alvor. Han dreg rundt i landet ved Jordan; forkynner at folket skal vende om, gjere bot, og at Messias skal kome, at han er undervegs.

Johannes – han er gripen av alvoret i Guds kall. Han har drege seg tilbake til ørkenen, som profeten Elias i si tid, som ein asket, som ein munk. Der, i øydemarka, blir han profet og predikant, der høyrer hans Guds røyst, der ser han klart kva som er Guds vilje med Israel, med verda, med mennesket. Difor stig han fram og ropar ut bodskapen sin.

Guds plan og vilje med Israel er å føre Guds rike til jord. Difor sender Gud sin utvalde, frelsarkongen Messias, Den salva; full av Guds kraft. For å kunne ta i mot han, for å kunne ta i mot Riket, måtte folket vende om frå sine synder, angre og få tilgjeving for syndene. Som teikn på dette let dei seg døype i Jordan. Dåpen er ein radikal ovegang – som når Israel gjekk gjennom havet ved utgangen frå Egypt; ein overgang frå ei breidd til ei anna, frå eit liv til eit anna, frå trelldom under synda til eit liv i fridom, i Guds pakt. Det fulle innhaldet i dåpen skulle kome fyrst ved Jesus Messias, han som døyper med vatn  – og med eld og Heilag Ande. Men Johannesdåpen var eit teikn og eit varsel om det som skulle kome.

Brør og systre; i Johannes Døypar og hans ord ser vi kva som alltid er innhaldet i kristen forkynning: Bot, livsendring og tru på Messias. Jesu lære var også dette i ein sum: Vend om, gjer bot, for himmelriket er nær; nær i hans person, i hans liv og gjerning!

Bota, det er det som banar veg for Gud inn i livet vårt; veg gjennom alle hindringane i vegen, nemleg våre synder. Synder som ikkje blir oppgjorde, ikkje erkjende, ikkje skrifta. Synder som vi tviheld på, både i vår ytre åtferd og i våre løynde tankar og planar. Johannes seier:- Kom fram med det! No er det på tide! No er det Advent, Adventus Domini, no kjem han. Og ein dag kjem han til syne, offentleg, tydeleg for alle, som lynet går frå himmelbryn til himmelbryn, han som alle menneske skal svare for. Dies iræ, dies illæ! Oppgjersdagen. Då må det vere rudt ein veg i livet ditt så du kan møte han og han kan møte deg. Då må du ikkje vere sperra inne i ditt eige liv, i ditt eige stasj og rot. Då må det vere framkommeleg for Gud!

Difor skal Adventstida vere ei tid for skriftemål, liksom folket skrifta sine synder ved Jordan, ei tid for oppgjer, for verkeleg julereingjering.

Johannes kallar til bot fordi han var full av glede og av von for folket sitt. Gud vil tilgje, Gud elskar, Gud gjev ikkje opp. Gud gjev aldri opp. Gud har skapt verda og alle ting; han har makt til å frelse, til å fornye livet ditt. Miss ikkje motet: –Tal mildt til Jerusalem, seier profeten, og rop til henne at striden hennar er enda, at skulda er kvitta.. at Gud skal vere som ein hyrding som skal samla lamma i armen og  bera dei ved barmen! (Jes 40).

Brør og systre! Alt dette vil Gud gjere her, i St Olav sokn, no i adventstida og i tida framover. Ja,lat tida vidare vere som ei lang adventstid! Lat alt som kan stenge for Messias, bli rudt bort, i stort og i smått. Sjå ikkje på det som er vanskeleg og mørkt, men – som vi høyrde i den fyrste lesinga: Rett blikket mot øst!, dvs mot altaret, mot den nærverande Kristus, han som kjem til oss og som éin gong skal kome att slik sola står opp i Orienten.

Dette oppdraget og denne lovnaden gjev Gud til denne kyrkjelyden i dag:
Rett blikket mot øst og se dine barn samle seg fra vest og øst, på Den Helliges bud, glade over at Gud har kommet dem i hu!”

06
Des
09

officium: fredag, 1.vike i advent, Jes 21,1-12 (matutin)

«Det eg har høyrt frå Herren, Allhærs Gud, det har eg kunngjort dykk» (v 10)

I opprivande syner ser Jesaja korleis stormakta Babylon skal falle.  Ein profet er ingen festtalar eller demagog som berre lirer av seg taler i sigersrus, sjølv om det han ser, inneber utfriing og frelse for Israel. Vegen til fridom går gjennom kriser og omveltingar. Å halde fotfestet i tumultane, å tru at Gud har ein plan midt i stormen og uroa, er ikkje lett.  Lettare då  tru at Gud skal ta seg av vår sak utan brytingar og tvetydige hendingar, enkelt og greitt.

Men vi må leve oss gjennom turbulensen.  Guds lovnader lyser i stormnatta.

03
Des
09

officium: torsdag, 1.vike i advent, Jes 16,1-5; 17,4-8 (matutin)

”Den dagen skal mennesket sjå opp til sin skapar” (v 7)

Den dagen – det er det profetiske ordet for Guds inngrep, i folket, i historia, i livet. Dagen for den store vendinga, for krisa, for handlinga. Dagen då Gud melder seg.

Då innser mennesket at det har med skaparen sin å gjere. Ei overrasking – og samtidig som noko innlysande. Kva er det som manglar i kulturen og samfunnslivet, i daglegliv og mentalitet i dag? I grunn og botn dette: Mennesket lyfter ikkje blikket til skaparen sin. Den fyrste av alle tankar, at eg er skapt, er blitt borte. Rykt opp med rot, sletta ut.

Ein dag bankar han på døra. Då skjønar vi.

02
Des
09

officium: onsdag, 1. vike i advent, Jesaja 5,1-7 (matutin)

”Eg vil syngja ein song om min ven” (v 1)

Profetiske ord kan bryte ut i song, som det stundom gjer det i Jesajaboka. Songen og poesien syner at bodskapen er  meir enn ei melding, meir enn ei meiningsytring, meir enn ein moraliserande tale. Songen hentar Ordet ut or Guds hjarte. Bodskapen ligg Gud på hjarta – og vender seg til hjarta hos den som høyrer. Her gjeld det alvor og kjærleik, smerte og iver i eitt.

Songen held opp eit bilete for oss så vi ser tydlegare. Tilliten og forventinga, vonbrotet og indignasjonen.

Gud grip si lyre og syng ei klagevise for meg; ”songen åt min ven om hans vingard”. Guds syrgjesong over eit fruktlaust liv. Kanskje vil han rydje vingarden og prøve igjen? Kanskje. Men fyrst må sorga syngjast ut. Når Gud syng, må vi vente.

01
Des
09

nota bene: Utruleg

Sveitsarane forbyr minaretar. Utruleg. Dette stadfester alle mine fordomar mot dette ryddige, pene og snusfornuftige landet. Her er det gauk-ur og bankvesen som tèl.

Det verste er  at dette synes å vere ein  trend i Europa. Fordi ein vil verje ”den kristne arven”? Nei; fordi ein vil verje seg mot folk som forstyrrar vår sløve livsstil ved m a å vere meir praktiserande og ivrge truande enn den gjennomsnittlege europearen.

Good grief.




kategoriar