Arkiv for januar 2009

31
Jan
09

officium: Laurdag, det allm. året, vike 3, 5 Mos 34 (matutin)

”Og han gravla han nede i dalen, midt imot Bet-Peor…. Endå hadde han ikkje dimmest på synet og livskrafta hans hadde ikkje minka” (v. 6)

Sluttkapitlet i 5 Mosebok opnar det store utsynet; slik Moses såg inni det lova landet frå Nebo, ”toppen av Pisga-fjellet”. Så døyr han og vert gravlagd av Gud på ein ukjend stad. Kvifor? Kanskje fordi intimiteten mellom Gud og Moses var så sterk; meir enn noko menneske var han innvigd i Guds eige mysterium, han og Gud såg på kvarandre i møteteltet og Mose andlet stråla av Guds herlegdom.

Dette kontepmplative samlivet mellom Gud og hans tenar opprettheld og fornyar kropp og sjel. Mange av dei tidlege ørkenfedrene, som den hl Antonius, opplevde det same: det asketiske og kontemplativet livet gjer mennesket ungt.

Sterk er den som i liv og død er kjend av Gud.

30
Jan
09

officium: Fredag, det allm. året, vike 3, 5 Mos 31 (matutin)

”Kall folket saman, menn, kvinner og born…” (v 12)

Israel var Guds folk som nasjon, som Abrahams og Jakobs ætt. Men i eigentleg tyding var det Guds folk fordi det var ”kalla saman”, for å feire gudsteneste, for å høyre Guds ord. Gudsfolket er den samankalla forsamlinga, ”qahal” (hebr.) – eller ”ekklesía” (gresk).

Det nytestamentlege gudsfolket, kyrkja, blir også kalla ”ekklesía”. Kyrkja er eit folk som er kalla ut or alle folkeslag; kalla saman for å feire Herrens nærvere, for å høyre hans tale.

Det er ikkje noko du er ”født” inni, men døypt inn i. Det er ikkje nok med nominelt medlemskap. Det er eit folk som må kome saman. Som kjem når Gud kallar.

29
Jan
09

officium: Torsdag, det allm. året, vike 3, 5 Mos 30 (matutin)

”Himmel og jord tek eg i dag til vitne på at eg har lagt fram for dykk liv og død, velsigning og forbanning. Vel då livet, så skal du få leva…!” (v 19)

Moses ansvarleggjer Israels-folket. Han tek heile røyndomen til vitne, og det dreiar seg om dei yttarste konsekvensar av å vere til: Liv og død, velsigning og forbanning.

Når det kjem til stykket, kan vi ikkje forhalde oss til trua utfrå kva inntrykk andre gjer på oss og kva innflyting dei måtte ha på livet vårt. Det går også ei grense for å skulde på andre fordi vi har vanskar med å tru. For all skapningen må vi svare. Med opne augo må vi velje ”livet” eller ”døden”. Seier vi at det ikkje er eit reelt val, er det også eit val.

Kyrkja må vise det same motet som Moses. Ikkje be om oppslutning, ikkje orsake seg for det ho er sett til å forkynne. Når ho har lagt fram sin bodskap, må ho ha mot til å vente på svaret.

Mennesket blir til når det svarar Gud.

28
Jan
09

Officium: Festen for den hl. Thomas Aquinas, Sirak 39, 1-14 (matutin)

Siraks skildring av den vise og lærde skil seg frå den akademiske og intellektualistiske oppfatninga som vi er vane med.

I bibelsk tankegang er visdom og lærdom ei gåve frå Gud; det kjem frå Gud og det peikar mot Gud. Denne lærdomen kan berre vinnast i ei sameining av studium og bøn. Sann lærdom er kontemplativ.

Den heilage Thomas var dominikanarbror og levde i tiggarordenens asketiske, liturgiske og meditative ordning. Målet for all kunnskap var å føre mennesket til ”visio beatifica”, den sælegjerande visjonen av Gud.

Èin dag ville han ikkje skrive fleire tjukke bøker, sjølv om hans føresette tilskunda han. Thomas sa: ”Det eg har skrive, er ingen ting mot det eg har sett”.

Det var nok.

27
Jan
09

officium: Tysdag, det allm. året, vike 3, 5 Mos 26 (matutin)

”No har eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levittane, innflyttarae, dei farlause og enkjene…” (v 13)

Det heilage er det som høyrer Herren til. Den truande israelitten skulle bere fram fyrstegrøda som eit takkoffer i templet – og ved å bere fram fyrstegrøda, sanna han at heile grøda og heile livet er ei gåve frå Herren.

Det du har lova Herren, skal du gje han. Ikkje halde det for deg sjølv; du skal ære Gud med det, det skal vere med å oppretthalde kyrkja og den heilage tenesta, det skal gje levekår for dei fattige og verjelause.

Det er dette kyrkja kallar oss til i offertoriet i messa; vi legg av våre midlar ”i ei korg” og fær ”til den staden Herren vår Gud vel ut til bustad for namnet sitt”, der messa vert feira.

Du eig ikkje deg sjølv; du høyrer Herren til. Ber deg sjølv og alt du er ”ut or huset” og gjev deg til han!

25
Jan
09

carpe diem: Bergen i sol!

«Å Vestland, Vestland…» Ingen dårleg brøyta fortau med issvullar og skitten slaps her, nei :). Då eg drog gardinet frå i rommet mitt på Marias Minde i dag tidleg, var det klår og lett himmel og snart kom sola opp og lyste med sterkt Januar-ljos over grått berg og snøberr mark. Eit streif av vår, alt..

No sit eg rett bak St Paul krk, inne i byen; vart skyssa hit etter messa hos systrene. Ventar på at høgmessa her skal bli ferdig og reknar med å treffe ein del vener og kjende. Biskopen er her også idag; han er jo «korherre» og hans ordensbrør er prestar her i St Paul; denne helga har dei ein kalls-weekend for interesserte ungdomar.

I dag er det både sundag og den 25. januar og vi har feira «Apostelen Paulus» omvending». Han som på vegen til Damaskus fekk ei ny retning på livet: ut som apostel for nasjonane. Han som vart slått til jorda av Ljoset – Kristus, Ordet, han som er «ljos av ljos» (Nicenum)- og vart blinda, så han fekk eit nytt syn og eit nytt livsinnhald: «For meg er livet Kristus og døden ei vinning»! Han som lærte på kroppen det som er den kristne omvendinga si grunnrøynsle: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i di vanmakt»!

Vil vi stagnere? Bli «nest siste generasjons kristne» her i Noreg? Eller vågar vi å leve i den «apostoliske galskapen» som dreiv Paulus – og som gjorde at den kristne trua nådde heilt hit?

24
Jan
09

officium: Laurdag, det allm. året, vike 2, 5 Mos 16 (matutin)

”Difor skal du storleg gleda deg” (v 15)

Høgtidene i Israel – påska, sjuvekehelga og lauvhyttehelga – skulle vere gledefestar. Gleda i Gud er den grunnleggjande stemninga, haldninga, atmosfæren i gudsfolket. Ei gudstenesteleg, kultisk glede, fordi gudstenesta fører Gud og folket saman i djup utveksling og livsdeling. Dei store frelseshendingane blir nærverande i feiringa og midt i dramatikken er det Guds gjennomgripande kjærleik det handlar om.

Ikkje utan grunn er mismodet og tristleiken, tristitia, ei alvorleg synd hjå ørken- og kyrkjefedrene og i heile den asketiske tradisjonen. ”Gled dykk i Herren!”, seier apostelen (Fil 3,1ff). Ikkje gje deg over til det som er mørkt og negativt. Ta det med til offerstaden, legg det på Lammet, på Kristus; legg det frå deg, bryt med det!

Hald høgtid, våg å ta dei ”store orda” i munnen din, saman med kyrkja; lovsongen som utvidar livet ditt!

24
Jan
09

carpe diem: Loddefjord revisited!

Litt av ein dag i Bergen, meir presist: i Loddefjord (der eg jobba som sokneprest i 13 ½ år…). Dei omtala venene i Bergen hadde oedna med fødselsdagsfeiring for gamle og nye kjenningar på Noregs vestside. Seminar om lovsong (hymnologi); med tre føredrag, tidebøn i kyrkja, pizza-pause, helserunde og triveleg ståk. Stas! Dessverre har eg ikkje manusa til Rune Larsen og Arve Brunvoll, men eg skal leggje ut mitt eige etterkvart.

I går vitja eg eit ungt ektepar som eg vigde for mange år sidan – og der er det alt eit barnebarn i vente; sonen på atten år er i ferd med å bli far! Då trengs det litt ekstra oppmuntring. Eg er imponert over heile familien!

Nokså seint lista eg meg inn på Marias Minde (der eg losjerer); men var på plass tidleg i dag i den vakre kyrkja, til den stille bøna, Laudes og messe. Fint å feire messe for systrene. Dei er sterke, disiplinerte og trufaste i bøna. Etter messa er det enkel frukost saman med dei i refektoriet. Trygg puritanisme; her er det ’ora et labora’ (be og arbeid’) som gjeld. Herrens slitarar.

I går var vêret lett, i dag låg det skodde og sludd-skyer langt ned i liene på Lyderhorn, Løvstakken, Laksevågfjellet og Ulrikken. Men det har halde seg opplett utover dagen og gatene i Bergen er stadg turre og snøfrie. Eg likar det.

Måtte gå meg eit slag i byen, utover Strandgaten og deromkring, for å lufte kropp og sjel og alle inntrykka frå før på dagen. Kjenner på meg sjølv at eg eigentleg er her for å preike og undervise. Ein bodskap.

Så hamna eg her på Café Opera, stadig uttadørs, fordi eg kan nå nettet her. Skrive og tenkje. Feiring på ”Sta Sunniva” studentheim seinare i kveld. Skal snike meg til ein dusj og ein miniblund før folket kjem.. No skymest det. Mild, bergensk januarskumring.

23
Jan
09

officium: Fredag, det allm. året, vike 2, 5 Mos 10,12 – 11,9.26-28

”Han er di ære…” (10, 20)

5 Mosebok er Mose’  ”bergpreike” for Israelsfolket, på Moab slettene. Han samanfattar alt det Gud har sagt, gjort, lova og påbode gjennom den lange ørkenferda.

Israel har ein plass og eit kall i Guds store plan – og planen og kallet er stort fordi Gud, Herren, er stor. Det vi opplever, det vi gjer, det vi tek på oss i dette kallet, gjev oss verkeleg grunn til å sjå livet vårt i store dimensjonar. Ord, handlingar, sigrar og tap; alt får tyngde og djupne fordi det er teke inn i det guddomlege kraftfeltet og den guddomlege menininga med denne verda.

Å skjøne det, gjev sjølvrespekt og fridom.

Som prinsar og riddarar står står dei tolv apostlane på Galileafjellet; som utsendingar til nasjonane frå han som har ”all makt i himmelen og på jorda” (Matt 28,18).  Slik presten Brand seier i Ibsen-dramaet:

”…jeg går en stormanns bud! –Hva heter han? –Han heter Gud”.

22
Jan
09

carpe diem: Over viddene mot vest

…har ferda gått i dag. Med morgontoget frå Oslo, over Hardangervidda i snø og blåst så alt stod i kvitt rokk. Ned over mot Voss dreiv skyene til side og sola fossa fram. Ut langs fjorden frå Stanghelle var markene og liene snøfrie. Og her i Hansastaden er det mildt og grønt, men med nokre krappe vindkast av og til.

Eg bur hos systrene på Marias Minde; er i byen for seminar (forsinka fødselsdaggreie) mm. Vanskeleg med nettkontakt i farten, men eg fann ein tråd her på Café Opera, sit utandørs, men skjerma. Nydeleg. Skal no treffe Ståle Kristiansen og Eirik Fluge. Mange vener i Bergen! Så eg må raske på og nå avtalen borte på Galleriet. Eg kjem tilbake, God willing, med «officium» og kanskje litt om Obama-feberen…

21
Jan
09

officium: onsdag, det allm. året, vike 1, 5 Mos 8 (matutin)

”…fordi han ville audmykja deg og sjå kva som budde i hjarta ditt” (v 2)

Det var difor Gud leidde Israel ut i øydemarka, i den lange fastetida for folket sitt. Han ville setje det på prøve; teste den kroppslege, sjelelege  og åndelege styrken. Det inneber å misse, å bli fråteken, å bli kledd naken. Difor er det audmjukande.

Guds audmjuking er funksjonell, eit middel. Han vil ikkje fornedre og redusere oss for å undertrykkje, kue og bryte ned. Du kan fasthalde ditt verd, du kan stå for det du er i Gud, du kan forvente din rett hos han, du kan stå oppreist – midt i det som råkar deg. Fordi det er ei øving, ei trening, ei styrking. Særleg det å bli kjend med sine indre kvalitetar. Du må våge å sjå deg sjølv i augo; dine lengsler, dine drifter, dine ambisjonar, dine sår, dine veike punkt; alt det ”som bur i hjarta ditt”.

Då kan du gripe fatt i det, då kan du sleppe Gud og menneske til i livet ditt. Då lever og arbeider du ikkje i blinde.

Då er du klar. Då er du son. Dotter.

20
Jan
09

officium: Tysdag, det allm. året, vike 2, 5 Mos 6 (matutin)

Dette kapitlet er som ein sum og eit manifest for Israels liv som gudsfolk.

Her er Sjemah, truvedkjenninga: ”Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin” (v 4). Her er Torahen, Lova: Du skal elska Herren din Gud av heile deitt hjarta og av heile din hug og av all di makt. Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt” (v5). Her er Exodus og Passah; utfriinga og utgangen frå trælekåret i Egypt: «Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand» (v 21).

Dette er dei grunnleggjande hendingane, orda og ”monumenta” i Israel. I den nye pakta er alt dette gjeve i Kristus; han er ”Gud av Gud” (Credo), han er Ordet, han er forløysaren frå synda, døden og demonen; han er prest og påskelam.

Trua, Ordet, utfriinga. Alt dette lever i kyrkja som er hans kropp, hans folk.

19
Jan
09

officium: Måndag, det allm. året, vike 2, 5 Mosebok 4, 32-49 (matutin)

”Har eit folk høyrt Gud tala ut or elden, så som du gjorde, og endå fått leva?” (v 33).

Ein Gud som talar ut or elden. Det er den Gud eg trur på. Abrahams Gud, Isak og Jakobs Gud, Mose Gud; vår Herre Jesu Kristi Far.

Ein Gud som brenn – av iver, av kjærleik, av indignasjon, av lengt. Ein Gud som talar og brenn. Som vil, som kallar, som fangar deg i din fridom, som fyller livet ditt med seg.

Den brennade busken, det logande fjellet, dei glødande tungene, det urolege hjarta.

Den levande Gud.

17
Jan
09

officium: laurdag, det allm. året, vike 1, Sirak 44,18 – 45,9

”Han let han høyra si røyst, og førte han inni mørkret” (v 7).

Det er Moses det er tale om. Han førte folket sitt mot det lova landet og det kunne han gjere for di han sjølv vart ført inn i mørkret, inn i Guds nærleik. I Bibelen er Gud ljos; eit ljos så sterkt at det vert som mørkret. Inn i det ufattelege i Gud, inn i det ufattelege også i sitt eige liv vert Moses ført.

Når du ser ingen ting, då kan du sjå Han.

17
Jan
09

officium: Fredag, det allm. året, vike 1, Sirak 43 (matutin)

”Han strør ut snø lik fuglar..” (v.20),

…slik vi er vitne til det på mange stader no vinterstid. Men vi tek Siraks formulering som rein poesi. I vår mentalitet har vi lenge tenkt anten deistisk eller ateistisk; vi har kanskje trudd på ein fjern ”Gud” som har sett alt i sving og planlagt alt og så drege seg tilbake, eller at naturen er noko som går av seg sjølv, berre styrt av sine eigne lover. For mange truande i dag er nok Gud skapar, men ikkje heile tida nær og handlande i sitt skaparverk. Difor vågar mange ikkje lenger å be om ”godt og tenleg vêr”. Turke eller regn, storm eller stille– det går av seg sjølv.

Den bibelske skapartrua er annleis. Der er Gud nær, viljande og handlande heile tida. Skaparverket vert hans andlet, hans hender, hans hug. Hans skapningar er ein fellesskap, ikkje ein maskin.

Difor lovpriser vi Gud for hans gjerningar, som alltid overgår det vi maktar å skjøne; ”vi kan tale så mykje vi vil, vi når likevel ikkje fram , og enden på det heile er: Han er alt” (v. 31

15
Jan
09

officium: Torsdag, det allm. året, vike 1, Sirak 42,12-43, 12 (matutin)

”Avgrunn og hjarta har han granska ut, og alle løynråder kjenner han til botnar; for Herren kjenner all kunnskap, og han skodar inn i tidarteikna” (v 26)

Det moderne mennesket skifter mellom tru på at tilveret er rasjonelt og oversikteleg – og age for det uendelege og dunkle i verdsromet, i tidsspenna, i menneskenaturen.

Men Gud omsluttar alt dette. Han er djupare enn alle avgrunnar i tid og rom; ”kor uransakelege hans domar er, og kor ufattelege hans vegar!” (Rom 11,33). Og: ”Gud er større enn vårt hjarta og veit alt” (1 Joh 3,20).

Den inste løyndomen om verda og om oss kviler i han.

14
Jan
09

officium: Onsdag, det allm. året, vike I; Jesu, Siraks sons Visdom, 24 (matutin)

”Eg gjekk ut av Den Høgstes munn, og som ei skodde dekkjer eg jorda… Alt dette gjeld om paktsboka åt den høgste Gud, lova som Moses påla oss, ein arvelut for Jakobs forsamlingar” (v 27)

Det er Visdomen som talar. Visdomen er lagt inn i skaparverket som ein avglans av Skaparen. Men det er den same Visdomen som talar i dei heilage Skriftene, i Lova, i Ordet.

Kristus er Ordet. Den skapte røyndomen, Bibelen og Kristus høyrer saman. Berre i den heilskapen finn mennesket seg sjølv, berre i dette ljoset skjønar vi Meininga.

14
Jan
09

carpe diem: Heimveg, skodde og oppklarning…

Mørkret har tetna til utanfor bussvindauga. Swebuss-express på veg frå Malmø til Oslo. I grunnen har det vore dunkelt i heile dag; grauttjukk skodde over heile Skåne, Halland, Gøtaland – og no Bohuslen; berre nokre rifter i skyene rundt Gøteborg som vi forlet for vel ein time sidan.. Som vanleg på bussen, kan det lesast, skrivast, bloggast, bedast. Buss-setet som klostercelle.

Eg er takksam for møtet med Pawel og Justina i Malmø! Felles ven, Mats, dukka opp i går kveld. Han ser mange ting klårt i det åndelege livet. Evangeliet siktar på at Guds rike skal bu i oss, entre oss; at himmelrikets krefter ventar på å bli mottekne av det truande mennesket. Men mange vegrar seg mot dette, seier Mats. Både karismatikarar og katolikkar og andre; han kjenner mange miljø. Vi vil gjerne vere aktive, praktisere nådegåver, feire liturgien, jobbe for ei sak – men det å bli verkeleg involverte i Gud, å la noko verkeleg hende med oss, det ryggar vi for. Vi stoppar før målstreken.

Pawel og eg gjekk ein tur langs havkanten i går; vi sa til kvarandre- som eg skreiv i går – at det er mykje som opnar seg for Guds arebeid og kyrkja sin misjon i vår tid, i våre samfunn, men det manglar viljuge menneske. Vi manglar folk. Menneske som vågar å la Gud ta fatt i dei, bu i dei. Tankane åt Mads stadfester dette. Vi held att.

No, klokka fem, lettar skodda, ser eg. Himlen er klår. Den siste, veike solnedgangen over vinterdagen syner seg ute i vest.

14
Jan
09

officium: «Den universelle oppstiginga mot Gud»

”La messe totale, le sacrifice total: l’envoi vers Dieu de tout, la consécration de l’homme et du monde, la montée universelle vers Dieu par le Christ; l’action catholique en son sens plenier..”

(Den totale messa, det totale offeret: overgjevinga av alle ting til Gud, helginga av mennesket og av verda, den universelle oppstiginga mot Gud i Kristus, sjølve den katolske handlinga i sin fullnad”)

Det er Lebret, teologen vi høyrde om på retretten nyleg – som gjev oss denne meditasjonen over liturgien og messa si djupe meining: At alle ting vert tilbakeførde og opplyfte til Gud. Det er denne rørsla ’oppover’ vi vert tilskunda til å ta del i gjennom den innleiande dialogen til den evkaristiske bøna: -Sursum corda! Lyft dykkar hjarto! Det er denne rørsla Kristus fullbyrdar i sin liturgi på krossen når han ropar ut: -Fader, i dine hender overgjev eg mi ånd. Og: – Det er fullført!

I mange teologiske og åndelege tradisjonar er denne dimensjonen, denne rørsla, biitt uvant, ja framand. Ein legg vekta einsidig på at Gud stig ned til oss. Å ville ”lyfte seg” til Gud, blir sette som gjerningsrettferd og overmot.

Men då gløymer vi den fullstendige meininga med inkarnasjonen: -«Gud blir menneske for at vi skal bli Gud’ (Ireneus av Lyon); dvs: guddomleggjorde, sameina med han, fylte av han. Vi er djupt forlegne over dette; vi ynskjer godkjenning på at det reint menneskelege, dennesidige, er nok.

Men: ”Han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt” (Efes 4,10).

Vågar du denne rørsla?

13
Jan
09

carpe diem: Malmö

Stadig ved Öresund; kort transitopphald her i Malmö på innsteg hos Pawel og Justina og deira to småjenter!  Det er ein liten svensk-polsk familie, typisk for området her i grunn. Pawel kom hit som 15-åring; han driv eit arbeidsbyrå,  men er nettopp komen inn på ein filmskule i Warzava!  Justina er psykolog. Begge er aktive i den eine av dei to katolske soknekyrkjene her i byen. Gode vener gjennom ein del år alt. Folk eg har kome i kontakt med gjennom dominikanarbrörne i Lund, som ikkje er langt unna.  Malmö er elles ein by  prega av eit stort og aktivt muslims naervere. Det er ei utfordring til kulturelt samliv – men burde også vere ei utfording til kyrkja og dei kristne om sterkare kristent engasjement.  Ikkje aggresjon mot andre, men eit meir levande og dynamisk kristenet vitnemål er det som vil avgjere kyrkja og Krsitus-trua sin plass i våre skandinaviske samfunn i framtida! Alt for slapt som det no er..

Öresundområdet, med Köpenhamn som tyngdepunkt og magnet, blir eit stadige viktigare senter i Skandinavia. Oslo og Stockolm er provinsbyar. Öresund blir kanskje den nye, skandinaviske hovudstaden? M. a. er her 12 universitet rundt sundet, med 150 000 studentar!  Altså burde det vere ein viktig satsingsplass for kyrkja! Det trengs infrastrukturar (bygningar o.l), men framfor alt menneske; både aktive lekfolk, prestar og klosterfolk! People with a mission!

Tjukk Skåne-skodde heng lavt over hustaka ved Öresund i dag;  eg gjekk ein tur langs stranda i stad. Må saltast og luftast litt!

No er det mörkt. Swebuss i morgon, mot Oslo…




kategoriar