24
Mai
12

nota bene: «illusjonen om folkekyrkja» – utdjupande kommentar

Kronikken i spalten Refleksjon, Vårt Land, blei lagt ut her på bloggen og på VLs Verdidebatt-sider. Der blei det eit lengre ordskifte – som eg svara på, summarisk. Legg denne utdjupande kommentaren frå Verdidebatt ut her på bloggen…

1.Det avgjerande for å kome vidare, både med folkekyrkja og tilhøvet mellom stat og kyrkje, er å ha eit godt teologisk utgangspunkt. Det er like viktig å ha teologisk basis i spørsmål om kyrkja, som det er å ha t d medisinsk-fagleg basis i medisinske- og helsepolitiske spørsmål. Eit av problema med den kyrkjelege utviklinga er nettopp avteologiseringa av kyrkja. Å ta teologien alvorleg styrkjer saksinnhaldet og gjer den offentlege debatten ryddigare og meir etterretteleg. Også kyrkja sin praksis bør vere teologisk informert. Kvifor skal elles dei som har kyrkjeleg og pastoralt ansvar, bruke mange år på teologiske studiar?

2. Det teologiske hovudtemaet i det som no er oppe til debatt (ikkje berre her på Verdidebatt, men i det offentlege ordskiftet i det heile), er ekklesiologien (læra om lva kyrkja er). Det er eit forsømt område i protestantisk teologi og i norsk kristendom, generelt. Kyrkja blir sett som noko reint indre og åndeleg – og det ytre – det som har med kyrkja som ein konkret, ordna fellesskap å gjere – er blitt overteke av staten og statsretten, og av det sekulære samfunnet. Då er det nærliggjande å fokusere berre på kyrkja sin bodskap. Kyrkja er ein fellesskap, frå den fyrste disippelfellesskapen kring Jesus til den fullborne fellesskapen som stig fram på pinsedagen i Jerusalem – med apostlane si undervising, med dåp, nattverdfeiring og ein diakonal praksis (Apgj 2,42f).

Reint konkret er kyrkja, lokalt, ei forsamling av menneske som på ein ordna måte brukar Guds Ord og sakramenta. I både luthersk og katolsk tradisjon blir dette verkeleggjort i feiringa av evkaristien/messa/den fullstendige gudstenesta, særleg på Herrens dag.

Før ein fokuserer på kva kyrkja g j e r – i heile breidda av si verksemd – må ein vite kva kyrkja e r. Der folket ikkje sluttar opp om dette, er det inga kyrkje og inga «folkekyrkje», uansett kva ein elles er med på eller knyter seg til.

3. Det er sant at mange – skjønt stadig ferre – brukar dei s k kyrkjelege handlingane (casualia). Men desse har si meining ikkje som lausrivne handlingar, men som noko som er tilordna den gudstenestefeirande og vedkjennande forsamlinga. Dåpen er ei innføring i denne fellesskapen, ikkje ein frittståande overgangsrite, eit «kontaktpunkt», eller eit evangeliseringsmiddel.

4. Skal vi «granske hjarte og nyre» hos dei som framleis brukar kyrkja sine tenester? Nei. Det handlar ikkje om motivgransking, men om at desse tenestene høyrer heime i ein samanheng, ein fellesskap. Det handlar ikkje om motiv eller personleg «verdighet», men om ein kristen og kyrkjeleg praksis som alle både kan og bør forhalde seg til. Vi skal gå kor langt som helst saman med menneske som verkeleg vil gå denne vegen. Det er Kristi veg, etterfylgjinga sin veg. I dag er det avgjerande at kyrkja vågar å ansvarleggjere menneske. Ansvar er å ta på alvor. Gjensidig.

For den lokale kyrkjelyden er nattverdfeiringa – saman med forkynninga , slik det er sameina i høgmessa – noko normalt og grunnleggjande nødvendig. Slk har det vore heilt frå urkyrkja og oldkyrkja. Også i den lutherske tradisjonen. Deltaking i nattverdmåltidet for den einskilde høyrer også med til normal kristen praksis, sjølv om alle har sin veg å gå, reint personleg. Det er når nattverdfeiring og gudstenestedeltaking blir eit randfenomen, at kyrkja lid skade. Når eit svært lite mindretal sluttar opp om dette, kan ein vanskeleg snakke om ei folkekyrkje.

5. For frikyrkjene spelar oftast fellesskapen og fellessamlinga/gudstenesta ei sentral rolle. Utfordringa til desse er, slik eg ser det, å gjenoppdage den historiske gudstenesta og det sakramentale livet. Det gjev i det lange løp ein større bibelsk- og trusmessig fylde og breidde til gudstenestelivet.

6. Ei reint kulturelll grunngjeving for kyrkja blir utilstrekkjeleg. Den rike kristne kulturarven er ei frukt av levd trusliv – i forkynning, undervising, truvedkjenning, diakoni, gudsteneste og tilbeding. Ein må verne treet om ein vil ha fruktene.

:


2 Svar to “nota bene: «illusjonen om folkekyrkja» – utdjupande kommentar”


  1. 1 Solveig
    mai 24, 2012 ved 8:34 am

    Spørsmål til punkt seks: Hvordan har den lutherske kirka vært grunngitt i Norge? Noe av det beste synes jeg med DKK er at der er det helt klart, kirka er en direkte videreføring av Kristi virke i verden. Den er en organisk enhet, og hver og en av oss er del av den kroppen som kirka er, av det mysteriet som kirka er. Da gir det jo seg selv at uten å være del av kroppen så vil vi ikke klare oss så godt, og uten delene som virker sammen og skaper noe som overskrider de enkelte delene, så er kroppen der ikke heller..

  2. 2 Kjell-Roger Isene
    mai 28, 2012 ved 7:01 pm

    Re: «Ei reint kulturelll grunngjeving for kyrkja blir utilstrekkjeleg. Den rike kristne kulturarven er ei frukt av levd trusliv – i forkynning, undervising, truvedkjenning, diakoni, gudsteneste og tilbeding. Ein må verne treet om ein vil ha fruktene.»

    Tusen takk!
    Kulturarven – ei frukt av levd trusliv. Verne treet om ein vil ha fruktene. – Betre kan det ikkje seiast!
    Helsing Kjell-Roger Isene


Kommenter innlegget


kategoriar