25
Des
07

homiletica…

stjernene lyste i Oslo-natta, kyrkja var overfull då klokka slo midnatt og fr Arnfinn heldt denne homilien (preika), som han ynskjer gledeleg jul med…

JULENATT -07, ST DOMINIKUS KRK, LUK 2, 1-14

Brør og systre! I natt feirar vi Den store venskapen – venskapen med alle ting, mellom alt som er. Jula har store dimensjonar sjølv om hendinga går føre seg i ei grotte, i ein stall. Det handlar om venskapen mellom Gud og alle hans skapningar. Det handlar om ein glad bodskap for ”alt folket”, ja, for heile universet, for heile kosmos!

Markene og stallen i Betlehem er eit ’mikrokosmos’ – der er englar og dyr, der er hyrdingar og vanlege folk, snart skal vismenn og kongar kome dit, og alt samlar seg kring han som alle ting er skapte ved og skapte til (Kol 1,16f; Hebr 1,3)! -Han som er Messias; ”Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste” (Jes 9) – sjå der ligg han i ei oksekrubbe, sjå der vert han teken opp og lagt tett inn til eit morsbryst!

I denne vesle verda, i dette vesle barnet, opnar Guds veldige plan seg: ”for det var Guds vilje”, seier Skrifta, ”at heile hans fullnad skulle bu i han, og ved han ville Gud forsona alle ting med seg, det som er i himmelen og det som er på jorda, då han skapte fred, ved hans blod, på krossen” (Kol 1,20).

Her vert den kosmiske venskapen og harmonien gjenoppretta, slik at alt og alle kan syngje saman med englane: Gloria in excelsis! ”Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda, for menneske av god vilje”. Det er ein ”god vilje”, ei stor meining med alt som er til, alt er ikkje absurd, universet er ikkje eit æveleg mørkre! Vi skulle gå ut av kyrkja i natt og seie til stjernene, til naturen, til alle: Shalom! Fred!

Det er den store venskapen som gjester oss den heilage natta; fordi Kristus er komen. Venskapen mellom himmel og jord, mellom Gud og menneske, mellom mennesket og alle andre skapningar! Ja, difor skal vi våge å tru på venskapen, på einskapen, på freden, på kjærleiken! Det er ikkje berre ein idé elller ein draum. Det er noko som har teke til, noko som er på gang, noko som spreier seg, noko som er sterkare enn døden, spliden og hatet. Difor skal vi lengte etter det, difor skal vi tru på det, difor skal vi sjå etter dei gode teikna, både nær oss og rundt oss –vi skal ikkje bli kyniske, harde og motlause.

Kjære brør og systre! I natt seier Gud til oss det vi lengtar aller mest etter å høyre, både frå han og frå kvarandre:

-«Så rekker jeg deg nå med glede min hånd/kom, skynd deg og gi meg den annen!”


5 Responses to “homiletica…”


  1. desember 25, 2007 ved 12:23 pm

    Jeg har fulgt denne bloggen daglig over en tid, og vil bare få takke for den velsignelse den har ført med seg inn i min hverdag. En av betraktningene har jeg tillatt meg å gjengi på min egen blogg, for at enda flere skal få del i det som for meg ikke bare er god teologi, men også skrevet på en så vakker måte, at det av og til oppleves som den vakreste poesi. Fortsett å skrive, fr. Arnfinn Haram, og måtte mange oppdage denne bloggen. Tillater du det vil jeg gjerne få legge ut en link til denne siden på min egen blogg.

    Vi treffes på Gran vil jeg håpe.

  2. desember 25, 2007 ved 2:05 pm

    Takk skal du ha. Og du må gjerne legge ut ein link. Verda og den menneskelege familien skulle vere ein stor «link», spør du meg!
    Gledeleg jul!

  3. desember 18, 2008 ved 10:43 pm

    Kjære Arnfinn: Jeg kommer til å stjele rått fra denne prekenen i år. Dette er så vakkert, så klokt og så poetisk på en gang at jeg ikke klarer å la være. Dessuten vil jeg sitere fra «Djupaste mørker ligg over jord» til inngang. Bergstadens Ziir vil ha gjenklang av dine ord denne jula. Så vet du det.

    Takk for at du blogger! 😀

  4. desember 19, 2008 ved 10:35 pm

    Kjære Harald!

    Berre stel; om Guds ord gjeld det meir enn om alt: «dei hadde alt felles» (Acta 2, 42ff)!
    Teologisk er det viktig for meg at det guddomlege ikkje fortrengjer det menneskelege. Og omvendt!

    Takk for gode ord – og også til deg for at du bloggar! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: