25
Des
07

carpe diem…

ROMJULA VIDARE

I dag har vi altså feira høgtida for Herrens fødsel; In nativitate Domini; «Fyrste juledag», som det vanlegvis heiter i Noreg. «Andre juledag» er festen for Stefanus protomartyr. Så fylgjer den 27. med festen for Johannes, apostel og evangelist. Den 28. er det festdagen for Dei uskuldige borna; dei jødiske guteborna som kong Herodes kverka for å å bli kvitt Jesus. Desse vert rekna for martyrar. Den 29. er turen komen for endå ein martyr, (erke-)biskop Thomas Becket av Canterbury (+ 1170). Den 30. er det dagen for Den heilage familien – og den 31. er det den 7.dagen i juleoktaven – og det er og festen for den hl Sylvester , pave (+335). Det var til han keisar Konstantin gav basilikaen som vart Romas katedral (bispestol-kyrkje) og er det enno, St Johannes i Lateranet. Pavane residerte der til langt ut på 1500-talet.

Underleg at det er så mange martyrfestar i romjula? Ikkje akkurat juletere-festar. Det kan vere med å gje oss tilbake noko av julehøgtida sin realisme. Vi skal ikkje forakte det barnlege ved hendingane kring Jesu fødsel. Den hl Frans av Assisi er «oppfinnaren» av julekrubba; han ser Gud i det fattige, svake barnet, han ser dyra som «såg sin Gud og Herre god». Men Frans visste at dette barnet skulle gå en offerveg og han visste at Kristi tilbedarar også må vere Kristi etterfylgjarar.

Så kanskje martyrdagane i romjula kan hjelpe oss å ikkje gløyme det? I den kristne jula er raudt ikkje «nisseraudt», men martyr-raudt. Blodraudt.

Har du ein gamal primstav (den gamle norske, katolske «kalendaren»), vil du finne att desse liturgiske dagane. Fram til laurdag skal eg feire desse messene i Bergen, i St Paul kyrkje eller hos systrene på Marias Minde. Tidebønene (officiet) får eg be der eg er til ei kvar tid, når eg ikkje er i klosteret og syng dei i koret (korstolane) saman med dei andre brørne. I morgon tidleg les eg dei på toget vestover…

Når eg når i nettet, prøver eg å blogge! I mellomtida kunne vi tenkje over kor mange liner som renn saman i kyrkja si fullstendige julefeiring; teologisk, historisk, kulturelt, menneskeleg og åndeleg. Jula er ein verkeleg «kulturkode». På gjenblogg!


0 Responses to “carpe diem…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: