24
Des
07

officium…

Måndag, vike 4, sal 73 (matutin)

”Eg vart harm på dei hovmodige, då eg såg at det gjekk dei gudlause vel” (v 3)

Det kunne vere freistande å starte med eit anna av versa i denne salmen, eit av dei som uttrykkjer freden i Gud: ”Kven har eg elles i himmmelen? Når eg berre har deg, har eg ikkje hug til noko på jorda” (v 25). Men det går ikkje bra dersom vi prøver å ” late som”, å gå for raskt fram. Vi vil at livet vårt skal vere som ei andaktsbok; som fromme kapittel eter kvarandre. Slik er det aldri.

Vi må kome til Gud på den vegen som heiter: Mitt verkelege liv. Den som skal kome til Gud, må fyrst ”kome til seg sjølv” – som den bortkomne sonen i Evangeliet (Luk 15). Gud er ikkje ein ”papirgud”, han er ein Gud for livet, for alt det vi treng for å leve. Difor oppmodar han oss om å lite på han, kalle på han, vente oss det gode frå han. Kva då når vi møter ulukke – medan dei som fornektar han, er lukkelege?

Då må vi vere ærlege nok til å seie at det er vanskeleg å skjøne, at vi ikkje ”godtek” det, at vi fastheld vår tru på at Gud vil det gode. Slik han har lova. Når du då opnar opp og gjev til Gud all forbitringa, alle sakna, alt mørkret i deg – då får du ein glimt av det du ikkje hadde trudd skulle vere slik: -At Gud sjølv er viktigast. At det mest drastiske du kunne gjere i livet, var å forkaste han, fornekte han.

Apostasien, fråfallet. Det er sjølve natta. Heller ville eg misse alt enn å hamne der. ”Om kropp og sjel forgår, er Gud for evig mitt berg og min del” (v 26).


0 Responses to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: