31
Des
07

officium…

Juleoktaven, 7. dag, sal 96 (matutin)

”Marka og alt det ho ber skal jubla, kvart tre i skogen skal ropa av fryd. Dei skal ropa for Herren, han som kjem; han kjem og vil døma jorda” (v 12-13).

Dagens tre matutinsalmar, salme 96 -98, er ein einaste stor lovsong over Guds frelse for himmel og jord. Ein lovsong for det frelsesverket som har sitt sentrum i Ordets inkarnasjon, i Jesus Kristus, Gud og menneske. Det er når vi les, eller helst syng, desse salmane, at vi skjønar kva verkeleg ”julesong” er. Ikkje ”white Christmas”, ”jinglebells” og ”Rudolf er rød på nesen” – men: Lovprising, liturgi, eukaristi (takkseiing) for eit fornya skaparverk!

Mennesket og naturen er nøye forbundne. Vi har prøvd å distansere oss frå naturen ved hjelp av naturvitskap og teknologi. Mennesket er meir enn natur, og det kjem til uttrykk i den kulturskapande evna åt mennesket; vitskapen og teknologien har sin plass, fordi mennesket er eit fritt, skapande vesen; men det blir feil dersom vi fjernar oss fullstendig frå det naturlege livsgrunnlaget vårt. Bakkekontakten, fotfestet, blir borte.

Mennesket si framandgjering frå resten av skaparverket skaper ein dårleg atmosfære, ei dårleg ”stemning” i naturen. Fordi naturen ikkje toler å bli utnytta og øydelagd, reint fysisk, men òg fordi der er ein åndeleg dimensjon i alt som er til. Mennesket er, som Guds bilete, ein ansvarleg, moralsk aktør. Når det bryt harmonien med Gud, skaper det ”sorg” i resten av skaparverket. Når mennesket forsonar seg med Gud og tek mot hans fred (shalom), då spreier freden seg i naturen, då gleder englane seg, då jublar ”marka og alt det ho ber”, då ropar ”kvart tre i skogen” av fryd ”elvane” klappar i hendene og ”fjella” jublar i kor (sal 98, 8).

Når Herren slik ”dømer jorda”, opprettar han sitt rike og syner oss at det han vil, er ”kosmos” og glede, ikkje ”kaos” og undergang.

Dersom vi syng ”O jul med din glede”, er det dette som djupast sett er meininga!


1 Response to “officium…”


  1. 1 Ingrid
    desember 31, 2007 ved 9:19 pm

    Takk og takk, bli så glad når je les det du skriv.At ikke alle kan skjønne det,
    at det e sånn det e? Godt Nyttår! Je ser frrem te å sjå det du skriv i 2008.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: