23
Des
07

carpe diem…

Den siste adventssundagen vart stille, blåleg og ljos. Ein lett lag av rein snø over Oslo. Etter messa klokka ni gjekk eg utover i den ”store parken” som er Bygdø. Åkrane låg opp-pløgde inn til turvegen på båe sider, som ein stor sjø med frosne bylgjer.

Ute ved fjorden sat eg lenge og let vintersola og den blanke vassflata skine mot meg. Inn i meg.

I morgon er det julekveld. Heilt roleg her i klosteret. Fram til midnattsmessa kl 24…. ”Kom vesle barn til meg/eg lengtar etter deg..”

Juledag er det dagmessa. Så: Berre stor og stille høgtid. 2.juledag, Stefanus-dagen, reiser eg til Bergen eit par dagar, tilbake den 29. Kanskje eg greier å halde bloggen open i romjula også. Eg tek iallefall med min Macbook (laptop) på toget

Korleis du enn feirar jula desse dagane – ta deg tid til å be, drag deg unna litt. Det går an. Og det opnar dørene dine…


0 Responses to “carpe diem…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: