Arkiv for desember 2007



22
Des
07

poetica…

når englar bankar på…


ANGELUS

Lett og stille
står du i døra
eit ljos
ein ange
eit vinddrag
frå den andre verda
går føre deg
fylgjer etter deg

Ave!

djupt bøyer eg meg
samlar alt i eitt punkt

andlet
mot andlet
står vi

alt er mogeleg no

22
Des
07

nota bene…

JUL I KLÅRTEKST

Oftast er det ei slapp oppleving å lese norske leiarartiklar og julevinkla stoff no i høgtida. Stor sett nok så rundt og vagt; med den kristne profilen passe nedtona for at ingen skal kjenne seg støytt. Det heile minner mest om japansk X-mass; ei anonym jul, med jinglebells for kva som helst. Les meir «nota bene…»

22
Des
07

officium…

Laurdag, vike 3, sal 69 (matutin)

”Dei skal takka Herren for hans miskunn, at han gjer under for menneska”.

Mennesket er ein utsett skapning. Fårar trugar på alle kantar; heimlause, tyrste og svoltne, fengsla, deprimerte og rådlause, på fårlege reiser, i uver og storm.. Slik er livet, men slik skal det ikkje vere. Vi høyrer heime i ein by eller ei bygd, vi skal hauste av jorda, vi skal ha vener og kunne glede oss i godt lag. Leve av Guds gåver og av hans runde hand. Difor ropar mennesket til Gud, han som gjev og tryggjer livet. Les meir «officium…»

21
Des
07

poetica…

sidan det er fredags kveld…

ALT

All min angst og all mi liding;
du veit om det.
Med eit hjarta vart og såra
veit du om det.

Alle tankar, alt eg gjorde;
du veit om det.
Med eit hjarta gjennombora
veit du om det.

Sei til meg når allting mørknar:
”Eg veit om det,
kva som enn skal henda med deg,
veit eg om det.

Allting, allting er forsona
ved meg, i meg.
Gjev meg alt, så skal eg leva
med deg, i deg!”

21
Des
07

officium…

Fredag, vike 3, sal 69 (matutin)

”Ja, brennhug for ditt hus har ete meg opp” (v 10)

Brennhug, iver, sjalusi, å vere nidkjær – her har vi ei lita samling med ord som også er uendeleg framande for vår måte å tenkje på. Ja, vi vender oss med brennhug og iver nettopp mot ei tru som framelskar den slags! Det er vår tids indre sjølvmotseiing: Det einaste som det ikkje er lov å ta verkeleg på alvor, er trua. Bort med henne! For ei slik tru utfordrar oss, uroar oss, kritiserer oss. Svært mykje av den politiske og kulturelle energien i det moderne samfunnet, kjem frå hatet mot den sterke trua. Trua på ein ivrig Gud som vil ha ivrige truande. Les meir «officium…»

20
Des
07

poetica…

eit anna år, før kulden kom. Å «skrive» er så mangt..

I SLOTTSPARKEN

Regn
over dei store trea
lauvskogens adel

dei stend stille
og tek imot
universums gråt

aristokratiske
høvisk oppstilte
let dei si sorg
renne nedover
den grøne
vide flata
som drikk alt i seg
horisontalt
forsonande

eg skriv meg inn i verdslitteraturen
gåande sakte
på skrå
gjennom denne
olympiske
skog

20
Des
07

officium…

Torsdag, vike 3, sal 90 (matutin)

”Kven kjenner styrken i din vreide, kven ottast deg, så hans skjønar din harme?” (v 11)

Slike ord ruskar skikkeleg opp i vårt humanistiske gudsbilete. Gud skal versågod vere ”god” – på den måten ein offentleg funksjonær er det: dele ut det vi har rett på, vere omgjengeleg, ikkje bry seg for mykje. Vi ynskjer oss ein passiv Gud; litt sånn som ei statskyrkje: ho skal vere der når ho trengs, elles minst mogeleg. Les meir «officium…»

19
Des
07

poetica…

Frognerparken, like ved, der eg har mine joggeturar…

AMOR MUNDI

Elskar alt
elskar alle
elskar trea
kysser stammane
lyktestolpane
bru-gelendera

og kanskje hundane
men dei berre halsar vidare
og duene trastane
men dei flaksar alltid opp
borte vekk

ikkje kattane
svikaktige og lydlause
og ikkje fruene på Frogner
berre klestativ
med spiss nase

men elles:
dødsforelska i verda
og vi ler mot kvarandre

så lenge lenge sidan….

19
Des
07

officium…

Onsdag, vike 3, Sal 89 (matutin)

”David, min tenar, fann eg, med heilag olje salva eg han” (v 21)

David var Guds yndling; ”mannen etter Guds hjarte”. Fordi han var moralsk fullkomen? Langt i frå. Han var ein rå krigar ”med blod på hendene”, han braut seg inn i annan manns ekteskap på den mest brutale måte; frå Urias rana han både ektefelle og liv. Kan det bli verre? Les meir «officium…»

18
Des
07

nota bene…

ÉIN FOR ALLE, ALLE FOR ÉIN

Julebodskapen – ja, heile evangeliet – handlar om frelse for alle ved den éine, ved Jesus Kristus. Vi som vanlegvis berre reknar med sosiale og moralske prosessar, har vanskeleg for å skjøne at fornyinga av verda og det menneskelege samfunnet kan vere knytt til noko så avgrensa som éin person. ”Kva er det til så mange?”, som læresveinane spurde, då dei skulle mette fem tusen og berre hadde nokre få brød og fiskar. Les meir «nota bene…»

18
Des
07

poetica…

”Då abba Bessarion låg for döden, sa han: – Liksom kjeurbane og serafane bør munken vere heilt og fullt auga”

DOMINIKANSK VISJON

Å søkje
er å sjå i mørkret
sjå og sjå

bøna
det faste blikk
som heng ved
tabernakel-lampen

studiet
den langsame scanninga
av Guds bilete
i dei heilage orda

liturgien
den gyngande
og stigande rørsle
innover og
oppover mot
truna

askesen
– vi vil ikkje sove no
vi vil berre
sjå
til mørkret vert som ljoset
sjå
til vi vert berre ljos
berre
syn

18
Des
07

officium…

Tysdag, vike 3 Sal 68 (matutin)

”Ryd veg for han som fær fram gjennom øydemarkene…Skal de verta sitjande mellom kløvkorgene? Dua har sølv på vengene sine og på vengefjørene gulgrønt gull. Då Den Allmektige spreidde kongane, snøa det på Salmon-fjellet. Eit gudefjell er Basan-fjellet, Basan-fjellet med dei mange tindar” (v 3 og 14-15).

Denne salmen er ein fanfare og ein sigerssong, underleg og nesten nonfigurativ i sitt biletspråk, brokkar av sigers-og gledemotiv kasta saman i ein stor prosesjonshymne. Gud fær fram i sigerstog – ikkje som ein overmektig autoritet som fortrengjer alt som er godt utanom seg sjølv. Les meir «officium…»

17
Des
07

poetica…

meir sumar…

LACRIMA

Kvifor må eg gråte

når eg når ei høgd
på veg til fjells
og angefull vind
med eitt
står meg i andletet
stryk meg over håret?

når eg ser
at røslyngen blømer
så vidt
når eg høyrer lyd
av vatn
fjellelva
som renn ljost
over runde steinar
bylgja som leikande
finn den gamle støa?

eg ser
ein kvit konkylie
i graset

alt seier:
no er det vi
som kjem til deg

17
Des
07

nota bene…

”JUL” ELLER KRISTMESSE

For mange år sidan vart det eit svært rabalder i media frå landsende til landsende og sjølvsagt særleg i kyrkje-Noreg – fordi underteikna i eit juleintervju kom til å seie at ein kanskje burde droppe gudstenesta juleaftan ettermiddag. Ein halvtimes jul-light var kanskje ok så lenge juledagsgudstenesta var intakt og jula endå vart feira i jula. Men i ein situasjon der ”jula” tek til i oktober og vert avslutta når ho eigentleg tek til og med temmeleg tome kyrkjer på juledag, er blitt ei fårleg og dårleg erstatting for den kristne julehøgtida. Les meir «nota bene…»

17
Des
07

officium…

Måndag, vike 3 Sal 50 (matutin)

”Du sit og talar mot bror din og snakkar vondt om son til mor di. Det har du gjort – og eg skulle teia? Meiner du at eg er som du? Nei, eg vil refsa deg og halda det fram for deg”.

Denne salmen kjem irriterande ofte att i officiet (tidebønene). Ikkje oftare enn andre, men eg legg meir merke til det, fordi han alltid set fingeren på eit veikt punkt: Min hang til negativ omtale av andre. Og det er ikkje berre ”andre”; det er bror min, ”son til mor mi”, ein som eg høyrer saman med og skulle vere solidarisk med. Les meir «officium…»

16
Des
07

poetica…

eit lite sommarminne no på det mørkaste..

ALT LEVANDE ER I MEG

Medskapningar
kven kjenner dykk betre enn eg?
kvar finn de ein slik ven
mellom dei levande?

Eg kunne leggje meg ned på bakken
den bratte bakken
bli gras av gras
eg kunne la meg renne over steinane
elva – det er eg
kunne trakke meg ein plass
og bli ståande
som ein stein
berre stå
berre vere
våt av regnet
mjuk av mosen

kunne bli stor og rund
som fjellnakken der borte
høg og vis som desse fjella
ikkje tvile meir
vite min plass
med snø
med vind
med gras og urer
med små lysande blomar

ei li av skog kunne eg bli
som eit morsbryst
som ein kvinnebarm
ein skogbotn av mjuke løyndomar
kunne eg bli

berre eit menneske
greier eg endå ikkje
å bli

her er eg!
Gud, min far, mi mor:
du har avla meg
å, lat meg bli fødd
bli til!

16
Des
07

poetica…

HYMNE

Høgare enn alt,
over universums bogar,
står din stol av ljos –
Englemyriadar syng
og kjerubsverd logar.

Djupare enn alt,
i den inste gåte
les vi dine teikn;
sporet av din Visdoms veg
og din skaparmåte.

Nærare enn alt,
høyr, det slår og bankar;
hjarta, tinning, puls –
ord vert forma i min munn,
bakom panna, tankar…

Liv av liv, min Gud!
Du vert alt i alle
når di kraft står fram,
liksom sola når ho stig,
og det siste slør skal falle.

16
Des
07

officium…

Vike 3, sundag, sal 145 (matutin)

”Eg vil lovsyngja deg, min Gud, min konge… Alle vender augo ventande til deg” (v 1 og 15).

I lovsongen vender kyrkja og heile skapningen seg mot Skaparen, han som er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Alt mottek livet sitt frå han. Vi er ikkje innelåste i oss sjølve slik ”dei nye ateistane” vil ha det til. Gud er berre ”gud”; ein idé vi menneske har utvikla frå primitive akter og førestellingar som i si tid hjalp oss å overleve. Les meir «officium…»

15
Des
07

carpe diem…

Laurdagskveld på klosteret, i cella… Har skrive preika – det er min tur her i morgon – det hender seg at ho ikkje er ferdig før sundags morgon. Johannes Døypar, kamelhårkledd råtass, ørkenbohem og forkynnar, ein verkeleg munk; tekstane handlar mykje om han i adventstida – fordi han varslar Adventus Dominii; «Herrens kome»! Stille her inne, stille rundt meg. Timane etter vesper og utover kvelden. Noko er fullført – vika som gjekk. Noko ventar – sundagen; den fyrste morgonbøna i koret, så (etter ei messe kl 0900), den store messa kl 1100. Fullt av folk. Songen. Bønene. Angen av røykjelse som ligg att i huset utover sundagen. Helg.

God Advent vidare! Ei strofe av ein evangelisk song kling inni meg ein stad: «Ja, han kommer, o min sjel/og setter alle ting i stand/Jeg vil lytte etter lyden av hans trinn…» Eigentleg er det difor eg er her.

15
Des
07

officium…

Laurdag, vike 2, Mose kvad, 5 Mos 32, 1-12 (laudes)

” Som ei ørn sviv over ungane sine når ho let dei flyga frå reiret, så breidde han ut sine vengefjører, tok og bar han på sine venger” (v 11).

Gud, ørna. Den høge, siglande freden. Dei utstrekte, berande vengene. Når det blir for høgt for meg. Når bruset frå avgrunnane skræmer meg. Når høgdene og himlane oppover vert for veldige. Då ser eg ikkje lenger berre vengene over meg og kjenner vakne augo fylgje meg, ovanfrå. Les meir «officium…»




kategoriar