26
Des
07

officium…

Juleoktaven, 2.dag, festen for den hl Stefanus, protomartyr, sal 17 (matutin)

”Eg fylgde i dine fotefar og gjekk med faste steg” (v5)

Guds menneske, slik vi møter det både i salmane og andre stader i Det gamle testamenet, er ikkje redd for å vise til sin truskap mot Gud. Job insisterer på si rettferd, han ser Skaparen sin midt inn i augo og fordrar sin rett. I siste runde vert også han overvelda av den Gud som sprengjer alle våre dimensjonar, men samstundes får han den attesten at han har ”tala rett” om Gud.

Å erkjenne Guds velde og å krype for han, er ikkje det same. Etter to tusen år med kristendom og med forteljinga om tollaren og syndaren i templet, har vi kanskje vorte alt for fortrulege med at vi er syndarar. Det som vert så velkjent, endar med å verte eit munnhell, ein konvensjon. Ingen kan ta i mot Guds nåde som ikkje vågar å seie: -Sjå her er eg! Eg er eit menneske og eg er ein syndar, men du er ein Gud for syndarar og du har skapt meg, eg slepper deg ikkje! ”Bordet fangar” Gud også. Han ”møter seg sjølv i døra” når eit menneske bed om nåde, bed om merksemd.

Guds menneske veit om sin veikskap og sine synder, men det forblir hos Gud. Det ”fylgjer i hans fotefar og gjeng med faste steg”. Det er forankra i Gud. Det seier: -Gud er min arv, min lott, min rett, min lagnad. I tjukt og tynt, i ljos og mørkre, i liv og død!

Eit slikt mennske har ingen ting å vere redd, djupast sett. I salmen talar det om sine fiendar, om alt som pressar seg inn på og trugar eksistensen. List, lukke, sjølvforsvar, alliansar, kalkyler og klokskap – til sist er det berre forankringa i Gud som gjer mennesket fryktlaust og oppreist.

Eit liv som ligg ope for Gud, gjev integritet og fotfeste. Det vert, som den hl Thomas More – eller som den hl Stefanus som vi feirar i dag: ”a man for all seasons”.


2 Responses to “officium…”


  1. 1 Rob
    desember 26, 2007 ved 9:21 pm

    Takk for mange fine refleksjoner/meditasjoner.
    Fortsatt God Jul og Godt Nyttår fra Rob

  2. desember 27, 2007 ved 9:50 pm

    God Jul og Godt Nyttår til deg også; og takk for konstruktive blogg-innlegg!Blogginga blir litt sporadisk no i romjula; eg er i Bergen…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: