30
Des
07

officium…

Juleoktaven, 5.dag, sal 72 (matutin)

”Han ynkast over småkårsfolk og bergar livet åt dei fattige” (v 13)

Mange av versa i denne salmen har dette fokuset: At kongen skal halde oppe retten, verje dei verjelause, sjå særleg etter dei fattige. Og for at det ikkje berre skal vere tale om ”åndeleg” fattigdom, står det ”småkårsfolk”. Ein sosial ”klasse”, ei definert gruppe, ein del av den samfunnsmessige røyndomen, rett og slett, ikkje berre einskilde stakkarar. Kongen skal ta sosialt parti.

Og kongen er eigentleg den ”store” kongen, han som alle Israels kongar var eit avbilete av og ein spådom om: Messias, Den salva, Kristus. Kongedøme og styremakt er ikkje der for å undertrykkje, utnytte og utbytte folket. Det skal tene rettferda – og der det er rettferd og respekt for dei fattige, der vert det velsigning og liv på alle område: ” Han skal vera lik regnet som fell på nyslegen eng, lik ein regnskur som væter jorda. I hans dagar skal rettferd gro og lukke og fred råda så lenge månen er til” (v 6-7).

Sosial urett bryt ned både samfunn og naturmiljø. Profeten Amos refser uretten og seier: ”Må ikkje jorda skjelva for slikt, så alle som bur der, syrgjer? Ja, må ho ikkje stiga som Nilen, stiga og siga som elva i Egypt?” (Amos 8,8).

Vi er i julevika; vi feirar det messianske Barnet. Han skal mottakast i hjarta – men òg i samfunnslivet.


0 Responses to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: