27
Des
07

officium…

Juleoktaven, 4.dag, festen for den hl Johannes apostel og evangelist, sal 99 (matutin)

«Moses og Aron var mellom hans prestar, Samuel mellom dei som kallar på hans namn» (v 6)

Israels lovsong har mange emne, mange tema: Skapinga av verda, utveljing av patriarkane og Israel, utfriinga av Egypt, Guds føring av folket sitt gjennom ørkenen inn i det lova landet.

Men også ordninga og strukturen i Gudsfolket. Ei ordning som gjenspeglar noko av den kosmiske orden, den himmelske heilagdomen. Heile folket er eit ”tempel” – ein tanke som skal bli fullt uttrykt i Det nye testamentet. Gudsfolket er hierarkisk ordna; det har eit presteskap, samtidig som heile folket er eit presteleg folk. Dette synleggjer Guds heilagdom; han kjem nær til folket sitt, men ikkje som noko sjølvsagt, han nærmar seg gjennom ”representasjonar”. Prestedømet, med Aron i teten og dei store profetane og forbedarane, som Samuel – viser at Gud openberrar seg ikkje berre individuelt og ”privat”, men på ein måte som heile folket forheld seg til. Folket er ein einskap, i tru, liv og gudsteneste. Difor seier salmen: ”Du har grunnlagt rett og orden. Du gjer rett og rettferd i Jakob” (v 5).

Ei heilt ”uhierarkisk” kyrkje endar i subjektivisme og privatreligion – og tenderar alltid mot å gå i indre oppløysing. Kristus kalla og sende ut apostlane, den nye pakts patriarkar, profetar og hyrdingar. Moses, Samuel, Peter og Johannes (som vi feirar i dag)…. alle er dei ”mellom hans prestar”, ”mellom dei som kallar på hans namn”. Ei lang rekke, ein suksesjon…

Eg er takksam for at trua ikkje berre er ”mi”, men at ho er noko eg har motteke og stendig mottek frå det heilage folket i den heilage historia.


0 Responses to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: