30
Des
07

officium…

Juleoktaven, sundag, høgtida for Den heilage familien, sal 87 (matutin)

”Men om Sion skal det seiast: Der er alle fødde” (v 5).

Mennesket må ha ein heim. Mennesket har foreldre, sysken, fellesskap. Mennesket er eit ”sivilisert” vesen, det høyrer heime i ein ”civitas”, ein by, eitt tett samfunn. I alt mangfald er det ein einskap – og til sjuande og sist er det Gud og det samfunnet han skaper og held saman, som er menneska sin heim.

Heimen er ”moderleg”; det som gjev liv og tryggleik, det som omsluttar og forsononar. Difor er Maria eit bilete på kyrkja, på det heilage folket. Israel, Sion, kyrkja – alt dette er tilstades i henne.

Men heimen er også ”faderleg”, plassen for å bli utfordra, korrigert,
Forma. I den heilage historia skal vi merke oss at desse sidene ved heimen går over i kvarandre. Mor er også lærarinne, ”magistra”. Og far treng å vere ”moderleg”. Tenk på faren i forteljinga om den bortkomne sonen: det er faren som tek han inn i fanget, som spring i mot han og kysser han når er på heimveg. Det er sikkert ikkje utan grunn at den messianske tida skal gjenopprette faderskapet – ikkje som ”autoritet”, men som venskap og nærleik. Forløparen skal ”vende fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane” (Malaki 4,6).

Det er Guds by, kyrkja, som er vår eigentlege familie, open for alle. Der er vi godtekne, elska og verdsette; der er det forsoning og omfamning, der er det fest og jubel. Der vert våre minne tekne vare på, der høyrer vi dei store og dei små forteljingane, der lærer vi dei løyndomsfulle teikna, der gror draumane våre.

Eg høyrer til. Eg har rett til å seie: ”Her er eg heime”. ”Så syng dei og dansar og seier: Alle mine kjelder er i deg” (v 7).


0 Responses to “officium…”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: