03
Feb
10

officium: onsdag, 4. vike i det allmenne året, 1 Tess 5 (matutin)

«Lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue» (v 6)

Vaka, vigilien, er ei grunnform i truslivet, både i Det gamle testamentet og i kyrkja. Ur-vaka er Israels vakenatt ved utgangen frå Egypt, sjølve Påskenatta. Å vake er å vere budd. Konsentrert. Fokusert.  Jesus var often vaken i bøn, likeeins apostlane. I oldkyrkja heldt ein fast på dei faste bønetidene frå jødedomen og natta var, ikkje minst, bønetid. Ektefolk skulle stå opp  ved midtnattstid og halde bøn; for: «Midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han» (Matt 25,6). Bønevaka høyrer med til det eskatologiske medvitet i kyrkja; ho veit at denne tida snart er ute, snart bryt den nye tida gjennom.

I klosterlivet høyrer nattbøna med på ein avgjerande måte, sjølv om denne asketiske praksisen har vorte svekka etter mange av reformane på seksti-syttitalet. Eg er sikker på at det vil kome tilbake. Natta er ein kamp-plass og ei kamptid. Då er demonane ute. Og natta er den stille, djupe tida; Guds mørkre og Guds ljos.

Aldri er han nær som då. Vake og bøn er tvillingar.

Reklame

6 Svar to “officium: onsdag, 4. vike i det allmenne året, 1 Tess 5 (matutin)”


  1. 1 Karl Otto Welle
    februar 3, 2010 ved 8:17 pm

    Gode Arnfinn Haram,

    eg er for første gong inne på din blogg, dersom det er det heiter. Eg les her at du skriv at «om natta er demonane ute». Kunne du utdjupe det? I den seinare tid har eg opplevd natta som ei stund med vaking, og mykje indre uro – tvil og angst. Har du ein kommentar til det – det er ikkje alltid at bøn roar sinnet? Korleis kan ein komme unna demonane, tvilen, angsten? Natta er verst, dagen med alle sine gjeremål er betre, synes eg.

    Elles må eg berre takke for dei to foredraga dine i januar («Katolsk liv og tro» i St. Dominikus kloster), det var stor kunnskaps- og kulturformidling. Svært inspirerande. Vennleg helsing Karl Otto Welle

  2. februar 4, 2010 ved 10:06 pm

    Natta er det opne feltet: då er Gud nær og når Gud mobiliserer, mobiliserer fienden også. Dessutan er natta i Skrifta eit symbol m. a. på det vonde; syndaren som løyner seg for Gud, tida for «gjerningane åt mørkret». Natta er kamptida – då er nettopp dei negative kreftene mest verksame; nattelivet i storbyane er ikkje akkurat noko paradisisk. Kyrkja bør vere i bønevakt for menneska nettopp i nattetimane. Det har alltid vore noko av kallet til klostera.

    Men natta kan også stå for den gode kvila; for overgjevinga til Gud, for svenens gåve, nettopp som det å gløyme suter og plager, i det minste for nokre timar; det er ein nåde; natta sin nåde. Så vi ser at natta har ein fylde av symbolikk; eit teikn på det gode, men også på noko av det vonde.

    Du skriv om natta som ei tid for indre uro. Då kan det vere at du skal be, midt i uroa, både om vern mot fiendens åtak fordi han stadig plagar oss, og om at det urolege må bli forvandla til fred. Då kan svevnlause netter omskapast til noko godt, om enn krevjande. Men tak også mot natta si «gløymsle», svevnen, dersom han melder seg. La «båten gli sakte under buene på nattens bro» som den franske diktaren Peguy seier (fritt sitert etter den norske omsetjinga).

    Ofte er det hjelp i å gjere krossteiknet «i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande», når det negative plagar oss. Og be Fadervår og om verneengelens nærvere. Slik enkle ting.

    Takk elles for oppmuntrande ord!

  3. 3 MT
    februar 4, 2010 ved 10:32 pm

    Eg er innom sida di kvar dag og les,tenkjer og går stille ut att.Har venta på svaret her eg også.Takk og god natt

  4. 4 Anne-Hedvig
    februar 5, 2010 ved 7:05 pm

    Jeg kan ikke noksom anbefale musikk av Johann Sebastian Bach om natten – for «Recreation des Gemüths» (hans egne ord, oversatt av Ingemar von Heijne i Svensk P2 til «själens återskapande»). Bach har en livsbejaende og legende kraft.

  5. 5 W
    februar 7, 2010 ved 7:40 pm

    «Der er vonde ting i verda. Me blir freista av det vonde, og me klarer ikkje alltid å stå i mot. Då kan eg be det vonde om å forsvinna i Jesu namn, og det hjelper.»
    Jente, 14, i intervju om trua si. Så enkelt og rett fram.

  6. februar 7, 2010 ved 9:33 pm

    Amen. Jenta har skjøna det!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: