20
Feb
10

carpe diem: Helsinki

Det er Norden, men ikkje Skandinavia. Nesten Russland, ikkje mist etter arkitekturen her i sentrum å døme. Eg er i Helsinki, for å forelese om John Henry Newman på det dominikanske kultursenteret her; Studium Catholicum. Gjennom vindauga på gjesteromet ser eg opp og bort til den lutherske katedralen; klassisistisk, høgt plassert, som eit luthersk Areopagos, med greske søyler i fronten. Men også med kuplar som «snakkar russisk», med forgylte krossar på tårna, lysande i den iskalde vintersola.

For det er skikkeleg kaldt her; minus 20 seier gradstokken. Heilt sibirsk. Finnland er ein stor skog, og Helsinki ligg liksom i storskogen med islagd Austersjø rett i mot. I går føremiddag kom eg hit, og i heile går og i heile føremiddag har eg jobba og skrive. No er Newman-sesjonen over. Ei kvinne, opphavleg frå Birmingham der Newman residerte i sitt katolske liv, hadde køyrt heilt frå vestkysten for å høyre på. Det viste seg at ho også hadde vore elev på den skulen  Newman starta i Birmingham, knytt til kommuniteten hans,  the Birmingham Oratory.

Studium Catholicum er hovudsakleg eit stort teologisk bibliotek, ope for alle. Men det er også ein liten fellesskap av dominikanarbrør her, for tida berre éin; fr Antoine Levy – jødisk av opphav, oppvaksen i Paris, konvertitt til kristendomen, dominikanarpater, universiteslærar… I  dag, etter kurset, feira vi messe i kapellet her – på hebraisk! Kadosj, kadosj, kadosj! Heilag, heilag, heilag! Innimellom kjende eg att andre ord; Adonai, Mesjiach, Josjhua, shalom… Som om messa brått kom «heim til seg sjølv».

Eg skal leggje ut her i alle fall det eine av førelesingane: Newman as an educationalist. Hans  tenkjing om danning og utdanning.

I natt skulle det visst bli uvêr, snøstorm frå Finskebukta. Men endå er det stille ute. Eg tar fly til Oslo i morgon kveld. God natt.


4 Responses to “carpe diem: Helsinki”


  1. 1 MT
    februar 20, 2010 ved 9:59 pm

    Interessant innlegg.
    God natt og god reise heim.

    Men du,-kvifor må vi nerme oss Gud forsiktig,berføtt,som du nemde i innlegget om Moses og den brennande buska?

  2. februar 28, 2010 ved 4:31 pm

    Orsak; reiser og anna har gjort at eg har oveersett din kommentar. Grunnen til at vi må nærme oss Gud slik Moses gjorde, er at Gud er heilag. Eg er sikker på at om vi verkeleg hadde trudd og erfart Guds nævere, ville vi utan vidare agert med age og vyrdnad. Dei berre føtenen er eit gamalt uttrykk for at mennesket også kroppsleg forheld seg til Guds realitet. Vi har, i vår kultur, fortrengt både at Gud er heilag og at det åndeege også har med kroppen å gjere.

  3. 3 MT
    mars 1, 2010 ved 4:44 pm

    Ja,vi er sanneleg kropp,sjel og ånd.Eg også tenkjer at vi skal ha age og vyrnad for Gud.Då tenkjer eg age i form av ære og ikkje age som frykt.Vyrdnad som respekt,- for det store og heilage,
    Den treeinige Gud,kvar sine roller,men likevel ein,eit heile,-vanskeleg å fatte.For meg handlar det om å tru og i tillit ta imot og bli tatt imot.
    Eg er kanskje berrføtt eg då…

  4. mars 2, 2010 ved 8:31 am

    Eg er sikker på at om Den Allmektige hadde synt seg for deg; ville du skjøna kva «age» inneber, både med kropp og sjel. Fyrst når mennesket erfarer noko av det, seier Gud: -Reis deg opp og stå på føtene; ottast ikkje; kom nærare….


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: