04
Feb
10

officium: torsdag, 4. vike i det allmenne året, 2 tess 2 (matutin)

«Den Lovlause…han som opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed» (v 4)

Den Lovlause er den same som Antikrist. Den fortetta motstanden mot alt guddomleg. Paulus reknar med at det i alle menneske er ein innsikt og eit medvit om det guddomlege, om at verda og livet er forankra i ein høgare vilje, i ei høgare verd; ei aning av at Gud finst, kva namn han enn får i ulike religionar og tradisjonar.

Når verda og det menneskelege samfunnet kollektivt fornektar og framandgjer seg frå sjølve tanken på ein åndeleg røyndom og på Gud, har mennesket verkeleg stilt seg på berr bakke og opna seg for tomleiken.  Då kan alt hende.  Då gjenstår den direkte konfrontasjonen mellom Gud og Motstandaren.

Reklame

3 Svar to “officium: torsdag, 4. vike i det allmenne året, 2 tess 2 (matutin)”


  1. 1 Geist
    februar 5, 2010 ved 12:29 am

    Noen ganger slår ordene dine meg midt i solar plexus:

    «Då gjenstår den direkte konfrontasjonen mellom Gud og Motstandaren».

    For noen år siden ble jeg konfrontert direkte med døden og viste ikke om jeg ville få leve videre neste dag. I min fortvilelse ringte jeg en venn. Sammen ba vi Pater Noster eller Fader vår. Selv husket jeg kun fraksjoner av bønnen.

    Jeg skal fortsatt dø – men motstanderen fikk den natten bevissthet om det guddommelige.

    Og det guddommelige virker fortsatt – helt frem – tror jeg!

  2. februar 5, 2010 ved 6:26 pm

    Til alle: Det stod ein kommentar her på eit orientalsk (teikn-)språk som eg, desverre, ikkje kunne lese, og difor har sletta. Eg er nøydd til å ha som norm at bloginnlegga må vere på eit språk eg, som ansvarleg, kan forstå: Alle skandinaviske, islandsk, færøysk, engelsk, tysk og fransk. Italiensk og spansk går også, sjølv om eg ikkje kan svare på dei språka. Gresk, hebraisk og latin til studiebruk, men altså ikkje kinesisk eller japansk, eller… 🙂

  3. 3 W
    februar 7, 2010 ved 7:08 pm

    Prøv rolf.theil@iln.uio.no viss du ikkje har sletta for alltid. Han kan heilt sikkert gje, ev finna, svar på kva det var nokon ville ha sagt.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: