28
Feb
10

homiletica: 2 SUND I FASTE, ST DOMINIKUS KRK, LUK 9,28b-36

Kjære brør og systre!

Fastetida er ein del av kyrkja si feiring av Jesu liv; av hans mysterium. Gradvis, stegvis, nærmar vi oss sentrum i dette mysteriet, sentrum i Jesu liv, sentrum i kyrkja sitt liv: Påska. Vi går opp til Jerusalem.

Gradvis openberra også Jesus sitt livs mysterium for disiplane sine. Her var meir enn meistaren, rabbinaran, den omvandrande læraren. Ein dag seier Peter: ”Du er Guds Messias!”, men Jesus forbyr han og dei andre å tale meir om det, for dei forsto ikkje endå kva det innebar. Difor seier han: ”Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal bli slått i hel, og tredje dagen skal han stå opp att” (9, 20ff).

Skyer skal dekke himlen, åsane i Galielea skal leggjast bak og Golgata-klippa skal tårne seg opp. Populariteten skal ta slutt, massene skal forlate han. Forlate dei. Døden skal sjå ut til å vere sterkare enn livet. Alt skal takast frå dei.

Difor tar Jesus dei med opp på Tabor; for Gud er ein Gud som syner seg på fjellet, som stig ned på fjellet for å openberre seg, for å avsløre seg, for å la sine vener få sjå ein glimt av seg, som han i si tid steig med på Sinai. Her, på det heilage fjellet, får disiplane sjå Jesu guddomlege herlegdom, i eit overveldande syn, slik at dei skal hugse kven han er når krisa kjem, når mørkret rugar. Når døden og dødskreftene synest å ha vunne.

Ikkje minst i Vesten har vi nesten mist evna til å erkjenne ”den usynleg verda”. Himlen, englane, Herren, allhærs Gud; – og Jesus som ho Pantókrator, Allherskaren, som Lammet, som Kvitekrist, den strålande og sigrande Kristus. Vi ser skuggane og konturane, vi ser ikkje ikkje sola; vi ser det synlege skaparverket, vi gløymer Skaparen. Vi kan forestille oss ”den historiske Jesus”, men ikkje han ”qui sedes ad dexteram Patris” , som sit ved Fadernens høgre.

Heile påskemysteriet ligg i dette at ”Gud var i Kristus og forsona verda med seg” (2 Kor 5,19)! Gud var i Kristus, i Messias, i Jesus!  – det var det som skulle lyse for apostlane når det såg ut som Gud hadde forlate han, ja; når han det synest som han hadde forlate dei, også!

Når Jesus døyr på krossen, skjer det noko i den usynlege verda, i himlen. Jesus er ”prest til evig tid på Melkisedeks vis”, står det; han går inn i ”det teltet – det tabernaklet – som… ikkje er laga av menneskehender”, inn i det himmelske templet; ”ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod”!, seier Hebrearbrevet.  (Hebr 9, 11ff).

Det er dette vi feirar i Påska. Det er dette vi feirar i ei kvar messe, einkvar evkaristi!

Brør og systre! Dette er ikkje fjern metafysikk, det er ikkje ei eventyrleg historie om enkle folk som fekk hallusinasjonar på ein fjelltopp; det handlar ikkje om overtru og fantasiar! Det handlar om det dramaet som livet er. Skaparverket er ikkje berre tilfeldig masse, på blind ferd gjennom rommet. Det er er eit verk av han som er ”ljosens Fader”, han ”som er opphav til ”all god gåve og all fullkomen gåve”;  han som skapte alt ”fagert i si tid” (Jak  2,17; Fork 3,11). Mennesket er eit pattedyr, men også ein liten gud, imago dei, Guds bilde, med fridom og evig ansvar! Og alt dette er kasta ut i ein kamp mellom ljos og mørkre, mellom liv og død, mellom Gud og hans fiende! Ditt liv utsepelar seg i den synlege verda – men også i den usynlege, om du berre hadde sett det! Om du berre hadde innsett det.

Brør og systre! Det kan sjå ut som om Gud er borte, som om alt er tapt! ”Redsle kom over ham – et stort mørke”, stod det om Abraham (jfr den fyrste lesnaden). Redsle og mørkre kom over Jesus, redsle og mørkre kjem over oss alle. Vi veit at vi må gjennom det. Vi veit at der er ljos på den andre sida av det ofte ugjennomtrengelege mysteriet som er vårt liv.

Vi skal sjå både Jesu liv og vårt eige liv i Tabor-ljoset. Difor skal vi ein dag få sjå at

”…morgenrøden/ bak tvil og vånde veller ut”!

I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Amen.

Reklame

1 Tilbakemelding to “homiletica: 2 SUND I FASTE, ST DOMINIKUS KRK, LUK 9,28b-36”


  1. 1 MT
    februar 28, 2010 ved 1:09 pm

    Takk for gode,sanne ord i søndagen.
    Ynskjer deg ein fin dag vidare.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: