21
Feb
10

carpe diem: helsinki II

Tidleg på morgonkvisten vakna eg av det var kaldt i rommet. Eg søv alltid med ope vindauga, i det minste ein liten gløtt på kaldaste vinterstid. Så eg gjekk bort for å late litt meir att – og såg at glaskarmen var full av snø! Vinden – som ikkje kunne merkast eller høyrast i denne solide bygarden – hadde drive snøen inn! Då vi seinare kom ut på gata, måtte vi vasse gjennom snødriver som hadde hopa seg opp i løpet av natta. Gradstokken synte berre minus 16 grader, så det var reine mildvêret.

I dag gjekk fr Antoine og eg til Liturgien (messa /evkaristien) i ei finsk-ortodoks soknekyrkje like ved; Treieningskyrkja, eit sokn for russisk-talande ortodokse. Vanlegvis er det Johannes Krysostomos-liturgien som blir feira; i dag var det Basilios-liturgien, kanskje fordi det er fyrste sundagen i fastetida (som i år fell på same tid som den vestlege/katolske). Lesinga, som blir sungen/resitert, var frå Hebrearbrevet 11 og evangeliet, også resitert, var forteljinga om Natanael og Filip.  «Kom og sjå!», seier Fiilip då Natanel tvila på om Filip verkeleg hadde funne  Messias. «Kom og sjå!»,  Gud har gjort seg synleg i Jesus Messias; han har verkeleg teke på seg menneskeleg natur! Presten som preika, med stor iver, knytte dette til den ortodokse ikontradisjonen; Kyrkja feirar «Ortodoksiens siger» til minne om at ikonoklastane (dei som i oldkyrkja ville forby ikonar) vart overvunne. Kristen, ortodoks (rett) tru er trua på at at «Ordet vart kjøt»; at Jesus er sann Gud og sant menneske.   Heile frelsa avheng av det.

Songen tona gjennom rommet; Sæleprisingane, kjerubimhymnen, Trishagion. Koret var ikkje stort og ikkje supert; dette var ei gudsteneste, ikkje ein konsert. Nattverden blei utdelt, som vanleg, med ei skei frå kalken der det konsakrerte brødet er blanda i. Store og små gjekk fram. Etter kommunionen får alle, også vi, ein liten kopp med varm vin og eit stykke brød, ikkje sakramentet, men ein reminisens av det oldkyrkjelege agapemåltidet.  Under liturgien var det også mottaking i kyrkja av ei ung mor og eit nyfødt barn (jfr «Mødres kyrkjegong» også i den lutherske kyrkja). Presten møtte mora, faren og dei andre småsyskena nede ved døra, tok barnet i armane sine og bar det framover i kyrkja medan familien fylgde med. Tre gonger stogga prosesjonen, presten lyfte babyen høgt opp og gjorde eit stort krossteikn med han, heilt fram til kortrappa nedanfor den store porten inn til høgkoret og altaret. Mora gjekk like bak; eg såg at tårene rann. Heilt framme song presten orda frå evangeliet om Simeon som tek imot Josef og Maria og Messias-barnet og seier: «No, Herre, kan du la tenaren di  fare herfrå i fred, for augo mine har sett di frelse..» Det nyfødde barnet; eit teikn på Frelsaren som kom til verda. Guds inntog i templet.

Etter liturgien var det verkeleg agape; enkelt måltid i kyrkjelydssalen, med finsk-russisk servering, med russarar, serberar og sikkert andre nasjonalitear. Ein serbisk-ortodoks prest var komen med båten frå Stockholm for å betene  serbarane; presten som hadde presidert og preika i kyrkja, var der, og vi to dominikanarbrørne. Kaffien varma – og det gjorde også noke dropar vodka i eit plastbeger som ein av dei frammøtte villig baud på, til dei som ville.  Alt høyrer med!  🙂

Studium Catholicum har ei stor samling Newman-litteratur, takka vere at ein tidlegare katolsk biskop her (Verschuren) var særleg interessert i Newman. Så i ettermiddag har eg site stille og lese i ei bok av den franske forfattaren Henry Bremond.  Snart tar eg bussen til flyplassen. Vonar ikkje kulden lagar problem for flytrafikken. Farvel, Suomi!

Helsinki Car

Reklame

1 Tilbakemelding to “carpe diem: helsinki II”


  1. 1 Wen
    februar 21, 2010 ved 11:53 pm

    Gripande skildring frå dagen din. Tusen takk for at me får del i det heile! Skjønar godt tårene til mora.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: