25
Feb
10

officium: torsdag, 1. vike i faste, 2 mos 12,1-20 (matutin)

«Når de et det, skal de belte om livet, skor på føtene og stav i handa; og de skal eta det i hast. Det er påskehelg for Herren» (v 11)

Påskelammet skal etast i hast. Guds folk har hastverk. Guds folk er eitt oppbrots-folk. Påske er ein oppbrots-fest. Ut av fangenskapen, fram mot det lova landet, Guds rike. Kyrkja er eskatologisk; hennar tru handlar om «dei siste tinga», som er «dei fyrste» i Guds fornya skaparverk.

Dette perspektivet er der heilt frå Abrahams oppbrot frå Ur og det er heilt sentralt i Israels påskehending og påskefeiring. Vi er i tida, men vi representerer den nye tida. Frelseshistoria går ut over den noverande historia, sprengjer rammene for den tida som er fanga av døden og forgjengelgdomen.

Difor er kyrkja ein motkultur. Ho lar seg ikkje mure inne i nasjonar og sivilisasjonar. Dette gjev henne ein indre fridom som, paradoksalt nok, nettopp påverkar og formar nasjonane og kulturane sterkare enn noko anna.

Berre dei som ser ut over denne verda, ser denne verda klårt. Vi trur på han som seier: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» (Op 21,5).

Reklame

5 Svar to “officium: torsdag, 1. vike i faste, 2 mos 12,1-20 (matutin)”


  1. 1 Kari
    februar 25, 2010 ved 9:22 am

    Det er et vidunderlig løfte: At Han gjør alle ting nye. Herre gjør oss rede.

  2. 2 landsbypresten
    februar 25, 2010 ved 12:29 pm

    Tusen takk for en god betraktning! Den skal få ligge i hjertet og modnes fram til påskegudstjenesten.
    Takk også for gode ord og godt ord til meg på Modum for noen dager siden.Jeg fikk mye å tenke på!
    Av Karstein Isachsen har jeg lært å se på himmelrødmen ikke som tegn på solefall, men som morgenrødme….

  3. 3 Anne-Hedvig
    februar 25, 2010 ved 1:19 pm

    Skrev ikke Homer om «den rosafingrede morgenrøde»? Så tanken er ikke ny..

  4. februar 28, 2010 ved 12:13 am

    Vi finn også allusjonar til dette i NT. «Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg.» (1Pet 1,13) Eg ser også klare påskekonnotasjonar her, spesielt i v.18-19:

    «De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gull de vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane, det var med Kristi dyre blod, blodet av eit lam utan feil og lyte.»

    Eg ser jo her også klare eukaristiske konnotasjonar.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: