23
Jan
08

carpe diem…

NÅR DU SER…

Ei gospelstrofe gjekk rett inn frå CD-”rillene” her i kveld:

I’m gonna keep on singin’, I’m gonna keep on shoutin’, I’m gonna keep on liftin’ my voice…

Og det fekk meg , uventa, til å sjå livet mitt frå ein bakketopp, ei lita høgde på vegen, akkurat no. Og eg ser tilbake og ser at det ikkje er så rart at eg er tiggarmunk, prest, forkynnar..For meg har det alltid vore rart; for store sko til føtene, liksom. Eg kunne sikkert gjort noko anna, brukt det som er eg på ein annan måte. Det var også planen – heilt til noko hende i 18-19-årsalderen: -Eit kall, ei sterk hand som tok meg hardt i nakken og snudde andletet mitt mot seg – og det var Han, leande, trur eg eg vil seie, lysande og utfordrande, ikkje dystert eller knugande. ”Heretter blir det denne vegen..!” ☺

Kristus og hans kyrkje, hans rike, hans plan for verda – og eg som ein ung ven i hans fylgje. Nokre rundar med samtale med ein klok rettleiar, og det var gjort: ”Gå inn i rekken…”.

Det er så mange ting som fyller eit menneskeliv; evner, oppgåver, opplevingar, møte, smerte, tårer. Men eg ser: dette vart ein raud tråd. Kristus og apostolatet for han. Stundom må vi sjå den raude tråden, sjå spora og vegen i landskapet når vi kjem litt ”opp”, når dis og skodde lettar litt. Då forstår vi betre. Og eg forstår:

I’m gonna keep on marchin’, I’m gonna keep on fightin’, I’m gonna keep on liftin’ my voice...

Orsak dennne personlege tonen, men det blei slik i kveld.

See?

Fr Arnfinn


10 Responses to “carpe diem…”


  1. 1 w
    januar 24, 2008 ved 12:03 am

    I see! Takk og pris!

  2. januar 24, 2008 ved 11:55 am

    Finnes det rikere liv enn dette? «Kristus mitt liv». Jeg synes du skildrer det så godt når du sier at Han snudde ansiktet ditt mot sitt. Og når vi har sett inn i Hans ansikt, er vi tapt for denne verden.

  3. 3 frater Per Erik
    januar 24, 2008 ved 1:35 pm

    Kjaere fr Arnfinn,
    det er artig à fölge med pà hva du tenker à foretar deg her fra Lille! Stà pà videre, og lykke til i Roma!

    Broderlig hilsen fra Frankrike,
    fr Per Erik

    PS: Skulle forresten hilse fra Mr Prévotat, en histoireprofessor som ofte bor her pà klosteret, og som husket deg godt fra den tida du var her. Han sa han skulle pröve à spore deg opp i Roma, slik at dere kunne ta en kaffe.

  4. januar 24, 2008 ved 2:25 pm

    Kjære frater!

    Artig å vite at du fylgjer med frå Lille! Flandern er fint; stor himmel, opne landskap – og havet heilt der ute med strender, strender… Skal leggje ut nokre fleire dikt defrå.

    Sei litt meir om Mr Prévotat, prøver å memorere… Ja, no huskar eg!; ein mager fyr, «sympa» ? Eg drar til Roma NB med tog! (interrail) den 14/2.
    Hels gjengen… særleg fr Haavar! Og broder Slappfiskas 🙂

  5. januar 24, 2008 ved 2:26 pm

    I Oslo er det sol, grøne plenar og nesten vårleg..

  6. 6 Umulius Maximus
    januar 25, 2008 ved 12:15 pm

    Kjære orakel. Du er så vis. Alt du skriver er så fint. Har du prøvd å gi deg ut?

  7. januar 25, 2008 ved 12:20 pm

    Har ikkje hatt tid til no… Vi får sjå.. Det er veldig travelt å vere så vis. 🙂

    Frater Umulius Minimus

  8. januar 25, 2008 ved 12:23 pm

    Men takk! «Folkets gunst er mi løn» som ein har sagt, eller noko slikt, haha! Var det Bernadotte (også kjent som Karl Johan), eller? I alle fall…

  9. 9 Umulius Maximus
    januar 25, 2008 ved 12:30 pm

    Bare hyggelig. Dine tanker er som raske himmelskritt, for å sitere en god venn av meg.

  10. 10 frater Per Erik
    januar 25, 2008 ved 12:54 pm

    Ja, tror du husker rett med hensyn til Prévotat. Han sa han skulle vaere i Roma fra den 12.2. Skal hilse fra deg neste gang jeg treffer ham.

    Gleder meg til dikt fra Lille.

    Nà er jeg mitt i eksamenslesning til din mednovise Denis Cerbas kurs om antikkens moralfilosofi. Interessant, men krevende…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: