30
Jan
08

officium…

Onsdag, vike 3, Jes 33 (laudes)

”Kven kan bu ved ein øydande eld? Kven kan bu ved evige logar?” (v 15)

Med andre ord: -Kven kan bu og leve i Guds nærleik? Vi skulle tru at salmisten ville svare noko om den fullkomen reine, det menneske som er endra og omskapt i sitt vesen, som er ”full av nåde”, som Maria; lysande som helgnane. Men Guds ven vert skildra som den sosialt ansvarlege, som den fredselskande, som den økonomisk redelege, som den ikkje-valdelege, det vere seg munns vald eller sverds vald.

Fordi all gjennomgripande helging av personen, den gudomleggjeringa vi er kalla til, alltid må ta til med den ytre livsferda, der livet vårt er ”jorda”, der vi er verkelege. Spiritualitet og gudsfrykt som er usosial, uvenleg og kverrulerande, kort sagt: ikkje menneskeleg, er ikkje ekte. Også målet og testen på at Gud verkeleg pregar livet vårt, er dei ytre, sosiale gjerningane: ”Eg var svolten og de gav meg mat..” osv (Matt 25).

Det åndelege livet går ikkje opp i det sosiale og humane, men all bøn, tilbeding, mystikk og gudslengt må ha fotfeste i røyndomen og kunne testast av røyndomen. Av dei andre.

Gud let seg ikkje lure av store ord. Berre det rettskafne mennesket kan vere Guds ven.

Reklame

2 Svar to “officium…”


  1. 1 Randi
    januar 30, 2008 ved 5:11 pm

    Jeg trodde «ødeleggende ild og evige flammer «var bildet på helvete? Og så er det Guds lys… Er Jesaias den samme som Esaias?Min bibel er så gammel, kan ikke finne dette verset… i DGT?
    Veldig interessant med dine små «utredninger» og refleksjoner..Er det en felles lesemåte i Kirken eller er det din personlige?
    Forøvrig ønsker jeg deg noen gode dager heime.
    Randi

  2. 2 arnfinn haram
    januar 30, 2008 ved 6:14 pm

    Hei!

    Dersom du les heile denne hymnen hos Jesaja (som er det same som «Esaias» i eldre biblar, ja..), Kap 33, v 13-16, ser du at det handlar om Guds nærver på Sion. Hymnen har same tematikk som vi finn i t d sal 24:

    «Kven kan stiga opp på Herrens fjell (Sion), kven får stå på hans heilage stad? Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarta, den som ikkje fer med svik og ikkje gjer rang eid, han får velsigning frå Herren..» osv. (v 3-4).

    Dette er heilt straight eksegetisk forståing av desse/slike tekstar. I dei små mediatsjonane over tidebøntekstane brukar eg nok det har lært i mitt teologiske studium og vidareført i min personlege bibelbruk. I tillegg – eller i tilknyting – til dette kjem sjølvsagt ein «vri» som er min eigen; hente fram noko som både ligg i teksten – og i livet. Det kan møtast, fordi teksten er liv og livet er tekst…

    Fint å vere på Sunnmøre! Har vore ute i fjøresteinane utanfor Ålesund i dag. Friskt! Svaberg og brytande dønningar frå Norskehavet!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: