22
Jan
08

carpe diem…

FR ARNFINNS AGENDA NO:

Eg er heldig og får reise nokre dagar til Sunnmøre (heard of it?); sundag 27. Jan – fredag 1. febr. Denne gongen får eg bilskyss og vi skal køyre over Strynefjellet i vinterveret, så litt forbøn trengs (sundag og fredag). Takk! Skal prøve å blogge på Sunnmøre også; kanskje litt sporadisk alt etter nett-tilgangen. Blir bra å sjå att ”dei gamle fjell i syningom”, ”alltid eins å sjå”, som kjent, til skilnad frå oss andre…

Reise til Rom vert rundt den 13.febr. Men det skal eg kome tilbake til. Så:

NOKRE BLOGG-RÅD:

Som nokon vil ha sett, har det utvikla seg nokre debattar her på bloggen med opp til hundre innlegg/kommentarar. Og det er jo bra – og noko av meininga.

Blogg er eit opnare medium enn dei vi er vane med og denne bloggen har ingen førehandssensur. Det er likevel eit offentleg medium(med 25 000 treff så langt, einskilde dagar opp i over 900) og då er det naudsynt med nokre enkle reglar, særleg:

1) Unngå negative personkarakteristikkar. Spar på lauskruttet også!

2) Ikkje trapp opp konfliktpunkt unødig. Alt er så mykje kjappare på bloggen, alt rusar fortare opp i turtal. Skriv med ein tåspiss på bremsa..

3) Ikkje ver for personleg med personar som er anonyme og som berre let seg representere med ”blogg-namn”.

Det var berre dette ☺

Reklame

6 Svar to “carpe diem…”


  1. januar 22, 2008 ved 11:52 pm

    Som en trofast leser fra den andre siden av det teologiske spektrum, tillater jeg meg å foreslå en regel til: Forsøk å tolke det som skrives i beste heller enn verste mening. Altfor mange kommentarfelt-debatter i blogosfæren bærer preg av en påtagelig mangel på velvilje.

  2. 2 M
    januar 23, 2008 ved 2:33 am

    Når katten er borte… osv

  3. januar 23, 2008 ved 10:07 am

    Til M:
    Dette var ei litt kryptisk melding…kva meiner du?

  4. 4 M
    januar 23, 2008 ved 12:12 pm

    Når katten er borte, danser musene på bordet. Var egentlig en spøk som siktet til at når sjefen (du) var borte, kan vi som skriver her gjøre hva vi vil. He he. Dårlig spøk kansje. Det var ingen oppfordring til å ikke bruke hodet og sunn fornuft.

  5. januar 23, 2008 ved 1:36 pm

    Spøken var god! Nokon hadde prøvd å hacke litt i går, så derfor måtte eg berre sjekke… No problem! Alltid velkommen! Katten vil nok prøve å fylgje litt med frå Roma også (sjøl om eg trur det er dårlege nett-greier på klosteret der eg skal bu.. Staseleg, men lite oppdatert bygning frå 1700-talet, midt i Roma, ved Forum…)..

    Mjau! 🙂

  6. 6 M
    januar 23, 2008 ved 2:11 pm

    Mjau tilbake.
    Håper du er vaksinert før turen, ellers kan du få problemer med å komme hjem igjen. Og det kan vi jo ikke ha noe av.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: