31
Jan
08

nota bene…

KATOLSK KYRKJEBYGGJING

Dagens Vårt Land slår opp at den katolske kyrkja i Noreg treng å byggje minst ti nye kyrkjer i næraste framtid. Biskop Bernt (Eidsvig) seier –på sin lakoniske, og dermed utfordrande måte – at den statlege innvandringspolitikken har ført mange frå Austeuropa til Noreg. Men mange av desse trur på Gud, seier Eidsvig og legg til at det hadde styremaktene ikkje rekna med…

Nei, alt er ikkje som før i det norske landskapet. Nordmenn har streva med å skjøne at muslimar vil synleggjere sin religion. Ille nok. Men at europearar med ljose hovud også er så rare, tek det nok meir tid å fordøye. Sakte men sikkert ser Ola og Kari at det kanskje er dei som er rare i verda i dag…

Det er faktisk svært viktig at sokn vert delte og kyrkjer bygde i den norske katolske kyrkja. Talet på katolikkar har eksplodert og kyrkja køyrer vidare med ein infrastruktur frå i forgårs. Det ville vere som om biltrafikken over Sunnmørs-fjordane skulle avviklast med ein ferjeflåte frå 1953! Når kyrkja sitt ”materiell” vert forsømt, vert det pastorale arbeidet dårlegare, å leve som praktiserande katolikk vert vansklegare (langt å reise frå Indre Sogn til St Paul i Bergen, eller frå Karasjok til Alta eller Kirkenes, eller…) – og ikkje minst: kyrkja sin reelle plass i det norske samfunnet vert underkommunisert. Og at ho finst, ikkje berre i Oslo og Bergen sentrum (for å nemne dei to største), men også i Groruddalen, på Holmlia, i Åsane – og på Voss, i Volda og i Førde…

Ei synleggjering av den katolske kyrkja sin verkelege storleik også her til lands, vil vere med å normalisere henne. Som ein del av den norske, kristne røyndomen. Som ein del av norsk kultur og samfunn. Kyrkja er universell, men også lokal.

Reklame

18 Svar to “nota bene…”


  1. 1 wen
    januar 31, 2008 ved 4:12 pm

    Kan de ikkje kjøpa nokre kyrkjer? Statskyrkja og kanskje andre har vel nokre til overs. Kva med prestar? Har de nok av dei?

  2. januar 31, 2008 ved 8:33 pm

    For tida er det ikkje lett å få kjøpt «ledige statskyrkjer», men det kan endre seg. Og prestar? Faktisk har den katolske kyrkja i Noreg svært god rekruttering, men vi treng endå fleire prestar som kan godt norsk; kva land og kultur dei elles kjem frå, er ikkje avgjerande, men språkmeistring er viktig. Dess meir synleg den katolske kyrkja blir i bygd og by, dess sterkare vil ho rekruttere også folk til prestetenste og klosterliv.

    Men aller viktigast er det katolske lekmanss-kallet. Det er for lekfolket vi byggjer kyrkjer.

  3. januar 31, 2008 ved 10:02 pm

    Kan ikke den katolske kirke på tilbake noen av de kirkene de har bygd gjennom historien?

  4. 4 M
    februar 1, 2008 ved 10:37 am

    Hvorfor kjøpe? DNK kan jo starte med å returnere stavkirkene. og de andre katolske kirkene. Om det hadde skjedd ville nok DNK oppdage at benkene ikke hadde vært så glisne.

  5. februar 1, 2008 ved 11:16 am

    Nokre av dei gamle kyrkjene kunne det vere fint å få tilbake, men det er nok best å ikkje tenkje for mykje fortida; vi må sjå framover og skaffe kyrkjer der folket/katolikkane bur i dag. Kyrkja og kristendomen si tid som einskapskultur for heile landet er forbi.

  6. 6 Andreas
    februar 1, 2008 ved 3:28 pm

    Jeg vet ikke hvor seriøst det er ment, men flere har kommentert både på denne bloggen og på p. Oddvars blog at Statskirken burde «returnere» stavkirker, Nidarosdomen og andre middelalderkirker til katolikkene. Det kommer selvfølgelig aldri til å skje – en må huske at statskirken ikke bare representerer et brudd, men også kontinuitet med kirken i Norge i middelalderen, og har således ingen grunn til å gi noe tilbake som kristne i Norge har brukt i like lang tid som lutheranere som katolikker.

    Tror det heller ikke er særlig realistisk at statskirken vil selge kirkebygninger til Den katolske kirke. Selv om det er tynt folk i benkeradene, er menighetskirkene likevel utrolig viktige for de som trosss alt bruker dem og føler en tilknytning til dem.

  7. 7 Gunnar
    februar 1, 2008 ved 4:39 pm

    I Tyskald ser jeg at katolikker og protestanter har tatt initiativ for å samarbeide om å bruke samme kirkebygg. Er ikke det en idé enkelte stedre også i Norge ?

  8. februar 1, 2008 ved 5:33 pm

    Til Andreas:
    Enig i at ein viss «hevd» er mogleg å argumentere for. Likevel: måten den katolske kyrkja sine eigedomar vart eksproprierte (les: konfiskerte) på ved reformasjonen, gjer at ein neppe kan tale om ein legitim kyrkjeleg kontinuitet. Brotet var nettopp viktig for den nye kyrkjemakta.

    Grunnen til at eg ikkje syns det er så viktig å «få att» opphavleg katolske kyrkjre, er at reformasjonstida sin kyrkjelege infrastruktur ikkje har framtida for seg, knapt nok notida. Den katolske kyrkja drøymer ikkje (som kanskje på Sigrid Undsets tid) om at heile Noreg skal bli katolsk igjen. Folkekyrkja si tid er forbi. Kyrkjer der verkeleg praktiserande truande samlast for å feire Eukaristien (messa) og dei andre sakramenta og for å forkynne Ordet, er det ein treng; ikkje minnesmerke om «fornstora da’r».

    Det er ikkje utenkjeleg at DNK-kyrkjebygg kan bli selde til den katolske kyrkja der det er tenleg (for begge partar). I det lange løp vil heller ikkje «statskyrkjer» kunne oppretthaldast som «vakre bygningar» dersom dei ikkje vert brukte til det dei er bygde for: gudstenestefeiringa. Berre statleg finansiering kan halde oppe tomme eller svært lite brukte kyrkjer.

    Kyrkjer som ikkje er i bruk som stader for ei gudstenestefeirade forsamling og som stader for bøn, bør stengjast, etter mitt syn – anten dei er katolske eller lutherske. «Kyrkja» er primært det tilbedande og truande Guds-folket, ikkje huset.

  9. februar 1, 2008 ved 5:41 pm

    Til Gunnar:

    Samarbeid om kyrkjer er heilt Ok, syns eg! Men normalt sett vil ein kyrkjelyd på sikt ha behov for å ha sitt eige, om det enn er enkelt. Ein kyrkjelyd er ikkje eit publikum eller ei offentleg forvaltingseining, men ein Guds familie, ein fellesskap, eindel av Kristi kropp på den lokale staden. På ein heim vil ein gjerne setje sitt persolege preg. 🙂

  10. 10 Andreas
    februar 1, 2008 ved 11:06 pm

    At staten overtok kirkebygg som tilhørte Den katolske kirke, er jo klart utgjør et brudd, men det var fortsatt de samme menneskene som fortsatte å bruke kirkene. Men jeg er helt enig i ditt poeng om at reformasjonstidens infrastruktur ikke har noen fremtid.

  11. 11 Andreas
    februar 1, 2008 ved 11:21 pm

    Angående kirkedeling har jeg sett dette i Tyskland, riktignok som følge at den lokale lutherske kirken var under renovasjon. Når lutheranerne brukte kirken, tok naturligvis ingen som tok hensyn til at det var et tabernakel ved det gamle høyalteret og at evighetslampen var tent. Gjør ikke slike ting det problematisk for katolikker å dele kirkebygg med protestanter?

  12. februar 2, 2008 ved 9:37 am

    Situasjonen i Tyskland og Noreg er ikkje den same. I Tyskland dreiar det seg om ein historisk 50-50 situasjon mellom protestantar og katolikkar. I Noreg er det sjeldan at protestantar vil ha behov for å leige/låne katolske kyrkjer. Den katolske kyrkja vil derimot kunne ha behov for å vere «gjest» fordi ho er i sterkt vekst og manglar kyrkjer mange stader utover landet.

    Dersom det skulle vere aktuelt for protestantar å bruke ei katolsk kyrkje, måtte sjølvsagt den naudsynte respekten for kyrkjeromet og sakramenta ivaretakast. Men, som sagt; det er ikkje ei veldig aktuell problemstilling her til lands.

  13. februar 2, 2008 ved 12:40 pm

    Er det flest protestanter som er i kirken på søndagen eller er det flest katolikker? Vet du noe om det?

  14. februar 2, 2008 ved 4:07 pm

    Går ut frå at du tenkjer på dei norske tala… Eg kjenner ikkje dei eksakte tala, men det er heilt sikkert at katolikkane ligg langt over protestantane i prosentvis oppslutning om gudstenesta.

    I Oslo er det truleg fleire katolikkar i kyrkja enn protestantar, også i talde personar, på ein vanleg sundag. Det skulle ikkje undre meg om det etterkvart gjeld landsgjennomsnittet også. I England har den katolske kyrkja passert den anglikanske statskyrkja i gudstenesteoppmøte.

  15. 15 trond
    februar 3, 2008 ved 5:27 pm

    I England er det faktisk grunn til å tale om at katolisismen igjen er den største kristne religionen. Ikke på grunn av de slappe angelsaksiske, superliberale synkretistkatolikkene, men på grunn av katolsk innvandring av folk som ikke er liberale og synkretistiske og som igjen ansporer de førstnevnte til selvransakelse.
    Vi ser det i biskopen av Birminghams nye linje, der han sier at «katolske skoler må lære bort katolisisme, noe vi begynner med igjen nå.»

    Hurra sier nå jeg, men synes det er grunn til å reflektere over at man åpent sier at man i mange år IKKE har lært bort katolisisme i «katolske» skoler og at det IKKE er en voldsom reaksjon fra de troende på dette. Tradisjonssinnede katolikker har hevdet det samme i årevis, men har blitt gjort til skurker og halvskismatikere av etablissementet når de har nektet å gi etter for det liberale press. Endelig faller masken og innrømmelsene kommer. Da kan restaureringen begynne.
    Fr. Aidan Nichols har programmet klart: http://aomoi.net/blog/arkiv/1101#more-1101

  16. februar 6, 2008 ved 4:01 pm

    Enig i dette. Eg har sjekka pastor Oddvar Mois presentasjon av pater Aidan Ncihols bok. Skal prøve å få lest henne. Eg er samd i dei hovudpunkta som blir lista opp. Eg trur ikkje at det kan skapast ein ny katolsk felleskultur for heile England; det ville førutsetje at majoriteten av det engelske folket verkeleg på nytt omfatta den katolske trua. Re-katolisering/rekristining gjennom lovverk og privilegia (les: tvang), er ingen farbar veg i dag.

    Derimot kan kyrkja styrkjast som ein indre, levande og tydeleg kultur i den engelske (som i det norske) samfunnet, ikkje berre på individplanet, men kulturelt, institusjonelt, med føringar for dei truande si offentlege framferd o s v. Gjennom dette kan kyrkja avleggje eit vitmål om trua som påverkar det store samfunnet. Det heile må vere bore av ei klårt misjonerande innstilling. Tida for priviligert dominans («kristenheten») er ute, men det er også tida for «unnskyld at vi er til»-katolisismen/kristendomen.

  17. 17 trond
    februar 9, 2008 ved 5:58 pm

    Nettopp ved å styrke Kirken som «ein indre, levande og tydeleg kultur» bevirker man Englands (og andre lands) rekatolisering.
    Touché!

  18. februar 9, 2008 ved 7:02 pm

    Nettopp. I dag må kyrkja verke innanfrå og nedanfrå.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: