07
Apr
12

nota bene: Gud, Ola og Kari

Fyrst publisert som kronikk/spalte i Sunnmørsposten, i dag, påskeaftan…

Halvparten av det norske folket trur at døden er siste stoppestad og at det ikkje er noko liv etterpå, i fylgje ein fersk spørjerunde. No surprise, spør du meg. Ola og Kari har alt i lang tid halde på med å kutte banda til tradisjonell kristen tru. Ein må nesten vere kyrkjeleg tilsett for ikkje å våge å innsjå det. Leiande biskop i Den norske kyrkja, Helga Byfuglien, vinkar det bort (Vårt Land, 3. april) med å seie at oppslutinga om kyrkjeleg gravferd syner noko anna. Religionssosiologiske undersøkjingar har nok feilmarginar, men tendensen er tydeleg og har vore det lenge: Kristen livstolking blir stadig fjernare for folk flest, vel å merke i Noreg og liknande land. Gravferd eller bisettjing i kyrkjeleg regi seier i dag ikkje så mykje om kva trusinnhald folk fyller det med. Så mykje meir som at dei nye rituala er blitt nokså tynne og fleksible og kan komponerast med songar og tekster som seier lite om dei åndelege og evige spørsmåla.

Nokon vil kanskje replisere at – sett frå den andre sida – er det stadig ein halvpart av folket som trur på eit liv etter døden. Dei har eit poeng – for etter bortfallet av direkte kristendomsundervising i skulen og nedtoning av kristen tru og etikk i lovverket saman med mykje pågåande kristendomskritikk i media og det offentlege samfunnet, skulle ein tru at kristendomen var endå meir svekka. Den kristne rota er ikkje lett å rykkje opp, éin gong for alle. Likevel er det strutsepolitikk å ikkje ville sjå kva grunnretninga er: Fleirtalet løyser gradvis banda til kyrkja og trua. At mange er med på ulike kyrkjelege og kristne aktivitetar og brukar nokre av dei kyrkjelege sermoniane, endrar ikkje dette. Kyrkja står i lengda ikkje sterkare enn oppslutninga om den regulære gudstenesta med Ord og Sakrament, med den fyldige forkynninga og fullstendige trusoverleveringa. Trusvedkjenninga og den kristne etikken, uttrykt i dei ti boda og i undervisinga til Jesus og apostlane – dersom ein ikkje vågar å bruke desse målestokkane, kjem ein ikkje til rette med kor sterkt eller svakt den kristne trua eigentleg står.

Refleksrekasjonen når desse sakene skal diskuterast, er at når folk forlet trua og kyrkja, er det fordi kyrkja ikkje er flink nok. Hadde berre biskopane, prestane og dei truande kristne vore meir medgjerlege, greie og glade, så ville folket strøyme til kyrkjene og bli ivrige trusvedkjennarar. Majoriteten blir frå begge sider framstelt som meir eller mindre frustrerte og søkjande menneske som dessverre ikkje finn fram eller tek avstand fordi det er så mange dumme kristne. Det ville vere bra om ein omsider frigjorde seg frå denne tankemodellen. På mange måtar liknar det ein slags uavvikla pupertet der ein stadig må frigjere seg frå foreldra, les: kyrkja og kristendomen. Alt har si tid, men no burde ein trygt kunne setje strek for denne evige fjortis-epoken. Folk må ta ansvar også for si tru og sitt tilhøve til Gud. Vil ein erklære seg som ikkje-truande, er det greitt og det må respekterast av alle – også av kyrkja. Men ein kan ikkje få både i pose og sekk; både fristille seg frå trua og kyrkja – og ha dei i bakhanda når det måtte høve. Det er ikkje noko livssyn for vaksne folk. Vil du vere heidning, så sei det og stå for det. Vil du nærme deg trua, så gjer noko med det. Det du kan forvente av kyrkja, er at ho tek seg sjølv og andre på alvor. Og at ho kan svare sakleg på ærlege spørsmål.

Så lat oss konstatere at det norske samfunnet på mange måtar ynskjer å distansere seg frå kristen tru. Mange meiner at der er ingen Gud, ingen himmel, ikkje noko helvete, ingen Jesus som er Guds Son og vår Frelsar, inga oppstode frå dei døde. Og dermed heller ingen grunn til å feire kristen påske. Men det er helst i storbyane det er slik, seier nokon. Ja, det er tydlegast der; men for det fyrste bur etterkvart dei fleste der, og det er som regel der vi kan avlese trendane i tida. Nordvestlandet kjem nok etter.

Som sagt: Det er ikkje lett å rykkje kristendomen opp med rot. Det er som med løvetanna; rett som det er og ofte uventa stikk ho hovudet opp gjennom asfalten og veks villeg, der menneske veit kva dei vil og kva dei vil stå for. Eg er ikkje redd for trua si framtid. Sjølv om ferre trur, vil dei som gjer det, vere meir medvitne og tydelege, og i andre verdsdelar er det vanlegare å tru enn å ikkje tru. Gjennomført ateisme, personleg og kulturelt, krev godt vedlikehald. Det er heller ikkje lett å fortrengje Guds røyst i mennesket. Ho går gjennom jarnteppe og berlinmurar og kviskrar til oss i nattemørkret.

På kalendaren står det Påske. Men kva så?


1 Response to “nota bene: Gud, Ola og Kari”


  1. april 9, 2012 ved 7:51 pm

    Takk for ein særs presis og treffande analyse av det mange av oss opplever som realitetane i tilhøvet mellom kyrkja, det norske folket og Gud. Signa påsketid!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: