29
Apr
12

nota bene: Nasjonalisme som tru (eller: Breiviks religion)

Fyrst publisert i spalten Signert, Klassekampen, laurdag 28/4-12…


Anders Behring Breivik hevdar at han er ein militant kristen. Han har meir sympati med den katolske kyrkja enn med protestantismen, sjølv om han er medlem av statskyrkja. Men han er ikkje ”særleg religiøs”, seier han òg.

Dette er nokre av elementa i hans credo, hans truvedkjenning – som eigentleg ikkje er vedkjenning av tru, men av eit kulturelt og ideologisk program. Det er den kristne kulturen han kjempar for og nettopp difor må han nedkjempe islam, med alle midlar. For Breivik er verkeleg militant. Han siktar ikkje til ein åndeleg, men til ein verkeleg valdeleg kamp. Han er ikkje berre militant, han er ein militær; om ikkje kommandør, så i alle fall soldat.

Breivik lever mentalt i ei symbolverd, og det er ikkje underleg at han finn meir symbolsk kraft i det katolske enn i det protestantiske. Visjonen som driv han, er den eintydige og kraftfulle einskapskulturen. Islam er for Breivik ein vond religion og nettopp ein trussel mot vestleg, europeisk og kristen integritet og einskap. I dette inngår til ein viss grad også noko av den liberale og moderne kulturarven, synest han å meine. Vi har det bra som vi har det, ialle fall som vi har hatt det, ingen må ta det frå oss og vi må slåss for det før det er for seint.

Noko av det skumle med den kulturelle ”bomba” Breivik har miksa seg, er bruken av kristendom som ein reint kulturell storleik og nostalgien etter det totalt einskaplege samfunnet. Den tilbakeskodande einskapsdraumen er ei freisting både for religiøse og sekulære. Ynskjet om at eitt sett av verdiar skal dominere i eit samfunn, tek ikkje høgde for realitetane: At vi må leve saman i dette landet, med ulike overtydingar og lojalitetar. Viljen til forhandling og pragmatisk sameksistens er det einaste farbare vegen. Teokratisk orienterte religionar må jenke seg, men det må også dei som trur at løysinga er å undertrykkje religiøs tru og praksis, så å seie éin gong for alle.
Sekularistisk einskapsnostalgi er ikkje betre enn den religiøse. Våte draumar om at dei andre skal kunne fjernast, er nettopp problemet og rota til aggresjon og terror.

Kjernen i den monokulturelle fantasien – eller skal vi seie den glødande massen i vulkanens indre – er nasjonalismen. Til sjuande og sist er det dette som er Breiviks religion, også etter hans eiga utsegn. ”Eg er ultranasjonalist”, seier han, det er hans eigentlege credo. Tradisjonell, historisk kristendom er fyrst og fremst interessant og nyttig som element i eit nasjonalistisk, kulturelt amalgam. Det har vi sett, og ser stadig, mange døme på også innan den kristne kultursfæren. Det finst ein variant katolsk tradisjonalisme som apellerer til nasjonale stordomstider. Vi finn det til dømesi Frankrike; sjølv om dei mest ekstreme tilhengjarane har separert seg frå den katolske kyrkja og er blitt ei sekt for seg.

Også tidlegare har ein nettopp i Frankrike hatt rørsler som ville tilbake til det gamle, gode, sterke og katolske Frankrike. Action Francaise og forgrunnsfiguren, Charles Maurass (1868-1952), viste seg etterkvart å ikkje vere meir katolske enn det som var identisk med det franske. Maurass erklærte ope at han ikkje var truande, men hadde bruk for katolisismen som symbol og markør av det nasjonalt franske. Ikkje kyrkja, men Frankrike var det viktige. Trua som ideologi.

I land der katolismen endå har ein dominerande posisjon, som i Polen, vil ein måtte vere på vakt mot eit liknande nasjonailstisk katolsk svermeri. Ikkje mindre er dette ein fåre i nasjonar der den ortodokse kyrkja har stått sterk. Kanskje fordi sjølve kyrkjestrukturen der har vore sterkt knytt til nasjonale- og ikkje til internasjonale ordningar. Kyrkja, nasjonen og staten blir nærast identiske. Noko som strir mot kyrkja sin universelle og overnasjonale karakter.

Den protestantiske og meir sekulariserte varianten er ikkje så lett å leggje merkje til, men ikkje mindre fårleg. Kristendom og kyrkje blir argumenterte med som brukbare for det nasjonale, politiske prosjektet – og meir og mindre diskret tilpassa dette. Mange tyr til argument om kor viktig kristendomen er for den nasjonale eigenarten, ikkje fordi dei er ”særleg religiøse”, men fordi det fungerer som skjold mot andre kulturar og religionar. Då kan ein lett hamne på den breie vegen til Breiviks tankeunivers.

Tilfellet Breivik burde syne oss at det er nasjonalismen, i si mjuke så vel som i si råe form, som er den religionen vi i dag mest av alt bør akte oss for.


1 Response to “nota bene: Nasjonalisme som tru (eller: Breiviks religion)”


  1. 1 Frode
    april 30, 2012 ved 10:04 am

    Jeg så en lovløs voldsmann.
    Han brisket seg som en frodig seder.

    Siden kom jeg forbi, da var han borte!
    Jeg lette, han var ikke å finne.

    Sal 37, 35-36


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


<span>%d</span> bloggarar likar dette: