… på veg frå Stavanger til Bømlo, med Kystbussen. No sig den store ferja ut frå hamna nørdst på Rennesøy og kursar nordvestover til hi sida. Eg går av bussen på Føyno, mellom Bømlo og Stord, og blir henta der. Skal halde føredrag på eit semniar om teologi og næringsliv.
I går va det Stavanger. Kom med fly i otta og brukte føremiddagen til avtalar, m a ei skulevitjing på Steinerskulen, der ein god ven av meg, Jørg Jørgensen, er lærar. Gløgge elevar! Så va det rask runde innom NRK Rogaland, saman med dei som gjorde at eg va Stavanger: Alex Rosén og «Hank von Helvete». Studentvika, «Ugå», inviterte til open samtale om trusspørsmål på «Folken» (Folkets Hus, lokala for studentsamfunnet i Stvgr). Samtalen, leia av studentpresten, Stefan Emmerhof, varde i nesten to timar, med høgt trykk, og blei veldig positiv.
Og i dag, altså, til Bømlo. Retur via Stavanger til Oslo i kveld. Om Gud vil.
Jeg skulle ønske du kunne gå tilbake til hvite sider med svart skrift. Hvitt på svart er mye tyngre å lese.