06
Des
09

carpe diem: Trondheim i adventsoppdrag

Sidan onsdag har eg vore i den katolske kyrkjelyden, St Olav, i Trondheim. Saman med sr Anne Bente Hadland OP, har eg vore talar  under det som har vorte kalla «Nyevangeliseringa» og som i løpet av dei siste par, tre åra har vore avvikla i 13-14 katolske kyrkjer i Sør-Noreg. Dagar med undervising, forkynning, skriftemål, messe med sjukesalving og forbøn – og med eit enkelt måltid til slutt. Den siste dagen, sundagen, er det høgmesse, som ei felles utsending av alle dei truande i deira kall som lekfolk i dagens samfunn, i lekfolkets apostolat, slik dei er døypte og konfirmerte til det.

Det har vore fine dagar. Ljost, lett vêr, vidt utsyn over Trondheimsfjorden, tid til å vandre langs kaiene, tid til å bli kjend med folk. Måndag tek Dovrebanen meg sunnanfjells igjen. Til Oslo. Mission accomplished, endå ein gong.

Reklame

1 Tilbakemelding to “carpe diem: Trondheim i adventsoppdrag”


  1. 1 Jan Erik
    desember 9, 2009 ved 8:27 pm

    Eg var blant dei som var så heldig å få vere til stades på foredraga til fr. Arnfinn og sr. Anne Bente.

    Båe to har ein særskild evne til å nå fram med bodskapet sitt, gjere det som ofte synes vanskelig og infløkt til noko enkelt og innlysande. – Og med alvor og skjemt, hand i hand.
    At orda hadde teke plass og festa seg merka eg måndagen etterpå. Eg kjende meg mør og matt som etter ei tung treningsøkt, men samstundes så utruleg mykje rikare.

    Så kjem ein bror eller søster frå prekerordenen forbi der du bur, stopp opp og lytt. Du vil ikkje angre.

    Og mens vi venter kan vi lese i den nye boka til fr. Arnfinn, «Tre florentinarar». Eg har nettopp fått ho frå biblioteket og berre fått lese nokre av artiklane.
    Dei ga meirsmak!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: