..her er eg, og går inn i det nye året i Sverige, ved Mälaren. Historiske trakter; her er Birka like ved, der St Ansgar forkynte kristendom og grunna kyrkja for det svenske folket. Vi har fine dagar med gode foredrag her (skal nok kome tilbake til det). Sjøen er ikkje frosen, anna enn i nokre vikar og bukter; kulden er stram og rå, om ikkje veldig hard, det er snødekt skog, åkrar og enger, nokre hestar er uttadørs på garden like ved; dei prustar og bles og trakkar rundt for å halde varmen. I dag kom det nysnø over skaren… Vi har feira fyrste vesper for høgtida for Guds Mor (1. jan).
No legg eg ut eit nyttårsdikt, som har stått her før, skrive på Sunnmøre for nokre år sidan, men det passar like godt her. Godt år!
NYTTÅR
Eit nytt år
la seg over det gamle
eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud
det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta
la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord
heisann,-er det du som er fortattaren av diktet? Nydelig var det.
Godt nytt år.
MT
Les i vårt land i dag om seminar»Å orientere sitt liv ut i fra Gud»,det hadde vore interessant å delta på ,men litt langt unna. Eg prøvar,ber og lyttar,men Han er så stille…
MT: Ja, eg er forfattaren av diktet. Kjekt at du likte det!