«Han avvepna maktene og herredøma» (v 15)
Det var mykje «new age»-aktig religiøsitet i det antikke samfunnet og i den kulturen Kolossar-kyrkja levde i. Det galdt å innordne seg under energiar og englemakter, gjennom overdriven askese og kultiske praksisar.
Dette bind menneska til demoniske krefter. Den verkelege visdomen finn vi ikkje i det okkulte, men i Kristus; «for i han bur heile guddomens fullnad lekamleg» (v 9). Han overvann alt som trugar vårt liv og Guds skaparverk; synda, døden og demonen, då han «viste seg som sigerherre over dei på krossen» (v 15b).
Bryt med framande krefter som har fått tak på deg. Vedkjenn Jesus Kristus!
0 Responses to “officium: 31. desember, Koloss 2,4-15 (matutin)”