18
Mai
09

carpe diem: på hjul igjen…

Til orientering for dei som treng å vite kvar frateren er, legg han ut på siste mai-oppdrag i morgon. Helgetorsdag (Kristi himmelfarts dag) tek eg del i endå eit kyrkjejubileum, på Hellesylt i Sunnylven, i Stranda kommune. Der har det vore halde kristen gudsteneste sidan tusentalet; fyrst ved ein kross, på garden Korsbrekke,der jubileumsgudstenesta skal vere. Eg skal ta del som predikant. I morgon køyrer eg (har lånt dominikanarsystrene sin Golf) opp Gudbrandsdalen og Ottadalen, over Grotli og Stryn, til Stranda. Blir éin dag der. Retur til Oslo torsdag ettermiddag.

Fredag går ferda igjen til Bergen med føredrag på den ekumeniske bøne – og arbeidsfelleskapen Kyrkjeleg Fornyings teologiske arbeidsdagar. Høgmesse hos systrene på Marias Minde sundag og tog til Oslo måndag morgon den 25. Mac-en og bloggen fylgjer nok med på ferda.

Reklame

2 Svar to “carpe diem: på hjul igjen…”


  1. 1 Blix
    mai 18, 2009 ved 9:55 pm

    Det kan være greit å vite hvor frateren er i tilfelle vi må sette igang en større redningsoperasjon. Stranda kommune lokker tydeligvis gang på gang. Jeg har en mistanke om at det befinner seg mange hyggelige, ufarlige kristne mennesker i denne delen av landet… Det er jo en god følelse.

  2. mai 19, 2009 ved 3:14 pm

    Hallo! Ufarlege sunnmøringar finst ikkje! 🙂 Bra å preike her så dei blir litt meir vant til katolikkar; skal det bli litt fart på økonomien (etc) i den norske, katolske kyrkja, må det nok fleire sunnmøringar til ! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


kategoriar


%d bloggarar likar dette: